Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2011.

Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2011

I Prop. 120 S (2010–2011) blei det lagt til grunn inntekter under kap. 4100 post 40 på 1,190 mill. kroner, og ei tilsvarande justering av kap. 1100 post 45. Inntektene er no justert ned med 610 000 kroner, og løyvinga over kap. 1100 post 45 blir dermed foreslått redusert tilsvarande.

Posten omfattar utgiftene Mattilsynet har til nødhjelp til dyr der utgiftene ikkje kan drivast inn frå eigar. Staten skal i medhald av lova dekkje slike utgifter, og løyvinga over posten er ei overslagsløyving. For å sikre ei realistisk budsjettering, foreslår Landbruks- og matdepartementet å auke løyvinga over posten med 2 mill. kroner til 3,131 mill. kroner.

Løyvinga over posten er ei overslagsløyving. Det har i år blitt framsett langt større krav enn det som var føresett i Prop. 126 S (2010–2011) som følgje av skadar frå flom og nedbør. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga over posten med 40 mill. kroner til 73 mill. kroner.

Løyvinga over posten er ei overslagsløyving, og tilskott blir gitt i tråd med fastsette satsar. Prognosen frå Statens landbruksforvaltning viser eit mindreforbruk på 33,610 mill. kroner for 2011. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga over posten i tråd med dette.

I Prop. 120 S (2010–2011) blei det lagt til grunn inntekter på 1,190 mill. kroner frå sal av tre setre i Dovrefjellsregionen. Landbruks- og matdepartementet foreslår å redusere inntektene over posten med 610 000 kroner.

Gebyrinntektene under Mattilsynet for 2011 ser ut til å bli lågare enn budsjettert i Prop. 1 S (2010–2011). For å sikre ei realistisk budsjettering, foreslår Landbruks- og matdepartementet å redusere inntekten over posten med 14,8 mill. kroner til 115,5 mill. kroner.

I samband med jordbruksavtalen blei det lagt til grunn at det kunne budsjetterast med 2,025 mill. kroner i tilbakebetalt tilskott for reguleringsanlegg i 2011. Nye anslag tyder på at inntektene blir høgare, og Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektene over posten med 1,633 mill. kroner.

Nye anslag tyder på at inntektene frå ordninga blir høgare, og Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektsløyvinga over posten med 32 mill. kroner.

Nye prognoser tyder på auka inntekter frå avgifter i matforvaltninga på 32 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet foreslår i tråd med dette å auke inntektene på posten med 32 mill. kroner.

Inntektene på posten blei auka med 11,830 mill. kroner i Prop. 120 S (2010–2011). Endelig avrekning frå Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS viser noko større inntekter. Det er også utbetalt utbytte frå Graminor AS. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektene over posten med 870 000 kroner.

I samband med kjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011), fekk Statskog SF eit ansvarleg lån på 475 mill. kroner frå staten. I 2011 er det venta at Statskog SF vil betale 24,710 mill. kroner i renter på lånet. I tråd med dette foreslår Landbruks- og matdepartementet å opprette ein ny post 80 under kap. 5652 med inntekter på 24,710 mill. kroner for 2011.

Landbruks- og matdepartementet foreslår å auke tilsegnsfullmakta for 2011 med 36 mill. kroner til 66 mill. kroner.