Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

I 2009 gjennomførte statsforvaltninga anskaffingar for 171,5 mrd. kroner. Anskaffingane har auka med 93 prosent i perioden 2001–2009.

Alle anskaffingar til det offentlege er regulerte av anskaffingsregelverket. Regelverket er eit prosessregelverk som gir reglar for korleis ein anskaffingskontrakt skal tildelast. God bruk av regelverket skal tryggje effektive offentlege innkjøp der det offentlege går fram på ein profesjonell måte, og der det offentlege sørgjer for å få att så mykje som råd for pengane til fellesskapet. Ved å vere ein krevjande og profesjonell innkjøpar kan det offentlege også tryggje andre samfunnsomsyn, for eksempel sosiale omsyn og miljøomsyn.

Riksrevisjonen har i ei årrekkje rapportert i Dokument 1 om manglande etterleving av anskaf-fings-regelverket i staten. Når regelverket ikkje blir følgt, kan det føre til ineffektiv ressursutnytting gjennom høgare priser og lågare kvalitet på dei varene og tenestene som ein kjøper inn. Med manglande etterleving av anskaffingsregelverket aukar òg risikoen for korrupsjon og mislegheiter.

Formålet med undersøkinga er å analysere årsakene til at statlege verksemder ikkje følgjer regelverket for anskaffingar. Det blir også undersøkt i kva grad leiinga i verksemdene og dei ansvarlege departementa styrer og følgjer opp etterlevinga av anskaffingsregelverket. I tillegg undersøkjer Riksrevisjonen korleis Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet følgjer opp sitt overordna ansvar for anskaffingsregelverket.

Undersøkinga belyser desse fire problemstillingane:

  • Kva er årsakene til den manglande etterlevinga av anskaffingsregelverket?

  • I kva grad tryggjar den interne styringa i verksemdene etterlevinga av anskaffingsregelverket?

  • I kva grad følgjer departementa opp etterlevinga av regelverket når dei underliggjande etatane gjennomfører anskaffingar?

  • Korleis følgjer Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet opp sitt overordna ansvar for anskaffingsregelverket?

Undersøkinga er basert på fleire datakjelder. Ho byggjer på ei spørjeundersøking til verksemder der det er konstatert manglande etterleving av anskaf-fings-regelverket, på dokumentanalysar og på intervju. Vidare har ein henta inn og analysert tilgjengeleg statistikk på området. Datainnsamlinga blei gjennomført i perioden januar 2009–desember 2010.

Undersøkinga gjeld i hovudsak departement og statlege etatar som i budsjettåra 2006, 2007 og 2008 fekk avsluttande revisjonsbrev frå Riksrevisjonen med merknad for manglande etterleving av anskaffingsregelverket.

I tillegg er det gjennomført intervju med representantar for Difi, sekretariatsleiaren i Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og også representantar for høvesvis Senter for statleg økonomistyring (SSØ) og Departementas innkjøpstenester (DepKjøp) i Servicesenteret for departementa.

I mange av dei 616 enkeltsakene der Riksrevisjonen har konstatert manglande etterleving av anskaffingsregelverket i perioden 2006–2008, er det påvist fleire feil og manglar i ei og same sak. Til saman er det konstatert 1 196 regelverksbrot i perioden, og det er påvist manglande konkurranse i over halvparten av dei 616 anskaffingssakene. Sakene der det er påvist manglande konkurranse, har ein samla verdi på om lag 330 mill. kroner.

I 23 prosent av regelverksbrota dreier det seg om manglande eller mangelfulle protokollar. Ofte blir det også avdekt mangel på andre former for dokumentasjon, og det er i mange saker ikkje henta inn HMS-attest og/eller skatteattest.

I 12 prosent av tilfella gjeld regelverksbrotet manglande sporbarheit mellom dei inngåtte kontraktane og rekneskapssystema. Manglande sporbarheit mellom fakturaer og kontraktar gjer det vanskeleg å kontrollere dei samla utbetalingane i samband med den enkelte kontrakten. Det er også påvist mange regelverksbrot ved bruk av rammeavtalar, og den vanlegaste feilen er at verksemdene nyttar rammeavtalar som ikkje lenger er gyldige.

Når verksemdene skal forklare kvifor dei har brote anskaffingsregelverket, seier dei i gjennomsnitt at dei er heilt eller delvis samde i 11 ulike årsaksforklaringar. Det samansette årsaksbiletet tilseier at verksemdene bør kartleggje årsakene når det blir oppdaga regelverksbrot. Ei kartlegging av årsakene vil gi den enkelte verksemda den kunnskapen ho treng for å kunne setje i verk formålstenlege tiltak. Dette vil tryggje etterlevinga av regelverket i framtida.

Mangel på kompetanse er den årsaksforklaringa som flest verksemder nemner når dei skal forklare brot på regelverket. Eit stort fleirtal av verksemdene forklarer den manglande regelverksetterlevinga med at dei som gjennomførte anskaffingane, ikkje hadde god nok kompetanse når det gjaldt anskaffingsregelverket.

Undersøkinga syner òg at svært mange verksemder forklarer den manglande regelverksetterlevinga med at dei som gjennomførte anskaffingane, ikkje gjorde bruk av den kompetansen som fanst i verksemda. Trass i at fleire verksemder har etablert interne rådgivingsmiljø med anskaffingskompetanse, er det ein tendens til at dei som gjennomfører anskaffingar, ikkje ber om hjelp frå kompetansemiljøa når anskaffingane blir gjennomførte.

Av dei 32 verksemdene som er undersøkte, er 21 samde i at det var ei årsak til manglande regelverksetterleving at anskaffingane ikkje blei kontrollerte. Like mange er samde i at innkjøpsorganiseringa kan forklare den manglande regelverksetterlevinga. Desse verksemdene er samde i at brot på anskaffingsregelverket heng saman med at arbeidet med anskaffingar var ei oppgåve som kom i tillegg til dei faste arbeidsoppgåvene, og at personar utan innkjøpskompetanse fekk mandat til å gjere anskaffingar.

Det er også mange verksemder som forklarer den manglande etterlevinga av regelverket med mangel på forankring i leiinga. 20 av dei 32 undersøkte verksemdene er samde i at den manglande etterlevinga kan forklarast med at leiinga i verksemda ikkje fokuserte nok på anskaffingspraksisen.

16 av 27 verksemder er samde i at regelverket blei brote fordi dei som gjennomførte anskaffinga, hadde god erfaring frå tidlegare med den leverandøren som var vald, og derfor meinte det var unødvendig med konkurranseutsetjing. Undersøkinga syner at det særleg er når ein kjøper konsulenttenester, at nære relasjonar til leverandøren kan gi manglande konkurranse.

Eit stort fleirtal av departementa forklarer den manglande etterlevinga av anskaffingsregelverket innanfor ansvarsområdet deira med manglande regelverkskompetanse. 15 av 18 departement opplyser i svarbreva sine at manglande eller mangelfull kompetanse er ei årsak til regelverksbrot. For å tryggje regelverksetterlevinga er det derfor viktig at forvaltninga prioriterer kompetansehevande tiltak. Undersøkinga syner at eit fleirtal av verksemdene i årsrapportane sine ikkje omtaler kompetansehevande tiltak på anskaffingsområdet i åra etter at det blei konstatert regelverksbrot.

Undersøkinga syner òg at berre 6 av 18 departement forklarer den manglande regelverksetterlevinga innanfor ansvarsområdet deira med manglar ved den interne kontrollen. Dette syner at departementa i mindre grad enn dei undersøkte verksemdene, vurderer manglar ved den interne kontrollen som ei sentral årsak til manglande regelverksetterleving.

Åtte departement forklarer den manglande regelverksetterlevinga innanfor ansvarsområdet deira med manglar i innkjøpsorganiseringa, og det er sju departement som forklarer regelverksbrot med manglande leiingsforankring. Dette syner at departementa vurderer desse årsaksforklaringane som mindre sentrale i samband med regelverksbrot enn det dei 32 undersøkte verksemdene samla gjer. Funna i undersøkinga syner at departementa i etatsstyringa i større grad bør sørgje for at leiinga i dei underliggjande etatane følgjer opp anskaffingsområdet godt nok og organiserer innkjøpsarbeidet på ein formålstenleg måte.

Risikovurdering av anskaffingsprosessar dannar grunnlaget for kva ein bør kontrollere, og er ein viktig komponent i eit effektivt internt kontrollsystem. I spørjeskjemaundersøkinga opplyser 8 av dei 32 verksemdene at dei ikkje har identifisert risikofaktorar som kan medverke til at anskaffingsregelverket ikkje blir følgt. Slik er det trass i at Riksrevisjonen har avdekt brot i alle dei åtte verksemdene.

Anskaffingar er eit område med høg risiko for mislegheiter. Spørjeskjemaundersøkinga syner at halvparten av dei 24 verksemdene som har identifisert risikofaktorar, likevel ikkje har vurdert risikoen for mislegheiter i samband med anskaffingsverksemda. Dermed er det eit stort rom for at statsforvaltninga kan forbetre arbeidet sitt med å identifisere risikofaktorar når det skal gjennomførast anskaffingar.

Ved å evaluere kan ein få kunnskap om kvaliteten på anskaffingsarbeidet. Spørjeskjemaundersøkinga syner at 13 av 32 verksemder ikkje har gjennomført evalueringar som omfattar anskaffingar som er gjorde dei tre siste åra. Det er i stor grad dei same verksemdene som verken gjennomfører evalueringar eller gjer risikovurderingar av anskaffingsprosessen.

Alle verksemder skal etablere system og rutinar som har innebygd intern kontroll ved anskaffingar. Det er berre 9 av dei 32 verksemdene som opplyser at dei har eit internkontrollsystem som i stor grad tryggjar etterlevinga av anskaffingsregelverket.

18 verksemder opplyser at dei har eit internkontrollsystem som i nokon grad tryggjar etterlevinga av anskaffingsregelverket, og fem verksemder rapporterer at dei i liten grad har eit internkontrollsystem som tryggjar etterlevinga. Undersøkinga syner dermed at det framleis er høg risiko for manglande regelverks-etterleving i mange av dei verksemdene som Riksrevisjonen tidlegare har rapportert om til Stortinget.

Anskaffingsstrategiar er eit viktig verkemiddel for leiinga når ho skal forankre arbeidet med anskaffingar i organisasjonen. I spørjeskjemaundersøkinga svarer alle verksemdene utanom to at dei har eit dokument som fortel korleis ein skal gjennomføre anskaffingar (for eksempel ein anskaffingsstrategi). Alle dei verksemdene som i undersøkinga opplyste at dei hadde laga eit slikt dokument, blei bedne om å sende desse dokumenta inn til Riksrevisjonen. Riksrevisjonen har motteke 12 dokument frå 10 av dei 32 verksemdene.

Leiinga skal ha oversyn over kva for anskaffingar som er gjennomførte. Slike oversyn er også ein føresetnad for å kunne lage gode anskaffingsstrategiar. Spørjeskjemaundersøkinga syner at 19 av 32 verksemder ikkje lagar årlege oversyn over kva for anskaffingar på meir enn 100 000 kroner som er gjennomførte. Undersøkinga syner dermed at leiinga i dei fleste verksemdene ikkje nyttar data frå økonomisystemet til verksemda som kan gi nyttig styringsinformasjon om gjennomførte anskaffingar. Det blir også vurdert som ein svikt i oppfølginga frå leiinga at det ikkje er inngått skriftlege kontraktar i 61 av dei anskaffingssakene som ligg til grunn for undersøkinga.

Undersøkinga syner at alle dei 32 verksemdene har valt ei innkjøpsorganisering med ei sentral eining som hjelper fagavdelingane ved anskaffingar. Det varierer korleis dei sentrale einingane støttar fagavdelingane, og det varierer også om bruken av desse einingane er pålagd eller frivillig. Undersøkinga syner at dei verksemdene som har ei innkjøpsorganisering der den sentrale anskaffingseininga berre har ein støttefunksjon, i mindre grad meiner at dei har god nok kompetanse til å gjennomføre anskaffingar i samsvar med regelverket. Halvparten av desse verksemdene meiner at dei har god nok kompetanse, medan talet er drygt 90 prosent for dei verksemdene der det er ei sentral eining som har fullmakt til å stå for planlegginga, gjennomføringa og oppfølginga av større og komplekse anskaffingar.

I intervju utdjupar fleire verksemder dette og seier at det knyter seg visse utfordringar til det å spreie anskaffingsfullmakter til mange tilsette. Det blir blant anna peikt på at ei meir desentralisert innkjøpsorganisering krev meir systematisk oppbygging og oppfølging av kompetansen og den interne kontrollen. Dette tilseier at dersom ein har valt ei innkjøpsorganisering der ei stor gruppe av tilsette har fått anskaffingsfullmakt, og der det er frivillig om ein vil nytte det interne rådgivingsmiljøet, må leiinga være ekstra medviten når det gjeld å følgje opp arbeidet med anskaffingar.

Undersøkinga syner at fagdepartementa følgjer opp dei underliggjande etatane der Riksrevisjonen har konstatert manglande etterleving av anskaffingsregelverket. Undersøkinga syner at departementa i tildelingsbrevet stiller fleire krav til dei etatane som har fått revisjonsmerknader gjennom fleire år, enn til dei etatane som har fått revisjonsmerknader eitt år. Undersøkinga syner òg at det varierer kor mykje dei underliggjande etatane rapporterer tilbake til fagdepartementet. Dei etatane som har fått merknader gjennom to eller tre år, rapporterer i årsrapportane sine tilbake på ein mindre del av krava enn dei etatane som har fått konstatert manglande etterleving i eitt år.

Det er berre 4 av 18 departement som har gjennomført evalueringar av anskaffingspraksisen i dei underliggjande etatane dei tre siste åra. Det er grunn til å tru at mange departement baserer seg på ufullstendig informasjon i etatsstyringa si når det gjeld anskaffingsområdet.

Det kjem fram at det primært er dei departementa som har underliggjande etatar der det er konstatert manglande etterleving av anskaffingsregelverket, som følgjer opp anskaffingsområdet. Departementa gir få føringar og fremjar få tiltak overfor dei underliggjande etatane der Riksrevisjonen ikkje har konstatert manglande etterleving av anskaffingsregelverket. Det er viktig at fagdepartementa arbeider førebyggjande i etatsstyringa, blant anna ved i større grad å følgje opp at dei underliggjande etatane har etablert eit formålstenleg internkontrollsystem som omfattar innkjøp.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har ansvar for at regelverket for offentlege anskaffingar er så brukarvennleg som råd, og departementet har også plikt til å informere om regelverket og rettleie i bruken av det. Departementet skal utvikle prinsipp og tiltak for effektive innkjøp.

I åra 2003–2008 var det Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet som tok hand om informasjons- og rettleiingsplikta aleine. Oppgåva blei overført frå departementet til Difi i 2008. Undersøkinga syner at Difi dei siste åra har laga og publisert mykje informasjon om anskaffingar. Nettsida anskaffelser.no er etablert, og her finst det rettleiingsmateriell for alle fasar i anskaffingsprosessen. I tillegg har Difi inngått avtalar med private leverandørar som held kurs om temaet. Det skal bidra til å etablere eit landsdekkjande opplæringstilbod.

Undersøkinga syner at ein ikkje har eit fullstendig datagrunnlag for offentlege anskaffingar. Det finst noko talmateriale i nasjonalrekneskapstala frå SSB og i databasen for offentlege anskaffingar (Doffin), men Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet opplyser at datagrunnlaget er mangelfullt. Departementet opplyser vidare at arbeidet med å finne ut korleis ein skal etablere eit meir påliteleg datagrunnlag, tok til våren 2010.

Riksrevisjonen har i mange år rapportert om manglande etterleving av regelverket for offentlege anskaffingar. Undersøkinga syner at det er mange årsaker til at statlege verksemder bryt regelverket, blant anna svak innkjøpskompetanse, utilstrekkeleg leiingsforankring, mangelfull intern kontroll og ei lite formålstenleg organisering av innkjøpsarbeidet. Som regelverksforvaltar har Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet eit spesielt ansvar for å utvikle prinsipp og tiltak for korrekte og effektive offentlege innkjøp. I lys av dette stiller Riksrevisjonen spørsmål om korleis departementet som regelverksforvaltar vil ta initiativ til å forbetre forvaltningspraksisen på anskaffingsområdet.

Riksrevisjonen meiner det er behov for å auke kunnskapsgrunnlaget for offentlege innkjøp i vesentleg grad. Det trengst blant anna informasjon om kva for tiltak som er effektive når ein skal få til gode innkjøp, og det er behov for å betre datagrunnlaget for offentlege innkjøp. Riksrevisjonen ser det derfor som viktig at departementet tek dei initiativa som trengst for å få klargjort kva som må vere med i kunnskapsgrunnlaget og lagar ein plan for når eit betre kunnskapsgrunnlag skal vere på plass.

Undersøkinga syner òg at berre eit mindretal av verksemdene i undersøkinga har kunna dokumentere for Riksrevisjonen at dei har dokument som beskriv korleis ein bør gjennomføre anskaffingar. Riksrevisjonen meiner det er overraskande at forvaltninga i så liten grad lagar anskaffingsstrategiar som kan medverke til ein langt betre anskaffingspraksis. Undersøkinga syner òg at fagdepartementa berre følgjer opp underliggjande etatar der Riksrevisjonen har konstatert manglande etterleving av regelverket. Det synest å vere behov for å utvikle og styrkje etatsstyringa i departementa på anskaffingsområdet, og Riksrevisjonen stiller spørsmål ved korleis Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjennom sitt samordningsansvar kan bidra til nødvendige forbetringar.

Saka er lagd fram for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet 8. desember 2010, og statsråden har i brev av 12. januar 2011 svart:

«(…)

Riksrevisjonens undersøking viser dessutan at det er vanskeleg å trekkje fram ei konkret årsak til regelverksbrota, då det er snakk om ei samansett problemstilling. Dette gjer det etter mi meining naudsynt å ha eit breitt fokus på arbeidet med å betre etterlevinga av regelverket. For det fyrste trengs det auka kjennskap til og kompetanse om regelverket. Her har Difi sidan oppstarten i 2008 hatt ei viktig rolle. Oppdrag frå FAD til Difi på innkjøpsområdet inneber mellom anna at Difi skal syte for at statlege/offentlege verksemder har tilbod om kurs og rettleiing om anskaffingsprosessen, tilpassa ulike nivå og innkjøpsoppgåver. For det andre skal Difi arbeide for å styrke og vidareutvikle nettverk for innkjøparar, med det formålet å auke utveksling av kompetanse, erfaring og verkty. Difi skal òg vidareutvikle tilbodet på kunnskapsportalen www.anskaffelser.no som inneheld informasjon, rettleiing og hjelpemedel i form av malar, verkty etc. for alle ledd i innkjøpsprosessen. FAD er sjølv med på å auke kompetansen om innkjøpsregelverket gjennom si rettleiing til regelverket og ved å gi tolkningsutsegner. Utsegner som ein trur kan ha generell relevans, blir òg publiserte på nettsidene til departementet. Eg vil òg få nemne at satsinga på elektronisk handel er endå eit tiltak for å betre forvaltningspraksisen på området offentlege innkjøp. Bruk av e-handelsløysingar skal mellom anna bidra til betre internt medvit og kontroll med innkjøp, og det legg til rette for auka konkurranse. Difi har det operative ansvaret for elektronisk handel og har hittil mottatt 19 millionar kroner til auka satsing på elektroniske handelsløysingar. Dette er eit ledd i Regjeringa si femårige satsing på auka bruk av e-handel i innkjøpsprosessen.

Eg ser òg at Riksrevisjonen meiner det er behov for å auke kunnskapsgrunnlaget om offentlege innkjøp. Det er mellom anna behov for informasjon om kva for tiltak som er effektive når ein skal få til gode innkjøp, og å betre datagrunnlaget for offentlege innkjøp. Riksrevisjonen ser det som viktig at FAD tar dei initiativa som trengst, og lager ein plan for når eit betre datagrunnlag skal vere på plass. Eg vil i den samanhengen minne om at departementet sjølv har gjeve uttrykk for at datagrunnlaget om offentlege innkjøp bør bli betre, jf. St.meld. nr. 36 (2008–2009). Som oppfølging har Difi fått i oppdrag å greie ut korleis kunngjeringsdatabasen Doffin kan vidareutviklast for å betre datagrunnlaget i Doffin, og lage statistikkmetodar som gjev betre tilrettelagt informasjon om offentlege innkjøp. I tillegg er det allereie gjort einskilde endringar i kunngjeringsrutinar mv. Vidareutviklinga av Doffin, som grunnlag for statistikkinnhenting om offentlege innkjøp, er òg avhengig av endringar i tekniske løysingar i kunngjeringsdatabasen, og likeeins korleis kvar einskild oppdragsgjevar kunngjer innkjøpa sine. Dette er eit arbeid som har høg prioritet, men som nok vil ta noko tid. Det er difor vanskeleg for meg å seie når eit tilfredsstillande datagrunnlag vil vere på plass.

Når det gjeld behovet for meir informasjon om kva for tiltak som er effektive for å få til gode innkjøp mv., er eg ikkje einig med Riksrevisjonen i at det er mangel på informasjon om dette. St.meld. nr. 36 (2008–2009) gjev ein rekkje konkrete eksemplar og råd om effektive tiltak. Her vert det mellom anna peikt på at leiarforankring, intern kontroll, formålstenleg organisering, god kompetanse og bruk av elektroniske løysingar bidreg til gode innkjøp. Den før nemnde kunnskapsportalen www.anskaffelser.no inneheld endå meir informasjon, i form av rettleiingar, verkty, "beste-praksis"-eksempler, m.m. Innkjøpsnettverk i regi av Difi bidreg òg til å auke kunnskapen om kva for tiltak som er effektive for å få til gode innkjøp. På portalen finn ein mellom anna sers gode malar for å lage innkjøpsstrategiar for betre innkjøpspraksis.

Det framgår til slutt i merknadene under punkt 4 at Riksrevisjonen meiner det synest å vere behov for å utvikle og styrke etatsstyringa i departementa på anskaffingsområdet, og det blir stilt spørsmål ved korleis FAD gjennom sitt samordningsansvar kan bidra til naudsynte forbetringar. Eg er samd i at departementa er viktige aktørar på området offentlege innkjøp, då dei både gjer eigne innkjøp og i tillegg er overordna myndigheit for underliggjande etatar. FAD vurderer difor heile tida korleis vi best kan syte for at dei andre departementa har naudsynt kompetanse tilgjengeleg og ikkje minst set innkjøpsområdet på agendaen i si styring av underliggjande verksemder. Her er som tidligare nemnt, den nye elektroniske anskaffingsportalen til stor hjelp. Ein annan måte å nå så mange departement som mogleg på, går gjennom verksemda til Spesialutvalget for offentlige anskaffelser og Kontaktutvalget for offentlige anskaffelser. I tillegg har Difi etablert eit eige nettverk for departementa på innkjøpsområdet.

Eg vil til slutt òg få nemne at det nå pågår eit arbeid med å utforme og få vedteke nye reglar for handhevinga av offentlege innkjøp. Arbeidet byggjer på dei anbefalingane som kjem fram i Noregs offentlege utredningar (NOU) 2010:2 Håndhevelse av offentlige anskaffelser, levert til FAD den 16. april 2010. Eg reknar med at nytt regelverk kan vere på plass i 2011.»

Den manglande etterlevinga av regelverket for offentlege anskaffingar som Riksrevisjonen i mange år har konstatert, fører ikkje berre til ineffektiv ressursutnytting av statlege midlar, men også til at bruken av offentlege ressursar blir for lite gjennomsynleg. For å betre etterlevinga av regelverket i fagdepartementa og underliggjande etatar, meiner Riksrevisjonen at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i større grad enn til no bør arbeide med tiltak som kan bidra til å førebyggje brot på anskaffingsregelverket. Samtidig er det viktig å understreke det ansvar dei enkelte verksemdene har for å etterleve regelverket for offentlege anskaffingar.

Riksrevisjonen har merka seg at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet meiner det er behov for å auke kjennskapen til og kompetansen om regelverket, og for å styrkje og vidareutvikle nettverket for innkjøparar. Departementet viser til at ein bidrar til å auke denne kompetansen gjennom rettleiing og tolkingsutsegner, og at auka bruk av elektronisk handel vil bidra til å betre forvaltningspraksisen på området. Riksrevisjonen meiner at departementet bør arbeide vidare med tiltak for å sikre god forvaltningspraksis, etterleving av regelverket og effektive anskaffingar.

Departementet har opplyst at det er vanskeleg å seie når eit tilfredsstillande datagrunnlag for offentlege innkjøp vil vere på plass. Riksrevisjonen viser til at departementet sidan våren 2010 har arbeidd med å finne ut korleis ein skal etablere eit meir påliteleg datagrunnlag, og legg til grunn at dette arbeidet innan rimeleg tid munnar ut i ei vurdering av kva som må vere med i dette kunnskapsgrunnlaget og ein plan for framdrifta i arbeidet med å etablere eit slikt grunnlag.

Riksrevisjonen har merka seg at departementet meiner at det ikkje manglar informasjon om kva tiltak som er effektive for å få til gode innkjøp, og at både St.meld. nr. 36 (2008–2009) og kunnskapsportalen på Internett inneheld slik informasjon. Riksrevisjonens undersøking viser at svak innkjøpskompetanse, utilstrekkeleg leiingsforankring, mangelfull intern kontroll og ei lite formålstenleg organisering av innkjøpsarbeidet er sentrale årsaker til at statlege verksemder bryt regelverket. Det er derfor nødvendig at både Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og fagdepartementa følgjer opp at denne informasjonen i praksis blir brukt til å styrkje gjennomføringa av statlege innkjøp.

Riksrevisjonen vil elles peike på at låge beløpsgrenser kombinert med omfattande krav til gjennomføringa av offentlege anskaffingar kan vere ei medverkande årsak til manglande etterleving av regelverket.