Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

I proposisjonen gjer Justisdepartementet framlegg om å innføre ei plikt for politiet eller påtalemakta til å etterforske når barn døyr plutseleg og uventa, utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold. Framlegget går ut på at det i straffeprosesslova blir teke inn ei føresegn som gir løyve til å etterforske i saker som nemnt, og at løyvet blir kombinert med ei plikt i påtaleinstruksen til å gjennomføre slik etterforsking. I tillegg blir det gjort framlegg om å endre straffelova 1902 og straffelova 2005 slik at straffebodet mot vald i nære relasjonar uttrykkjeleg omfattar vald mot noverande og tidlegare sambuarar.

Hovedregelen etter gjeldende rett er at etterforsking iverksettes når det er «rimelig grunn til å undersøke» om det foreligger straffbart forhold som forfølges av det offentlige. Dersom det foreligger kvalifisert mistanke (for eksempel «skjellig grunn til mistanke») om straffbare forhold, kan politiet etter nærmere vilkår etterforske ved bruk av tvangsmidler som ransaking og gransking. Etterforskingen utføres av politiet, og påtalemyndigheten har ansvaret for at etterforskingen skjer i samsvar med lov og instruks.

Det følger av politiloven § 12 tredje ledd at politiet har adgang til å ta seg inn på steder for å ettersøke bortkomne eller hjelpe syke, tilskadekomne eller andre som er eller antas å være ute av stand til å ta vare på seg selv når omstendighetene gir grunn til å frykte at vedkommendes liv eller helse kan være truet. Det samme gjelder hvis det er behov for å undersøke om en person er død, for eksempel fordi ingen har oppnådd kontakt med vedkommende over lang tid.

For at politiet skal ha adgang til å ransake boligen hvor en person er funnet død (uansett alder), kreves at lovens vilkår for bruk av et slikt tvangsmiddel (blant annet skjellig grunn til mistanke om straffbart forhold) er oppfylt, og den nødvendige prosedyre er fulgt.

Når politiet rykker ut til hus fordi de blir varslet om at noen har dødd, vil de som regel bli sluppet inn frivillig av dem som bor i huset. Selv om de pårørende slipper inn politiet frivillig, har politiet ikke adgang til å ransake huset uten at lovens vilkår for bruk av et slikt tvangsmiddel er oppfylt, og den nødvendige prosedyre er fulgt.

Leger har plikt til å melde fra til politiet hvis det er grunn til å tro at et dødsfall er «unaturlig». Dette er blant annet eksemplifisert ved at dødsfallet har ukjent årsak og døden har inntrådt plutselig og uventet. Når spedbarn eller små barn dør plutselig og uventet, vil dette regelmessig være å anse som unaturlig og politiet vil således motta melding om dødsfallet fra lege.

Sakkyndig likundersøkelse skal foretas når det er «grunn til mistanke om at noens død er voldt ved en straffbar handling».

I brev 23. desember 2008 bad Helse- og omsorgsdepartementet om at lovavdelinga i Justisdepartementet vurderte ei ordning med undersøkingar av dødsstad ved plutseleg og uventa barnedød i høve til Grunnlova § 102 og Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 8.

I ei tolkingsuttale 4. mars 2009 frå lovavdelinga i Justisdepartementet vart det uttalt at det er tvilsamt om ei tvungen ordning med undersøking av dødsstaden er i samsvar med Grunnlova § 102 som bestemmer at «Hus-Inkvisitioner» ikkje må skje «uten i kriminelle Tilfælde».

I Innst. 163 S (2009–2010) bad fleirtalet i justiskomiteen difor regjeringa om å undersøkje korleis ordninga med undersøkingar av dødsstaden er i andre land, og orientere Stortinget på egna måte. Fleirtalet uttalte at inntil resultatet av ei slik undersøking ligg føre, la dei til grunn at ei obligatorisk ordning der føremålet også er å avdekkje eventuelle straffbare forhold, vil vere i strid med Grunnlova § 102.

Departementet gir i proposisjonen eit oversyn over korleis ordninga med undersøkingar av dødsstaden er i andre land som det kan vere naturleg å saman-likne seg med.

Utgreiinga frå Danmark, Finland, Island, Sverige, Storbritannia og Tyskland viser at ingen av landa gjennomfører obligatoriske (tvungne) undersøkingar av dødsstad ved plutseleg og uventa barnedød utan at det er mistanke om straffbart forhold. Svaret frå det franske justisdepartementet tyder på at ein ikkje er kjend med ei slik ordning i Frankrike, og i alle tilfelle at obligatoriske administrative kontrollar er underlagde svært strenge vilkår. Nederland skal utarbeide ei ordning for å styrkje undersøkingane av plutseleg og uventa barnedød, men dei nærmare elementa i ordninga er framleis ikkje klare.

Når eit barn mellom null og tre år døyr plutseleg og uventa, har dei pårørande sidan 1. november 2010 fått tilbod om frivillig dødsstadundersøking gjennomført av eit helseteam. Ansvaret for arbeidet er lagt til Nasjonalt folkehelseinstitutt som har inngått ein avtale med Rettsmedisinsk institutt om den praktiske gjennomføringa. Føremålet med ordninga er å fastslå dødsårsaka og å innhente kunnskap for å førebyggje krybbe- og spedbarnsdød.

Departementet understreka likevel klart at i tilfelle der foreldra får tilbod om gjennomføring av dødsstadundersøkingar samstundes med at det blir sett i verk etterforsking i tråd med framlegget, kan det vere behov for at forholdet mellom politiet og helsestyresmaktene blir avklara nærmare. Dette kan til dømes skje gjennom instruks frå riksadvokaten etter rådslåing mellom påtalemakta og helsestyresmaktene.

Ordninga med frivillig dødsstadundersøking høyrer under Helse- og omsorgsdepartementet og var ikkje omfatta av høyringa om etterforskingsplikt.

I høyringsnotatet understreka departementet at det er svært viktig at overgrep og vald mot barn blir oppdaga, etterforska og straffeforfølgt. Parallelt med arbeidet som går føre seg for å førebyggje og motverke vald mot barn, ønskte Justisdepartementet tiltak som skal styrkje etterforskinga i dei sakene der barn døyr plutseleg og uventa. Departementet føreslo difor å innføre ei plikt til etterforsking i desse tilfella. Plikta skulle gjelde alle barn under 18 år.

På grunnlag av den massive støtta framlegget har fått under høyringa, er departementet styrkt i si oppfatning om at ei etterforskingsplikt der barn døyr plutseleg og uventa vil vere eit viktig bidrag i arbeidet med å styrkje rettsvernet for barn. Ei etterforskingsplikt for politiet vil vere eit viktig steg i dette arbeidet, samstundes som det blir lagt betre til rette for at lovbrot mot barn blir oppdaga og reagert mot.

Departementet ser ikkje grunnlag for å gå nærmare inn på eit alternativ med obligatorisk (påboden) dødsstadundersøking. Lovavdelinga i Justisdepartementet har tidlegare uttalt at det er tvilsamt om ei slik ordning vil vere i samsvar med Grunnlova § 102. Heller ingen av landa som departementet har kontakta om dette har ei ordning med obligatorisk (påboden) dødsstadundersøking, slik departementet oppfattar det (jf. pkt. 3.2).

Med omsyn til den nærmare reguleringa av etterforskingsplikta, gjekk departementet i høyringsnotatet inn for ei løysing der det blir teke inn ein kompetanseregel i straffeprosesslova om at politiet kan etterforske alle tilfelle der barn døyr plutseleg og uventa. Regelen skulle supplerast av ei føresegn i påtaleinstruksen som fastset ei plikt for politiet til å etterforske i slike tilfelle.

Bakgrunnen for den lovtekniske utforminga var først og fremst at ein ikkje har tradisjon for å påleggje politiet etterforskingsplikt i straffeprosesslova. Departementet held fast ved at dette er den beste løysinga fordi den lovtekniske utforminga i framlegget er i harmoni med gjeldande regelverk, samstundes som ho opnar opp for ein velgrunna fleksibilitet.

Straffelova 1902 § 219 første ledd lyder:

«Den som ved å true, tvinge, begrense bevegelsesfriheten til, utøve vold mot eller på annen måte krenke, grovt eller gjentatt mishandler

  • a) sin tidligere eller nåværende ektefelle,

  • b) sin eller tidligere eller nåværende ektefelles slektning i rett nedstigende linje,

  • c) sin slektning i rett oppstigende linje,

  • d) noen i sin husstand, eller

  • e) noen i sin omsorg

straffes med fengsel inntil 4 år.»

Høgsterett kom i dom 31. mars 2011 til at straffelova § 219 første ledd bokstav a ikkje omfattar vald mot tidlegare sambuar, slik lovgjevar la til grunn ved endringa av § 219 i 2005.

Departementet føreslår difor å endre straffelova 1902 § 219 første ledd bokstav a og b slik at ordet «sambuar» uttrykkjeleg går fram av lova. Den same endringa blir føreslege i straffelova 2005 § 282 om vald i nære relasjonar. Noverande sambuar er etter gjeldande rett i alle tilfelle omfatta av straffelova § 219 første ledd bokstav d «noen i sin husstand», det same vil barna til noverande sambuarar kunne vere. Endringsframlegget tydeleggjer at også tidlegare sambuarar og barna til tidlegare og noverande sambuarar har det same vernet som tidlegare ektefellar, i samsvar med det som lovgjevar tidlegare har lagt til grunn. Departementet føreslår også ei tilføying i straffelova 2005 § 282 bokstav b slik at barna til gjerningspersonen er omfatta i tråd med det som gjeld etter straffelova 1902 § 219 første ledd. Endringane vert føreslege sette i kraft straks.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegga vil vere avgrensa, og kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer.