Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp fire nye investeringsprosjekt, om endring av eit tidlegare godkjend prosjekt og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kap. 1710 post 47): Nye stasjonar til grensevakta i Sør-Varanger og Nye befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kap. 1760 post 45): Framskaffing av fire F-35 kampfly til treningsformål og Utvikling av Joint Strike Missile, trinn 2.

  • Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kap. 1760 post 45): Logistikkprosjektet i LOS-programmet.

Informasjonssaker: Regionfelt Østlandet, Energiøkonomisering, Forskingsfarty, Nasjonalt kompetansesenter for helikopter, Vidareutvikling av Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller og Vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen Iveco.

Fem av dei eksisterande seks stasjonane for grensevakta i Sør-Varanger er oppført på 1950- og 60-talet. Desse treng total fornying. Det er også behov for oppgradering av den nyaste stasjonen som er oppført på byrjinga av 1990-talet. I samsvar med regjeringa si målsetjing om å effektivisere og forbetre grensevakta i dokumentet «Nye byggesteiner i nord – neste trinn i regjeringens nordområdestrategi» av 12. mars 2009, er det føreslege å byggje nye grensestasjonar.

Dei seks stasjonane for grensevakta vil bli erstatta med to større stasjonar som skal dekkje kvar sin del av den norsk-russiske grensa. Prosjektet skal dekkje grensevakta sitt samla behov for forlegning og operasjonsbasar for grensejegerane. Stasjon til grensevakta i sør vert etablert i Svanvik og stasjon til grensevakta i nord vert etablert på Storskog. Det vert bygd kennel på kvar stasjon. Frå stasjonen i nord til grensa vert det etablert ny køyretrasé. Det vil òg bli bygd ei ny patruljehytte.

Prosjekt for nye stasjonar til grensevakta er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 268 mill. kroner.

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 234 (2003–2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003–2004) og Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), vart det vedteke at fagmiljøa innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi i størst mogeleg grad skulle samlast i eit felles kompetansesenter på Jørstadmoen ved Lillehammer.

For å dekkje behova til verksemda på Jørstadmoen er det naudsynt å byggje 100 nye befalshyblar. Prosjektet omfattar bygging av befalsforlegningar og ny fritidsmesse i nærleiken av eksisterande befalsforlegning på utsida av leirgjerdet på Jørstadmoen. Dei nye befalshyblane er fordelt over tre bygg. Fritidsmessa vert bygd sentralt i område med god tilgjenge frå både dei nye og dei eksisterande befalsforlegningane.

Prosjekt for befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 147 mill. kroner.

Ved handsaminga av proposisjonen om nye kampfly til Forsvaret (Innst. S. nr. 299 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 36 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 36 (2008–2009)), gav Stortinget den 8. juni 2009 si tilslutning til å byrje ein forhandlingsprosess om kjøp av nye kampfly av typen F-35.

I Prop. 1 S (2010–2011) informerte regjeringa at den tok sikte på, innan utgangen av 2011, å innhente fullmakt frå Stortinget for å framskaffe inntil fire treningsfly med leveranse frå 2016.

Hovudformålet med F-35-programmet er å framskaffe kampfly med våpen og støtteutstyr i ei mengd som samsvarer med ambisjonsnivået for kampflyvåpenet, jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008) og dei militærfaglege vurderingane av F-35 som er omtala i ovannemnde St.prp. nr. 36. Behovet er berekna til å vere 56 fly, medrekna våpen- og logistikkprogram.

For å betre framdrifta er det i løpet av det siste året vedteke endringar i det amerikanskleia fleirnasjonale F-35-programmet. Amerikanske styresmakter har tilført meir ressursar til utviklingsfasen av programmet, for både å redusere risikoen for forseinkingar og høgare kostnader i produksjonsfasen. Desse endringane har påverka det norske F-35-programmet.

Som ein konsekvens av første del av desse endringane, vart det i Prop 1. S (2010–2011) tilrådd å framskaffe eit mindre antall treningsfly i 2016, medan hovudleveransen av norske F-35 fly vart vurdert justert frå 2016, til 2018 og framover.

Den 6. januar 2011 fremja amerikanske styresmakter ei vidare justering av F-35-programmet, mellom anna vart utviklinga av dei tre variantane av F-35 fråkopla kvarandre. F-35A er den vanlege versjonen som Noreg planlegg å kjøpe, F-35B er ein versjon som kan ta av og lande vertikalt og F-35C er hangarskipversjonen.

Den vidare testinga av dei tre variantane vil i større grad skje uavhengig av kvarandre, slik at dei ikkje forseinkar kvarandre. Ein reknar med at utviklinga er gjort ferdig i slutten av 2015 eller tidleg i 2016, med påfølgjande operativ testing og evaluering.

Gjennom desse to endringane har amerikanske styresmakter vedteke å utsetje delar av si bestilling, i høve til den opphavlege planen. Produksjonskostnadene for flya i perioden fram til 2020 er difor vorte dyrare. Departementet tok høgde for ei slik utvikling alt i 2008, gjennom den såkalla usikkerheitsanalysen, ein analyse som rutinemessig vert gjort for alle større innkjøp til Forsvaret.

Den optimale innfasinga av F-35, som omtala i St.prp. nr. 36 (2008–2009) Nye kampfly til Forsvaret, la til grunn at vi fekk levert fly med tilstrekkeleg operativ modenskap. Tilstrekkeleg operativ modenskap inneber at utviklingsfasen er ferdig og at det er gjennomført vellykka operative testar. Både utvikingsfasen og den operative testinga var opphavleg planlagt ferdig i 2014. Vår plan om å starte framskaffinga i 2016 gav oss difor ein to års buffer.

I tida etter handsaminga av ovannemnde proposisjon er det som sagt gjort endringar i F-35-programmet, som har medført forseinkingar i utviklingsfasen.

For å imøtekome behovet for å ta i mot fly med tilstrekkelig operativ modenskap, vart vår leveranseplan justert ved handsaminga av Prop. 1 S (2010–2011). Hovudframskaffinga av norske F-35 startar no i 2018 i staden for i 2016.

Etter ei grunding vurdering av dei seinaste endringane i USA, er det framleis regjeringa si vurdering at ein leveranse av treningsfly i 2016, i tråd med den opphavlige leveranseplanen, bør gjennomførast.

Tilrådingane i Prop. 1 S (2010–2011) vart fremja for å redusere usikkerheita knytte til vår eigen framskaffing, i lys av endringane nemnde ovanfor. Fire fly ved eit treningssenter i USA frå 2016, auka til åtte fly ved hovedfremskaffinga frå 2018, er tilstrekkeleg for å sikre den initielle operative kapasiteten (IOC) i 2019. Treningsflya vil medverke til at vi får utdanna ei tilstrekkelig mengd pilotar og anna personell til å kunne ta imot hovudleveransen frå 2018. Det vil òg vere viktig for å halde samdriftstida mellom F-35 og F-16 så kort som mogeleg og den samla kampflyleveransen i overgangsfasen på eit tilfredsstillande operativt nivå.

Ei framskaffing no vil òg vere eit tydeleg signal om at Noreg er ein påliteleg partnar i F-35-programmet. Denne tilliten vil vere viktig for det industrielle samarbeidet som er etablert, inkludert norske utviklingsprosjekt slik som Joint Strike Missile (JSM) og 25 millimeter APEX-ammunisjon.

Regjeringa har gjennom St.meld. nr. 38 (2006–2007) etablert ein helskapleg strategi knytt til å ivareta dei næringspolitiske aspekta ved framskaffingar til Forsvaret. Denne strategien ligg òg til grunn for den industrielle oppfølginga knytt til kjøp av kampflyet F-35. Regjeringa si målsetting er at den industrielle verdiskapinga i Noreg knytt til levering av ny kampflykapasitet og tilhøyrande system, skal tilsvare framskaffingskostnadene.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa er at prosjektdokumentasjonen dannar eit tilstrekkeleg grunnlag for eit vedtak om gjennomføring.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp tilrådingane frå ekstern kvalitetssikrar i det vidare arbeidet med prosjektet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Framskaffingskostnadene var i 2008 rekna ut til å vere om lag 42 mrd. kroner (noverdi 2008-kroner). Med teknisk justering for prisauke og endring i valutakursar, tilsvarar dette om lag 51 mrd. noverdi 2011-kroner. Av den tekniske endringa frå 42 mrd. kroner til 51 mrd. kroner utgjer justering for prisauke om lag seks mrd. kroner og oppdaterte valutakursar om lag tre mrd. kroner. Med reviderte føresetnader etter at restruktureringa av programmet er gjennomført, er den estimerte kostnaden for heile framskaffinga no berekna til om lag 52 mrd. kroner (noverdi 2011-kroner). Samanlikna med berekninga i 2008 er då framskaffingskostnaden auka med om lag ein mrd. kroner.

Avgjerda i 2008 var eit val mellom to kampflykandidatar. Kostnadane er difor presenterte i noverdi. Når det no skal takast stilling til ein konkret kostnadsramme for ei konkret investering, er det vanleg å presentere kostnadane i reelle kroner, utan neddiskontering. Utan neddiskontering vert den forventa kostnaden (P50) for heile kampflyframskaffinga 61 mrd. 2011-kroner. Inkludert usikkerheitsavsetting (P85) er kostnadsramma for totalframskaffinga 72 mrd. 2011-kroner.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for ei framskaffing av fire F-35 til treningsformål er 4,8 mrd. kroner. Dette beløpet er medrekna ei avsetting for usikkerheit.

Stortinget gav ved handsaminga av proposisjonen om nye kampfly til Forsvaret (Innst. S. nr. 299 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 36 (2008–2009)), den 8. juni 2009 si tilslutning til å byrje ein forhandlingsprosess om kjøp av nye kampfly til Forsvaret av typen F-35. I innstillinga var fleirtalet i komiteen oppteken av at moglege leveransar til flyet, då særleg integrasjon av norskutvikla system, skulle følgjast opp spesielt. Ein av desse kapasitetane var eit nytt missil kalla Joint Strike Missile (JSM).

Stortinget er tidlegare orientert om utviklinga av JSM for kampflyet F-35. JSM har no gått igjennom trinn 1, der målet var å utvikle eit godkjent førebels design for JSM, utarbeide dei operative krava til JSM og gjennomføre integrasjonsstudiar for å sjå korleis missilet kan bli integrert i F-35. Trinn 1 vart ferdigstilt og godkjent sommaren 2010. Dette var ein av føresetnadane for å kunne gå vidare med ei tilråding om gjennomføring av neste steg.

Neste steg i utviklinga er kalla trinn 2. Dette trinnet inneber vidareutvikling av missilet, slik at det møter kravet til å kunne bli integrert i F-35.

Ei vidareføring av dette arbeidet vil bidra til at Forsvaret kan få ein unik strategisk kapasitet på plass, omtrent samstundes som F-35 er planlagt levert til Noreg. JSM vert utvikla av Kongsberg Defence Systems (KDS) i samarbeid med Forsvaret, og ei verkeleggjering av missilet vil vere viktig for den industrielle satsinga knytt til anskaffinga av F-35.

Moderniseringa av kampflyvåpenet er eit sentralt og kritisk element i den vidare utviklinga av Forsvaret i dei komande åra. Det er viktig for å bevare den nasjonale evna til raskt og fleksibelt å kunne møte utfordringar som kan truge norsk tryggleik. Dette inneber òg framskaffing av naudsynte våpen som skal kunne nyttast på F-35. Ei slik heilskapleg tilnærming har vore lagt til grunn for arbeidet som er i gong i samband med anskaffinga av F-35, flyet som er vald som erstatning for dagens F-16. Dette inngår òg i dei samla kostnadsvurderingane.

I den gjeldande langtidsplanen, jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), er det sentralt at den framtidige kampflystrukturen må oppretthalde Forsvaret si evne til å levere våpen mot overflate- og landmål til støtte for sjø- og landoperasjonar. Det inneber at våre F-35-fly må utstyrast med relevante våpen.

På denne bakgrunnen er det stilt krav til at dei nye kampflya skal kunne bere langtrekkjande antioverflatevåpen med sjø- og landmålskapasitet. Flya skal kunne handtere ulike oppgåver under same flytokt, dvs. dei skal ha evne til å utføre både antiluft- og antioverflateoppdrag.

Forsvarets forskningsinstitutt har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet gjennomført ein alternativanalyse for langtrekkjande antioverflatevåpen til nye kampfly. Resultatet av denne studien syner at JSM er det einaste alternativet som oppfyller krava.

JSM står såleis fram som det einaste missilet som vil kunne vere tilgjengeleg rundt 2020 som kan internt berast i F-35 og som kan oppfylle dei krava som er utarbeidd i F-35-programmet. Utviklinga og anskaffinga av JSM er planlagt gjennomført i fire trinn.

Regjeringa har gjennom St.meld. nr. 38 (2006–2007) etablert ein helskapleg strategi knytt til å ivareta dei næringspolitiske aspekta ved anskaffingar til Forsvaret. Denne strategien ligg òg til grunn for den industrielle oppfølginga knytt til kjøp av kampflyet F-35. Regjeringa si målsetting er at den industrielle verdiskapinga i Noreg knytt til levering av ny kampflykapasitet og tilhøyrande system, skal tilsvare anskaffingskostnadene.

Alt i St.prp. nr. 1 (2004–2005) presenterte Forsvarsdepartementet ein industriell strategi der det vart uttrykt ønskje om å introdusere norske våpensystem på F-35. Eitt av de omtalte prosjekta var utvikling og mogleg integrering av JSM frå KDS. I St.prp. nr. 1 (2005–2006) vart det følgt opp med spesifikk informasjon om status i arbeidet med å innpasse JSM i F-35.

Ei utvikling av JSM er òg viktig for den vidare utviklinga av KDS og for konkurransekrafta til Kongsberg-bedrifta. Missilverksemda har sidan 60-talet vore den teknologiske og industrielle berebjelken for utvikling og vekst for KDS. JSM vil posisjonere KDS som ein leiande og konkurransedyktig missilleverandør og forsterke deira internasjonale posisjon. Samstundes vil JSM gi KDS ein leiande posisjon i gjennomføringa av eit langsiktig høgteknologiprosjekt med stor internasjonal forankring. Samla vil dette bidra til både å oppretthalde levedyktige arbeidsplassar på Kongsberg og skape nye arbeidsplassar i åra som kjem. Dette vil òg gjere det mogeleg i framtida å utvikle eit langt breiare nasjonalt engasjement av små- og mellomstore bedrifter som underleverandørar til KDS.

Regjeringa vurderer det som eit realistisk mål å få etablert eit fleirnasjonalt samarbeid for den vidare utviklinga og integrasjonen av JSM etter trinn 2. Dersom målet om eit fleirnasjonalt samarbeid om den vidare utviklinga og integrasjonen av JSM likevel ikkje blir nådd, er det regjeringa si vurdering at det ikkje vil vere grunnlag for å gå vidare med seinare trinn av utviklinga og etterfølgjande anskaffing av missilet.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa er at prosjektdokumentasjonen dannar eit tilstrekkeleg grunnlag for eit vedtak om gjennomføring.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp tilrådingane frå ekstern kvalitetssikrar i det vidare arbeidet med prosjektet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for trinn 2 er 1 029 mill. kroner. I dette beløpet inngår kontrakten med KDS medrekna meirverdiavgift, førebuande studiar ved Lockheed Martin i USA og eit beløp avsett for usikkerheit i kostnadsramma.

Gjennomføringskostnadene (post 01) for prosjektet vil bli dekt innanfor drifta av det etablerte F-35-programmet.

Kostnadene for JSM er rekna med i kostnadsramma for anskaffinga av det totale F-35-programmet.

LOS-programmet i Forsvaret inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Det første større leveranseprosjektet vart innført i 2003 og det gav Forsvaret eit nytt system for eksternrekneskap, også kalla FIF 1.0. Det andre større prosjektet var Økonomiprosjektet, som vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 87 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 20 (2006–2007). Økonomiprosjektet vart satt i drift i 2008. Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007–2008). Regjeringa informerte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) om at kontrakt med leverandør var planlagt inngått våren 2009. I Prop. 1 S (2009–2010) vart Stortinget informert om at det ville bli gjennomført ein ny konkurranse, og i Prop. 1 S (2010–2011) informerte regjeringa om at to tilbod var motteke og at kontrakt kunne forventas tidleg i 2011.

Logistikkprosjektet skal gi Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. Forvaltningssystemet vil med denne logistikkløysinga bli kalla FIF 3.0.

Båe motteke tilbod har ein pris som langt overstig den vedtekne kvalitetssikra kostnadsramma. Årsaka til auka er at omfanget tidligare har vore undervurdert. Regjeringa har difor gjort ei fornya vurdering av prosjektet.

Å stoppe prosjektet vil innebere at Forsvaret må behalda mange gamle datasystem som er kostbare å drifte og vedlikehalde. Innføringa av Logistikkprosjektet er også viktig for den vidare fornyinga av Forsvaret.

Det er vorte gjennomført ein grundig gjennomgang av omfanget av prosjektet basert på kostnad opp mot nytte, konsekvensar ved å ta noko ut av omfanget, pris og risiko. I tillegg har det vore gjennomført ei ny vurdering av om gevinstar framleis kan realiserast.

Regjeringa har på denne bakgrunn konkludert med framleis å tilrå gjennomføring av Logistikkprosjektet, og at tidligare anslag om gevinstar framleis er gjeldande. Dette gjev ein auke av prosjektet si kostnadsramme (post 45) på 235 mill. kroner og ein auke av gjennomføringskostnadane på 101 mill. kroner. Prosjektets nye kostnadsramme er nå 786 mill. kroner.

Prosjektet Regionfelt Østlandet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 232 (2001–2002) jf. St.prp. nr. 55 (2001–2002). I feltet øvast skarpskyting, manøvrering og samvirke. Ein mindre del av Regionfelt Østlandet vart teke i bruk i 2005, og Angrepsfelt sør vart opna i mai 2007.

Med unntak av opparbeiding av ein langdistansestandplass for artilleriet og nokre mindre tilpassingar av etablerte anlegg, vart bygge- og anleggsarbeida avslutta i 2010. Arbeida med Angrepsfelt nord er førebels stilt i ro. Årsaka er i hovudsak at det er eit anna behov for dette feltet i dag enn det som låg til grunn då prosjektet vart godkjend. Ein må difor mellom anna avklare behovet nærare.

I grunnervervet for Regionfelt Østlandet er kontantoppgjeret avslutta. Det er i gang ein jordskifteprosess for dei partane som ynskjer makeskifte som erstatning. Jordskifteplanen er forsinka, og etter gjeldande plan skal den verte vedteke sommaren 2011. Deretter kjem mellom anna etterfølgjande skjønn som vil omfatte støyulemper og eventuell ankebehandling.

Oppvarming av bygningar og bruk av fly og farty er blant dei aktivitetane som har dei viktigaste miljøaspekt med omsyn til energibruk og utslepp av klimagassar. Gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 7 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009), vart Stortinget informert om behova for investeringar i energiøkonomiseringstiltak (ENØK) i Forsvarets etablissement over heile landet. Målsetjinga med ENØK-prosjektet er å byggje om eksisterande varmesentralar basert på fossilt brensel til varmesentralar som brukar meir miljøvenlege og kostnadseffektive energikjelder som varmepumper, bruk av fjernvarme og anlegg basert på biobrensel. Tiltaka skal redusere energiforbruket og utsleppa av CO2 i Forsvaret, og er såleis eit bidrag til dei klimapolitiske målsetjingar som er uttrykt i St.meld. nr. 34 (2006–2007) – Norsk klimapolitikk. Tiltaka er samla berekna til å koste omlag 340 mill. kroner og vert gjennomført i tre fasar over ein periode frå 2009 til 2017. For å halde best mogeleg oppsyn med omfang og kostnadar og god framdrift, vert tiltaka gjennomført som enkeltprosjekt.

I fase I av ENØK-prosjektet er det sett i gang ENØK-tiltak på Andøya, Sortland, Ramsund, Bjerkvik, Laksevåg, Kolsås, Huseby og Kjevik med ein samla kostnad på 100,9 mill. kroner. Totalt vil dei åtte ENØK-tiltaka redusere utsleppa av CO2 i Forsvaret med omlag 7 000 tonn årleg. Forsvaret vil ved fullføring av tiltaka redusere sine driftskostnadar med netto omlag 9,5 mill. kroner årleg.

I fase II av ENØK-prosjektet er det foreløpig godkjent tiltak i Bergen og i Bodin leir med ein samla kostnad på om lag 26 mill. kroner og ein planlagt reduksjon av CO2-utsleppa med 2 145 tonn årleg. Forsvarssektoren har ytterlegare åtte tiltak under planlegging for fase II. ENØK-tiltak i fase II er planlagt gjennomført frå 2011 av, medan fase III er føreslege for utføring frå 2015.

Prosjektet vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2010–2011), jf. Prop. 1 S (2010–2011). Prosjektet omfattar kjøp av eit nytt forskingsfarty til erstatting av det eksisterande fartyet F/S Marjata III.

Når gjennomføringskostnadene for Etterretningstenesta blir inkludert vert prosjektets gjennomføringskostnader (post 1) 56 mill. kroner og ikkje 26 mill. kroner som det vart informert om i Prop. 1 S (2010–2011).

Regjeringa har ved fleire anledningar informert om forstudien for mogeleg etablering av eit nasjonalt kompetansesenter for helikopter i Noreg, seinast i Prop. 1 S (2010–2011).

Forsvarsdepartementet har vurdert funn og anbefalingar i forstudien, samanholdt med Forsvarets behov for tenester i samband med driften av Forsvarets nye helikopter NH-90.

Forstudien syner at det truleg er kundegrunnlag for etablering av simulator for trening av sivile og militære pilotar og besetning i Noreg. Ein føresetnad er at simulatoren blir etablert og drevet av industrien i Noreg. Sivile og militære brukarar, eventuelt også utanlandske, vil på dette grunnlag kunne kjøpe treningstimar i simulatoren.

Innanfor logistikkstøtte vurderer Forsvaret nærmare kva Forsvaret må gjere sjølve og kva som kan eller må utførast av andre aktørar. Det er lite sannsynleg at slike tenester vil kunne utførast frå ein stad, eller av ein aktør.

I løpet av året vil Forsvaret senda ut førespurnad om informasjon i forbindelse med kjøp av simulatortreningstimar og tenester innanfor logistikkstøtte for NH-90-helikopter.

Eit samla senter, «nasjonalt kompetansesenter for helikopter», med simulator, logistikk og utdanning, som var utgangspunktet i forstudien, vil såleis neppe bli realisert på ein stad, men vil verte bygd opp gradvis i eit nettverk mellom fleire aktørar.

Det er sett i gang ei utgreiing som ser på korleis Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller (LHK) bør utviklast vidare. Bakgrunnen for vurderinga er eit ynskje om å tilpasse verksemda til forventa framtidige endringar i vedlikehaldskonsepta for fly. Ved at vedlikehaldet i aukande grad blir integrert i kontraktane ved kjøp av nye system, er det naudsynt å utgreie løysingar der denne verkstaden kan konkurrere i den opne marknaden. Formålet er såleis å vurdere om det er eit forretningsmessig grunnlag for LHK som kommersiell aktør, og gjennom det kunne posisjonere verksemda for å kunne ta på seg vedlikehaldsoppdrag for leverandørane av materiell som F-35 kampfly og NH-90 helikopter. Tilråding er venta å ligge føre innan sommaren 2011, og regjeringa vil eventuelt kome attende til saka på eigna vis.

Forsvarets logistikkorganisasjon signerte sommaren 2010 kontrakt med ein leverandør om levering av ei løysing for vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen IVECO. Ei slik løysing var planlagt levert i 1. kvartal 2011. Leveransane er forsinka med om lag eitt år. Grunnen er svakheiter ved det leverte produktet, og at det dermed kunne vere ein risiko å ta det i bruk.

Tryggleiken for personellet er likevel ivaretatt ved at same operasjonskonseptet for oppdrag i Afghanistan i dag blir fulgt. Tryggleiken har difor ikkje vorte dårlegare, men vil bli betre når ei ny løysing er på plass.