Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Nærings- og handelsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 19. juni 2009 nr. 101 om erverv og utvinning av mineralressurser (mineralloven). Forslaget er ei teknisk endring som er nødvendig for at Statens innkrevingssentral (SI) skal ha heimel til å foreta tvungen innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr) etter mineralloven §§ 66 og 67, til fordel for staten.

Mineralloven tok til å gjelde 1. januar 2010 saman med forskrift til lova.

Etter mineralloven § 66 første ledd kan Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (Direktoratet for mineralforvaltning) treffe vedtak om tvangsmulkt for å sikre at føresegnene i lova eller vedtak i medhald av lova vert gjennomført. Mineralloven § 67 gir Direktoratet for mineralforvaltning heimel til å pålegge den som har brote føresegner gitt i eller i medhald av lova å betale eit pengebeløp til statskassa (lovbrotsgebyr).

I forskrift 23. desember 2009 nr. 1842 til mineralloven er det gitt føresegner om utmåling av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, saksbehandlingsreg-lar, klagerett, ettergiving av pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr og om inndriving av pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr.

Etter at mineralloven og forskrifta tok til å gjelde har Direktoratet for mineralforvaltning sett nærare på korleis ein mest mogleg effektivt kan følgje opp føresegnene, når det gjeld den praktiske oppfølginga etter at det er konstatert lovbrot og fatta avgjerde om tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. I samråd med departementet har direktoratet kome fram til at den mest effektive måten å gjere dette på vil vere at SI står for sjølve innkrevjinga, både når det gjeld den frivillige og den tvungne inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Det er tatt inn føresegner i forskrift til minerallova § 6-6 som gir SI heimel til å stå for den frivillige inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, jf. forskrift 23. juni 2010 nr. 963 om endring i forskrift til minerallova. For at SI også skal kunne stå for den tvungne inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, er dei avhengige av eksplisitt lovheimel i minerallova.

Forslaget inneber ikkje at Direktoratet for mineralforvaltning gir frå seg myndigheit og overlet til SI å ta avgjerd om tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr skal påleggjast. Det vil framleis vere Direktoratet for mineralforvaltning som tek avgjerd om dette. Forskjellen blir at direktoratet, etter at det er fatta vedtak om å påleggje tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr, sender over kravet til SI som følgjer opp saka og tek ansvaret for at tvangsmulkta eller lovbrotsgebyret vert innbetalt til og tilfell staten.

Endringsforslaget vil ikkje få vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar. Pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr tilkjem statskassa. Ved at SI får ansvaret for inndrivinga vil ressursar i Direktoratet for mineralforvaltning bli frigjorde. Direktoratet for mineralforvaltning har i dag ikkje kostnader i samband med SI si hjelp med frivillig innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, med unntak for namsgebyr der dette er nødvendig. Sjølv om Direktoratet for mineralforvaltning må betale SI for tenesta dei tilbyr ved tvangsinnkrevjing, vil ressursane direktoratet får frigjort veie opp for desse kostnadene. Det er også grunn til å tru at tvangsmulkta og lovbrotsgebyret vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om direktoratet gjer det.