Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Liberia om opplysninger i skattesaker

Innhold

Til Stortinget

Den 10. november 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Liberia om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 29. oktober 2010. Overeinskomsten ble på vegner av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegner av Republikken Liberia av finansminister Ugustine Ngafuan. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som ville bli utsette for mottiltak.

Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som blir vurdert naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå bankar, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.

For å etablere det juridiske grunnlaget for effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Eit utkast til avtale om opplysningar i skattesaker med Republikken Liberia blir nå lagt fram for underskriving. Utkastet følgjer i det alt vesentlige OECD sin modell.

Avtala skal inngåast på engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei norsk oversetting.

Til dei enkelte materielle føresegnene i avtaleutkasta blir nemnt:

Artikkel 1 har reglar om overeinskomsten sitt verkeområde. På same vis som i artikkel 26 i OECD si mønsteravtale for skatteavtaler fastslår ein her plikta til å hente inn og utveksle alle opplysningar som er overskueleg relevante for fastsetting, likning, innkrevjing og inndriving av dei skattane som overeinskomsten omfattar, så vel som rettsforfølging både i sivile saker og i straffesaker.

Artikkel 2 har på same vis som OECD sin modell ein regel som slår fast at ein part ikkje pliktar å skaffe og oversende opplysningar som er utanfor jurisdiksjonen.

Artikkel 3 fastset at overeinskomsten omfattar alle skattar som blir skrivne ut i Noreg og i Republikken Liberia.

Artikkel 4 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk som blir brukte i overeinskomsten. Overeinskomsten omfattar uttrykkeleg norsk kontinentalsokkel. På same vis som i våre andre skatteavtaler er det slått fast at avtalen ikkje gjeld for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjar OECD-modellen for informasjonsutvekslingsavtaler.

Artikkel 5 bestemmer kva som gjeld når ein ber om opplysningar. Opplysningane skal innhentast etter prinsippa i artikkel 1, og skal utvekslast utan omsyn til om dei tilhøva som blir undersøkt ville vore ei straffbar handling etter lovgivinga i den part som har bede om opplysningane.

  • Etter punkta 2 og 3 skal den part som blir bede nytte alle relevante middel for å innhente opplysningane, om ønskjeleg i form av vitneforklaringar og bekrefta kopiar av originaldokumenta.

  • Etter punkt 4 pliktar partane å sørgje for at dei naudsynte fullmaktene ligg føre til å innhente opplysningar frå bankar, finansinstitusjonar, forvaltarar o.a., og om alle reelle eigartilhøve i selskap, stiftingar og trustar o.a., også om stiftarar, styre og kven som har rettar, og om alle ledd i ei kjede av eigarar. Slike fullmakter ligg føre i norsk lovgiving. Republikken Liberia har nyleg endra lovgivinga si slik at ho nå ikkje skal vere til hinder for at Republikken Liberia kan oppfylle pliktene sine etter overeinskomsten.

  • Punkt 5 gir detaljerte reglar for kva ei anmoding om opplysningar skal innehalde, og punkt 6 set stramme tidsfristar for å sikre raskt svar på ei anmoding om opplysningar.

Artikkel 6 gir høve til at representantar for ein part sine kompetente styresmakter er til stades ved skattundersøkingar i den andre parten.

Artikkel 7 gir uttømmande reglar for når ein part kan avslå ei anmoding om opplysningar, og motsvarer OECD si modellavtale. Artikkelen fastslår at anmodinga må vere i samsvar med overeinskomsten og at eigne høve til å innhente opplysningane må vere uttømde, for å sikre mot såkalla «fisketurar». Yrkesmessig teieplikt er sikra i punkt 3. Dette medfører at ein kan avslå å utlevere konfidensiell kommunikasjon mellom ein advokat og klienten med sikte på å innhente juridiske råd eller å vurdere rettstvist. Eit slikt avslag vil måtte vurderast frå sak til sak og inneber ikkje noko forbod for ein part mot å innhente og oversende slike opplysningar.

Artikkel 8 har føresegner om teieplikt i samsvar med OECD-modellen. Det er bestemt at opplysningar innhenta i medhald av overeinskomsten ikkje kan nyttast til andre formål enn fastsett i overeinskomsten utan uttrykkeleg skriftleg samtykke frå den andre parten.

I artiklane 9–12 er det reglar om kostnader, gjensidige overeinskomstar og ikrafttreding og opphør. For straffbare skattesaker vil avtala få verknad for skattekrav som ligg føre på eller etter den dagen avtala trer i kraft. For sivile saker vil ho få verknad for skattesaker som vedkjem skatteåret som følgjer etter året ho trer i kraft.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Liberia om opplysninger i skattesaker.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Republikken Liberia om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 10. november 2010.

Oslo, i finanskomiteen, den 3. februar 2011

Ulf Leirstein

Christian Tybring-Gjedde

fung. leder

ordfører