Innstilling frå næringskomiteen om oppheving av hermetikkavgiftsloven og endringar i enkelte andre lover
Dette dokument
- Innst. 29 L (2011–2012)
- Kildedok: Prop. 151 L (2010–2011)
- Dato: 27.10.2011
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår i denne proposisjonen å oppheve lov 8. juni 1984 nr. 52 om avgift på hermetikk (heretter hermetikkavgiftsloven). Slik forskrift 11. oktober 2000 nr. 1056 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen nå lyder, er hermetikkavgifta i praksis allereie avvikla, med den følgje at alle eksportørar av hermetikk no betaler FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF). Hermetikkavgiftsloven har dermed ikkje lenger noko å seie og bør opphevast.
Fiskeri- og kystdepartementet sende 2. oktober 2009 forslag til diverse forskriftsendringar knytte til eksport av fisk og fiskevarer på høyring. Høyringa inkluderte også forslaget om å avvikle hermetikkavgifta og innlemme varer som svarar hermetikkavgift i FoU-avgifta. Ingen av høyringsinstansane har hatt innvendingar mot at hermetikkavgifta blir avvikla. Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund og Stiftelsen Norconserv ber om at det blir øyremerkt tilsvarande middel for å sikre langsiktig kunnskapsutvikling og kompetanseoppbygging ved Nofima Norconserv. Nofima foreslår at det blir øyremerkt middel gjennom Noregs forskingsråd for å kompensere for bortfall av delar av grunnløyvinga til Nofima.
Departementet meiner det er tenleg at FoU-avgifta no er harmonisert, slik at alle eksportørar av fisk og fiskevarer betaler FoU-avgift til FHF. Dette gir eit meir heilskapleg, enklare og oversiktleg system.
FoU-avgift på eksport av varer som var omfatta av hermetikkavgifta tilsvarar tidlegare nivå på hermetikkavgifta (0,3 pst.). Alle varer som før var omfatta av hermetikkavgifta og som vart omsette innanlands, er fritekne frå avgift og har dermed fått ein avgiftslette.
Hermetikkavgifta gav om lag 2–3 mill. kroner i årlege inntekter til Nofima Norconserv. Isolert sett får det å fjerne avgifta noko å seie for Nofima. På den andre sida bidreg FHF med eit vesentleg kjøp av forskingstenester til Nofima gjennom samarbeidsavtalen mellom FHF og Nofima. Det er difor å vente at eit slikt bortfall av avgift ikkje vil ha vesentlege negative verknader.
Fiskeri- og kystdepartementet fremjar vidare forslag om å oppheve kravet om samrøystes vedtak i styret i FHF og innføre reglar om vedtak ved alminneleg fleirtal. Dette krev endring i lov 7. juli 2000 nr. 68 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen.
Det følgjer av lovens § 3 andre ledd at «Beslutninger fattet av styret må være enstemmige. Dersom slik enstemmighet ikke oppnås, skal saken legges frem for departementet til endelig avgjørelse». Tilsvarande følgjer av forskrift om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen § 2 fjerde ledd.
FHF vart evaluert i 2006 (Rapport 6/2006 (NIFU STEP no NIFU)). Eit av poenga i evalueringa var at styret i FHF bør gjerast mindre avhengig av konsensus. Gode rammevilkår for nyorientering er etter departementet sitt syn svært viktig for eit styre som skal utarbeide strategiar for bruk og fordeling av FoU-midlar. Krav om samrøystes vedtak kan medverke til manglande handlekraft og hindre nødvendige vedtak, og dermed hemme nyorientering. Konsensusprinsippet kan også føre til at drøftingane i styret blir mindre opne, med den følgja at viktige forhold ved ei sak blir tilslørte. Andre forskingsfinansierande offentlege ordningar har ikkje tilsvarande krav. Ei endring i tråd med ordningane for tilsvarande organisasjonar kan styrkje legitimiteten til FHF.
Fiskeri- og kystdepartementet sende den 9. februar 2011 på høyring forslag om oppheving av konsensusprinsippet. Det har ikkje kome innvendingar mot forslaget.
Departementet foreslår at forskrift om FoU-avgift i fiskeri- og havbruksnæringen § 2 fjerde ledd blir erstatta med eit nytt ledd med følgjande ordlyd: «En beslutning av styret krever flertall av de avgitte stemmer. Står stemmetallet likt, gjelder det som styreleder slutter seg til». Endringa inneber at det er tilstrekkeleg med alminneleg fleirtal for at styret kan gjere vedtak. Dersom stemmetalet står likt har styreleiaren dobbeltstemme. Dette tilsvarar ordninga i aksjeloven. Endringa i forskrifta vil bli gjort etter at § 3 andre ledd i lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen har vorte oppheva.
Vidare er det forslag i proposisjonen om endring i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer (heretter fiskeeksportloven) som inneber at Eksportutvalget for fisk AS endrar namn til Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet), då dette fortel betre kva som er selskapet sitt totale verkeområde.
Eksportutvalget for fisk AS (EFF) er organisert med hovudkontor i Tromsø, og har i tillegg utekontor i 12 land og marknadsaktivitetar i 20 land. På bakgrunn av at arbeidsoppgåvene til EFF no hovudsakleg omfattar felles marknadsføring av norsk sjømat og omdømmebygging knytt til norsk sjømat, er det ønskjeleg å modernisere namnet, slik at ordet «eksportutval» blir fjerna. Det blir gjort framlegg om at Eksportutvalget for fisk AS endrar namn til Norges sjømatråd AS, med engelsk omsetjing Norwegian Seafood Council og forkortinga Sjømatrådet på norsk.
Det er rekna med at namneendringa vil koste mellom 600 000 og 1 000 000 kroner. Opp mot halvparten av kostnaden vil gå med til å gjere namnet kjent. Midla knytte til namneendringa blir dekte av selskapet sjølv og finansierte av eksportavgifta. Vurderinga er såleis at endringa ikkje vil føre til vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og leiaren Terje Aasland, frå Framstegspartiet, Per Roar Bredvold, Jon Georg Dale og Torgeir Trældal, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, frå Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, konstaterer at innføring av FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF) har endra føresetnadene for hermetikkavgiftslova. FoU-avgift til FHF gir eit einskapleg og oversiktleg system ved at det blir betalt FoU-avgift for all eksport av fisk og fiskeprodukt. Denne ordninga medfører at det ikkje blir betalt avgift ved innanlandsk omsetning av hermetikk. Komiteen konstaterer at Norfima no får sine inntekter gjennom dialog med FHF og næringa, og gjennom basisløyvingar frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Det vart allereie ved etableringa av FoU-avgifta varsla at det skulle vurderast å innlemme hermetikkavgifta i FoU-avgifta. Dette er følgt opp med endringar i føresegna til hermetikkavgiftslova slik at lova i dag ikkje lenger har noko praktisk å seie. Komiteen går inn for å oppheve hermetikkavgiftslova.
Komiteen viser til at dagens lov føreset konsensus for å gjere vedtak i styret for Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF). Ved ei evaluering av fondet i 2006 blei det foreslått å fjerne kravet om at vedtak må vere samrøystes. Spørsmålet om å oppheve konsensuskravet har vore på høyring, og det har ikkje komme innvendingar mot forslaget. Komiteen konstaterer at andre offentlege ordningar for forskingsfinansiering ikkje har krav om konsensus. Konsensuskravet kan verke konserverande og avgrense nødvendig nyorientering. Komiteen sluttar seg til forslaget om å innføre eit alminneleg fleirtalskrav for vedtak i styret for FHF.
Komiteen konstaterer at Eksportutvalet for fisk (EFF) har eit namn som ikkje lenger er dekkjande for aktiviteten til organisasjonen. På bakgrunn av at arbeidsoppgåvene til EFF no hovudsakleg omfattar felles marknadsføring av norsk sjømat og omdømmebygging knytt til norsk sjømat, er det ønskjeleg å modernisere namnet, slik at ordet «eksportutval» blir fjerna.
Det blir foreslått at EFF endrar namn til Norges sjømatråd AS/Noregs sjømatråd AS. Høyringsinstansane som har uttalt seg, stiller seg i hovudsak positive til denne namneendringa. Andre forslag til namn har vore vurdert, men dei har vore i konflikt med andre aktørar. Komiteen merkjer seg også at det er lagt vekt på å finne eit namn som har ei god oversetjing til engelsk. Vidare er det lagt vekt på at namnet reflekterer at selskapet har ein offisiell status, og at det står for marknadsføring av sjømat. Komiteen sluttar seg til forslaget om å endre namn frå Eksportutvalet for fisk AS til Norges sjømatråd AS/Noregs sjømatråd AS.
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om oppheving av hermetikkavgiftsloven og endringar i enkelte andre lover
I
Lov 8. juni 1984 nr. 52 om avgift på hermetikk blir oppheva.II
I lov 7. juli 2000 nr. 68 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen blir § 3 andre ledd oppheva. Noverande tredje ledd blir nytt andre ledd.III
I lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer blir det gjort følgjande endringar:§ 2 skal lyde:
§ 2 Norges sjømatråd AS
Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet) er et aksjeselskap. Aksjeloven gjelder for Sjømatrådet om ikke annet følger av denne lov. Staten skal eie alle aksjer i Sjømatrådet.
Styret skal være representativt for fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet kan ved forskrift gi nærmere bestemmelser om sammensetningen av styret.
Sjømatrådet skal utføre de oppgaver som er fastsatt i denne lov eller i forskrifter gitt med hjemmel i loven. For øvrig skal Sjømatrådet gi råd til departementet i spørsmål som angår eksport eller omsetning og produksjon i sammenheng med eksport.
Forvaltningsloven gjelder ikke for Sjømatrådet, unntatt i saker om enkeltvedtak som Sjømatrådet treffer etter § 3 i loven her.
§ 3 andre ledd skal lyde:
Departementet kan ved forskrift gi Sjømatrådet fullmakt til å forvalte registreringsordningen og føre register over eksportører som etter loven har rett til å eksportere fisk og fiskevarer.
§ 6 første ledd bokstav a skal lyde:
a) en årlig avgift til Sjømatrådet som betales av den enkelte eksportør,
§ 6 tredje ledd første strekpunkt skal lyde:
administrative kostnader ved drift av SjømatrådetIV
Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Del I tek likevel til å gjelde straks.
Oslo, i næringskomiteen, den 27. oktober 2011
Terje Aasland |
Alf Egil Holmelid |
leiar |
ordførar |