Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Ved den lokale handsaminga av Aust-Agderpakka i 1999, jf. St.prp. nr. 30 (2001–2002) om delvis bompengefinansiert utbygging av deler av E 18 i Aust-Agder, var det lagt til grunn utbygging av E18 gjennom nesten heile fylket. Grunna nedjustert bompengebidrag og lågare statleg ramme enn lagt til grunn ved den lokale handsaminga, blei utbygging av strekninga Vinterkjær–Arendal, inkl. nytt Vinterkjærkryss, tatt ut av pakka før saka blei lagt fram for Stortinget.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 33 (2004–2005) om gjennomføring av E18 Grimstad–Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering, slutta Stortinget seg til ein revidert finansieringsplan for Aust-Agderpakka, noko som blant anna innebar utbygging av strekninga Grimstad–Kristiansand til firefelts veg som OPS-prøveprosjekt. Strekninga Brokelandsheia–Vinterkjær blei opna for trafikk i 2004 og strekninga Grimstad–Kristiansand stod ferdig i 2009. Det er også gjennomført ei rekkje trafikksikkerheits- og kollektivtrafikktiltak langs E18 i fylket.

Innkrevinga av bompengar langs E18 starta i november 2001 i bomstasjonar i Gjerstad kommune og på kommunegrensa mellom Grimstad og Lillesand. Det blei lagt til grunn avvikling av bompengeordninga seinast 1. november 2021.

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utviding av Aust-Agderpakka for å finansiera planlegging av E18 på strekninga Tvedestrand–Arendal samt planlegging og gang- og sykkelvegutbygging langs E18 og fv. 402. Desse tiltaka blir foreslått finansierte dels gjennom etablering av ein ny bomstasjon og dels ved forlenga innkrevjingstid i to eksisterande bomstasjonar med om lag eitt år. Takstane i kvar av dei to bomstasjonane, den nye og den gamle ved grensa mellom Lillesand og Grimstad kommunar, blir halvparten av takstane i den gamle bomstasjonen. Takstane i bomstasjonen i Gjerstad kommune blir uendra.

Den lokale handsaminga til utvida Aust-Agderpakke er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen. Statens vegvesen har i etterkant av den lokale handsaminga gjort ei vurdering av trafikale endringar ved etablering av ein ny bomstasjon og halvering av takstane i eksisterande bomstasjon i Lillesand. Figur 4.1 i proposisjonen viser dagens trafikk på vegnettet med takstar på kr 30/60 for lette/tunge kjøretøy i dagens bomstasjon på kommunegrensa mellom Lillesand og Grimstad, og forventa trafikale endringar når takstane blir halverte i denne bomstasjonen, og det blir etablert ein ny bomstasjon på E18 vest i Lillesand med same takstnivå.

Samferdselsdepartementet meiner forslaget til ny bomstasjons- og innkrevjingsstruktur for Aust-Agderpakka er ei fornuftig betring. Delt innkrevjing med fleire bomstasjonar kombinert med lågare takstnivå per bomstasjon, gir ei meir rettferdig innkrevjing med betre samsvar mellom betaling og nytte. Det foreslåtte opplegget vil føra til at fleire trafikantar som har nytte av ny E18, vil betala bompengar.

Gjennom handsaminga av Ot.prp. nr. 15 (2007–2008) er det opna for å nytta bompengar til drift av kollektivtrafikk i einskilde tilfelle. Høvet er likevel avgrensa til byområde når bruken inngår i ein plan for eit heilskapeleg og samordna transportsystem. Det er derfor ikkje heimel for å nytta bompengar til bussdrift mellom Arendal og Kristiansand. Bussdrift her er eit fylkeskommunalt ansvar.

Samferdselsdepartementet meiner det i denne omgang ikkje er aktuelt å setja av bompengar som bidrag til bygging av nytt Vinterkjærkryss, då krysset ikkje er fullfinansiert med 50 mill. kroner i bompengetilskot. Prioritering av Vinterkjærkrysset kan først bli avklara i 2013 i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023.

På denne bakgrunn legg departementet opp til utviding av Aust-Agderpakka med ei samla økonomisk ramme på inntil 200 mill. kroner. Tiltaka er vist i tabell nedafor.

Utviding av Aust-Agderpakka

– Planleggingsmidler til E18 Tvedestrand–Arendal

inntil 50 mill. kr

– Planlegging og bygging av g/s-veg fv. 402 Storemyr– Birkeland

inntil 100 mill. kr

– Planlegging og bygging av g/s-veg E18 Tvedestrand– Lillevåje

inntil 40 mill. kr

Sum

inntil 190 mill. kr

Departementet føreset at ramma på 200 mill. kroner står fast ved ev. kostnadsauke på gang- og sykkelvegprosjekta. Departementet sluttar seg til fylkeskommunen sitt forslag til bomstasjonsplassering, takstar og rabattar. Truleg vil dagens ordning vera nedbetalt tidleg i 2018, altså over tre år tidligare enn opphavleg lagt til grunn. På basis av dette er det rekna at innkrevjingstida blir om lag eitt år lengre, til 2019, for å dekka utvidinga på 200 mill. kroner.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om utviding av Aust-Agderpakka, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med føresetnadene lagt til grunn i proposisjonen.