Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2010 i samsvar med pkt. 2 i proposisjonen.

Ordinær løyving i saldert budsjett 2010 var 1 750 mill. kroner. På grunnlag av utrekningar og prognose etter utbetalingane for dei tre første terminane i 2010 vart løyvinga redusert med 50 mill. kroner, til 1 700 mill. kroner, i samband med revidert nasjonalbudsjett 2010. Reduksjonen i tilskotsutbetalingane i høve til anslaget i revidert nasjonalbudsjett 2010 kjem av fleire faktorar. Mest utslagsgivande er at færre sjøfolk enn venta har vore omfatta av nettolønsordningane, mindre lønstillegg, og at fleire skip har ligge i opplag eller på anna måte har vore uverksame i perio-den.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 150 mill. kroner, frå 1 700 til 1 550 mill. kroner.

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA vert utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det òg vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Som følgje av dette blei løyvinga redusert med 15,2 mill. kroner ved Stortinget si handsaming av Prop. 125 S og Innst. 350 S (2009–2010). Etter ny justering gjer ein no framlegg om at løyvinga blir redusert med ytterlegare 7,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner, frå 130,2 til 122,3 mill. kroner.

Deltaking i internasjonal romverksemd vert utbetalt i euro og amerikanske dollar. Valutakursane har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2010.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, frå 404,2 til 382,2 mill. kroner.

Kontingenten for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo vert utbetalt i euro. Valutakursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Samstundes har det vore endringar i oppkallinga av kontingent frå Europakommisjonen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,5 mill kroner, frå 119,9 til 126,4 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma, m.a. nasjonale ekspertar, nasjonale sekretariat og kontaktpunkt, utgreiingar og evalueringar. Basert på endeleg budsjett frå Europakommisjonen frå juli 2010, faktisk innbetalt kontingent for dei aktuelle programma til endra eurokurs og prognose for følgjeutgifter resten av året kan løyvinga reduserast med 12 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, frå 56 til 44 mill. kroner.

På statsbudsjettet for 2010 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 14,2 mill. kroner, frå 10,7 til 24,9 mill. kroner.

I eit brev til Nærings- og handelsdepartementet i februar 2009 bad styret i Statkraft om ei styrking av kapitalen til selskapet i form av eit kapitalinnskot på 8 mrd. kroner og ei justering av utbytepolitikken overfor selskapet med ein utbyteandel lågare enn 75 pst. Til saman skulle dette leggje til rette for eit investeringsprogram på om lag 90 mrd. kroner. Bakgrunnen for oppmodinga var eit ønskje om å realisere styret sitt forslag til investeringsstrategi for selskapet i perioden 2009–2015. Dette er spørsmål som departementet og regjeringa har vurdert grundig i 2009 og 2010.

Statkraft fatta i juni 2010 vedtak om ein strategi fram mot 2015 som er meir fokusert samanlikna med strategien som blei lagt fram i februar 2009. Strategien medfører at Statkraft framover i større grad vil ha fokus på kjerneverksemda knytt til fleksibel kraftproduksjon og vindkraft i Nordvest-Europa. I tillegg vil selskapet investere i vasskraft i Søraust-Europa og i enkelte land med raskt veksande økonomiar i Sør-Amerika og Asia.

Det nye styret vart oppmoda om å gjere ein ny gjennomgang av kapitalbehovet.

I brev til departementet av november 2010 viser styret til at det er eit betydeleg potensial for verdiskaping i Statkraft innanfor hovudretninga som ligg til grunn for strategien frå juni 2010. For å ha finansiell kapasitet til å kunne realisere dette potensialet ber styret om eit eigenkapitalinnskot på 14 mrd. kroner. Selskapet har då lagt til grunn eit utbyte på om lag 80 pst. Dette inneber eit investeringsprogram på om lag 82 mrd. kroner. Justert for metodeendringar i modelleringa er dette ein reell nedgang på over 20 pst., målt mot investeringsplanen frå februar 2009.

Statkraft vil halde fram med å utvikle ein forretningsmodell med vekt på miljøvenleg og fleksibel kraftproduksjon og energihandel. Statkraft vil vidare utvikle verksemda innanfor vindkraft rundt Nordsjøen, og utanfor Europa vil Statkraft utvikle vasskraftproduksjonen i SN Power.

I Noreg har Statkraft høge ambisjonar knytt til innovasjon og nyskaping og vil også støtte opp under ei god utvikling i dei regionale kraftselskapa innanfor miljøvenleg energi. Etter kommersielle vurderingar har Statkraft også bestemt å gå ut av solkraft og å leggje ned ambisjonane om utvikling av nye energiformer som bølge- og tidevasskraft. Statkraft har også lagt til side planar om eventuelle oppkjøp i regionale kraftselskap og om eit eige engasjement innanfor nettverksemd.

Meir konkret medfører den strategien styret har vedteke ei satsing på følgjande hovudområde: Europeisk fleksibel kraftproduksjon og marknadsoperasjonar, internasjonal vasskraft, vindkraft, fjernvarme, småkraft og innovasjon, og regionale selskap.

Statkraft er eit av dei viktigaste og mest verdifulle selskapa staten eig. Statkraft forvaltar betydelege norske vasskraftressursar som regjeringa ønskjer skal komme heile samfunnet til gode gjennom avkastinga frå verksemda.

Selskapet er i dag den største produsenten av fornybar energi i Europa.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å utvikle Statkraft som ein motor innanfor fornybar energiproduksjon og å vidareutvikle kompetansen som Statkraft i dag har knytt til miljøvenleg energi. Regjeringa ønskjer å kapitalisere vidare på dei midlane som staten alt har investert i Statkraft, til utviklinga av norsk miljøvenleg energikompetanse. Regjeringa ønskjer vidare å bidra til tilgang på rein fornybar energi i raskt veksande økonomiar gjennom å leggje til rette for at Statkraft har finansielle rammer til å gjere lønsame investeringar gjennom SN Power.

Det er regjeringa si vurdering at Statkraft bør styrke sine posisjonar innanfor vass- og vindkraftproduksjon og i mindre grad bør engasjere seg i gasskraftproduksjon utan renseteknologi framover. Regjeringa legg i samband med dette til grunn at ei tilføring av ny kapital ikkje vert nytta til investeringar i kolkraft eller atomkraft og heller ikkje vert nytta til oppkjøp av nye gasskraftverk.

Som det går fram av eigarskapsmeldinga frå 2006, jf. St.meld. nr. 13 (2006–2007), er hovudoppgåva til Statkraft å vere ein effektiv produsent av kraft i Noreg. Regjeringa meiner at dette framleis bør vere hovudoppgåva for verksemda. Av konkurranseomsyn har Statkraft svært begrensa rom for auka engasjement innanfor kraftproduksjon i Noreg. Vekst og utvikling av selskapet må derfor i stor grad skje gjennom auka engasjement internasjonalt. Regjeringa legg her til grunn at ny kapital ikkje skal nyttast til fleire oppkjøp i regionale kraftselskap i Noreg.

Samstundes er regjeringa opptatt av at større satsing utanfor Noreg må underbyggje Statkraft si verksemd i Noreg. Regjeringa forventar at den kompetansen som selskapet opparbeider gjennom internasjonale engasjement innanfor fornybar energi, til dømes innanfor hav- og landbasert vindkraft, også blir tatt i bruk i Noreg når dette er forretningsmessig lønsamt.

Regjeringa viser til dei kommersielle vurderingane den internasjonale investeringsbanken Nomura har gjort på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet, om at ytterlegare investeringar frå staten i Statkraft vil kunne vere verdiaukande for staten som eigar, jf. omtale i proposisjonen. Regjeringa er også opptatt av at Statkraft skal inngå partnarskap for å dele risiko i investeringane utanfor kjerneverksemda i Nordvest-Europa.

Med bakgrunn i vurderingane over gjer regjeringa framlegg om at eigenkapitalen i Statkraft blir styrkt med 14 mrd. kroner. Regjeringa legg til grunn at dagens utbytepolitikk vert ført vidare.

Regjeringa sitt forslag inneber finansiell tilrettelegging for gjennomføring av selskapet sin strategi gjennom auke av staten sin innskotskapital i Statkraft SF. Auka kapitalinnskot i Stakraft SF til styrking av eigenkapitalen inneber i realiteten at utbytet i 2010 skal førast tilbake til selskapet. For å få fram eit korrekt uttrykk for det oljekorrigerte underskotet før lånetransaksjonar i statsbudsjettet, foreslås derfor det allereie utbetalte utbytet på 4 189 mill. kroner ført tilbake til selskapet ved at løyvinga under kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting, post 85 Utbyte, reduserast med 4 189 mill. kroner. I tillegg foreslås 9 811 mill. kroner løyvd på kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap, ny post 95 Kapitalinnskot. Til saman utgjer desse løyvingane 14 mrd. kroner.

Auken av eigenkapitalen i selskapet vil bli vedteke i ekstraordinert føretaksmøte etter at Stortinget har gjort dei nødvendige løyvingsvedtaka.

Stortinget vedtok 15. juni 2007 å utvide den statlege garantiramma for miljø- og forureiningsansvaret etter verksemda til Raufoss ASA frå 50 til 90 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006–2007). Eit eige prosjekt i regi av Raufoss Industripark gjennomfører miljøtiltaka, med grunnlag i pålegg frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) til Raufoss Næringspark ANS. Oppryddinga i samsvar med gitte pålegg frå Klif er venta sluttført i 2010. Med bakgrunn i brev frå Klif av 20. august 2010 vil truleg Klif komme med pålegg om vidareføring av tiltak og overvaking av grunnvatn og overvatn knytt til historisk forureining på Raufoss Industripark. Ifølgje statens miljørådgivar vil eit nytt pålegg frå Klif til Raufoss Næringspark ANS føre til kostnader på om lag 34 mill. kroner fram til 2014. For å kunne oppfylle gjeldande og eit framtidig pålegg frå Klif foreslås ramma for det statlege garantiansvaret utvida til 124 mill. kroner i statsbudsjettet for 2010.

På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 16,2 mill. kroner til refusjonar for 2010. Vidare gjer departementet framlegg om å utvide den statlege garantiramma for miljø- og forureiningsansvar på Raufoss frå 90 til 124 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 blei det løyvd 67 mill. kroner til tapsavsettingar i samband med at ramma for innivasjonslån blei auka med 200 mill. kroner øyremerkt for maritime næringar. Det ligg ikkje an til at låneramma vil bli nytta fullt ut. Det same gjeld dermed òg det tilhøyrande tapsfondet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med 16 mill. kroner, frå 460 til 444 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet vurderer det no slik at det vil vere meir formålstenleg å endre forholdet mellom ramma for landsdekkande innovasjonslån og ramma for garantiar for lån til realinvesteringar og driftskapital.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke ramma for lands-dek-jande garantiar med 30 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III, mot ein tilsvarande reduksjon i ramma for innovasjonslån. Forslaga ovanfor inneber dermed å redusere ramma for innovasjonslån med til saman 80 mill. kroner, til 620 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak IV.

Innlån og avdrag har blitt auka i 2010 fordi Innovasjon Norge har tatt opp meir kortsiktige lån enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2010. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,05 mrd. kroner, frå 45,9 til 46,95 mrd. kroner.

Løyvinga omfattar gebyr for utsteding av maritime personellsertifikat. På grunnlag av innbetalte gebyr hittil i år og prognose for innbetaling i resten av året, reknar Sjøfartsdirektoratet med at det blir svikt i gebyrinntekta under posten med om lag 4 mill. kroner. Årsaka til dette er at vesentleg færre har teke obligatorisk båtførarløyve i 2010 enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 4 mill. kroner, frå 15 til 11 mill. kroner.

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421 post 90 ovanfor. Som følgje av opptak av meir kortsiktige lån enn lagt til grunn i saldert budsjett, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 2,3 mrd. kroner, frå 43,8 til 46,1 mrd. kroner.

Bubehandlinga etter konkursen i Såkorninvest Innlandet AS er avslutta. Innovasjon Norge sitt lån til selskapet var opphaveleg på 30 mill. kroner, med eit tilhøyrande tapsfond på 7,5 mill. kroner. Tapsfondet blei fullt utnytta. Etter konkursbehandlinga fekk Innovasjon Norge ein dividende på 2,4 mill. kroner. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2010 blei det løyvd 23,8 mill. kroner (under kap. 2421 post 51) til dekking av tap knytt til konkursen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntektsløyving på 30 mill. kroner knytt til tilbakebetaling av lån til Såkorn-invest Innlandet AS.

GIEK tok i mai 2009 opp eit lån i statskassa på 104 mill. kroner for å dekkje erstatningsansvar under garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien. Lånet skulle betalast tilbake fortløpande når fordringane som følgje av erstatning heilt eller delvis er dekt inn, eller eventuelt gjennom premieinntektene dersom det er likviditet under garantiordninga. Lånet blei fullt ut gjort opp i mai 2010.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke inntektsløyvinga med 103,9 mill. kroner, frå 0,1 til 104 mill. kroner. Renter vert inntektsført under kap. 5614 post 80.

I 2009 fekk Investinor AS eit resultat etter skatt på 51 mill. kroner, som følgje av finansielle plasseringar. Ifølgje retningslinene for utøving av eigarskapet i selskapet skal utbytet fastsettjast til 75 pst. av årsresultatet, avgrensa oppover til innskotskapitalen multiplisert med rentesatsen på staten sin kapital. Rentesatsen for staten sin kapital i investeringsselskapet skal vere lik den gjennomsnittlege renta på femårs statsobligasjonslån. Utbyte i 2009, til utbetaling i 2010, er ut frå dette 38,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntektsløyving på 38,3 mill. kroner under ny post 87.

Regjeringa gjer framlegg om auking av eigenkapitalen i Statkraft SF med 14 mrd. kroner, jf. nærare omtale under kap. 950 post 95. 4 189 mill. kroner av auken vert dekt ved at selskapet får ført tilbake utbetalt utbyte i 2010.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5656 post 85 med 4 189 mill. kroner, frå 9 050 til 4 861 mill. kroner.

Resultatet for Alminnelig garantiordning for 2010 vil venteleg liggje vesentleg under anslaget i budsjettet for 2010. Årsaka er at fleire nye garantiar er blitt innvilga enn det som elles har vore normalt. Avsettingane blir då høge, og fordi betalingane frå eksportørane ikkje blir bokført med ein gong, men blir ført over heile løpetida til garantipolisen, blir resultatet negativt. I Prop. 1 S (2009-2010) var prognosen eit positivt resultat på 10 mill. kroner. Resultatet i første halvår viser som følgje av dei mange garantiane eit underskot på 406 mill. kroner. GIEK går no gjennom rekneskapsprinsippa sine for å vurdere om avsettingar og inntekter bør bli bokført på ein annan måte.