Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2011.

Omgrupperingsproposisjonen for 2011 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2011 og meirinntekter for 2011 foreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 363,140 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2011, midlar ført over frå 2010 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2011 (185,348 mill. kroner).

I høve til saldert budsjett for 2011, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt på 373,666 mill. kroner der 372,525 mill. kroner vert foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2010–2011) under romartalsvedtak II.

Regjeringa foreslår under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 363,140 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 373,666 mill. kroner.

Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 363,140 mill. kroner. Driftsbudsjettet vert foreslått auka med totalt 699,787 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet vert foreslått redusert med 336,647 mill. kroner.

Nedanfor vert dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

Post 1 vert samla foreslått auka med totalt 726,170 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått tilført 414,494 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla. Grunna lågare utgifter enn budsjettert vert det vidare foreslått å disponere om 1,272 mill. kroner frå post 21 Spe-sielle driftsutgiftar, 9,000 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, 10,200 mill. kroner frå post 50 Overføring til Statens pensjonskasse samt 0,111 mill. kroner frå post 60 Tilskot til kommunar til post 1. Post 1 vert vidare foreslått auka med 294,678 mill. kroner frå post 45 Store nyskaffingar, 0,800 mill. kroner frå post 73 Forsking og utvikling samt 5,000 mill. kroner frå post 78 Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett.

Post 1 vert vidare foreslått redusert med 9,385 mill. kroner grunna lågare dollarkurs på utbetalingstidspunktet enn budsjettert knytt til utbetaling i 2011 til «Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren» (ANA Trust Fund).

Post 1 vert foreslått auka med 8,083 mill. kroner.

Auken på posten gjeld omdisponering for utgifter til utviklingsprosjekt i forsvarssektoren (2,800 mill. kroner) samt dekning av utgifter i Forsvarsdepartementet i samband med førebuande arbeid for at Luftforsvarets hovudverkstad Kjeller (LHK) kan etablerast som statsføretak i 2011 (5,200 mill. kroner). Anna auke skuldast budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg for 2011 (0,083 mill. kroner).

Post 1 vert foreslått auka med 250,000 mill. kroner.

Posten vert foreslått auka med 250,000 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4710 post 1.

Post 1 vert føreslått redusert med 5,855 mill. kroner for å dekkje diverse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 1 vert føreslått auka med netto 162,587 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (14,319 mill. kroner), endring i rutinar for avlønning av vernepliktig akademisk befal (7,000 mill. kroner) samt tiltak for å forsere utrangering av eigedom, bygg og anlegg (EBA) (13,300 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka på grunn av oppgradering av IT-nettverk (65,971 mill. kroner), utskifting av IT-utstyr (30,000 mill. kroner) samt teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 og andre forhold (13,333 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 25,029 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4720 post 1.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske omdisponeringar knytt til kursplassar for Al-liert kompetansesenter for operasjonar under vinterforhold (AKOV) (1,700 mill. kroner), utdanning av befalsskuleelevar (1,000 mill. kroner), budsjettansvar for bedriftshelseteneste (1,300 mill. kroner) samt vakthald på Jåtta som vert utført av Sjøforsvaret (1,000 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto reduksjon på 1,365 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått redusert med netto 4,645 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (4,500 mill. kroner), endring i rutinar for avlønning av vernepliktig akademisk befal (7,000 mill. kroner) samt fordeling av tiltak for å forsere utrangering av EBA til øvrige kapittel (20,000 mill. kroner). Reduksjonen er vidare knytt til finan-siering av eksplosivrydding i Hofstad leir (1,800 mill. kroner), registreringsprosjekt knytt til sjuke, såra og døde (1,600 mill. kroner), saluttering ved festningsverka (1,200 mill. kroner) samt støttetenester ved Ramsund orlogsstasjon (1,000 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto reduksjon på 3,698 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 og andre forhold (34,400 mill. kroner). Posten er vidare foreslått tilført 1,753 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4725 post 1.

Post 1 vert foreslått redusert med netto 46,287 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal samhandling og andre forhold (28,200 mill. kroner) samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (1,600 mill. kroner). Reduksjonen knytter seg vidare til tekniske omdisponeringar til kap. 1733 Luftforsvaret som følgje av operasjonsspesifikk trening i samband med at Luftforsvaret har fått oppdrag om å stille Force Protection Company som skal inngå i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Afghanistan (31,180 mill. kroner).

Auken på posten gjeld m.a. tekniske omdisponeringar som følgje av at Hæren overtek ansvaret for felles MP-teneste i Forsvaret (6,500 mill. kroner), utdanning og trening av tenestehundar (2,100 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,968 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 3,125 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått redusert med netto 43,022 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal samhandel og andre forhold (10,000 mill. kroner) samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (2,200 mill. kroner). Reduksjonen knytter seg vidare til overføring av ansvar for felles MP-teneste til Hæren (4,100 mill. kroner), lågare vedlikehaldsutgifter enn føresett på budsjetteringstidspunktet og forseinking i innfasing av Skjold-klasse farty (35,000 mill. kroner).

Auken på posten gjeld m.a. tekniske omdisponeringar som følgje av at uttak av personleg kledning og utrustning til Luftforsvaret sine rekruttar ved KNM Harald Haarfagre er belasta Sjøforsvaret (2,700 mill. kroner), vakthald på Jåtta som utførast av Sjøforsvaret (1,000 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,968 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 1,610 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått auka med netto 118,357 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. høgare drivstoffutgifter enn opphavleg budsjettert (50,000 mill. kroner), kjøp av materiell til flyplassdrift (10,000 mill. kroner), teknisk omdisponering av midlar til innføring av helikopter NH-90 frå kap. 1790 Kystvakta (35,000 mill. kroner) samt tekniske omdisponeringar frå kap. 1731 Hæren som følgje av operasjonsspesifikk trening i samband med at Luftforsvaret har fått oppdrag om å stille Force Protection Company som skal inngå i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Afghanistan (31,180 mill. kroner). Auken gjeld vidare etablering av helikopterberedskap på Rygge med to Bell helikopter på to timers reaksjonstid (0,750 mill. kroner), auking av flytimeproduksjon på flytypen DA-20 med 100 timer (1,500 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,227 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 2,900 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal samhandling og andre forhold (7,400 mill. kroner), omdisponeringar som følgje av overføring av ansvar for felles MP-teneste til Hæren (2,400 mill. kroner), utdanning og trening av tenestehundar (1,400 mill. kroner) samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (1,300 mill. kroner). Reduksjonen knyter seg vidare til at uttak av personleg kledning og utrustning til Luftforsvaret sine rekruttar ved KNM Harald Haarfagre er belasta Sjøforsvaret (2,700 mill. kroner).

Post 1 vert foreslått auka med netto 6,690 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. flytteutgifter i samband med etablering og flytting av HV-staben til Terningmoen (6,600 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka grunna opprusting av treningssentra til HV (5,000 mill. kroner), tiltak for å forsere utrangering av EBA (6,700 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg for 2011 (0,607 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 1,683 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal samhandling og andre forhold (11,800 mill. kroner) samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (2,100 mill. kroner).

Post 1 vert foreslått auka med netto 148,943 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal samhandel og andre forhold (35,800 mill. kroner), eksplosivrydding i Hofstad leir (1,800 mill. kroner), lågare inntening enn budsjettert for horisontal samhandel (31,292 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg for 2011 (1,766 mill. kroner). Posten er vidare foreslått tilført 81,351 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4740 post 1.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (1,400 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto reduksjon på 1,666 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått redusert med 16,826 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. omdisponering til anna verksemd på forsvarsbudsjettet (15,700 mill. kroner) samt justering av verknader i 2011 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (3,500 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar som samla gjev ein netto reduksjon på 1,902 mill. kroner.

Auken på posten gjeld meirinntekter (4,276 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4760 post 1.

Post 1 vert foreslått auka med 22,646 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. ekstraordinære og uføresette vedlikehalds- og reparasjonsutgifter knytt til hjelpemotorar og radarsystem på Nordkapp-klasse farty (11,100 mill. kroner) samt høgare drivstoffutgifter enn føresett på budsjetteringstidspunktet (23,700 mill. kroner). Auken knytter seg vidare til klassifisering av KV Senja (15,000 mill. kroner), kjøp av drivstoff (5,000 mill. kroner) samt kjøp av naudsynt driftsmateriell (3,500 mill. kroner).

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering til kap. 1733 grunna innføring av helikopter NH-90 (35,000 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar som samla gjev ein netto reduksjon på 0,654 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått redusert med 0,179 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld justering av verknad i 2011 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012.

Post 1 vert foreslått auka med 114,107 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. kjøp av proviant, utskifting av basemateriell i Afghanistan samt meirbehov knytt til uvisse rundt den vidare utviklinga i Afghanistan (90,000 mill. kroner). Auken gjeld vidare meirinntekter (32,560 mill. kroner). Meirinntektene har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4792 post 1. Det er vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein auke på 0,932 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld lågare dollarkurs på utbetalingstidspunktet enn budsjettert knytt til utbetaling i 2011 til «Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren» (ANA Trust Fund) (9,385 mill. kroner).

Post 1 vert foreslått auka med 11,571 mill. kroner.

Auken på posten vert m.a. knytt til kjøp av instrument til Forsvarets musikkorps (2,000 mill. kroner) og audiovisuelt utstyr til Ridehuset på Akershus festning (0,600 mill. kroner). Posten er vidare foreslått auka med 8,000 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4795 post 1. Det er vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 0,971 mill. kroner.

Kap. 1735 Etterretningstenesta, post 21 vert foreslått redusert med 1,272 mill. kroner.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet, post 43 representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2011 vert posten nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna utgifter i samband med 8. mai-arrangement for veteranar. Posten vert foreslått redusert med 9,000 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 vert foreslått redusert med 3 mill. kroner grunna noko seinare framdrift enn planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 45 vert foreslått redusert med 318,647 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld inndekning av lågare inntekter frå NATO (47,134 mill. kroner), jf. omtale under 4760, post 48, samt inndekning av lågare inntekter frå sal av eigedom enn forventa på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 4710, post 47 (19,150 mill. kroner). Reduksjonen gjeld vidare omdisponering til anna verksemd på forsvarsbudsjettet grunna leverandørforseinkingar (324,678 mill. kroner).

Auken på posten vert knytt til meirinntekter (72,315 mill. kroner), jf. omtale under kap. 4760 post 45.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg, post 46 vert foreslått auka med 30,000 mill. kroner for å setje i stand murar og bygningar på festningsverka. Tiltaka er vesentlege for å nå regjeringa si målsetjing om ordinært vedlikehaldsnivå for nasjonale kulturminne innan 2020.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 vert foreslått redusert med 25,000 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast noko seinare framdrift enn planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre slik at utbetaling ikkje kjem som planlagt i 2011.

Kap. 1720 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben, post 50 vert foreslått redusert med 10,200 mill. kroner på grunn av mindrebehov på posten i 2011.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål, post 60 vert foreslått redusert med 0,111 mill. kroner på grunn av teknisk balansering i tråd med det som er lagt til grunn.

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 73 vert foreslått redusert med 0,800 mill. kroner på grunn av mindrebehov på posten i 2011.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 75 vert foreslått redusert med 20,000 mill. kroner.

Utbetalingane på posten er avhengig av den totale produksjonen i alle NATOs medlemsland, og Noreg kan ikkje påverke dette. Prognosen er basert på låge betalingskrav frå NATO i første, andre og tredje kvartal i 2011. Det er stor uvisse knytt til kor stort Noregs endelege bidrag til NATO vert i 2011.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet, post 78 vert foreslått redusert med 5 mill. kroner på grunn av mindrebehov på posten i 2011.

Det er registrert netto meirinntekter på 373,666 mill. kroner i 2011.

Post 1 driftsinntekter vert foreslått auka med 415,635 mill. kroner.

Posten vert foreslått auka med 261,525 mill. kroner.

Auken på posten vert m.a. knytt til auka tenesteleveransar utover det som er avtalefesta mellom Forsvarsbygg og kundane for 2011 som omhandler m.a. brukerstyrt utvikling, service og støttetenester (200,000 mill. kroner). Forsvarsbygg legg til grunn det som er avtalefesta i budsjetteringa si. Auken gjeld vidare inntekter knytt til energi i 2011 grunna høgare forbruk og høgare prisar enn det som vart lagt til grunn på budsjetteringstidspunktet (50,000 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått å auke posten med 11,525 mill. kroner knytt til verknad av lønnsoppgjeret i 2011. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 25,029 mill. kroner.

Auken er knytt til refusjon av utgifter i samband med at allierte og samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (13,900 mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på budsjetteringstidspunktet knytt til verksemda ved Forsvarets Høgskole (11,129 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 1,753 mill. kroner.

Auken gjeld gjennomføring av konferansen The Interallied Confederation of Reserve Officers (CIOR). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 81,351 mill. kroner.

Auken på posten vert knytt til sal av drivstoff til allierte og andre samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (75,000 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for påkomne utgifter knytt til prosjektet for sikring av våpen/ammunisjon (1,900 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (0,500 mill. kroner) samt sal av renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,000 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre mindre justeringar som samla gjev ein auke på 2,951 mill. kroner. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 4,276 mill. kroner. Auken gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med at Noreg drifter eit felles nordisk prosjektkontor knytt til «Nordisk Standard Helikopter Program» (HSHP). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 1,141 mill. kroner som er knytt til lønnsoppgjeret i 2011 for Justisdepartementets del av Redningshelikoptertenesta.

Post 1 vert foreslått auka med 32,560 mill. kroner.

Auken på posten gjeld refusjonar som følgje av forvaltingsavtalar som regulerer deling av utgifter mellom andre samarbeidsnasjonar. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 1 vert foreslått auka med 8,000 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter knytt til Akershus kommandantskap (4,000 mill. kroner), frå omvisningar på Akershus Slott, billettsal knytt til arrangement for Forsvarets musikk (2,500 mill. kroner), samt inngangspengar på Oscarsborg festningsmuseum og Norges Hjemmefrontmuseum (1,500 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 45 vert foreslått auka med 72,315 mill. kroner.

Auken vert knytt til royalties (5,700 mill. kroner) og konvensjonalbøter (3,515 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for oppsamla utgifter knytte til Noregs lead nation-utgifter innanfor P4387 Multinational Geospatial Co-production Program der Noreg vidarefakturerer utgifter til Danmark, Finland og Sverige (32,200 mill. kroner). Vidare er utgifter vidarefakturert FD og enkelte leverandørar innanfor aktivitetar utført av Forsvaret knytt til Dual Mode kryptosystem, MAJIIC Extension (Multi-sensor Aeorospace/ground Joint ISR Interoperability Coalition) og Kampflyprogramet (10,900 mill. kroner). Posten er vidare foreslått auka i samband med avhending av torpedoen Sting Ray mod 0 (20,000 mill. kroner).

Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg, post 47 vert foreslått redusert med 19,135 mill. kroner.

Reduksjonen på posten skuldast at nokre sal har tatt lengre tid enn planlagt og at tidspunktet for oppgjer vert skyvd til 2012. Reduksjonen fører med seg ein tilsvarande parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 vert foreslått redusert med 95,134 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast noko seinare framdrift enn planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre Automated Information System-prosjektet. Inntekter frå NATO vert mottatt på bakgrunn av opphavlege innmeldte planar, og vert ikkje justert før i påfølgjande år. For 2010 førte dette til høge utbetalingar frå NATO i samband med den seine framdrifta, og tilsvarande låge inntekter i 2011.

Reduksjonen fører til ein tilsvarande parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter i 2011:

Bestillingsfullmakter under kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 1 driftsutgifter, vert foreslått auka med 5 mill. kroner, frå 0 til 5 mill. kroner. Bestillingsfullmakta er knytt til drift av Forsvarsdepartementet.

Bestillingsfullmakter under kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del, vert foreslått auka med 10 mill. kroner, frå 115 til 125 mill. kroner. Auken gjeld forseinking i samband med prosjekta BRASS (Broadcast and Ship-Shore System) og ACCS (Air Command and Control System).

Bestillingsfullmakter under kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del vert foreslått auka med 65 mill. kroner, frå 165 mill. kroner til 230 mill. kroner. Auken gjeld forseinking i samband med prosjekta JWC (Joint Warfare Centre) og SINDRE II (nedsenkbare luftvarslingsradarar).

Det visast til Prop. 1 S (2011–2012) om etablering og flytting av HV-staben til Terningmoen ila. 2011. I samband med flyttinga vil òg ein del av planressursane som tidlegare var lokalisert utanfor HV-staben, verte organisert som ein del av staben på Terningmoen. Dette er ei intern omorganisering i HV og inneber ingen auke av HVs samla personellressursar knytt til stabsfunksjonar. Flyttinga skal vere sluttført i løpet av 2011. Personellauken i HV-staben skuldast ei konsolidering av stabselement innanfor HVs samla organisasjon.

Flyttinga er planlagt gjennomført med følgjande utgifter i 2011:

Eigedom, bygg- og anlegg (EBA) (post 47):

51,8 mill. kroner

Meirutgift (Post 1):

6,6 mill. kroner

Byggjearbeida er starta på Terningmoen, og bygningane er planlagt ferdige i november/desember 2011. Bygningane omfattar ein kontormodul og ein forlegningsmodul. Meirutgiftene omfattar ny telefonsentral for å auke talet på telefonnummer og IKT-materiell, innreiing og møbler til kontor og forlegningsmodul, samt utgifter til flyttebyrå. HV-staben flytter inn på Terningmoen i desember 2011.

Meirutgifta under Post 1 vert dekt ved omgruppering av midlar til kap. 1734 medan kostnadene til EBA dekkast over investering på kap. 1710 post 47.