Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

I proposisjonen vert det vist til at dei frie inntektene til kommunane i samband med endringar i statsbudsjettet for 2010 under Kommunal- og regionaldepartementet blei auka med 1 mrd. kroner, jf. Prop. 29 S (2010–2011) og Innst. 129 S (2010–2011). Auken kan til dømes nyttast til utbygging av sjukeheimar og omsorgsbustader, og dermed utvikle ei verdig eldreomsorg. Samstundes varsla departementet ei styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og at styrkinga vil bli gjeve tilbakeverkande kraft.

Det vert vidare peikt på at investeringstilskotet skal stimulere til bygging og rehabilitering av fleire omsorgsplassar med heildøgnstenester i kommunane. Regjeringa har ei målsetjing om å gje tilsegn om tilskot til 12 000 omsorgsplassar i perioden 2008–2015.

I proposisjonen vert det gitt ei nærare utgreiing om investeringstilskotet.

Sjukeheimsplassar kan få investeringstilskot på opp til 30 pst. av byggje- og anleggskostnadene. Omsorgsbustader kan få tilskot på opp til 20 pst. av kostnadene. Fellesareal som er naudsynt for å yte tenester heile døgnet i noverande omsorgsbustader, kan bli finansiert med opp til 30 pst. av kostnadene.

Kommunane skal disponere omsorgsplassane i minst 20 år etter at tilskotet er utbetalt.

Dei to første åra etter at investeringstilskotet blei etablert, var etterspurnaden etter tilskot relativt høg. I 2010 fall søknadsinngangen kraftig. Til saman har det frå 2008 til utgangen av 2010 blitt gjeve tilsegn til 4 047 omsorgsplassar. Det blei gjeve tilsegn for til saman om lag 1,9 mrd. kroner.

Tilskotet blir utbetalt når omsorgsplassane er ferdigstilte. Ved utgangen av 2010 var det utbetalt tilsegn til 1 436 plassar.

I proposisjonen viser regjeringa til at kommunane ikkje fullt ut har nytta ordninga med investeringstilskot som skal medverka til å nå målsetjinga i Omsorgsplan 2015 om 12 000 omsorgsplassar med heildøgnstenester. Det blir peikt på at dette er viktig for å møte dei framtidige utfordringane knytt til mellom anna ei aldrande befolkning. Regjeringa har difor sett i verk tiltak for å medverke til auka utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å auke tilskotssatsane for investeringstilskotet slik at den gjennomsnittlege tilskotsutmålinga blir auka frå 25 til 35 pst. av dei godkjente byggje- og anleggskostnadene. For omsorgsbustader blir satsen auka frå 20 til 30 pst. og for sjukeheimsplassar frå 30 til 40 pst. Tilskotet til bygging av fellesareal blir òg auka frå 30 til 40 pst.

Av omsyn til at kommunane skal bli handsama likt, vil auken i tilskotssatsane bli gjeve tilbakeverkande kraft for alle byggjeprosjekt som har fått tilsegn etter at ordninga blei innført i 2008. Dette inkluderer òg tilsegn til kommunar som har ferdigstilt prosjekt og der tilskota er utbetalt.

Etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova står den einskilde kommune fritt til å yte tenestene sjølve, eller å kjøpe tenestene av private tilbydarar, inklusive kommersielle aktørar. Kravet om at berre non-profitaktørar kan få tildelt investeringstilskot vidare frå kommunane, inneber at kommunane må dekkje kostnadene utan statlege tilskot dersom dei vel å samarbeide med kommersielle aktørar om utbygging av omsorgsplassar med heildøgnstenester.

Mange kommunar har tradisjon for å samarbeide med lokale bustadbyggjelag om å løyse bustad- og omsorgsutfordringar.

I proposisjonen kjem det fram at for å medverke til at kommunane skaffar fleire omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, ynskjer regjeringa å gjere tilskotsordninga meir fleksibel og tydeleg for kommunane. Regjeringa foreslår å endre reglane slik at det blir opp til kommunane sjølve å bestemme om dei vil inngå avtalar med frivillige organisasjonar, bustadbyggjelag, private omsorgsfirma eller andre. Dette vil vere i samsvar med kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova.

Endringa inneber at høvet til å tildele tilskot vidare vil bli avvikla, og tilskotet vil bli gjeve til kommunen som ansvarleg for tenesta, uavhengig av om kommunen sjølv byggjer og driftar tenesta, eller om kommunen heilt eller delvis kjøper slike tenester av andre aktørar på vanlege forretningsvilkår. Samstundes blir det lagt til grunn at kommunane må sikre seg disposisjonsrett til omsorgsplassane i minst 30 år, mot 20 år etter gjeldande reglar.

At dei auka satsane blir gjeve tilbakeverkande kraft har ein samla kostnad på 734 mill. kroner. Desse kostnadene vil få konsekvensar for løyvingane i 2011 og dei neste tre åra. Samla kostnad i 2011 som fylgje av at dei auka satsane blir gjeve tilbakeverkande kraft, er på 567 mill. kroner.

Av tilsegna som får auka satsar med tilbakeverkande kraft kjem 167 mill. kroner til utbetaling i 2012 og 2013.

I 2010 har aktiviteten vore betydeleg lågare enn ein har budsjettert med. I tillegg visar det seg at prosjekta tek noko lenger tid å fullføre enn ein tidligare har rekna med. Nye anslag gjev eit mindrebehov i 2011 på i overkant av 300 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2011.

Samla sett må løyvinga til investeringstilskotet aukast med 310 mill. kroner i 2011 i forhold til saldert budsjett 2011.

Auken av tilskotssatsane fører til at tilsegnsramma for 2011 må aukast med 444,4 mill. kroner til 1 555,4 mill. kroner. Tilsegnsramma er summen av alle nye tilsegn som blir gjeve i budsjettåret. På grunn av at det kan ta opp til fire år før prosjekt blir ferdigstilte, blir det budsjettert med ei tilsegnsfullmakt på posten. Fullmakta viser staten sine uteståande forpliktingar på posten ved utgangen av året. Auken av tilskotssatsane fører til at tilsegnsfullmakta må aukast med 579,3 mill. kroner til 2 167,1 mill. kroner.

Dersom ein legg til grunn investeringar i 12 000 plasser i tråd med målsetjinga i Omsorgsplan 2015, inneber auken av satsane at dei samla statlege utgiftene over kap. 586, post 64 Investeringstilskot aukar med om lag 2,5 mrd. kroner, frå om lag 6,3 mrd. kroner til om lag 8,8 mrd. kroner.