1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Det gjeres i proposisjonen framlegg om endringar i folketrygdlova og lova om statstilskott til arbeidstakarar som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova).
Det vises i proposisjonen til arbeidet med å reformere pensjonssystemet og dei tilpasninger i folketrygdens regelverk som allereie er gjennomført som følge av pensjonsreformen.
Forslaga i proposisjonen gjeld hovudsakleg presisering, utfylling og oppretting i folketrygdlova, dei to endringslovene til folketrygdlova, og dessutan AFP-tilskottslova. Det vises til at forslaga som gjeld folketrygdlova har vore på høyring, jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) og Prop. 15 L (2009–2010). Forslaget til ny AFP-tilskottslov var ikkje på høyring, fordi det var ei lovfesting av AFP-avtala frå lønnsoppgjeret i privat sektor i 2008, og vart utarbeidt i samråd med partane, jf. Prop. 17 L (2009–2010).
Det blir i tillegg foreslått ei endring i reglane for pensjon til gjenlevande ektefelle frå folketrygda som følgje av ny AFP i privat sektor. Sidan endringa er til gunst for dei ho gjeld, og er ei naudsynt tilpassing til ny AFP, meiner departementet at det ikkje er naudsynt med alminneleg høyring av dette forslaget.
Det blir foreslått føljande endringar i folketrygdlova og endringslovene til folketrygdlova:
å presisere kva for reglar i dagens alderspensjon dei ulike årskulla skal vere omfatta av når det gjeld særtillegg, pensjonstillegg og minste pensjonsnivå.
å føre vidare dagens minste pensjonsnivå for personar med ektefelle som mottek AFP frå offentleg sektor eller AFP etter gamle reglar frå privat sektor.
ei presisering i reglane for uttak av dagens alderspensjon slik at einslege og gifte personar med same pensjonsopptening skal vere sikra same retten til tidleguttak.
at trygdetid til og med det året som sist vart likna skal leggjast til grunn når garantipensjon, grunnpensjon og pensjonstillegg blir rekna ut, slik at oppteningsperioden blir den same som for inntektspensjon i ny alderspensjon og tilleggspensjon i dagens alderspensjon. Vidare opptening blir lagd til pensjonen ved årlege omrekningar.
å presisere i lova at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn ved årleg opptening av inntektspensjon.
at den nye avtalefesta pensjonen i privat sektor frå 2011 skal inngå i inntektsprøvinga av pensjon til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar, på lik linje med andre inntekter.
at pensjonstillegget, som erstattar særtillegget, skal kunne betalast ut til personar busette utanfor Noreg på same måte som særtillegget kan i dag.
at departementet i forskrift kan gje nærare reglar om kravet til samanhengande periode for pensjonsopptening ved førstegongsteneste.
at pensjonistar som før 2011 har forsørgingstillegg eller får pensjonen avkorta på grunn av visse institusjonsopphald, av administrative omsyn får ytinga rekna om etter dei nye reglane frå 2011 i samband med den årlege reguleringa frå 1. mai 2011.
at personar som ikkje er omfatta av dei nye fleksible uttaksreglane i folketrygda, framleis skal kunne få alderspensjon etterbetalt etter dei reglane som gjeld i dag (for opptil tre år tilbake i tid).
nokre språklege opprettingar i reglane for forsørgingstillegg som tek til å gjelde frå 1. januar 2011. Dette gjeld retten til ektefelletillegg om ektefellen har eigen alderspensjon, ektefelletillegg til uførepensjonistar og fastsetjing av fribeløpet når forsørgingstillegg blir inntektsprøvt.
Når det gjeld reglane for avtalefesta pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova) blir det foreslått:
visse presiseringar av utrekningsgrunnlaget for ny AFP slik at det samsvarar med inntektspensjonen i ny alderspensjon. Dette gjeld grunnlaget for år med uførepensjon frå og med 2010 og regulering av grunnlaget i 2010.
å presisere 70-prosentsregelen for AFP etter gamle reglar, slik at han skal kunne brukast på nytt dersom sivilstanden blir endra etter AFP-uttaket og at tilhøvet til ektefelletillegg blir klarare.
at reglane for gammal AFP ved institusjonsopphald blir tekne ut av lova, fordi det i dag berre er LO/NHO-ordninga som har reglar om at pensjonen skal setjast ned ved institusjonsopphald. Dei to andre ordningane har ikkje hatt slike reglar, og det var ikkje intensjonen å endre på dette.
Det vises til proposisjonens kapitel 5 hvor Merknader til dei enkelte paragrafane er nærmare gjort greie for.
Når det gjelde endringane i folketrygdlova og endringslovene til folketrygdlova samt i lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven) vises det til dei einskilde kapitla i proposisjonen der dette er nærmare gjort greie for.
Forslaga om endringar i folketrygdlova skal gjelde frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdlova kapittel 20 gjeld likevel straks.
Forslaga om endringar i endringslovar til folketrygdlova (lov 5. juni 2009 nr. 32 og lov 11. desember 2009 nr. 112) trer i kraft straks. Det same gjeld forslaga om endringar i AFP-tilskottslova.
Forslaga har ikkje økonomiske konsekvensar for dei første åra frå 2011 samanlikna med framskrivingane i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009), Prop. 15 L (2009–2010) og Prop. 17 L (2009–2010), og har heller ikkje konsekvensar for dei langsiktige økonomiske verknadene av pensjonsreforma. Forslaga har ikkje varige administrative konsekvensar.