1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Forhandlingane
- 1.3 Generelt om avtalen
- 1.4 Gjennomføring i norsk rett
- 1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar
- 1.6 Vurdering og tilråding
Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen.
Avtalen bygger på retningsliner for hamnestatskontroll ved landing av fisk og fiskevarer som tidlegare er vedtatt i FAO, og på system for hamnestatskontroll som allereie er vedtatt og gjennomført for Noreg og våre næraste samarbeidsland etter semje i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC). Avtalen er det første globale bindande instrumentet som er tinga fram på fiskeriområdet sidan 1995, og ventast å bli viktig i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske).
I og med at avtalen blir rekna for å vere ei særleg viktig sak, er Stortingets samtykke til ratifikasjon nødvendig i medhald av Grunnloven § 26 andre leddet.
Avtalen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.
Hausten 2006 oppmoda FN gjennom Generalforsamlinga sin resolusjon 61/105, FNs matvareorganisasjon FAO om å utarbeide ein global bindande avtale om hamnestatskontroll for fartøy som landar fisk i hamn frå fiskefeltet. Bakgrunnen var at det var nødvendig med globalt samarbeid mellom hamnestatar for å møte utfordringane som følgje av UUU-fiske med internasjonalt landingsmønster. Gjennom hamnestatskontroll samarbeider statar om ikkje å ta i mot fisk i hamn når fangsten er i strid med ansvarleg forvaltning.
Dei folkerettslege instrumenta om kontroll med fisket i internasjonalt farvatn kviler i stor grad på at dei statane som fiskar, samarbeider om forvaltninga. Statane blir einige om reguleringar, kontrollerer eigne fartøy og sanksjonerer brot i tråd med avtalar om forvaltninga til havs. Likevel skjer overfiske i område utanfor statars fiskerijurisdiksjon, med fartøy frå statar som ikkje evnar eller ønskjer å drive ansvarleg fiske. Verdien av globalt overfiske har vore vurdert til mellom 50 og 100 mrd. kroner årleg. Når flaggstaten sin kontroll med fisket sviktar, er det behov for eit bakanforliggjande kontrollsystem.
Folkeretten gir hamnestaten høve til å kontrollere framande fartøy i eiga hamn. Gjennom nærare krav om kontroll i hamner, kan statane samarbeide om tiltak mot fartøy som er involverte i UUU-fiske, for å støtte opp om fiskeriforvaltning andre stader i verda.
Avtalen byggjer på retningslinjer for hamnestatskontroll ved landing av fisk og fiskevarer – retningslinjer som tidlegare vart vedtekne i FAO i 2003. Avtalen byggjer òg på systema for hamnestatskontroll som allereie er vedtekne og gjennomførde for Noreg og dei næraste samarbeidslanda våre etter semje i NEAFC og i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO).
Den nye avtalen rettar seg mot all fisk og i tillegg mot fiskerelatert verksemd. Avtaleteksten kombinerer viktige element som stenging av hamner for svartelista fartøy, mekanismar for å ansvarleggjere flaggstaten ved kontroll i andre land sine hamner og spesifikke minimumsstandardar om informasjonsutveksling, gjennomføring av kontroll, førebyggjande tiltak, opplæring/assistanse og samarbeid. Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir send hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å sikre seg at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske eller fiskerirelatert aktivitet.
Avtalen forpliktar avtalepartane til å støtte opp om vedtak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, for eksempel gjennom tiltak mot svartelista fartøy, og legg opp til at fisk ikkje blir landa i hamn i tilfelle der fartøyet sin flaggstat blir kontakta og ikkje kan garantere for at fisken er lovleg fanga. Dette er på linje med tiltak som blir handheva av Noreg i dag.
Det var semje om at avtalen vart vedteken som ein FAO-avtale, under FAO sine system. Avtalen er likevel tilpassa for å gi høve for land som ikkje er FAO-medlem, til å gjennomføre avtalen innanfor FAO sitt rammeverk.
Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til.
Konvensjonen har ein innleiande fortale, ein hovuddel med artiklar og fem vedlegg knytt til inspeksjon og informasjonsutveksling. I proposisjonen blir artiklane til konvensjonen og vedlegg med tekniske reglar omtalt. Reglane som er tekne inn i konvensjonen sine vedlegg, har enklare endringsprosedyrar enn artiklane til konvensjonen.
Dei tiltaka som avtalen legg opp til vil ikkje kreve lovendring. Ved Ot.prp. nr. 98 (2005–2006) vart det introdusert endringar i gjeldande lovverk med sikte blant anna på å gjennomføre NEAFC sitt hamnestatsregime, som langt på veg fell saman med dei tiltaka som no blir globale gjennom denne avtalen. Havressurslova av 6. juni 2008 vidarefører dei relevante lovheimlane frå Ot.prp. nr. 98 (2005–2006).
Gjennomføring av den globale hamnestatsavtalen i Noreg gjer det nødvendig med nokre endringar i forskrifter, som vil vere vedtekne og i kraft før konvensjonen trer i kraft for Noreg.
Det blir lagt opp til at avtalen også kan gjennomførast på Svalbard. Havressurslova gjeld i sjøterritoriet og i indre farvatn på Svalbard, men det vil være nødvendig å gje enkelte delar av avtalen verknad for landterritoriet gjennom forskrift, jf. havressurslova § 4 første og andre ledd.
Endringane vil kome på plass i god tid før avtalen trer i kraft. Når nødvendige forskriftsendringar er på plass vil Noreg varsle depositaren om mellombels bruk av avtalen.
Avtalen ventar ikkje å føre med seg økonomiske eller administrative kostnader av noko omfang. Gjennomføring av avtalen vil nødvendiggjøre nokre endringar i rutiner samt at det må etablerast kontroll og tilsynsordningar. Dei nødvendige tiltak vil bli gjennomført innanfor gjeldande økonomiske rammer.
Eit globalt samarbeid mellom hamnestatar er nødvendig for å møte utfordringane som følgjer av ulovleg, urapportert og uregulert fiske med internasjonalt landingsmønster. Frå og med 1. mai 2007 vart det innført felles føresegner om kontroll av landingar av frosen kvitfisk i NEAFC-partane sine hamner. Tiltaka har hatt stor effekt og det er konstatert nedgang i overfisket og ikkje minst at større kvanta blir landa i heimlege trakter.
Mange av dei tiltaka Noreg har etablert og gjennomført dei siste åra vil gjennom denne avtalen bli internasjonale minimumsstandardar.
Noreg er tent med ei opprusting av tiltaka mot UUU-aktivitetar. Eit sentralt poeng for Noreg med ein global avtale har vore å bidra til at problemet med UUU-fiske blir løyst globalt og ikkje berre i nærområda våre. Sett i samanheng med handelstiltak som blant anna EU har vedteke for å sikre at ikkje UUU-fisk blir importert til den indre marknaden, blir det danna ei grense rundt dei viktigaste marknadene mot ulovleg fisk og fiskeprodukt. Dette vil kome lovlydige fiskarar over heile verda til gode, det vil verne om reproduksjonsevna til fiskebestandane og bidra til at konsumentane kan stole på at den fisken dei kjøper er ei etisk god vare, hausta innanfor forsvarlege rammer.
Fiskeri- og kystdepartementet tilrår at avtalen blir ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.