Sammendrag
Den 17. desember 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 10. desember 2010. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Fyrstedømmet Liechtenstein av koordinator for internasjonale skatteforhandlingar, Dr. Katja Gey. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Etter at avtala har trådd i kraft vil ho få verknad for alle saker frå og med skatteåret 2011.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.
Eit utkast til avtale om opplysningar i skattesaker med Liechtenstein blir nå lagt fram for underskriving. Utkastet følgjer i det alt vesentlige OECD sin modell.
Avtala skal inngåast på engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei norsk oversetting.