Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen vert fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Nord-Jærenpakka i Rogaland etter vilkåra i Prop. 28 S (2011–2012) og Innst. 117 S (2011–2012).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.