Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget til statsbudsjett for 2012. Regjeringa har lagt fram forslag om å etablere ei statleg ordning for eksportfinansiering, jf. Prop. 34 S (2011–2012) Eksportfinansiering. Dette forslaget vil føre til at statens lånebehov aukar med 30 mrd. kroner i høve til framlegget i statsbudsjettet for 2012. Ein har lagt dette til grunn i proposisjonen.

Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2012 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som kan avvike frå finansieringsbehovet i det enkelte året. For 2012 fremjar ein forslag om fullmakt på 70 mrd. kroner for opptak av nye langsiktige lån.

Den kortsiktige opplåninga skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at ein kan dekkje daglege betalingar. Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året. Som følgje av byteordninga har uteståande i statskassevekslar auka kraftig. Ein ber difor om romslege fullmakter for uteståande kortsiktige lån i 2012 og fremjar forslag om ei ramme på 250 mrd. kroner.

For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd. Ein viser til proposisjonen for nærare omtale.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Sylvi Listhaug, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen og Kenneth Svendsen, fra Høyre, Arve Kambe, Jan Tore Sanner og Eli Skoland, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til behandlingen av statsbudsjettet for 2012, jf. Innst. 2 S (2011–2012) og Innst. 5 S (2011–2012), samt til behandlingen av Prop. 34 S (2011–2012), jf. Innst. 91 S (2011–2012), og slutter seg til regjeringens forslag, jf. kap. 3 Komiteens tilråding.

Komiteen rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån i 2012 til eit beløp av 70 000 mill. kroner.

II

Finansdepartementet får fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 250 000 mill. kroner i 2012.

III

Finansdepartementet får fullmakt i 2012 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.

IV

Finansdepartementet får fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2012.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. desember 2011

Torgeir Micaelsen

Gerd Janne Kristoffersen

leder

ordfører