Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av dagens fylkesvegnett på Fosenhalvøya i Sør- og Nord-Trøndelag (Fosenpakka). Fosenpakka er prioritert i fylkeskommunane sine handlingsprogram for 2010–2013 (–2019).

Fosenpakka omfattar 17 prosjekt fordelt på 3 delpakkar, med prosjekt i prioritert rekkefølgje. Alle prosjekta ligg på Fosenhalvøya med unntak av delprosjektet fv. 710 Ingdal–Valset, som ligg i Agdenes kommune. Fire prosjekt ligg heilt eller delvis i Nord-Trøndelag, resten ligg i Sør-Trøndelag.

I forslaget til bompengeopplegg, som det er lokalpolitisk tilslutning til, er det lagt opp til finan-siering av prosjekt og tiltak innafor delpakke 1 og 2.

Hovudvegnettet på Fosen har generelt låg standard. Vegane er smale og svingete med dårleg sikt og går gjennom lokale bustadområde. Fosenpakka vil gi betre framkomst og tryggleik i trafikken. Sambandet mellom Fosen og Trondheim og kommunikasjonen internt på Fosen vil bli betra, noko som kan leggje til rette for ei positiv utvikling regionalt.

Fleire omsyn ligg til grunn for prioriteringa av prosjekta: Kommunikasjon mellom Fosen og Trondheim, nærleik til stadene for bompengeinnkreving, samla trafikk på strekningane, trafikktryggleik og kommunikasjon internt på Fosen.

Prosjekta i delpakke 1 omfattar utbetring og omlegging av eksisterande veg i Sør- og Nord-Trøndelag. Fv. 715 Vanvikan–Olsøy er det mest omfattande prosjektet. Strekninga på 29 kilometer har mange avkøyringar, noko som resulterer i låg fartsgrense og dårleg framkomst for den aukande trafikken. Fv. 755 Leksvik–Vanvikan og fv. 710 Ingdal–Valset er dei lengste strekningane; kvar på om lag 30 kilometer.

Prosjekta i delpakke 2 omfattar utbetring og omlegging av eksisterande veg, i hovudsak i Sør-Trøndelag. Den lengste strekninga som skal bli ut-betra, er fv. 715 Krinsvatn–Årnes på om lag 20 kilometer.

Prosjekta i delpakke 3 omfattar utbetring av eksisterande veg i Sør- og Nord-Trøndelag. Dette vil betra kommunikasjonen internt på Fosen og til hovudvegnettet mot Trondheim. Oppstart av prosjekt innafor delpakke 3 krev i utgangspunktet ny lokalpolitisk behandling slik at fylkeskommunen kan setja av naudsynte fylkeskommunale midlar.

Det samla kostnadsoverslaget for prosjekt og tiltak i Fosenpakka er om lag 1,7 mrd. kroner. Samla kostnadsoverslag for delpakke 1 og 2 er om lag 1,3 mrd. 2011-kroner.

Det er framleis knytt stor uvisse til kostnadene for fleire prosjekt og tiltak. Det ligg likevel ein fleksibilitet i bompengepakka ved at omfanget på utbygginga kan bli vurdert undervegs. Dersom nokre prosjekt blir dyrare enn venta, vil dei lågast prioriterte prosjekta kunna bli tekne ut av pakka.

Finansieringa av Fosenpakka er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. 75 pst. av investeringskostnadene er føresett finansierte med bompengar.

Det er planlagt bompengeinnkreving i ferjesambanda Brekstad–Valset og Flakk–Rørvik. I tillegg vil det bli etablert ein bomstasjon ved fv. 715 ved Krinsvatn, sør for krysset mellom fv. 710 og fv. 715.

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevinga skal starta så raskt det lar seg gjera etter Stortingets vedtak. Det er vidare lagt opp til tovegs innkrevjing i 15 år. Både trafikantar som ferdast internt på Fosen og mellom Fosen og Trondheim har nytte av utbygginga og vil betala bompengar.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som er lagt til grunn, vil trafikantane betala om lag 1 200 mill. kroner i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 977 mill. kroner gå til utbygging av veg inkl. etablering av bomstasjon, 170 mill. kroner til å dekkja finansieringskostnader og 53 mill. kroner til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.

Forslag til finansieringsplan, jf. Prop. 124 S (2010–2011)

Mill 2011-kr

2010-13

2014-19

Sum

Bompengar

190

787

977

Fylkeskommunale midlar:

204

123

327

- Sør-Trøndelag

116

123

239

- Nord-Trøndelag

88

88

Sum:

394

910

1 304

I forslaget til finansieringsplan er det lagt til grunn at bompengeselskapet vil ta opp lån for å kunna forsera utbygginga. Basisføresetnader går elles fram av punkt 5 i proposisjonen. Sør- og Nord-Trøndelag fylkeskommunar har fatta vedtak om garantiansvar for Fosenpakka.

Bompengepakkar er meir fleksible enn bompengeinnkreving for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i Fosenpakka blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnads-overslaget på nokre av prosjekta aukar, kan dette innebera at andre prosjekt ikkje blir bygde. Sidan Fosenpakka i stor grad omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.