Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjon fram forslag om utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband, som er ein undersjøisk tunnel mellom Kvellandstrand og Bukkestad i Flekkefjord kommune.

Fastlandssambandet erstattar fylkesvegferjesambandet Kvellandstrand–Launes og vil betra kommunikasjonen for dei fastbuande og leggja tilhøva betre til rette for fritidsreiser.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,5 km ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel på 3,2 km. Tunnelen har maksimal stigning på 10 pst., og største djupn er 125 m under havnivå. Bortfall av vente- og ombordstigningstid vil korta ned reisetida frå om lag 20 til under fem minutt.

Omrekna til 2010-prisnivå er kostnadsoverslaget 345 mill. kroner. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 97 mill. kroner og netto nytte over totale kostnader (NN/K) til om lag 0,9.

Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.

Det er planlagt å starta anleggsarbeida våren 2011, med fullføring hausten 2013. Finansieringsplanen byggjer m.a. på følgjande element:

  • årlege fylkeskommunale løyvingar med utgangspunkt i innspara ferjetilskot

  • ordinære fylkeskommunale midlar

  • bompengar

  • lokalt tilskot

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i ein ubemanna bomstasjon på Kvellandstrand på fastlandet.

Gjennomsnittleg rabatt vil då vera om lag 40 pst. Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i om lag 19 år, frå hausten 2013 til 2032.

I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire andre ferjeavløysingsprosjekt, går perioden med bompengeinnkrevjing ut over 15 år, som normalt er den maksimale innkrevjingsperioden. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betala ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Statens vegvesen si tilråding om å akseptera om lag 19 års bompengeinnkrevjing.

Finansieringa av Hidra fastlandssamband er følgjeleg eit fylkeskommunalt ansvar, uavhengig av storleiken på framtidige statlege overføringar til fylkeskommunen.

Det er rekna med at bompengeinntektene vil gje eit samla finansieringsbidrag på 180 mill. 2010-kroner, fordelt med 99 mill. kroner til å dekkja delar av investeringskostnadene og 81 mill. kroner til å dekkja finansieringskostnader, inkl. kostnadene ved forskotteringa. I tillegg kjem om lag 39 mill. kroner til å dekkja innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Finansieringsplanen som er lagt til grunn:

Finansieringsplan

Mill. 2010-kroner

Forskottering – innspara fylkeskommunale tilskot til ferje

200

Ordinære fylkeskommunale midlar

37

Bompengar1)

99

Lokale tilskot

7

Sum

345

1) I tillegg kjem bompengar til dekking av finansierings- og innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet

Føresetnader for finansieringsplanen går fram av pkt. 5.6 i proposisjonen.

Vest-Agder fylkeskommune fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på inntil 350 mill. kroner.