Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen og Geir Jørgen Bekkevold om å avholde ekstra eksamen i faga norsk og engelsk for å hindre bortvalg og sikre at fleire får studiekompetanse

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I dokumentet vert dette forslaget sett fram:

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes sommerferie, med oppstart høsten 2011.»

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, Svein Gjelseth, Knut Petter Torgersen, Truls Wickholm, Karin Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegsspartiet, Jon Georg Dale, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til representantforslaget.

Komiteen meiner dagens situasjon knytt til fråfall frå vidaregåande opplæring representerer ei stor utfordring for samfunnet generelt og utdanningssystemet spesielt. Fråfall i skulen bidreg ikkje berre til at fleire unge menneske slit med å kome inn i arbeidsmarknaden, men også til å forsterke problema med å rekruttere kompetent arbeidskraft i fleire sektorar.

Komiteen understrekar at dersom ein skal klare å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring, krev det mange ulike tiltak og ei brei tilnærming til problemstillinga.

Komiteen er oppteken av at opplæringa er innretta slik at flest mogleg skal klare å kome gjennom utdanningsløpet på normert tid. Likevel er det behov for tiltak for dei som av ulike årsaker ikkje er i stand til å gjennomføre det. Det er heva over tvil at den einskilde elev i mange tilfelle vil få betre føresetnader for å kome gjennom utdanninga dersom det vert lagt til rette for at ein kan studere gjennom sommaren, fullføre eksamen og deretter følgje studiekameratane inn i det neste skuleåret. Dette kan også bidra til auka motivasjon for å halde fram med studiane i staden for å avslutte utdanninga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det ikkje er sentrale føringar som hindrar gjennomføringa av ein eksamen i til dømes engelsk på slutten av sommerferien. Hindringane er først og fremst praktiske; som eksempel kan ein nemne utforming av eksamensoppgaver og å få gjennomført sensurering om sommeren. Sjølv om eksamen vert gjennomført på slutten av sommerferien, ser fleirtalet at det ikkje vil vere praktisk mogleg å få resultat frå eksamen før i september/oktober. Slik fleirtalet ser det, kan elevane like gjerne delta i den ordinære høsteksamenen i september som er for elevar som har fått karakteren 1 i standpunkt, som har stroke til eksamen eller har vore sjuke til eksamen. Desse elevkategoriane har rett til å gå opp til den første påfølgjande eksamenen i faget.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naturleg at det er opp til skuleeigar å avgjere korleis eit tilbod som nemnd ovanfor skal organiserast, men er opptekne av at det ikkje må liggje sentrale føringar til hinder for ein slik praksis som representantforslaget tek til orde for.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at forslagsstillarane meiner at ein bør halde ein ekstra eksamen i faga norsk og engelsk på slutten av elevane sin sommerferie. Fleirtalet viser til at eksamenar som er gjeve sentralt, vert gjennomførde to gongar i året i dag, og elevar som får karakteren 1, har rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Fleirtalet viser til at forslaget ikkje skisserer korleis elevar som ikkje fekk bestått på vitnemålet sitt, skal rekke å ta ny eksamen innan fristen for opptak til høgare utdanning. Elevane som tek engelsk fellesfag på Vg1 og Vg2, skal halde fram med videregåande opplæring ei stund til og kan ta eksamenen på nytt ved neste ordinære eksamen.

Fleirtalet meiner at dei administrative og økonomiske konsekvensane ved å innføre ein tredje moglegheit til eksamen i alle fellesfagane er for store og argumentane for svake til at det er forsvarleg.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser til brev frå departementet der det vert peika på utfordringa for å avvikle eksamen innan fristen for opptak til vidaregåande utdanning.

Desse medlemene meiner dette er eit spørsmål som departementet må avklare i prosessen med å legge til rette for ekstra eksamen. Det må etter desse medlemene sitt syn vere mogleg å finne gode løysingar som ivaretek intensjonen i forslaget, og desse medlemene har tiltru til at regjeringa greier å løyse dette på ein føremålstenleg måte.

Desse medlemene viser til resultata frå fleire fylke knytta til ein slik praksis på fag som har eksamen fastsett lokalt, og meiner det er naturleg at det også vert opna for at dette vert utvida i tråd med representantforslaget.

Desse medlemene fremjer dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes sommerferie.»

Forslag frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det arrangeres eksamen i norsk og engelsk på slutten av elevenes sommerferie.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 8:105 S (2010–2011) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen og Geir Jørgen Bekkevold om å avholde ekstra eksamen i fagene norsk og engelsk for å hindre bortvalg og sikre at flere får studiekompetanse – vert lagt ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 10. mai 2011

Marianne Aasen

Jon Georg Dale

leiar

ordførar