Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Noreg og Andorra om opplysningar i skattesaker
Dette dokument
- Innst. 231 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 66 S (2010–2011)
- Dato: 24.02.2011
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Den 24. februar 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Andorra om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 11. desember 2009. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Fyrstedømmet Andorra av utanriksminister Xavier Espot. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte tiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå bankar, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen, og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane, vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.
Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin modell, er inngått på norsk, katalansk og engelsk. I tilfelle av skilnader skal den engelske teksten være avgjerande. Som vedlegg til proposisjonen følgjer den norske og engelske teksten.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Farahnaz Bahrami, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Andorra om opplysninger i skattesaker.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Andorra om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 24. februar 2010.
Oslo, i finanskomiteen, den 24. februar 2011
Ulf Leirstein |
Torfinn Opheim |
fung. leder |
ordfører |