Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging av rv. 2 på strekninga Kongsvinger–Slomarka i Hedmark. Dette er andre etappe av utbygginga av rv. 2 mellom Kongsvinger og Kløfta i Hedmark og Akershus. Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar og bompengar. Samferdselsdepartementet legg opp til at anleggsarbeida på strekninga Kongsvinger–Slomarka kan starta i 2011, og at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2014.

Riksveg 2 Kongsvinger–Kløfta er lokalpolitisk vurdert som eitt bompengeprosjekt. Det er lokal tilslutning til at utbygginga av heile strekninga skal delfinansierast med bompengar. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 47 (2003–2004) slutta Stortinget seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av strekninga Kløfta–Nybakk. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 64 (2004–2005) blei utbyggingsstandarden for strekninga endra frå tofelts veg til smal firefeltveg med breidde 16 m. Første del blei opna for trafikk i 2006, og heile strekninga sto ferdig i 2007.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 er det lagt til grunn at utbygginga av rv. 2 mellom Kongsvinger og Kløfta skal vidareførast i første fireårsperiode. Det er lagt til grunn statlege midlar til anleggsstart på strekninga Kongsvinger–Slomarka i første fireårsperiode under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet. Fylkestinga i Hedmark og Akershus har seinare slutta seg til eit slikt opplegg.

Riksveg 2 er eit viktig regionalt samband frå Solør/Glomdalsregionen til Oslo/Akershus, og er mellomriksveg til Sverige. Vegen har i tillegg ein funksjon som lokalveg, og på lange strekningar er det bustader langs vegen, mange avkøyrsler og manglande tilbod for gåande og syklande. Riksveg 2 mellom Kongsvinger og Kløfta er om lag 60 km og har ein årsdøgntrafikk (ÅDT) som varierer mellom 7 000 og 14 000 køyretøy. Det er nedsett fartsgrense på 55 pst. av strekninga, og årleg er det rundt 20 ulukker med personskade.

Det ligg føre planar om å forlengja E16 frå Hønefoss til Gävle i Sverige. Dersom desse planane blir realiserte, vil rv. 2 bli ein del av ein framtidig E16 mellom Gävle og Bergen.

Ny trasé for rv. 2 vil betra situasjonen for trafikken mellom Oslo og Kongsvinger/Sverige, og vil føra til redusert ulukkesrisiko både på eksisterande rv. 2 som blir lokalveg med gang- og sykkelvegfunksjon, og på ny rv. 2.

Strekninga frå Kurusand i Kongsvinger til Slomarka i Sør-Odal er om lag 16,5 km lang. Ny veg blir bygd langs fv. 175 (riksveg før 2010) og kryssar Glomma med ny bru. Ny veg gjennom Sør-Odal blir bygd langs noverande rv. 2 nord for Glomma. Vegen skal byggjast som firefelts veg med vegbreidde 16,5 m. Prosjektet tar om lag 1 000 daa matjord.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme omrekna til 2011-prisnivå på 1 700 mill. kroner og kostnadsramme på 1 816 mill. kroner.

Netto nytte for prosjektet (NN) er rekna til om lag -210 mill. 2010-kroner. Netto nytte over budsjettkostnad (NNB) er rekna til om lag -0,25. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,13.

Den lokalpolitiske handsaming går fram av pkt. 3 i proposisjonen.

Bompengeselskapet Rv2 Kongsvingervegen AS blei oppretta i 2000 med Akershus og Hedmark fylkeskommunar som eigarar. Selskapet skal vera bompengeselskap for utbygginga av rv. 2 på heile strekninga Kongsvinger–Kløfta.

Utbygginga av rv. 2 på strekninga Kongsvinger–Slomarka er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Finansieringsplanen er vist i tabellen nedanfor:

Finansieringsplan for rv. 2 Kongsvinger–Slomarka. Mill. 2011-kr

2006–2009

2010–2013

2014–2017

Sum

Statlege midlar

305

410

715

Bompengar

301

1 145

-190

985

Sum

30

1 450

220

1 700

1 Forskottering av utgifter til planlegging.

Det er lagt opp til å etablera bomstasjonar både på ny rv. 2 og fv. 175 ved SIVA. I tillegg er det føresett ein bomstasjon på framtidig lokalveg (noverande rv. 2) ved Øyset. Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i automatiske, ubemanna stasjonar.

I proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på 1 775 mill. kroner i 2011-prisnivå, fordelte med 985 mill. kroner til å dekkja delar av investeringskostnadene, 655 mill. kroner i netto renteutgifter, inkl. kostnader ved at bompengeselskapet forskotterer delar av dei statlege løyvingane, og 135 mill. kroner til å dekkja innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Basisføresetnadene for finansieringsanalysen går elles fram av pkt. 5 i proposisjonen. Med føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.

Samferdselsdepartementet har merka seg at Hedmark og Akershus fylkeskommunar har vurdert utbygginga av heile rv. 2 mellom Kløfta og Kongsvinger som eitt bompengeprosjekt, og har slutta seg til at heile strekninga skal delfinansierast med inntil 60 pst. bompengar. Første etappe som omfattar strekninga Kløfta–Nybakk blei opna for trafikk i 2006/2007. Det er lokalpolitisk tilslutning til at strekninga Kongsvinger–Slomarka skal byggjast som andre etappe.

Sjølv om jordvernomsyn gjer at det er ulike syn lokalt når det gjeld trasévalg har prosjektet brei lokalpolitisk tilslutning. Når strekninga Kongsvinger–Slomarka er ferdigstilt, står det att å byggja ut den om lag 33 km lange strekninga Slomarka–Herbergåsen–Nybakk i Sør-Odal og Nes kommunar. Fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen har i samband med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, jf. Innst. S. nr. 300 (2008–2009), lagt til grunn at regjeringa vurderer om det er mogleg å byggja ut dei to prosjekta på rv. 2 samanhengande, dvs. Kongsvinger–Slomarka og Slomarka–Herbergåsen–Nybakk. Det ligg ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit samla forslag til finansieringsopplegg for dei attståande strekningane kan leggjast fram for Stortinget no. Utbygging av rv. 2 på strekninga Slomarka–Herbergåsen–Nybakk vil bli vurdert i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023.

Samferdselsdepartementet har merka seg at Akershus og Hedmark fylkeskommunar har fatta vedtak som inneber at dei står som likeverdige garantistar for låneopptak i samband med utbygginga av strekninga Kongsvinger–Slomarka i Hedmark fylke. Departementet føreset difor at det blir gjennomført ei grundig samla vurdering av økonomien til bompengeselskapet før avslutning av bompengeinnkrevjinga knytt til prosjektet Kløfta–Nybakk.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av rv. 2 på strekninga Kongsvinger (Kurusand)–Slomarka i Hedmark, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.