Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)

  • lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester (arbeidsmarknadslova)

  • lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.

I proposisjonen blir desse endringane foreslått på bakgrunn av budsjettforslag for 2011 og innføringa av ny alderspensjon:

  • endre kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar slik at svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar og foreldrepengar blir tekne med i kvalifikasjonsgrunnlaget

  • oppheve særreglane for dagpengemottakarar over 64 år

  • fjerne samordning av dagpengar og arbeidsavklaringspengar mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor

  • avklaring av forholdet mellom alderspensjon, AFP og sjukepengar, slik at arbeid ved sida av fleksibel alderspensjon og ny AFP i privat sektor gir rett til sjukepengar etter vanlege reglar, mens AFP som blir sett ned i forhold til arbeidsinntekt eller arbeidstid berre gir rett til sjukepengar ved uttak av delpensjon.

I tillegg blir det foreslått nokre mindre endringar i moglegheita til å få arbeidsavklaringspengar under sjukdom når ein ikkje får aktiv behandling m.m.

Det blir også foreslått enkelte lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, arbeidsmarknadslova og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga.

Regjeringa vil komme tilbake til forslaget om å krevje inntektsbortfall for rett til arbeidsavklaringspengar og uførepensjon etter fylte 62 år som er nemnd i Prop. S 1 (2010–2011).

Det blir foreslått å endre kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar under arbeidsløyse slik at foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar tel som arbeidsinntekt i kravet til minsteinntekt for dagpengar under arbeidsløyse for nye tilfelle, jf. lovforslaget til folketrygdlova § 4-4.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2011. Forslaget inneber at fleire kan få rett til dagpengar, noko som er anslått å gi auka utbetalingar på om lag 69 mill. kroner i 2011. Talet vil auke når endringa er fullt fasa inn, og på usikkert grunnlag er aukinga berekna til om lag 100 mill. kroner i 2012. Det er ikkje venta større administrative konsekvensar.

Det blir foreslått å oppheve dei særreglane etter folketrygdlova § 4-17 som no gjeld for dagpengemottakarar på 64 år eller meir.

Endringa blir venta å gi ei økonomisk innsparing i 2012 på om lag 145 mill. kroner. Det er ikkje venta nemneverdige administrative konsekvensar.

Det blir foreslått at dagpengane ikkje skal samordnast mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor, og at arbeidsavklaringspengane ikkje skal samordnast mot alderspensjon.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2011.

Forslaget om å oppheve samordningsreglane mot alderspensjon etter folketrygdlova vil ikkje føre til at det blir gitt dagpengar eller arbeidsavklaringspengar i andre tilfelle enn i dag. Endringane vil soleis ikkje føre til auka utgifter til dagpengar eller arbeidsavklaringspengar.

Når det gjeld samordning av dagpengar og AFP, fører endringane til at det kan bli gitt dagpengar i fleire tilfelle enn i dag. Ein har ikkje grunnlag for å kunne seie kor mange som vil ta ut alderspensjon og ny AFP i privat sektor samtidig som dei får dagpengar. Det er derfor ikkje mogleg å rekne på kva økonomiske konsekvensar denne endringa har.

Det blir lagt til grunn at endringane ikkje vil ha administrative konsekvensar.

Det skal innførast fleksibel pensjonsalder mellom 62 og 75 år frå 1. januar 2011. Det gjer at ein kan velje uttakstidspunkt for pensjon og har fullt høve til å kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan avkorting. Det blir foreslått at ein skal kunne få sjukepengar etter vanlege reglar fram til fylte 67 år også når ein har teke ut alderspensjon. Det blir foreslått at ein held fram med å gi sjukepengar i inntil 60 dagar til personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt over to gonger grunnbeløpet, men at ein skal gi denne avgrensa sjukepengeretten uavhengig av om den sjukmelde har teke ut alderspensjon eller ikkje. Det blir foreslått at det som i dag, ikkje blir gitt sjukepengar til personar over 70 år.

Det blir foreslått òg ei klar regulering av sjukepengeretten for personar med avtalefesta pensjon (AFP). Personar med AFP etter dei nye reglane i privat sektor vil få sjukepengar etter dei same reglane som personar med alderspensjon frå folketrygda, mens personar med AFP etter dei gamle reglane får sjukepengar etter dei same reglane som i dag. Desse reglane skal også gjelde for personar med offentleg AFP. Pensjonsretten for begge gruppene med AFP blir regulert i § 8-52.

Moglegheita for å få utbetalt både alderspensjon og korttidsytingar som for eksempel sjukepengar medfører utfordringar for pensjonsreforma sin verkemåte. Det vises til Prop. 1 S (2010–2011) frå Arbeidsdepartementet der problemstillinga er nærmare vurdert. Det er òg varsla eit høyringsnotat våren 2011 med ein brei gjennomgang av regelverket for korttidsytingane for personar over 62 år og korleis forholdet mellom korttidsytingane og alderspensjonen for denne aldersgruppa bør vere.

Det blir vist til forslag om endring i folketrygdlova § 8-3, § 8-12 fjerde ledd og §§ 8-51 og 8-52.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2011.

Endringa vil ikkje føre til auka utgifter til sjukepengar da forslaget skal sikre at yrkesaktive får tilnærma den same retten til sjukepengar som etter gjeldande reglar. Forslaget til endringar kan gi noko meirarbeid i startfasen før ein får maskinelle løysingar på plass.

Det blir foreslått at retten til å få arbeidsavklaringspengar sjølv om ein ikkje får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta tiltak eller liknande skal avgrensast til seks månader.

Det blir også foreslått at personar som tidlegare har mottatt sjukepengar etter kapittel 8 i til saman 248, 250 eller 260 sjukepengedagar i løpet av dei siste tre åra (§ 8-12), og igjen blir arbeidsuføre mens dei er i arbeid, skal kunne få arbeidsavklaringspengar i inntil seks månader.

Det blir foreslått at endringa trer i 1. januar 2011.

Forslaget om å avgrense perioden der ein kan få arbeidsavklaringspengar etter unntaksreglane i § 11-13 vil kunne føre til ei beskjeden innstramming saman-likna med dagens regelverk. Forslaget om å gi ein ny unntaksregel vil kunne medføre ein beskjeden auke samanlikna med dagens regelverk. Endringane vil ikkje medføre administrative konsekvensar.

Innleiinga til folketrygdlova («Hvordan folketrygdloven er oppbygd») blir foreslått retta opp i samsvar med innføringa av arbeidsavklaringspengar.

Det blir foreslått endringar i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11 for å gjere det klårt at det er brutto løn som skal reknast som arbeidsinntekt.

Det blir foreslått at «juni» i § 4-26 første ledd bokstav d blir retta til «juli».

Etter folketrygdlova § 8-3 tredje ledd «ytes ikke sykepenger fra det tidspunktet det er godtgjort at yrkesaktiviteten skulle vært avsluttet fordi vedkommende har nådd pensjonsalderen, eller har trukket seg tilbake fra yrkeslivet.».

I det nye pensjonssystemet, der ein kan ta ut alderspensjon frå folketrygda fleksibelt i alderen 62–75 år, forsvinner omgrepet fast pensjonsalder. Det foreslåas derfor at «har nådd pensjonsalderen» skal takast ut av § 8-3 tredje ledd.

I forskrift om arbeidsretta tiltak mv. av 11. desember 2008 nr. 1320 er arbeidsmarknadstiltak erstatta av «arbeidsretta tiltak». Omgrepet blei også brukt i kapittel 11 i folketrygdlova. Ved ein feil står det i likevel «arbeidsmarkedstiltak». Det blir foreslått at § 11-14 første ledd andre punktum blir endra i samsvar med dette.

I § 12-12 om revurdering av uføregraden andre ledd tredje punktum finst det ein særskilt regel for mottakarar av tidsavgrensa uførestønad. Tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta av arbeidsavklaringspengar. Det blir derfor foreslått at § 12-12 andre ledd tredje punktum blir oppheva.

Det blir foreslått at det blir presisert i ny § 22-3 b i folketrygdlova at grunn- og hjelpestønad til barn i fosterheim skal utbetalast til fosterforeldra.

Folketrygdlova § 22-15 tredje ledd gir heimel for å krevje tilbake attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad og dagpengar i tilfelle der mottakaren har fått etterbetalt løn eller erstatning for løn for tidsrom det allereie er utbetalt ytingar frå trygda for.

Attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta med arbeidsavklaringspengar. Personar som hadde rett til dei ytingane som blei erstatta får arbeidsavklaringspengar berekna etter overgangsreglar.

Det finst ikkje tilsvarande reglar for mottakarar av rehabiliteringspengar. Bakgrunnen for det er at det ikkje var heimel for å redusere rehabiliteringspengane pga. løn eller anna godtgjersle frå arbeidsgjevar. Etter § 11-19 skal alle økonomiske ytingar frå nove-rande og tidlegare arbeidsgjevarar som blir gitt i samband med overgang til arbeidsavklaringspengar eller i samband med oppseiing, fråtreden eller reduksjon av arbeidstid, føre til at arbeidsavklaringspengane blir reduserte med same beløp. Ein meiner derfor at det også må vere ein korresponderande heimel for å krevje tilbake arbeidsavklaringspengar som er utbetalte på feil grunnlag. Det blir foreslått derfor endringar i § 22-15.

I arbeidsmarknadslova § 19 er det gitt reglar om opplysingsplikt overfor Arbeids- og velferdsetaten. Ved ein feil fall arbeidsgivarane ut av opplistinga i § 19. Det blir foreslått at arbeidsgivarane blir tekne inn igjen i § 19.

Stortinget vedtok 18. desember 2009 lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, jf. handsaminga av Prop. 13 L (2009–2010), jf. Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. jf. Innst. 87 L (2009–2010).

Etter at vedtak var fatta og lova var trådd i kraft, blei det oppdaga feil i lovteksten.

I § 29 Kvalifiseringsprogram, er det reglar i første ledd om kven som er målgruppa for deltaking i programmet. Her står det:

«[…] og ingen eller begrensede ytelser til livsopphold […]».

§ 5A-1 i lov om sosiale tjenester mv., som regelen er ein direkte vidareføring av, lyder:

[…] og ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold […].

Sjølv om ordet «svært» er borte allereie i utkastet til lovteksta i høyringsnotatet, har det ikkje vore meininga å endre dette kriteriet. Dette kjem fram i både høyringsnotatet, og i proposisjonane.

Det går fram at det aldri har vore lovgivar si meining å endre vilkåret om at ein for å ha rett til kvalifiseringsprogram skal ha:

«ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold etter folketrygdloven eller arbeidsmarkedsloven.»

Det blir foreslått at ordet «svært» blir teke inn i lovteksten, slik at regelen blir som han var før 1. januar 2010, og slik lovgivar hadde tenkt.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft straks. Forslaga har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.