1. Sammendrag
- 1.1 Bakgrunn
- 1.2 Låneverksemda i Husbanken i 2011
- 1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
- 1.4 Framlegg om endringar
I proposisjonen blir det vist til at Husbanken skal supplere kredittmarknaden og gje lån til føremål som er samfunnsøkonomisk og fordelingspolitisk ynskjelege.
Det blir vidare vist til at låneramma i Husbanken er på 15 mrd. kroner i 2011. Dette er same nivået som i 2010. På bakgrunn av den høge etterspurnaden etter lån frå Husbanken i 2009 og 2010 bad fleirtalet i kommunal- og forvaltingskomiteen regjeringa følgje situasjonen nøye og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av trongen for auka låneramme i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011, jf. Innst. 16 S (2010–2011).
I proposisjonen blir det pekt på at låneramma i Husbanken består av grunnlån til utbetring, grunnlån til oppføring, grunnlån til kjøp, startlån og lån til barnehagar.
Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og energisparing i nye og eksisterande bustader. Pr. 1. mars 2011 er om lag 7 mrd. kroner belasta låneramma til grunnlån. Låneramma for 2011 er så langt belasta med 3,9 mrd. kroner knytt til saker på vent frå 2010. Talet på innkomne saker har auka monaleg mot slutten av 2010. Dette heng mellom anna saman med varsla innføring av strengare kvalitetskrav for å kunne få grunnlån, som etter planen skal tre i kraft frå 1. juli 2011.
Startlån skal hjelpe dei som slit med å få lån til å etablere seg i eigen bustad. Startlån er prioritert innanf-or låneramma, og det er venta at Husbankens strategiske kommunesatsing vil auke etterspørsla etter startlån. Pr. 1. mars 2011 er om lag 4,8 mrd. kroner til startlån belasta låneramma.
Lån til barnehagar blir gjeve til bygging av nye barnehageplassar som er privat åtte. Pr. 1. mars 2011 er om lag 0,4 mrd. kroner belasta låneramma til barnehagelån.
Samla sett er lån på om lag 12,2 mrd. kroner belasta låneramma til Husbanken pr. 1. mars 2011.
Det er ikkje særskilde forhold i kredittmarknaden som tilseier ein auke av låneramma til Husbanken, men i all hovudsak ein auka etterspurnad etter lån frå Husbanken. For å leggje til rette for framleis høg låneverksemd i 2011 blir det i proposisjonen gjort framlegg om å auke låneramma med 5 mrd. kroner i 2011, frå 15 mrd. kroner til 20 mrd. kroner.
I proposisjonen blir det vist til at det ikkje er venta endringar i tap på utlån som følgje av auka låneramme. Det er på bakgrunn av framlegget om auka låneramme i 2011, rekneskapstal for 2010 og nye renteføresetnader trong for å endre løyvingane på følgjande kapittel og postar i 2011:
I budsjetteringa av utbetaling av husbanklån blir det lagt til grunn ein utbetalingsprofil som går over fire år.
Ei auka låneramme vil først kunne bli disponert etter at Stortinget har fatta eit vedtak. Innanfor den auka låneramma blir det lagt til grunn at færre tilsegn vil bli utbetalte i 2011 enn normal utbetalingsprofil skulle tilseie. For auken på 5 mrd. kroner er det lagt til grunn at 22 pst. av tilsegna blir utbetalte i 2011 og 46 pst. i 2012. Den største budsjetteffekten kjem difor i 2012. Føresetnadene for utbetaling tredje og fjerde år og fråfall er dei same som for låneramma i saldert budsjett 2011.
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 14 117,6 mill. kroner. Det er berekna at det er trong for å auke løyvinga på posten med 1 102 mill. kroner i 2011 på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner i 2011. I tillegg gjer rekneskapen for 2010 og lågare renteføresetnader det naudsynt å redusere løyvinga med 32,6 mill. kroner. I sum er auken berekna til 1 069,4 mill. kroner.
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 9 225,2 mill. kroner. Det er berekna at innbetaling av avdrag vil auke med 8 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner i 2011. I tillegg gjer rekneskapen for 2010 det naudsynt å auke løyvinga med 677,8 mill. kroner i 2011. I sum er auken berekna til 685,8 mill. kroner.
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 4 163,4 mill. kroner. Det er berekna at renteinntektene vil auke med om lag 16 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner i 2011. Vidare er nye renteføresetnader lågare enn dei som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2011. Dette gjer det isolert sett naudsynt å redusere løyvinga på posten med 264,4 mill. kroner. I sum er reduksjonen berekna til 248,4 mill. kroner.
Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 5 mrd. kroner i 2011, frå 15 mrd. kroner til 20 mrd. kroner, jf. framlegg om endra løyvingar og framlegg til romartalsvedtak.
På bakgrunn av framlegget om å auke låneramma gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2011 på kap. 2412, post 90 Lån frå Husbanken med 1 069,4 mill. kroner til 15 187,0 mill. kroner og på kap. 5312, post 90 Avdrag med 685,8 mill. kroner til 9 911,0 mill. kroner. Regjeringa gjer òg framlegg om å redusere løyvinga på kap. 5615, post 80 Renter med 248,4 mill. kroner til 3 915,0 mill. kroner.