5. Programkategori 21.50 Jernbaneformål
I 2011 har det vore meir flaum og ras enn det som har vore vanleg. Det blir foreslått å auke løyvinga i 2011 med 56 mill. kroner for å dekkje meirkostnader.
I juni 2011 brann det i snøoverbygget på Hallingskeid på Bergensbanen. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner for å dekkje kostnadene i samband med brannen på Hallingskeid.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 96 mill. kroner.
Delar av dei tekniske anlegga på Gardermobanen har etter kvart fått auka feilfrekvens. Behovet for vedlikehald, ettersyn og beredskap har dermed auka.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen, med 25 mill. kroner, for å oppretthalde den høge standarden og den gode punktlegheita i togtrafikken på denne banestrekninga.
Det norske Veritas har med verknad frå 1. januar 2012 sagt opp avtalane med Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet om å føre tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg. Frå same dato blir det under Statens jernbanetilsyn etablert eit offentleg tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg i Trondheim.
For å kunne ha eit operativt tilsyn frå 1. januar 2012 er arbeidet med å førebu overtakinga av dei nye tilsynsoppgåvene godt i gang.
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 3 mill. kroner på kap. 1354, post 21 Spesielle driftsutgifter – tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg.
Komiteen viser til regjeringens forslag og har ellers ingen merknader.