Samandrag
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i opplæringslova og privatskolelova. Departementet tek sikte på at lovendringane blir sette i verk 1. august 2011.
Etter lovframlegget vil departementet justere reglane om politiattest i samsvar med ny politiregisterlov og innføre føresegner om politiattest for skoleliknande aktivitetstilbod. Dette gjeld så vel opplæringslova som privatskolelova.
Kravet om politiattest skal i samsvar med nove-rande rett gjelde både fast og mellombels tilsetjing. Ikkje berre seksuelle lovbrot, men òg grove volds-, rans- og narkotikalovbrot skal no takast med. Heimelen gjeld likt for musikk- og kulturskolar, SFO, leksehjelp og «skoleliknande aktivitetstilbod», dvs. slike tilbod i regi av skoleregionen, med tilknyting til skolen og karakter av opplæring. Døme på det siste er sommarskole. Det gjeld òg assistentar, men ikkje foreldre/pårørande. Etter framlegget er verkeområdet utvida til også å gjelde vidaregåande skole for andre som regelmessig oppheld seg der.
I privatskolelova vil departementet i tillegg lovfeste rett til utvida opplæringstid for elevar med spesialundervisning eller særskild språkundervisning i private vidaregåande skolar.
I opplæringslova vil departementet føre inn ein lovheimel slik at fylkeskommunen, etter søknad, kan få løyve til å stå ansvarleg for norsk vidaregåande opplæring i utlandet, når føremålet er at elevane skal få norsk vitnemål.
Departementet foreslår òg å oppdatere tilsynsføresegna i samsvar med ny struktur for tilsynsordning, jf. Meld. St. 7 (2009–2010) Gjennomgang av særlovshjemler for statlig tilsyn med kommunene og kommunelova.
I departementet sitt høringsbrev 20. oktober 2010 med frist 10. januar 2011 var det eit forslag om innføring av kompetansekrav for undervisning. Dette forslaget vil bli handsama i ein eigen proposisjon seinare.
Departementet legg til grunn at det ikkje vil vere vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar av framlegget om å utvide kravet om politiattest til «skoleliknande aktivitetstilbod». Den friviljuge ordninga med eit norsk videregåande tilbod i utlandet vil vere eit fylkeskommunalt ansvar, økonomisk og administrativt. Godkjenning av slike opplegg inneber ikkje rett til stønad. Men staten må rekne med visse kostnader knytte til eksamen og tilsyn.
Når det gjeld utvida opplæringstid i private vidaregåande skolar, meiner departementet at lovframlegget ikkje vil føre med seg vesentlege endringar i løyvingane. Grunnen er at det også i dag i praksis blir utbetalt statstilskot for elevar som følgjer opplæring på fjerde og femte året i slike skolar.