Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Farahnaz Bahrami, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, fung. leiar Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, og frå Venstre, Borghild Tenden, har i vurderinga av denne saka lagt vekt på omsynet til forenkling for selskapa, omsynet til internasjonal utvikling og omsynet til skattekontroll og førebygging og motarbeiding av økonomisk kriminalitet. Unntak frå kravet om finansiell revisjon for dei minste føretaka vil innebera ei vesentleg forenkling og innsparing for selskap som velgjer å ikkje revidere regnskapet. Vidare er det eit behov for å fjerne kostnadskrevjande reglar som ikkje har ein tilsvarande samfunnsmessig nytteeffekt. Dei fleste land i EU, inkludert Danmark og Sverige, har innført, eller er i ferd med å innføre, fritak frå revisjonsplikt for dei minste aksjeselskapa. Omsynet til harmonisering og konkurranseomsyn tilseier dermed også lemping i revisjonsplikta. Komiteen vurderer samla at fordelane ved oppheving av revisjonsplikta er større enn ulempene. Komiteen ber regjeringa følgje utviklinga med omsyn til økonomisk kriminalitet og skatteunndraging nøye, og føreslå avbøtande tiltak dersom det viser seg at oppheving av revisjonsplikta fører til ei uønska utvikling.

Komiteen ber regjeringa foreta ein gjennomgang av særattestasjonskrava, for å vurdere om kontrollgevinsten overstiger kostnadene for næringslivet.

Komiteen syner til svar frå finansministeren den 2. februar 2011 på spørsmål frå Framstegspartiets fraksjon i finanskomiteen der han seier at av blant totalt 136 086 aksjeselskap (2008-tall) som oppfyller terskelverdiane for fritak er 16 954 morselskap som ikkje vil kunne fråvelja revisjon. I tillegg er det 25 688 «reine» dotterselskap blant desse 136 086 aksjeselskapa. Det totale talet på aksjeselskap som kan fråvelja revisjon vert difor mindre enn det som går fram av proposisjonen. Lovforslaget medfører isolert sett ikkje revisjonsplikt for selskapsrekneskap til dotterselskap under terskelverdiane, men det kan ikkje utelukkast at revisor vil kome til å måtte hente inn revisjonsbevis for å verifisere einskilde postar i dotterselskap sine selskapsrekneskap som skal konsoliderast inn i konsernrekneskapen, dersom selskapsrekneskapa til slike dotterselskap ikkje sjølve har vore gjenstand for revisjon.

Komiteen syner til at det er naudsynt med ei endring i paragrafnummer på forslaget i likningslova om tilgang for skattemyndigheitene til å pålegga revisjon. I Prop. 51 L (2010–2011) blei dette føreslått som ny § 4-14 i likningslova. Ved lov 10. desember 2010 nr. 62 blei det innført ny § 4-14 i likningslova om tilgjengeleggjering av førehandsutfylte oppgåver. § 4-14 er dermed nå oppteken. Komiteen føreslår difor at den føreslåtte § 4-14 i Prop. 51 L i staden blir ny § 4-15.

Komiteen syner vidare til svar frå finansministeren den 18. februar 2011 på spørsmål 1–5 frå Arbeidarpartiets fraksjon i finanskomiteen.

Komiteen syner til proposisjonen punkt 6.4.9.9 om at det kan det være særlige omsyn som talar for at føretak under tilsyn av Finanstilsynet bør ha revisjonsplikt uavhengig av storleik. Komiteen syner til at det finst føretak under Finanstilsynets tilsyn som i dag er unnateke revisjonsplikt, men som med regjeringa sitt lovforslag vil få revisjonsplikt. Komiteen meiner at det ikkje er naudsynt å innføre slike strengare krav til revisjon for desse føretaka enn kva som gjeld i dag, men ser at det i enkelte tilfeller kan vera omsyn som talar for revisjonsplikt. Av både særlige tilsynsmessige omsyn og omsynet til forenkling føreslår komiteen at Finanstilsynet får heimel til i forskrift å pålegga revisjonsplikt for andre føretak under tilsyn enn aksjeselskap og NUF, dersom det konkret kan grunngjevast i tilsynsmessige behov. Komiteen føreslår:

«I lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer (revisorloven) gjerast følgjande endringar:

§ 2-1 nytt sjette ledd skal lyde:

Unntakene etter annet og tredje ledd gjelder ikke aksjeselskap og selskap som nevnt i regnskapsloven § 1-2 første ledd nr. 13 som er organisert etter en utenlandsk selskapsform som i det vesentligste tilsvarer definisjonen av aksjeselskap i aksjeloven § 1-1 annet ledd, som er under tilsyn av Finanstilsynet etter finanstilsynsloven § 1. Finanstilsynet kan ved forkrift pålegge andre foretak som er under tilsyn av Finanstilsynet etter finanstilsynsloven § 1 revisjonsplikt, dersom det er nødvendig av hensyn til tilsynet med virksomheten.

Sjette ledd i regjeringas lovforslag blir da sjuande ledd.»

Komiteen syner til at i forslaget til endringar i rekneskapslova § 8-2 er det gitt heimel for departementet til å fastsetje nærmare reglar om innsending til Rekneskapsregistret og krav til innhaldet i oversendingsbrevet. Dette er ei oppfølging av proposisjonen punkt 6.4.9.6 og 8.4 der det er lagt til grunn at føretak skal opplyse om dei nyttar rekneskapsførar eller revisor og at desse opplysningane skal vere offentleg tilgjengelege i Brønnøysundregistra. Komiteen meiner det kan vere grunn til at denne typen opplysningar òg finst i føretaksregisteret, og ber om at dette vert sett på i forskriftsarbeidet. Komiteen føreslår:

«I lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (foretaksregisterloven) gjerast følgjande endring (i tilrådinga del VIII):

§ 3-1 fyrste ledd nytt nr. 8 skal lyde:

  • 8. Hvorvidt selskapet er unntatt revisjonsplikt etter revisorloven § 2-1 tredje ledd, jf. aksjeloven § 7-6, og eventuelle andre opplysninger som skal registreres i eller i medhold av aksjeloven § 7-6. Kongen kan i forskrift gi nærmere regler om innsending til og registrering i Foretaksregisteret av meldinger som nevnt i aksjeloven § 7-6 femte ledd, samt nærmere regler om melding om selskapets eventuelle eksterne autoriserte regnskapsfører.»

Komiteen føreslår vidare, jf. fleirtalets grunngjeving rett nedanfor:

«I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) gjerast følgjande endring:

§ 7-6 nytt sjette ledd skal lyde:

(6) Dersom vilkårene for fritak fra revisjon etter revisorloven § 2-1 tredje til sjette ledd ikke lenger er til stede, skal styret straks sørge for valg av revisor.»

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det kan vera behov for føresegner om val av revisor der revisjonsplikt trer inn som følgje av at selskapet ikkje lenger oppfyller vilkåra for unnatak frå revisjonsplikt, medrekna føresegner om melding om dette til Brønnøysundregistra. Fleirtalet føreslår endringar i aksjelova § 7-6 femte og sjette ledd, og føretaksregisterlova § 3-1 fyrste ledd nytt nr. 8 (dei to siste endringane er føreslått ovanfor frå ein samla komité):

«I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) gjerast følgjande endring:

§ 7-6 nytt femte ledd skal lyde:

(5) Selskapet skal straks gi melding til Foretaksregisteret dersom styret har truffet beslutning om å benytte fullmakt som nevnt i første ledd eller dersom selskapets årsregnskaper igjen skal revideres som følge av at vilkårene for fritak fra revisjon etter revisorloven § 2-1 tredje til sjette ledd ikke lenger er til stede. Beslutning om å benytte fullmakt som nevnt i første ledd får ikke virkning før den er registrert i Foretaksregisteret.»

Fleirtalet syner til at i punkt 6.4.9.7 i proposisjonen heiter det at selskap som blir stifta etter at lova trer i kraft, aktivt må fråvelje revisjon på den stiftande generalforsamling. Fleirtalet vil foreslå endringar i aksjelova § 2-3 fyrste ledd nr. 6 og § 7-6 nytt fjerde ledd om korleis selskap kan fråvelje revisjon når dei vert skipa, og nytt anna punktum i tilrådinga del IX (i regjeringa sitt lovforslag del VIII) om kompetanse til å gi overgangsreglar:

«I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) gjerast følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd nytt nr. 6 skal lyde:

  • 6. hvem som skal være selskapets revisor dersom selskapets årsregnskap skal revideres, jf. § 7-6 fjerde ledd.

§ 7-6 nytt fjerde ledd skal lyde:

(4) Stifterne kan i stiftelsesdokumentet gi styret fullmakt til å unnlate revisjon. Første til tredje ledd gjelder tilsvarende.»

«I tilrådinga del IX (i regjeringa sitt lovforslag del VIII) vert foreslått nytt anna punktum:

Kongen kan fastsette nærmere overgangsregler.»

Fleirtalet syner til at norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) med avgrensa ansvar har hatt ein betydelig framvekst. Slike selskap er i seg sjølv lovlige, men selskapsforma kan vanskeleggjere muligheitene til blant anna å avdekke skatteunndragingar og innkrevja skattar og avgifter. Forslaget inneber reglar som likestiller NUF med norske aksjeselskap i førehald til revisjonsplikt.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merkt seg at regjeringa i punkt 6.4.9.8 i proposisjonen har lagt opp til at morselskap i konsern og dotterselskap som sjølv er morselskap i eit underkonsern ikkje skal omfattast av forslaget til unnatak frå revisjonsplikt, men at det ved ein inkurie berre delvis er reflektert i sjølve lovforslaget, og føreslår difor følgjande endring:

«I lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer (revisorloven) skal § 2-1 femte ledd skal lyde:

Unntakene etter annet og tredje ledd gjelder ikke for foretak som er pliktig til å utarbeide konsernregnskap, eller aksjeselskap som er morselskap etter aksjeloven § 1-3

Dette fleirtalet har merket seg innspel frå ei rekke høyringsinstansar om revisjonsplikta som hjelpemiddel i kampen mot økonomisk kriminalitet. Revisors avdekkande, førebyggande og rapporterande rolle er eit viktig virkemiddel i kampen mot økonomisk kriminalitet. Bortfall av revisjonsplikta vil soleis kunne føre til økt økonomisk kriminalitet og ei svekking av kontrollen med skatte- og avgiftsberekninga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til finansministerens svar 2. februar 2011 på spørsmål 2 fra Fremskrittspartiets fraksjon i finanskomiteen der det fremgår at om lag 17 000 morselskap av de ca. 137 000 selskaper Finansdepartementet opplyser i proposisjonen at isolert sett oppfyller kravene for fritaket likevel ikke vil omfattes av den foreslåtte endringen. Disse medlemmer mener morselskap i små konsern også burde unntas fra revisorplikt. Hvis morselskap ikke blir omfattet av fritaket, risikerer man at datterselskapene under dem også må revideres fordi revisor må innhente nødvendig sikkerhet.

Disse medlemmer viser til at det er om lag 26 000 rene datterselskaper blant de ca. 137 000 aksjeselskapene som omfattes av fritaket. Den potensielle besparelsen blir dermed 31 pst. lavere enn det som er opplyst i proposisjonen.

Disse medlemmer viser til at det har vært hevdet at oppmykning av revisorplikten kan svekke avdekking av økonomisk kriminalitet. Disse medlemmer viser til at revisors arbeid ikke er rettet inn for å avdekke misligheter og økonomisk kriminalitet. Så nøye går ikke en ordinær revisjon til verks. Disse medlemmer viser til Økokrims årsrapport for 2009 der det kom frem at av 6 161 mottatte rapporter om mistenkelige transaksjoner, kom 97 fra revisorer, mens 5 857 kom fra banker og virksomheter for betalingsformidling. Disse medlemmer viser også til at mange bedrifter nok fortsatt vil velge å ha revisor, eller benytte seg av revisors tjenester, fordi dette har en verdi for dem.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at terskelverdiene for revisjonsplikt skal beregnes på konsolidert basis, slik at man ser omsetning, balansesum og antall årsverk samlet for selskap som kontrolleres gjennom samme eierskap. Formålet er at også morselskap i små konsern skal unntas fra revisjonsplikten.»

Disse medlemmer viser til brev fra Bondelaget av 4. februar 2011, hvor det stilles spørsmål ved hvorfor den foreslåtte endringen i revisjonsplikten ikke skal omfatte ansvarlige selskap (ANS) med mer enn 5 deltakere og under 5 mill. kroner i omsetning. Disse medlemmer viser til at det i landbruket er mange ANS med over 5 deltakere, men med langt under 5 mill. kroner i omsetning. Dette gjelder for eksempel for mange skogeiendommer som eies av flere og utmarkslag og fiskesameier der for eksempel jakt og fiskerettigheter leies ut. Det samme gjelder for maskinringer og liknende. Dette er selskaper som kan ha noen få titalls tusen i omsetning og som blir belastet med kanskje 20 000–30 000 kroner i revisjonshonorar. Disse medlemmer viser til Revisjonsutvalget (NOU 2008:12) som foreslår å oppheve regelen om at ansvarlige selskap med omsetning under 5 mill. kroner uansett har revisjonsplikt når antall deltakere overstiger 5.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som sikrer at revisjonsplikten for ansvarlige selskaper med flere enn fem ansatte og mindre enn 5 mill. kroner i omsetning oppheves.»

Disse medlemmer viser til innspill 4. februar 2011 fra NARF til finanskomiteen vedrørende revisors særattestasjoner. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen foreta en kritisk gjennomgang av krav til særattestasjoner for å avdekke om kravene er hensiktsmessig utformet og tilstrekkelig begrunnet i lys av fjerning av revisorplikten for små aksjeselskaper.»

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er opptatt av at gjennomføringen av loven lever opp til målet om forenkling. Disse medlemmer ber på denne bakgrunn om at beslutningen om revisjonsfritak kan treffes av generalforsamlingen i en bedrift før loven er trådt i kraft uten at det blir stilt krav som ny generalforsamling, ettersom fristen er satt til 1. juli 2011 for godkjennelse av regnskaper, mens generalforsamlinger kan har vært avholdt allerede og frem til loven trer i kraft.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til representantforslag fremmet av Fremskrittspartiet, Dokument 8:19 S (2010–2011), Innst. 193 S (2010–2011) om endring av revisjonsplikt for små og mellomstore bedrifter samt endring av tidsbegrenset krav til oppbevaring av regnskapsdokumenter. Forslaget er nettopp behandlet i finanskomiteen, og disse medlemmer foreslår her nettopp å sette grensen for revisjonsplikt for små aksjeselskap til 5 mill. kroner i omsetning. Disse medlemmer viser for øvrig til begrunnelsen i dette forslaget og støtter regjeringens forslag, men mener også morselskap i konsern må omfattes av unntaket fra revisjonsplikt.

Disse medlemmer mener at stifterne må kunne beslutte at selskapet ikke skal ha revisor fra stiftelsen. Det er ingen grunn til at styret må treffe eget vedtak om dette. De som påtar seg styreverv fra stiftelsen, kan la være å ta på seg dette vervet hvis de mener at selskapet bør ha revisor. Disse medlemmer støtter dermed ikke flertallets forslag til nytt fjerde ledd i aksjeloven § 7-6 og fremmer følgende forslag, i samsvar med det regjeringen selv foreslår i proposisjonen:

«I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) gjøres følgende endring:

§ 2-3 første ledd nr. 6 skal lyde:

  • 6. hvem som skal være selskapets revisor dersom selskapets årsregnskap skal revideres.»

Disse medlemmer viser til at regjeringens forslag i proposisjonen går ut på at selskapene skal gi melding om revisor og regnskapsfører når årsregnskapet sendes inn. Det flertallet foreslår fører til at enda en melding må sendes inn, nemlig når styret beslutter fravalg av revisjon. Disse medlemmer mener det er unødvendig og støtter derfor ikke flertallets forslag til aksjeloven § 7-6 femte ledd.

Disse medlemmer er enig i at styret må sørge for at revisor blir valgt når vilkårene for å velge bort revisor ikke lenger er til stede. Disse medlemmer støtter derfor forslaget til aksjeloven § 7-6 nytt sjette ledd om dette.

Disse medlemmer går imot regjeringens forslag til ny § 2-1 sjette ledd i revisorloven.