Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, Svein Gjelseth, Anna Ljunggren, Truls Wickholm, Karin Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Jon Georg Dale, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Johannes Rindal, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til representantforslaget.
Komiteen meiner behovet for maritim kompetanse er aukande og er kjend med at Norges rederiforbund to gongar har dobla anslaget for arbeidskraft dei siste fem åra. Komiteen har grunn til å anta at skipsfarten vil auke i takt med globalisering, verdshandel og befolkningsauke, samt politiske målsettingar om transport bort frå veg og fly til fordel for sjøtransport.
Komiteen viser til rapporten som vart lagd fram av ei arbeidsgruppe nedsett av MARUT i 2009, leia av Petter Aasen. Denne arbeidsgruppa skulle kome med anbefalingar om kva nasjonale grep og prioriteringar som må til for å møte utfordringane og innfri krava til framtidsretta maritime profesjonsutdanningar.
Komiteen viser til at arbeidsgruppa anbefalte konsentrasjon av utdanningstilbodet, differensierte utdanningsløp, rekrutteringsarbeid, nasjonal rammeplan, samarbeid og arbeidsdeling, kompetanseutvikling, infrastruktur og auka merksemd på forskingsbasert utdanning.
Komiteen er kjend med at dei fire høgare utdanningsinstitusjonane som gir maritim utdanning (Høgskolen i Vestfold, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Ålesund og Universitetet i Tromsø), no samarbeider tett gjennom prosjektet MARKOM 2020. Dette er eit utviklingsprosjekt for maritim kompetanse sett i eit 2020-perspektiv, der dei overordna måla er å løfte utdanninga til eit høgare og meir spesialisert nivå, samt å levere utdanning i verdsklasse.
Komiteen er kjend med at det har vore arbeidd mykje med rekruttering dei siste åra, spesielt gjennom Stø kurs. Komiteen merkar seg også at i 2009 og 2010 har talet på registrerte studentar ved maritime utdanningar vore på rundt 600, mens det for åra før 2007 låg under 400. Komiteen meiner likevel at både arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane må jobbe kontinuerleg aktivt og strategisk med rekrutteringa.
Komiteen viser til at det i MARKOM 2020 er eit mål at det innan 2015 skal vere på plass eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgare maritim utdanning, godkjent i samarbeid med Sjøfartsdirektoratet med utgangspunkt i å overgå minimumskrava i STCW-konvensjonen.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at mange av tiltaka som Aasen-rapporten foreslår, vert følgde opp av regjeringa sin generelle politikk for høgare utdanning, slik som tilrettelegging for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon, og differensierte og profilerte utdanningstilbod.
Fleirtalet har stor tru på og tillit til at det er best om sektoren sjølv tek ansvar for og jobbar seg fram til gode løysingar på dei utfordringane som maritim utdanning står overfor. Departementet må generelt leggje til rette for og stimulere institusjonane til å arbeide med utfordringane.
Fleirtalet viser vidare til at regjeringa dei siste fem åra gjennom sin maritime strategi Stø kurs har sett av ca. 115 mill. kroner til styrking av maritim utdanning. Midla, som er gjeve sidan 2007, har m.a. gått til kompetansehevingstiltak for lærarar, tilpassing av bachelor- og mastergrader, tilrettelegging for auka bruk av professor II- og lektor II-stillingar, stipendordningar for å rekruttere utanlandske studentar og til økt erfaringsutveksling og samarbeid.
Fleirtalet viser til at størstedelen av midla har gått til kompetanseheving.
25 mill. kroner vart gitt til nytt utstyr og oppgradering av infrastruktur ved maritime utdanningsinstitusjonar. Departementet vil i 2011 støtte MARKOM 2020 ved å tildele delar av Stø kurs-midla.
Fleirtalet meiner at det ville vore føremålstenleg om fleire av Stø kurs-midla kunne kanaliserast til prosjekt som inneber tydeleg samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Slik kan ein i enda større grad oppmode og stimulere sektoren til ein betre og meir framtidsretta tilbodsstruktur.
Fleirtalet viser likevel til universitets- og høgskolelova som klart seier at dei høgare utdanningsinstitusjonane sjølve avgjer kva utdanning dei vil tilby. Stortinget kan og bør difor ikkje styre desse prosessane, men heller sjå med glede på at dei fire UH-institusjonane no arbeider tett saman om oppfølging av Aasen-rapporten.
Fleirtalet viser til at fagskulane og vidaregåande skule er underlagde fylkeskommunen. Stortinget kan difor heller ikkje på dette området styre struktur eller ressursinnsats.
Fleirtalet merkar seg likevel at Aasen-rapporten og fleire under komitéhøyringa tek til orde for å redusere talet på fagskular. Fleirtalet oppmodar tilbydarane av slik utdanning til å vurdere korleis ein kan styrkje fagmiljøa, til dømes gjennom samanslåing, betre arbeidsdeling, større einingar eller reduksjon av delar av tilbodet. Institusjonane har eit felles ansvar for at den samla utdanninga er robust og heilskapleg.
Fleirtalet er kjent med at dei fire høgare utdanningsinstitusjonane er i ferd med å etablere forpliktande samarbeid med relevante fagskular. Fleirtalet vil også her framhalde viktigheita av arbeidsdeling og eit heilskapleg utdanningstilbod.
Fleirtalet forventar dessutan at vidaregåande skule, fagskulane, høgare utdanning og fylkeskommunane bidreg til eit nært og konstruktivt samarbeid med næringslivet og dei viktigaste aktørane innanfor maritim sektor.
Fleirtalet er kjent med at eitt av ønska i Aasen-rapporten er at det blir laga ein nasjonal rammeplan for dei høgare maritime utdanningsinstitusjonane. Fleirtalet meiner likevel at det er mest føremålstenleg om dei fire høgare maritime utdanningsinstitusjonane samarbeider om fagleg innhald innafor ramma av det kvalifikasjonsrammeverket som er under utarbeiding. Fleirtalet meiner det er truleg at utarbeidinga av ein rammeplan vil kunne få motsett effekt av det m.a. MARKOM 2020 håper å oppnå. Fleirtalet meiner det er ein fare for at utdanningsinstitusjonane til dømes ville kunne få meir rigide rammer og mindre spelerom til lokal og regional tilpassing. Fleirtalet viser til at når det gjeld eit nasjonalt råd, så fins det allereie ei faggruppe for maritim utdanning i Nasjonalt råd for teknologisk utdanning.
Fleirtalet meiner dei maritime utdanningane er inne i ei god utvikling. Tal frå Samordna opptak viser til dømes at det i år er 35 prosent fleire førstevalsøkjarar til maritime høgskuleutdanningar enn i 2010. Det er óg inngått over 500 nye lærlingkontraktar for matros og motormann i 2010.
Denne gode utviklinga skal vidareførast gjennom eit nært og godt samarbeid med dei maritime næringane, gjennom regjeringa sin maritime strategi Stø kurs og gjennom «Fag-SAK». «Fag-SAK» er eit nytt samarbeid mellom frittståande institusjonar som fører fram til arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon innanfor det fagområdet eller dei fagområda det vert samarbeidd om. Det kan finne stad gjennom nettverk, bilaterale avtaler, enkeltståande samarbeidsprosjekt med meir.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at maritim sektor er svært viktig for Norge og internasjonalt ledende, og at næringen blir stadig mer avansert og kompetansekrevende. Disse medlemmer viser til at det i «Stø kurs – regjeringens strategi for miljøvennlig vekst i de maritime næringer» sies at:
«Det er få som velger maritim utdannings- og karrierevei. Spredte utdanningstilbud med lite samarbeid, mangel på lærekrefter og store utfordringer i forhold til gjennomstrømning av kandidater indikerer at verken struktur eller kvalitet på tilbudene er gode nok. Situasjonen for maritim utdanning og forventet behov for fremtidig arbeidskraft tilsier at det må fokuseres på kvalitet og samarbeid mellom utdanningsinstitusjonene. Regjeringen vil utrede hvordan kvalitet og fremtidig struktur på maritim utdanning kan bedres med sikte på å få flere elever/studenter til å velge å gjennomføre slik utdanning.»
Disse medlemmer viser til at maritim utdanning til tross for dette overhodet ikke var omtalt i St.meld. nr. 44 (2009–2010) Utdanningslinja, som skulle gi en samlet oversikt over skole- og utdanningssektorens utfordringer, og viser til disse partiers merknader til stortingsmeldingen, som påpeker dette. Disse medlemmer anser regjeringens tiltak som for svake til å møte de utfordringer som regjeringen og næringen selv påpeker, og etterlyser mer offensive tiltak som styrker kvaliteten på maritime profesjonsutdanninger på alle nivåer (videregående opplæring, fagskole og høyere utdanning).
Disse medlemmer vil understreke at selv om rekruttering til maritime utdanninger har hatt en positiv vekst de siste årene, er behovet for økt kompetanse og kvalifisert arbeidskraft enda større. Norges Rederiforbund har de siste fem årene to ganger doblet anslaget for behovet for arbeidskraft. Samtidig stiller teknologiutvikling og miljøkrav krav til økt satsing på etter- og videreutdanning av eksisterende arbeidskraft. Disse medlemmer mener derfor at dagens utdanningskapasitet ikke er tilstrekkelig for å møte disse samlede behovene.
Disse medlemmer viser til at både krav til utstyr og infrastruktur, samt krav til forskningsbasert utdanning av høy kvalitet, gjør det nødvendig å gjennomgå strukturen på maritim utdanning. Små skoler og fagmiljøer vil ha problemer med å møte de krav næringen og elevene vil stille i fremtiden.
Med bakgrunn i dette fremmer disse medlemmer forslaget i dokumentet.
Disse medlemmer mener for øvrig at selv om fagskolene ligger under fylkeskommunene, må det være regjeringen som tar ansvaret for en samlet vurdering av strukturen, slik også MARUTs arbeidsgruppe har foreslått.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at regjeringen tilsvarende må ta ansvaret ikke bare for en samlet vurdering av strukturen, men også for finansiering av den.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet viser til at dei ulike næringane innan maritim sektor representerer nokre av dei viktigaste næringane for Norge som eksportnasjon.
Maritim sektor har behov for høgt utdanna og kompetent arbeidskraft, noko desse medlemene meiner er eit politisk ansvar å leggje til rette for, både innanfor utdanningssektoren, og gjennom å tilby konkurransedyktige vilkår for næringa gjennom ulike ordningar som til dømes nettolønsordninga. Konklusjonane frå Aasen-utvalet viser tydeleg at det er behov for ei brei tilnærming til problemstillingane for å sikre dei maritime næringane tilstrekkeleg og kompetent arbeidskraft.
Desse medlemene er opptekne av at næringa sjølve i samarbeid med det offentlege finn løysingar som bidreg til rekruttering til desse utdanningslinene. Desse medlemene understrekar likevel at det er eit offentleg ansvar å syte for at utdanningstilboda som eksisterer, er velfungerande og gir god kunnskap til studentane.
Desse medlemene peikar i det høvet på at dei maritime utdanningane, grunna krav til moderne utstyr, er særs kostnadskrevjande. Det er likevel desse medlemene sitt syn at det er avgjerande at studentane har tilgang på utstyr som er på høgd med det som møter dei i næringslivet etter endt utdanning. Dette sikrar smidige overgangar frå studia til arbeidslivet.
Desse medlemene meiner det er særs positivt at utdanningsinstitusjonane bidreg til å løfte nivået på dei høgare utdanningstilboda dei tilbyr gjennom prosjekt som MARKOM 2020.
Gjennom regjeringa sin maritime strategi Stø kurs har det dei siste 5 åra vore sett tydelegare fokus på denne sektoren, noko næringa under høyringa seier seg godt nøgd med. Desse medlemene sluttar seg til det, men viser likevel til innspel frå m.a. Maritimt forum, som under høyringa til komiteen etterlyste større fortgang og meir iver i arbeidet med gjennomføringa av denne strategien.
Desse medlemene understrekar behovet for at denne strategien vert implementert i fleire departement. Næringa sjølv er etter det desse medlemene erfarer, langt meir fornøgde med Nærings- og handelsdepartementet si oppfølging av Stø kurs, enn ein til dømes er av Kunnskapsdepartementet. Det er derfor viktig at denne strategien i større grad enn kva som synest å vere tilfellet i dag, vert arbeidd med på tvers av departementa.
Desse medlemene meiner at Aasen-utvalet si instilling når det gjeld reduksjon av antal fagskular, med all tydelegheit viser behovet for at staten overtek ansvaret for fagskulane.
Desse medlemene viser til at tilbodet innanfor fagskulane i dag varierer stort både på kvalitet, innhald og utstyr. Det faktum at fagskulane også har stor fridom til å innrette undervisninga på den ein-skilde skule, bidreg til at studentane i praksis har lita moglegheit for å bytte fagskuletilbod undervegs i utdanningsløpet. Det er derfor etter desse medlemene sitt syn viktig at det i samband med stortingsmeldinga om dette vert avklart om læreplanverket er godt nok i denne sektoren, og om kvalitetskrava er tilfredsstillande eller bør skjerpast.
Desse medlemene viser vidare til den store utfordringa det er å sikre nok kompetent undervisningspersonale og teknologisk utstyr på desse fagskulane. Desse medlemene meiner difor at staten bør overta fagskulane og deretter syte for at talet på fagskular vert redusert monaleg, i tråd med Aasen-utvalet si innstilling. Like viktig er det likevel at dei fagskulane som då vert att, vert sikra gode vilkår. Likevel er det desse medlemene sitt syn at det er avgjerande at staten i større grad overfører reelle kostnader for drift av maritime fagskular til fylkeskommunen så lenge ansvaret for fagskulane ligg der.
Desse medlemene trur det er mykje å hente på eit tettare samarbeid mellom høgskulane og fagskulane, men vil ikkje utelukkande leggje dette til grunn for ein ny fagskulestruktur.
Desse medlemene peikar vidare på at det under høyringa kom fram at næringa stort sett er samde om at det er behov for store reduksjonar av talet på fagskular.
Desse medlemene er skeptiske til å gjere store endringar i fagskulane sine tilbod til sertifikatgjevande utdanning slik Aasen-utvalet tek til orde for. Store endringar i fagskulane si moglegheit til å gi sertifikat både kl 1-2 og 3 kan gi uønska verknader all den tid nesten 80 prosent av studentane tek utdanning gjennom fagskulen. Desse medlemene ser likevel i møte at dette vert diskutert vidare av næringa og meir utreda av regjeringa i samband med ei eiga stortingsmelding.
Desse medlemene peikar på behovet for ein nasjonal rammeplan for utdanninga, og meiner at staten har det overordna ansvaret for å syte for at dette kjem på plass så raskt som råd. Det er likevel etter desse medlemene sitt syn viktig at ei slik utarbeiding finn stad i samråd med representantar for næringa.
Desse medlemene understrekar behovet for å stimulere til utarbeiding av nye læremiddel. Ein situasjon der studentar under høgare utdanning må bruke læremiddel frå 1972 er etter desse medlemene sitt syn uakseptabel. Det er difor avgjerande at stortingsmeldinga gjer greie for korleis ein kan bidra til å rette opp denne uhaldbare situasjonen.
Desse medlemene vil vidare understreke behovet for smidige løysingar som gjer det mogleg med overgang mellom fagskule og høgskule. Dette vil bidra til å sikre at studentar som har vald eit maritimt utdanningsløp, får større moglegheiter undervegs i utdanninga. Vidare er det etter desse medlemmer sitt syn avgjerande at ein sikrar den såkalla Y-vegen, som er viktig for å sikre tilstrekkeleg rekruttering av studentar med praktisk erfaring frå næringane.
Desse medlemene peikar også på at utdanningsinstitusjonane innanfor maritim sektor i samarbeid med næringa dei siste åra har vore særs flinke til å få studentar ut som lærlingar. Dette har næringane sjølve ein stor del av æra for, og mange andre næringar og spesielt offentleg sektor har etter desse medlemene sitt syn mykje å lære av dette.
Desse medlemene meiner vidare at det innan-for vidaregåande opplæringstilbod er behov for å halde fast ved eit desentralisert utdanningstilbod. Dette er for å sikre at avstandane for unge elevar som skal velje vidaregåande opplæring, ikkje vel vekk maritim utdanning som ein konsekvens av lange avstandar som gjer at ein må flytte i tidleg alder eller får særs lang skuleveg.
Desse medlemene er nøgde med at rekrutteringa til dei maritime næringane er på veg oppover. Dette har truleg mange årsaker, men det er etter desse medlemene sitt syn likevel viktig å understreke betydinga av det bidraget næringa sjølv gir når ein i praksis tilbyr alle som tek maritim utdanning, ein læreplass.