Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Reglene i fritaksmetoden om selskapsdeltakers realisasjon av eierandel i deltakerliknet selskap – innføring av et toårskrav

For å motverke skattetilpassingar, foreslår departementet å innføre eit toårskrav i fritaksmetoden sine reglar om realisasjon av eigardel i deltakarlikna selskap. Etter gjeldande reglar er skattefritak for gevinst, og rett til frådrag for tap, avhengig av korleis aksjeporteføljen i det deltakarlikna selskapet fordeler seg mellom aksjar innanfor og utanfor fritaksmetoden på realisasjonstidspunktet. Ved å justere aksjeporteføljen i det deltakarlikna selskapet rett før salet av eigardelen, vil seljar kunne tilpasse seg inn i eller ut av fritaksmetoden, utifrå ei vurdering av om eigardelen kjem til å bli selt med gevinst eller tap. Når kravet til samansetninga av porteføljen må oppfyllast over ein toårsperiode, vil det verte mindre rom for slike skattetilpassingar.

Det må påreknast at nokre skattytarar vil få ei auka dokumentasjonsbyrde ved ei regelendring som foreslått, ettersom kravet til aksjefordeling då må vere oppfylt over to år og ikkje berre på tidspunktet for realisasjonen. Den auka byrda vil normalt berre gjelde selskap med eigardelar i deltakarlikna selskap som har ei fordeling av aksjar innanfor og utanfor fritaksmetoden som ligg nær opp til grensa på 90/10 pst. Departementet går på dette grunnlaget ut frå at dei auka byrdene vil gjelde for ei avgrensa mengd selskap.

Departementet ventar at provenyverknadene av ei endring som foreslått vil vere moderate.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 13. mai 2011.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.