Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune. Prosjektet er føresett finansiert med bompengar og statlege midlar. Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet E39 Knutset–Høgset (jf. St.prp. nr. 41 (2007–2008)).

Når prosjektet Knutset–Høgset er ferdig bygd, vil det vera god standard på om lag halvparten av E39 langs nordsida av Batnfjorden. Ein ny veg vidare til Astad vil gje vesentlege gevinstar for bilistar og andre trafikantar. Ved å byggja parsellane Knutset–Høgset og Astad–Knutset i samanheng vil ein samla sett få ei meir effektiv utbygging av strekninga.

Eksisterande veg har dårleg standard med busetnad som ligg tett inntil vegen. Store delar av strekninga har i dag nedsett fartsgrense.

Prosjektet omfattar bygging av ein ny tofelts veg på 5,6 km frå Astad sentrum til Knutset. Den nye vegen blir bygd utanom eksisterande busetnad og vil gje 80-sone på heile strekninga. Bygging av ny veg medfører at det ikkje lenger vil vera nødvendig med ny gang- og sykkelveg langs den eksisterande vegen.

Ein konsekvens av å byggja heile strekninga Høgset–Knutset–Astad i samanheng er at ferdigstillinga av prosjektet Knutset–Høgset vil bli utsett med om lag eitt og eit halvt år.

Utbygginga er planlagt starta vinteren 2011 med forventa trafikkopning i 2013, samtidig med Knutset–Høgset.

Kostnadsoverslaget er 142 mill. 2010-kroner. Netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til ‑90 mill. kroner, med netto nytte per budsjettkrone (NNB) på ‑0,6. Nettonytte over totale kostnader er rekna til ‑0,3. Det er lagt opp til at innkrevjing vil skje både på ny og eksisterande veg via to bomstasjonar nord for Astad.

Den lokalpolitiske handsaminga er omtala i kapittel 4 i proposisjonen.

Bompengeselskapet E39 Knutset–Astad AS blei etablert 19. januar 2010.

Det er lagt til grunn 112 mill. kr i bompengar til prosjektet, noko som inneber at vel 78 pst. av utbyggingskostnadene er føresett dekkja med bompengar.

Finansieringsplanen går fram av tabellen nedanfor:

Finansieringsplan (Mill. 2010-kr)

2010–2013

2014–2019

Sum

Statlege midlar

15

15

30

Bompengar

127

-15

112

Sum

142

0

142

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing i automatiske bomstasjonar på ny og gamal veg. Innkrevjinga startar når prosjektet opnar for trafikk i 2013. Trafikkføresetnadene og føresetnader elles går fram av kapittel 3 i proposisjonen.

Med føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til 12 år. Prosjektet ligg følgjeleg an til å få ein relativt kort nedbetalingsperiode og er robust i høve til endringar i føresetnadene.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn for bompengevurderingane, vil trafikantane betala om lag 200 mill. kroner i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 112 mill. kroner gå til å dekkja anleggskostnader, 22 mill. kroner til innkrevjing og drift av bompengeselskapet og om lag 66 mill. kroner til å dekkja finansieringskostnader.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer ei ordning som gjev fritak eller rabatt for lokalbefolkninga i visse delar av kommunen. Med det opplegget som her er valt, er det god samanheng mellom nytte og betaling. Samferdselsdepartementet finn derfor ikkje å kunna gå inn for fritak eller spesielle rabattordningar.

Fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde 7. desember 2009 følgjande vedtak:

«Fylkestinget vil gi fylkeskommunal garanti for nødvendige bompengelån til bygging av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune.»

Samferdselsdepartementet har ei fullmakt frå Stortinget til å inngå avtaler om forskottering av midlar til vegformål utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, postane 30, 31, 36 og 37. Tradisjonelt er forskotteringar gjort av kommunar, fylkeskommunar, næringsliv m.m. Det er etter kvart også blitt ein del tilfelle der bompengeselskap forskotterer statlege midlar, slik det er forslag om i proposisjonen. Samferdselsdepartementet har til no ikkje rekna forskottering med bompengar inn i dei samla forskotteringane som blir omfatta av fullmaktsgrensa. Samferdselsdepartementet legg opp til å endra denne praksisen. Det er nødvendig å heva fullmakta vesentleg. Samferdselsdepartementet vil derfor koma tilbake med forslag for Stortinget til å heva fullmaktsgrense tidleg i 2011.