Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, frå Framstegspartiet, leiaren Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Senterpartiet, Ola Borten Moe, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til komiteens vedtak, dagsett den 25. mai d.å., om å oppretta sak om Forsvarets bruk av midlar under Norwegian Battle Lab & Experimentation (NOBLE).

Komiteen er nøgd med den innsatsen som Forsvarsdepartementet og Forsvaret sjølve har lagt for dagen for å koma til botnar i denne saka, jf. ikkje minst «Rapport om ytterligere undersøkelser vedrørende Forsvarets kontakt med OCAS-sfæren» (Rapporten), dagsett den 6. mai d.å. Komiteen viser til at rapporten ber til torgs ein hard dom over korleis NOBLE vart drive dei fyrste åra: Forvaltninga var mangelfull, kritikkverdig og langt på veg ute av kontroll. Rapporten viser at kontraktar gjennomgåande var i strid med regelverket. Komiteen viser til forsvarssjef Harald Sunde, som i open kontrollhøyring den 30. september sa at

«NOBLEs kontrakter i perioden fra 2000 til 2005 ble gjennomgått, og avdekket bl.a. at kostnadskontrollen ikke var regulert, anskaffelsesprotokoller ikke ført, det var manglende kompetanse til å inngå kontrakter, og kontraktene ble delt opp for å unngå beløpsgrenser. De 35 kontraktene som ble inngått av NOBLE, var i særlig grad mangelfulle».

Komiteen ser på dette som ei nøktern oppsummering av ein praksis som isolert sett stiller Forsvaret i eit dystert ljos. Komiteen registrerer at forsvarssjefen i den same høyringa uttala at noko liknande ikkje kunne ha skjedd «med dagens systemer og rutiner».

Komiteen viser til at NOBLE i byrjinga var organisert ulikt det som er vanleg: I samband med etableringa av NOBLE vart det oppretta eit styre. Ifylgje rapporten skulle dette «gi organisasjonen rammer for drift og sikre oppdragsfokus og resultatoppfølging» og «opprettholde enkle kommandolinjer». Generalinspektøren for Luftforsvaret, Tomas Colin Archer, vart i rapporten frå forprosjektet tilrådd «som styreformann da han alltid ville være den person som til slutt er ansvarlig», jf. «Norsk Battle Lab Eksperiment NOBLE – rapport & anbefaling», september 2000. Fram til 2005 vart det halde styremøte to gonger i året, stort sett heile tida med Archer som leiar (generalløytnant Torstein Skiaker var styreleiar frå august 2003 til september 2004). Komiteen viser til at det er eit hovudprinsipp at det ikkje skal brukast styre i statlege forvaltningsorgan, og er kritisk til at NOBLE fram til 2005 ikkje var noka avdeling i lineorganisasjonen.

Eit av måla til komiteen har vore å røkja etter korleis Forsvarets kontakt med OCAS-sfæren bokstavleg tala kom ut av kontroll. Komiteen registrerer at forsvarssjef Sunde i open kontrollhøyring tilskreiv styreleiar har vore Tomas Colin Archer eit monaleg ansvar for det som har hendt:

«… det er ikke tvil om, gjennom det skriftlige pålegget som styreleder fikk av forsvarssjefen den gangen, at han både hadde budsjett- og oppdragsansvar og rapporteringsansvar, og derved hviler ansvaret på styreleder».

Komiteen stør denne vurderinga. Samstundes meiner komiteen at heile styret har eit ansvar for det som skjedde – i lag med dåverande forsvarssjef. Dette vart òg stadfest i open kontrollhøyring den 14. oktober med forsvarssjef har vore, Sigurd Frisvold, som presiserte at

«[f]orsvarssjefen har jo et overordnet ansvar for alt som skjer i Forsvaret. Men som sagt ble dette prosjektet organisert sånn at GIL var styreleder, og det var etter forslag fra Luftforsvaret selv. Han drev oppdrags- og ressursdialog med stabssjef i Forsvarsstaben, og under seg hadde han en som styrte prosjektet. Det er ansvarsforholdene».

Komiteen er samd i denne vurderinga.

Komiteen er kjend med at NOBLE-prosjektet låg innanfor forsvarssjefen sine fullmakter, og viser til at prosjektet i særs liten grad var «forankra» hjå politisk leiing i Forsvarsdepartementet. Komiteen er ikkje kjend med at Stortinget vart informert om prosjektet i den aktuelle perioden. I den opne kontrollhøyringa den 30. september uttala derimot statsråd har vore Bjørn Tore Godal at

«[p]å ett eller annet tidspunkt i denne prosessen ville det etter mitt skjønn ha vært naturlig å gi Stortinget en forholdsvis omfattende redegjørelse om omfanget av dette prosjektet».

Forsvarssjef Sunde hevda i den same høyringa likevel at

«[j]eg ville ikke ha sett det som naturlig at Stortinget skulle orienteres om enkeltprosjektenes størrelse. Det ligger langt under det vi betrakter som kategori 1, som er på 500 mill. kr».

Komiteen meiner det hadde vore føremålstenleg om NOBLE-prosjektet tidlegare hadde vore kjent for Stortinget, og vil be Forsvarsdepartementet gå gjennom omfanget av forsvarssjefens fullmakter med sikte på å sikra betre politisk og parlamentarisk kontroll og innsikt i framtida.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, minner om at Stortinget generelt sett «berre kjenner statsråden»: Stortinget kan halda regjering og statsrådar ansvarlege i form av riksrettstiltale, mistillitsvedtak og ulike former for kritikk (daddelvotum og meir uformelle innseiingar). Den kritikkverdige bruken av Forsvarets midlar under NOBLE skjedde medan Kristin Krohn Devold var statsråd i Forsvarsdepartementet. I denne saka meiner fleirtalet for det fyrste at den tidlegare styreleiaren Archer i den opne kontrollhøyringa gav eit oppsiktsvekkjande lite presist bilete av i kva grad, korleis og kor omfattande den dåverande politiske leiinga var informert om, og involvert i, NOBLE-prosjektet. For det andre held fleirtalet fast på at Devold til sjuande og sist hadde ansvaret for det som no er avdekt i høve Forsvarets bruk av midlar under NOBLE.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at det under høringen kom frem at den politiske ledelse ikke var informert om NOBLE-prosjektet hverken under statsrådene Godal, Løwer eller Krohn Devold. Store deler av de feil som ble gjort i prosjektet, skjedde i statsråd Krohn Devolds tid, men disse medlemmer viser til hva Krohn Devold sa under høringen den 14. oktober 2010:

«Jeg hadde også i min tid som statsråd ukentlige møter med forsvarssjefen. Vi hadde vanligvis fredagsmøter, hver uke, og jeg kan ikke huske en eneste gang i løpet av de fire årene jeg hadde møter med forsvarssjefen, at NOBLE var tema på møtene mellom oss».

Og videre:

«… Forsvarsdepartementet har gjort en veldig grundig jobb med å gå igjennom alle notater som har vært produsert i Forsvarsdepartementet i løpet av de elleve årene som har gått siden NOBLE dukket opp på agendaen første gang. Det departementet har funnet, er tre notater som er stilet til meg eller min statssekretær i løpet av de fire årene jeg satt som statsråd.»

Disse medlemmer viser til at denne versjonen ble bekreftet gjennom tidligere forsvarssjef Frisvolds forklaring i høringen 14. oktober 2010. Statsråd Krohn Devold hadde derfor ikke mulighet til å gripe inn i prosjektet i henhold til de fullmakter som var lagt til forsvarssjefen og som hadde eksistert også under tidligere politisk ledelse.

Komiteen meiner at det er lite tillitvekkjande at ingen av dei ansvarspersonane som var innkalla til høyringa, og som var i posisjon i den aktuelle perioden, tok ansvar for dei forholda som har kome fram. På sitt vis kan det vera med på å forklara at dette var mogleg. Men komiteen er klår på at kontakten mellom NOBLE og spesielt den såkalla «OCAS-sfæren» står fram som særs kritikkverdig: I stutte drag har Forsvaret over ein periode på fem år tilført desse selskapa over 140 mill. kroner – langt på veg til ingen nytte for Forsvaret og i strid med gjeldande regelverk. Komiteen forstår og har respekt for at eksperimentering – som var definerande for verksemda til NOBLE – inneber risiko og uvisse, men meiner like fullt det er oppsiktsvekkjande at offentlege midlar i dette tilfellet synest vera bortkasta. Komiteen legg vekt på at Forsvaret er avhengig av tillit. Difor må forvaltninga vera forsvarleg, samarbeidet med private aktørar profesjonelt, ressursbruken effektiv og – ikkje minst: Krav til rekneskap og dokumentasjon skal vera innfridde. Komiteen meiner undersøkingane har vist at alt dette var fråverande i denne saka. Såleis vert Forsvarets bruk av midlar under NOBLE eit grelt døme på sterk kritikkverdig og like uakseptabel framferd. Komiteen legg til grunn at denne saka var spesiell og ikkje representativ for Forsvaret i stort, men vonar saka medverkar til lærdomar som minskar sjansane for liknande vanvyrdnad for regelverk og god forvaltningsskikk i framtida. Komiteen har merka seg at både statsråd Faremo og forsvarssjef Sunde la vekt på nett dette i den opne kontrollhøyringa den 30. september, og seier seg nøgd med det.

Komiteen har merka seg at statsråd Faremo i høyringa den 30. september uttala at

«[i] invitasjonen til denne kontrollhøringen framkom det at komiteen bl.a. ønsket å få belyst mulig kryssfinansiering og eventuell sammenblanding av tilskudd og lån fra Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og Innovasjon Norge. Dagens Næringsliv har fremmet påstand om kryssfinansiering av militær og sivil teknologi. Forsvarets undersøkelser har ikke kunnet slå fast at dette har vært tilfellet, men kan heller ikke utelukke muligheten for at det har skjedd.»

Komiteen fester derimot lit til at Forsvarsdepartementet fylgjer opp desse spørsmåla på eigna vis, og viser til statsråd Faremos utsegner om dette i den opne kontrollhøyringa den 30. september.

Komiteen er kritisk til at spørsmåla omkring kryssfinansiering og eventuell samanblanding av tilskot og lån tilsynelatande ikkje kan få noko endeleg svar. Dette kjem dels av dei manglane som hefta ved kontraktane mellom NOBLE og OCAS-sfæren. I tillegg er viktige opplysningar og informasjon knytt til samspelet mellom OCAS AS og Innovasjon Noreg unnateke offentlegheit, jf. offentlegforskrifta. Komiteen meiner dette unnataket frå verkeområdet til offentleglova reiser prinsipielle problem knytte til Stortingets kontrollfunksjon. Komiteen legg til grunn at regjeringa nøye vurderer å endra offentlegforskrifta slik at det vert mogleg å stilla dokumentasjon til rådvelde for statlege styringsmakter ved mistanke om utilbørlege økonomiske forhold. Komiteen meiner at det er urovekkjande at informasjonen som Innovasjon Noreg i dette tilfellet har, ikkje vert stilt til rådvelde for Forsvaret i arbeidet med å koma til botnar i saka.

Under handsaminga av denne saka fann komiteen det føremålstenleg òg å kalla Luftfartstilsynet til høyring. Utgangspunktet var spørsmålet om det har vore utidig samrøre mellom tilsynet og OCAS AS – til meins for selskap som konkurrerer med OCAS AS. Komiteen har merka seg at Luftfartstilsynet utforma utkast til forskrift for merking av luftfartshinder som openbert og utan blygsel hadde gjeve éin aktør i marknaden betydelege fortrinn. Dessutan uttala direktøren i Luftfartstilsynet, Heine Richardsen, i høyring mellom anna at

«[v]i (Luftfartstilsynet) hadde en inspektør hos oss som var ute med OCAS for å teste OCAS’ anlegg. På returen fløy man inn i Proturas anlegg. Det var ikke en initiert testflight fra Luftfartstilsynet. Det har vært en intern personalsak hos oss, og den ble behørig behandlet internt hos oss.»

Komiteen meiner det kan kritiserast at tilsette hjå Luftfartstilsynet har medverka til det som kan oppfattast som undergraving av ein konkurrent til OCAS AS. Seinare har Luftfartstilsynet trekt tilbake Proturas tekniske godkjenning to gonger. Komiteen finn grunn til å stilla spørsmål ved framferda til Luftfartstilsynet i desse sakene. Komiteen har merka seg at Luftfartstilsynet tek dette på alvor og har hatt interne prosessar for å rydda opp. Komiteen legg derimot vekt på at Luftfartstilsynet – til liks med andre statlege tilsyn – er avhengig av tillit både i ålmenta og mellom dei aktørane som aktivt samverkar med tilsynet. Komiteen vil difor be Samferdsledepartementet på eigna vis granska tilhøvet mellom Luftfartstilsynet, OCAS AS og Protura/Cordina.

Komiteen viser til at under handsaminga av sak om Forsvarets bruk av midlar under NOBLE har omtale av grunnlovsparagraf 75 h vist seg å vera naudsynleg for at komiteen skulle få alle inviterte til å møta til open kontrollhøyring. Komiteen meiner dette aktualiserer eit nytt ordskifte om innkallingsretten.