3. Behandling av gevinst- og tapskonto samt negativ saldo ved grense-overskridende omorganiseringer
Etter skatteloven kan mellom anna gevinst ved realisasjon og uttak av visse driftsmidlar som blir avskrive etter saldoreglane (skip, fly, fast eigedom etc.) førast på ein gevinst- og tapskonto, framfor at heile gevinsten takast til inntekt i realisasjonsåret. Det same gjeld for gevinst på somme andre slag driftsmidlar i verksemd. Positiv gevinst- og tapskonto skal takast til inntekt med minst 20 pst. årleg av det som står att på kontoen.
Salssummen ved realisasjon og uttak av visse andre slag driftsmidlar enn dei som er nemnde ovanfor (maskinar, reiskap, køyretøy etc.) kan etter skattelova skrivast ned på skattytarens avskrivingsgrunnlag for slike driftsmidlar. I høve der skattytaren sel med gevinst, kan avskrivingsgrunnlaget bli negativt. Avskrivingsgrunnlaget blir då kalla ein «negativ saldo», og skal takast til inntekt med ein årleg sats lik avskrivingssatsen for dei aktuelle driftsmidla.
Ved opphør av skatteplikt til Noreg skal positiv gevinst- og tapskonto samt negativ saldo takast til inntekt heilt ut i opphørsåret. Departementet foreslår ei endring, slik at skattytarar som flytt til andre statar i EØS, og som derfor ikkje lenger er skattepliktige til Noreg, kan utsetje inntektsføring av gevinst- og tapskonto samt negativ saldo, på same vis som skattytarar som blir i Noreg. Heil eller delvis utflytting i samband med fusjonar og fisjonar der eit selskap i ein annan EØS-stat er overtakande selskap, skal òg vere omfatta av denne regelen. Ved flytting til lågskattland i EØS skal det gjelde særskilte vilkår for skattefri flytting.
Ein viser til forslag til skatteloven § 14-48 andre ledd nytt andre punktum og § 14-48 nye fjerde og femte ledd.
Forslaga gjeld for tidlegare realiserte gevinstar som ikkje er fullt ut inntektsført ved utflyttinga, på grunn av tidsforskyvinga av skatten som ligg i ordningane med gevinst- og tapskonto samt negativ saldo. Det er altså berre tale om å gi skattytarar som flytt ut, fusjonerar og fisjonerar høve til framleis å skyve på betalinga av eit gitt skattebeløp, slik som for skattytarar som blir i Noreg. Vidare vil forslaga berre føre med seg endringar i høve der ein skattytar samtidig med utflyttinga mister all skattetilknyting til Noreg, det vil seie at all aktivitet flyttast ut av Noreg. Grunnen til dette er at skattytarar som haldar oppe aktivitet i Noreg, også etter gjeldande reglar kan sleppe å gjere opp gevinst- og tapskonto samt negativ saldo. Om det kjem til å oppstå provenyverknader, vil òg vere knytt til kva slags frådragsposter skattytaren har i utflyttingsåret.
Det er svært vanskeleg å vurdere provenyverknader for eit enkelt år som følgje av endringa, ettersom dette typisk heng saman med enkelte større selskap sine avgjerder. Departementet trur likevel, på bakgrunn av det som er sagt over, at forslaget vil ha små provenyverknader.
Forslaga vil heller ikkje å føre med seg vesentleg administrativt meirarbeid for skatteetaten eller skattytarane.
Departementet foreslår at forslaga får verknad frå og med inntektsåret 2011.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.