2. Handsaming i komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, heldt den 27. oktober 2011 høyring i saken. Følgjande organisasjonar tok del i høyringa: Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO), Fagforbundet, Norsk Vann og Vanngruppa i ForUM.
Innstillinga frå komiteen har, i medhald av vedtak i Stortinget 30. september 2011, vore lagt fram for energi- og miljøkomiteen for utsegn. Energi- og miljøkomiteen uttalte følgjande i brev av 5. desember 2011:
«Komiteen viser til de respektive partienes merknader i innstillingen, og har ikke merknader til innstillingen utover dette.»