Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, fra Fremskrittspartiet, lederen Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet, Ola Borten Moe, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til Dokument 8:128 S (2009–2010).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at Stortinget tidlegare har slutta seg til regjeringa sin ambisjon om å gjennomføra ei prøveordning med høve til å røysta elektronisk utanfor vallokala ved kommunevalet i 2011. jf. Budsjett-innst. S. nr. 5 (2007–2008). I denne tilrådinga vart det òg føresett «at dette gjennomføres på en måte som sikrer at prinsippet om hemmelige valg også gjelder her». Initiativet til utgreiing av elektronisk røystegjeving vart fyrst teke i Bondevik II-regjeringa. Fleirtalet er kjend med at i alt ti kommunar i skrivande stund skal vera med på dette forsøket med elektronisk røystegjeving. Fleirtalet viser til Dokument 8:128 S (2009–2010), der representantane Solberg, Tetzschner og Helleland no gjer framlegg om at Stortinget skal be regjeringa om å stogga det nemnde forsøket.

Fleirtalet vil presisera at Stortinget tidlegare berre har gjeve tilslutnad til regjeringa sin ambisjon om eit avgrensa forsøk i regi av Kommunal- og regionaldepartementet, det såkalla e-val 2011-prosjektet. Fleirtalet har merka seg at forslagsstillarane skriv at dette prosjektet «har utformet en visjon om at: ’Ved stortingsvalget i 2017 skal alle ha mulighet til å stemme elektronisk’». Fleirtalet vil for ordens skuld peika på at dette er eit misvisande og kontekstlaust sitat. I skriftet «Prosjektdirektiv for e-valg 2011-prosjektet», dagsett den 16. november 2009, heiter det nemleg at

«[e]-valg 2011-prosjektet vil prøve ut valgløsningen ved valget i 2011. Hvis forsøkene er vellykkede og prinsippene om sikre og hemmelige valg blir ivaretatt, og Stortinget ønsker en full innføring og gir de nødvendige budsjettrammer for full innføring, kan en aktuell visjon da være følgende: Ved stortingsvalget i 2017 skal alle ha mulighet til å stemme elektronisk.»

Komiteen vil streka under at frie og hemmelege val er ein av grunnsteinane i folkestyret vårt: ein hard verdi og eit sentralt prinsipp. I vallova – lov av 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer – står det i § 1-1 at

«[f]ormålet med loven er å legge forholdene til rette slik at borgerne ved frie, direkte og hemmelige valg skal kunne velge sine representanter til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer.»

Komiteen vil òg visa til at det er god grunn til å hevda at kravet om frie og hemmelege val òg er heimla i sjølve grunnlova, jf. professor Eivind Smiths bok Konstitusjonelt demokrati (Bergen, 2009: Fagbokforlaget).

Komiteen viser til at den nemnde Smith – på førespurnad frå stortingsgruppa til Høgre – har levert ei djuptgåande og samvitsfull juridisk utgreiing om tilhøvet mellom hemmelege val og elektronisk røystegjeving utanfor vallokala. Utgreiinga konkluderer mellom anna med at

«adgang til elektronisk stemmegivning i ukontrollerte omgivelser vil gå på bekostning av prinsippet om frie og hemmelige valg. På denne bakgrunn er det grunn til å stille spørsmål ved om det planlagte forsøket står i strid med gjeldende lov, særlig rettsregler om retten til frie og hemmelige valg som Norge er bundet av.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, legg til grunn at departementet ser til at den planlagde forsøksordninga er i tråd med føremålet i vallova, i samsvar med våre internasjonale bindingar og i harmoni med Grunnlova.

I dette ligg òg at fleirtalet går imot framlegget om å be Stortinget be regjeringa stogga forsøket med høve til å røysta elektronisk utanfor vallokale ved valet i 2011. Fleirtalet meiner for det fyrste at demokratisk eksperimentering har ein eigenverdi: Folkestyret kan alltid utviklast og betrast; forsøk kan medverka til ny innsikt og kunnskap om eigna reformer i så måte. Dinest vil fleirtalet visa til at det planlagde forsøket alt no har skapt interesse og engasjement i dei aktuelle kommunane, og er interessert i å læra meir om kva verknad – om nokon i det heile – dette vil ha på mellom anna valdeltaking. Fleirtalet vil understreka at dette dreier seg om ei lenge planlagd forsøksordning. Med omgrepet «forsøksordning» må det liggja ein føresetnad om at nettopp dei konkrete resultata frå forsøksordninga vil leggjast til grunn for ei vurdering av ordningas vidare skjebne. Fleirtalet kan derimot ikkje på noko vis slutta seg til ein mogleg visjon om at alle skal ha høve til å røysta elektronisk utanfor vallokala ved stortingsvalet i 2017.

Fleirtalet viser til at eit av måla med prøveprosjektet er å auka valdeltakinga. Fleirtalet er, med dei nemnde innvendingane som bakteppe, glad for tiltak som kan medverka til auka politisk deltaking og røystegjeving, og bed difor departementet leggja til rettes for å utvida ordninga med bemanna stemmelokale på universitet og høgskular ved framtidige val.

Komiteen legg stor vekt på at valhandlinga ålment sett skal innebera personleg oppmøte i eigna og offentlege vallokale. Val av folkevalde lyt ha ein dåm av høgtid over seg; valhandlingane til borgarane skal skilja seg klårt og markert frå til dømes daglegdagse private internettsøk og -transaksjonar i heimen og på arbeid. Komiteen vil på generelt grunnlag ta sterk fråstand frå ei utvikling i retning «privatiserte» valhandlingar. Heilt sidan 1814 har ordet valting hatt ein særskild valør i norsk kultur, politikk og samfunnsliv. Komiteen kan ikkje sjå at nokon har bore til torgs overtydande argument for at tida er inne for vidsveimde og grunnleggjande endringar av måten val til storting, fylkesting og kommunestyre vert gjennomførde på.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at flertallet tolker hjemmelen for forsøksordningen slik at den er i samsvar med intensjonen i valgloven, våre internasjonale forpliktelser og Grunnloven. Disse medlemmer viser til at det ikke nærmere gjøres rede for hva denne fortolkningen er basert på. Disse medlemmer mener det ikke er grunnlag for å konkludere i tråd med merknadene fra flertallet, og viser i den sammenheng til juridisk betenkning av professor Eivind Smith vedlagt innstillingen.

Disse medlemmer mener det er et grunnleggende element ved demokratiet som styreform at det legges til rette for at borgernes valg skal være frivillige og hemmelige. Disse medlemmer mener de forsøk som nå er planlagt gjennomført, ikke i tilstrekkelig grad kan sikre at disse hensyn ivaretas på en god nok måte.

Kjøp av stemmer var diskutert inngående etter kommunevalget i 2007 knyttet til blant annet valgoppgjøret i Drammen. Ved elektronisk stemmegivning utenfor valglokalet frykter disse medlemmer at mulighetene for kjøp og salg av stemmer og påvirkning av borgernes valg gjennom tvang kan bli forenklet gjennom de forsøk som er planlagt gjennomført.

Disse medlemmer mener videre at det er tvil om hvorvidt forsøkene kan gjennomføres innenfor gjeldende lov, grunnlov og internasjonale forpliktelser Norge er bundet av.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen stanse forsøket med å avgi elektronisk stemme utenfor valglokale ved valget i 2011.»