Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysninger i skattesaker

Innhold

Til Stortinget

Den 29. april 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 1. april 2011. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina av Francis Tam, Secretary for Economy and Finance of Macao SAR. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som ville bli utsette for mottiltak.

Som ein del av Folkerepublikken Kina var Macao ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte som skatteparadis som blei bedne om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. Sida Macao oppfyller kriteria for skatteparadis tok dei nordiske landa initiativ til at også Macao skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som blir vurdert naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.

Nordisk Ministerråd har sia juni 2006 hatt eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin modell, er inngått på norsk, kinesisk, portugisisk og engelsk. I tilfelle av skilnader skal den engelske teksten vere avgjerande. Som vedlegg til proposisjonen følgjer den norske og engelske teksten.

Til dei enkelte materielle føresegnene i avtala nemnast artikkel 1–12 i kapittel 2 i proposisjonen blir nemnt.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om å sette i kraft overenskomsten mellom Norge og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysninger i skattesaker.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i å sette i kraft en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 29. april 2011.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. juni 2011

Torgeir Micaelsen

Gerd Janne Kristoffersen

leder

ordfører