2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Agerup, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Bård Langsåvold, leiaren Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, og frå Venstre, Borghild Tenden, syner til omtala av bakgrunn for endringsforslaga, høringane, gjeldande rett, direktiva, departementet sine vurderingar og framlegg til lovendringar i Prop. 139 L (2010–2011).
Komiteen sluttar seg til regjeringa sitt framlegg.