Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Bendiks H. Arnesen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne
Strøm og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Oskar J. Grimstad, Henning
Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bjørn
Lødemel og Siri A. Meling, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre
Serigstad Valen, fra Senterpartiet, lederen Erling Sande, og fra
Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, viser til
at Midt-Noreg er eit område med stort kraftunderskot, og at det
dei næraste åra vil auke ytterligare grunna vidareutbygging av m.a.
Ormen Lange-anlegget på Nyhavna i Aukra. Komiteen viser
til at eige prisområde er eit av tiltaka ein har innført for å få
naudsynt kontroll med totalforbruket i regionen under periodar med
stort forbruk. Den manglande nettkapasiteten og dermed straumknappheit
har ført til svært høge straumprisar delar av året.
Komiteen viser til at to gonger
dei siste 12 åra har ein vore på grensa til rasjonering, og at større industrietableringar
er umogleg å realisere grunna den anstrengde nettsituasjonen. Komiteen meiner
difor det er maktpåliggande å raskast mogleg styrke innmatingskapasiteten
mot Midt-Noreg.
Komiteen viser til at Noregs
vassdrags- og energidirektorat (NVE) vedtok i juni 2009 å gi Statnett
konsesjon for bygging og drift av ein 420 kV kraftline mellom Ørskog
og Sogndal. Vedtaket la til grunn at lina skulle byggast som luftline
heile vegen.
Komiteen viser til at det er
av stor betydning å få forsterket innmatingskapasiteten mot Midt-Norge.
Midt-Norge er et område med underskudd på kraft, og vil i de nærmeste
årene ha økende kraftunderskudd. Dagens overføringskapasitet inn
mot regionen er ikke tilpasset det forbruket som Midt-Norge vil
ha fremover. Samtidig er det behov for å få transportert ut ny fornybar
energiproduksjon fra vind- og vannkraft både i Sogn og Fjordane
og Møre og Romsdal. I den sammenheng står kraftframføringen mellom
Ørskog og Sogndal helt sentralt.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser
til at Olje- og energidepartementet har bedt om en rekke utredninger
og søknader vedrørende trasévalg, basert på innspill og klager i
saken. I tillegg vil erfaringene fra de eksterne utvalgene som gjennomgår ulike
sider ved kraftfremføringen Sima-Samnanger bli trukket med i beslutningsgrunnlaget
i klagesaken om kraftfremføringen mellom Ørskog og Sogndal. Den
gjennomgang som nå foretas, ligger innenfor rammene av den konsesjonsbehandling
som Stortinget har bestemt ved lov og vil på en god måte gi den
åpenhet og det innsyn i forvaltningen som forslagsstillerne etterspør.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at den planlagde
kraftlinja også vil vere avgjerande for å utløyse ny fornybar kraftproduksjon
i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Desse medlemene viser til at
Statnett seier nei til all ny fornybar kraft på Nordvestlandet før Ørskog-Fardal
er på plass på grunn av manglande nettkapasitet. Dette inneber at
mange planlagde prosjekt som kan gje auka lokal verdiskaping og
styrke forsyningssikkerheita er sett på vent. Det er småkraftverk
som har det dominerande vekstpotensialet.
Desse medlemene peikar på at
medan det i Trøndelag og mesteparten av Møre og Romsdal er eit betydeleg
kraftunderskot, så er det eit stort kraftoverskot i Sogn og Fjordane,
og potensial for enda meir kraftproduksjon. Desse medlemene peikar
på at den kapasiteten som Ørskog–Fardal vil gje er nødvendig både
for fornybar satsing og for å legge til rette for ny industrietablering
på Nordvestlandet.
Desse medlemene viser til at
den omtalte løysinga har vore omstridd og protestane har vore massive
på deler av strekninga. Samstundes har det vore brei semje om at
linja må på plass og det raskt. Mange er likevel framleis kritiske
til deler av linjevalet og vil ha kraftlinja flytta, eller i kabel
i område nær busetnad og over fjordkryssingar. Mest konflikt ligg
det i området Hjørundfjorden og vidare nordover mot Sykkylven, samt
fjordspennet over Storfjorden som er innløpsfjorden til verdsarvområdet
i Geiranger.
Desse medlemene viser til at
grunna motstand mot konsesjonsgitt løysing ba Olje- og energidepartementet
Statnett i desember 2009 om to ekstrautgreiingar; ei om transformatorstasjon i
Sykkylven kommune, og ei om sjøkabel frå Ørskog med ilandføring
ved Store Standal. Statnett skriv i februar 2010 til Olje- og energidepartementet
at båe alternativ er teknisk moglege, men Statnett «kan ikke se
at det er vesentlige miljømessige fordeler med en kabelløsning som kan
forsvare merkostnaden ved dette alternativet».
Desse medlemene viser til at
strekningar med sjøkabel ikkje gir moglegheit til levering av straum
frå lokale mini- og småkraftverk som mange ønskjer å bygge.
Desse medlemene viser vidare
til at det i november 2010 kom ny melding frå Statnett:
«Statnett vil i løpet av de neste ukene sende en tilleggskonsesjonssøknad
til NVE på Ørskog-Fardal prosjektet, etter anmodning fra Olje- og energidepartementet
den 10.05.10 hvor Statnett ble bedt om å søke nytt hovedalternativ
med transformering i Sykkylven og tilhørende sanering av eksisterende
ledningsnett. Søknaden er et svar på OEDs anmodning av 10.05.10.
Statnett
SF søker om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse
for en ny 420/132 kV transformatorstasjon i Sykkylven kommune med
tilhørende sanering aveksisterende 132 kV-ledning Ørskog – Sykkylven
– Haugen, inkl sanering av dagens Sykkylven transformatorstasjon
ved Haugset. Søknaden omfatter to alternative stasjonslokaliseringer,
samt mindre justeringer av 420 kV traséen for inn- og utføring til
transformatorstasjonen. Statnett SF søker i tillegg på vegne av
Tussa Nett AS om omlegging av eksisterende 132 kV-ledning til Stranda
og flytting av 132/22 kV transformeringen fra dagens Sykkylven transformatorstasjon
ved Haugset til ny 420/132 kV transformatorstasjon i Sykkylven.
I Ørskog transformatorstasjon søkes det på ytterligere en transformator
T2, samt to nye 132 kV forbindelser mellom Statnetts anlegg på Ørskog
og Tafjord Kraftnetts anlegg på Giskemo.»
Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet
og Høgre peikar på at dette i langt sterkare grad enn tidlegare
er ei løysing som vil foreine miljøomsyn, forsyningssikkerheit og økonomi.
Vidare viser medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti til
at Olje- og energidepartementet 10. november 2010 ba Statnett utgreie
og konsesjonssøke alternative luftledningstraseer i Bremanger og
Naustdal, i tillegg til sjøkabel mellom Ørskog og Store Standal
i Ørsta.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet
og Høgre viser til at det kom sterke reaksjonar i media
på denne løysinga og frå oppsitjarar i Standal, som gav uttrykk
for at den vesle bygda vil bli nedbygd av dei tekniske anlegga knytt
til kabling (muffehus).
Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at det slik saka
no står med konsesjonsbehandling og vidare utgreiingar på dei ulike
alternativa, er det foreløpig uavklart kva løysing ein vel å legge
seg på.
Desse medlemene peikar på at
det er regjeringa sitt ansvar at det ikkje har blitt gjort meir
for å sikre kraftsituasjonen i Midt-Noreg. Desse medlemene viser
til at tidlegare statsråd Odd Roger Enoksen lova å legge fram ein
handlingsplan for å hindre kraftkrise i Midt-Noreg i Stortinget
i 2006. Denne lovnaden vart broten, og seinare olje- og energiministrar
har heller ikkje følgt opp desse lovnadane. Desse medlemene viser
til at Ørskog–Fardal ville vere ein viktig del av ein slik handlingsplan. Desse
medlemene viser til at dette løftebrotet har ført til at
ein har tapt nærare 4 år på å få på plass sikker forsyning i dette
området.
Desse medlemene er kjend med
at det har vore sterk motstand mot Ørskog–Fardal heilt frå det vart
varsla oppstart i planarbeidet. Mange kommunar har kravd bruk av
jord- og-eller sjøkabel på heile eller deler av strekninga i sine
høyringsuttalar. Det har også vore krav om ei fullverdig utgreiing
av eit sjøkabelalternativ med påkoplingspunkt på kysten, i tillegg
til oppgradering av eksisterande nett.
Desse medlemene viser til at
tidlegare statsråd Åslaug Haga lova ein gjennomgang av retningslinjene
før bygging av kraftlinjer før Ørskog-Fardal og Sima-Samnanger
skulle handsamast. Desse medlemene viser til at også denne
lovnaden vart broten.
Medlemene i komiteen frå Høgre
og Kristeleg Folkeparti viser til at partia har kravd nye
politiske retningslinjer for bruk av jord- og sjøkabel ved bygging
av nye overføringslinjer. Desse medlemene viser til
at dette ville ført til større tillit til dei avgjerder ein kom fram
til, og at det på det grunnlag også kunne ført til raskare utbygging
av viktig infrastruktur som straumnettet er.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet
og Høgre er kjend med at det framleis er stor usemje om
traséval for luftlinja i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Det
er ein kamp mellom innbyggjarar og kommunar mange stadar som skapar
konflikt mellom naboar.
Desse medlemene peikar på at
det tidlegare ikkje har vore vilje frå regjeringa til å legge eit betre
grunnlag for handsaming av denne kraftlinjesaka. Desse medlemene meiner
derfor at det i etterkant kan vere behov for ein kritisk gjennomgang
av handsaming av dei store kraftlinjeutbyggingane på Vestlandet.
Desse medlemene har merka seg
at Statnett første gong søkte konsesjon for Ørskog–Fardal i februar
2007, og fikk denne godkjend av NVE i juni 2009. Likevel er det
først no, etter at motstanden mot linja har vore kjend lenge, at statsråden
har gjeve Statnett pålegg om å søkje konsesjon for sjøkabel på strekninga
mellom Hjørundfjorden og Ørskog.
Desse medlemene peikar på at
det dei siste åra har vore ei betydeleg utgreiing av traséval og teknologiske
løysingar for strekninga Ørskog–Fardal. Desse medlemene peikar
på at det haster med å komme i gang med bygginga av ny overføringskapasitet
for å sikre kraftforsyninga til Midt-Noreg og utløyse potensialet
for fornybar energiproduksjon på Nordvestlandet. Desse medlemene meiner
at utover dei alternativa Olje- og energidepartementet påla Statnett
om å utgreie og konsesjonssøke 10. november 2010, kan det vere behov
for å vurdere ulike løysingar utover dette for lokale trasévalg
nokre stader. Desse medlemene ser ikkje at det er
behov for ytterlegare større utgreiingar. Intensjonane i framlegget
er dessutan langt på veg imøtekomne ved dei nye utgreiingane som
er sette i verk.