Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om nordisk samarbeid

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Norden som region har lange tradisjonar for å samarbeide over nasjonale grenser. For Noreg er Norden, nabolanda til Norden og nordområda eit naturleg utgangspunkt for viktige prioriteringar i utanrikspolitikken vår. Det formelle nordiske samarbeidet har roterande eittårige formannskap. Den danske formannskapen i 2010 sette grøn vekst på formannskapsprogrammet, som ein veg for dei nordiske landa når dei skal møte utfordringane frå den økonomiske krisa. Denne vekta på utvikling og fornying gjev det nordiske samarbeidet ein ny dynamikk. Det same gjeld dei potensielle nye samarbeidsområda som er omtalte i Thorvald Stoltenbergs rapport om utviklinga av det nordiske samarbeidet.

Nordisk Ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med dei andre regionale råda, Arktisk råd, Barentsrådet og Austersjørådet. Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland. Den islandske formannskapen i 2009 la òg vekt på å styrkje tilhøvet til Vest-Norden, og dette vert følgt opp i arbeidet til ministerrådet.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Nordisk globaliseringsforum vart under den danske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2010 halde i Snekkersten i Danmark. Fokuset var på grøn vekst, som fell saman med fleire av dei aktuelle globaliseringsinitiativa. Det var to hovudtema: «Norden som lavenergisamfunn» med vekt på felles strategiar for å auke energieffektiviteten og redusere energiforbruket, i tillegg til erfaringar med omstillinga til grøn økonomi, og «Norden som teknologilaboratorium» med fokus på samarbeid på forsking og innovasjon for å fremje utvikling av ny grøn teknologi. Toppforskingsinitiativet (TFI, 2009–2013) innanfor klima, energi og miljø er så langt det største felles forskingsinitiativet i Nordisk Ministerråd, og det byggjer på felles nordiske prioriteringar og finansiering. Det vert koordinert av Kunnskapsdepartementet.

Institusjonane i Nordisk Ministerråd på kultur- og medieområdet skal òg bidra til å gjennomføre globaliseringsstrategien til kulturministrane.

I Nordisk Ministerråd er det vedteke at alle fagministerråd og embetskomitear skal ha grensehinder på dagsordenen på alle møte, men fullstendig nedbygging av grensehinder er verken realistisk eller ønskeleg, fordi dei nordiske landa har ulike lover og regelverk på mange område.

Der det er nye reglar eller lovar, har samarbeidsministeren og justisministeren i eit felles brev oppfordra departementa om å gjere greie for rettstilstanden i dei nordiske landa på dei områda som forslaga til nye reglar gjeld. I brevet vert det særleg framheva at proposisjonar bør ha med ei vurdering av om forslaget kan tenkjast å skape grensehinder i Norden.

I dei nordiske landa er eit av hovudmåla for det nordiske kultur- og mediesamarbeidet å medverke til opne grenser og mobilitet for kunstnarar og kulturprodukt/-verk.

Når det gjeld internasjonal transport på jernbane, er det ingen større grensehinder mellom Noreg og Sverige.

Embetsmannskomiteen for arbeidsliv (EK-A) har invitert embetsmannskomiteen for sosial og helse (EK-S) til eit samarbeid for å gå gjennom grensehinder på trygdeområdet og eventuelt peike på mogelege løysingar. Ettersom trygdeordningane og vilkåra for å få ytingar er ulike frå land til land, vil det kunne ha vesentlege konsekvensar å pendle eller flytte.

Rapporten vart lagd fram våren 2009 med 13 konkrete forslag til potensielle tettare nordiske samarbeidstiltak dei neste 10–20 åra.

I året som har gått, har rapporten vorte grundig behandla. I første omgang har dei nordiske regjeringane fokusert særleg på samarbeid om trening og opplæring av personell innanfor sivil krisehandtering (forslag 1) og på utvikling av samarbeidet mellom dei nordiske utanrikstenestene (forslag10).

Andre forslag må sjåast i eit meir langsiktig perspektiv. På militær side er det allereie eit klart etablert samarbeid om opplæring og dei nordiske landa drøftar i tillegg andre mogelege samarbeidsområde til støtte for den fredsoperative innsatsen i FN og samarbeidd innanfor ramma av EU.

Dei nordiske utanriksministrane vedtok på møtet i Reykjavik i juni 2009 at forslag 10 i Stoltenberg-rapporten om styrkt samarbeid mellom utanrikstenestene skulle følgjast opp med det same, og dei nordiske utanriksministrane gav våren 2010 hovudstadane i oppdrag særleg å vidareutvikle den administrative og konsulære dimensjonen.

Stoltenberg foreslo i rapporten sin at det vert etablert eit nordisk havovervakingssystem og å etablere eit nordisk satellittsystem i polarbane. Vidare har Noreg teke eit initiativ overfor dei andre nordiske landa for eit styrkt samarbeid om straffeforfølging av krigsforbrytarar.

Dei tryggingspolitiske forslaga i Stoltenberg-rapporten vert følgde opp av den nye nordiske forsvarspolitiske samarbeidsstruktur kalla Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO), som vart etablert av forsvarsministrane i november 2009. Denne strukturen spenner over heile breidda av det nordiske forsvarssamarbeidet. Eit av forslaga i Stoltenberg-rapporten er at Norden bør ta eit ansvar for luftovervakinga og luftpatruljeringa over Island. Sverige og Finland vil i løpet av 2010 knyte seg opp til NATO-systemet for utveksling av luftbilete. Dette gjev ytterlegare gevinstar for nordisk luftoperativt samarbeid.

Frå norsk side legg vi stor vekt på styrkt samarbeid og dialog mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland. Russlandssamarbeidet er tett knytt opp til EU-politikken og støttar opp om Den nordlege dimensjonen, der ministerrådet er partnar.

Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Det vart òg vedteke å etablere det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet av Nordisk Ministerråd og regjeringane i Estland, Latvia og Litauen 20. januar 2009 innanfor områda offentleg administrasjon, næringsverksemd og kultur. Målsetjinga er å styrkje det politiske samarbeidet mellom dei åtte landa og bidra til å fremje utvikling av ein konkurransedyktig Austersjøregion innanfor desse tre sektorane.

Noreg har teke initiativ gjennom Nasjonal transportplan 2010–2019 til å utarbeide ei utgreiing av transportsystemet i nordområda, som skal omfatte dei fire landa. Ein tek sikte på å setje i gang utgreiinga i 2010.

Nordisk Atlantsamarbeidet (NORA) hadde i 2009 spesielt fokus på klimaendringane og verknadene dette vil ha for den havbaserte økonomien i samarbeidslanda. Utviklinga av samarbeidet med dei vestlege naboane til Norden er inne i ei positiv utvikling.

Noreg har vore medlem av Austersjørådet sidan etableringa i 1992 og deltek aktivt i dei forskjellige aktivitetane rådet har. I tråd med ein avtalt rotasjon mellom medlemslanda har Noreg overtatt formannskapen i Austersjørådet for eitt år frå 1. juli 2010. Det vil innebere at utanriksministeren blir formann for rådet i perioden, og Noreg skal leie ei eiga embetsgruppe som fungerer som styre. Noreg overtok formannskapen etter Litauen, og Tyskland følgjer etter Noreg 1. juli 2011.

Det vil vere eit prioritert område for den norske formannskapen å bidra til å gjere Austersjørådet meir operativt og resultatorientert. Eit anna vil vere maritim politikk og menneskehandel. Noreg vil under sin formannskap leggje vekt på at Austersjørådet deltek i utviklinga av nye metodar for å identifisere ofre for ulovleg utnytting av arbeidskraft; samarbeidet på justisområdet må betras, og det må utviklas godt og utvida samarbeid mellom politi og offentlege arbeidskraftinstansar for å stoppe denne negative utviklinga. Noreg vil i formannskapsperioden leie arbeidsgruppa for kamp mot menneskehandel. I tillegg til å ha særleg fokus på desse tre områda vil den norske formannskapen leggje til grunn dei fem prioriterte felta Austersjørådet sjølv har vedteke: miljø, energi, økonomisk utvikling, utdanning og kultur og sivil tryggleik.

Utviklinga av Barentssamarbeidet har heilt sidan starten i 1993 hatt to sentrale målsetjingar. Den første er å bidra til at Russland speler ei sterkare rolle i det europeiske samarbeidet, m.a. ved å utvikle og konsolidere dei breie samarbeidsstrukturane mellom dei nordiske landa og Russland innanfor Barentssamarbeidet. Den andre sentrale målsetjinga er knytt til ønsket om å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

Arktisk råd er blitt eit viktig politisk samarbeidsorgan dei siste åra. Dette skuldast dels ein ambisiøs og aktiv norsk formannskap, men i første rekkje skuldast utviklinga auka fokus på Arktis som følgje av klimaendringane. På ministermøtet vart det mellom anna vedteke at Arktisk råd framover skal møtast på politisk nivå ein gong i året. Det første møtet var i København i år.

Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det får for miljø og urfolk at hav-isen trekkjer seg tilbake, men òg dei perspektiva dette opnar for auka menneskeleg aktivitet. Den største utfordringa i Arktis for rådsmedlemene er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. to omfattande status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, samarbeid om søk og redning, oljevern, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg ressursforvaltning.

Det har vore eit aktivt år for det nordiske utanrikspolitiske samarbeidet òg i 2010. Stoltenberg-rapporten, som vart lagt fram i fjor, har medverka til å løfte Norden opp på den felles utanriks- og tryggingspolitiske dagsordenen og retta merksemda mot nærområda våre.

Det konkrete nordiske forsvarssamarbeidet har vorte ytterlegare styrkt det siste året. Noreg har i 2010 formannskapen for dette samarbeidet, som frå november 2009 finn stad innanfor ein nyetablert samarbeidsstruktur (Nordic Defence Cooperation – NORDEFCO). Eit overordna føremål med samarbeidet er å finne fram til løysingar som kan bidra til å redusere dei militære utgiftene i alle dei nordiske landa innan område for operasjonar og materiellsamarbeid. Vidare er førebuingane med å utveksle luftovervakingsdata mellom Noreg, Sverige og Finland godt i gang. Gjennom å knytte Finland og Sverige til luftovervakingssystemet i NATO vil ein leggje grunnlaget for eit utvida luft-operativt samarbeid.

Nordisk kulturfond skal fremje samarbeid mellom dei nordiske landa ved å gje støtte til samarbeidsprosjekta innanfor kunst og kultur. Prioriterte område er mellom anna prosjekt for barn og unge, prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga, og prosjekt som fremjar nye uttrykksmåtar og formidlingsformer.

Innanfor utdanning og forsking skjer det ei kontinuerleg vidareutvikling av det nordiske samarbeidet, og innanfor barnehagar, skule, høgare utdanning, vaksenopplæring og forsking er samarbeidet basert på ei rekkje studiar og utgreiingar som grunnlag for initiativ og tiltak som famnar vidt.

Det nordiske miljøsamarbeidet er omfattande og finn stad på alle nivå frå miljøvernministrane til reine ekspertgrupper. Rammene for miljøsamarbeidet følgjer av det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009–2012. Hovudfokuset er sett på klima og luftforureining, biologisk mangfald, kjemikaliar, avfall og hav og kystsoner. Miljøsektoren har òg ein eigen arktisk strategi for klima og miljøgifter som vert følgd aktivt opp. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale dagsordenen.

Under den islandske formannskapen i 2009 vart innsatsen i det næringspolitiske samarbeidet retta mot innovasjon, konkurranseevne og konsekvensane klimaendringane får for næringslivet. Ramma om det regionalpolitiske arbeidet er det nordiske regionalpolitiske samarbeidsprogrammet (2009–2013) som vart godkjent av dei nordiske statsrådane for nærings-, energi- og regionalpolitikk i 2008. Visjonen er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull regionalpolitikk.

Det nordiske energisamarbeidet har dei siste åra bygd på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2006–2009. Det har vore fokus på nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd busetjing og norden i eit globalt perspektiv. Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa.

Embetskomiteen for fisk (EK Fisk) har med bistand frå arbeidsgruppa for fisk (AG-Fisk) ansvaret for fiskeri- og havbruksspørsmål innanfor NMR. Innsatsen er strategisk retta mot område av høg politisk nordisk relevans og mot å utvikle samarbeid med viktige atlantiske og internasjonale partnarar (særlig FAO).

Globaliseringsinitiativet ligg til grunn for handlingsprogrammet for ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk saman med strategien til Nordisk Ministerråd for berekraft. Dei årlege formannskapsprogramma skal vere med på å oppdatere handlingsprogrammet slik at tidsaktuelle oppgåver blir prioriterte til kvar tid.

Dei nordiske landbruksministrane sette hausten 2009 fokus på den globale mattryggleiken. Behovet for ein auke i matproduksjonen på 70 prosent fram til 2050 vart klargjort saman med utfordringar knytte til forventa klimaendringar og behovet for å bevare genressursar og utvikle godt tilpassa plantemateriale til endra vekstvilkår.

Frølageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket. Frøkvelvet inneheld no 526 000 ulike frøprøvar (mai 2010) frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring i frøkvelvet.

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Det samarbeidas om førebyggjande tiltak, varsling, gjennomføring av redningsarbeid, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde. Norske helsestyresmakter går for tida gjennom erfaringane med handteringa av pandemien (H1N1). Dette vert m.a. gjort gjennom eit samarbeid med dei andre nordiske landa.

Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag av Helsingforsavtalen frå 1962 til mål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogeleg samanfall. Under Sveriges formannskap i Nordisk Ministerråd var ei av prioriteringane å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter, mellom anna rettsakter omfatta av EØS-avtalen, i nasjonal rett.

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU og er i aukande grad prega av at dei baltiske landa og andre land som grenser til Austersjøen, vert trekte med i det tette operative samarbeidet som er etablert mellom dei nordiske landa.

Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen i det nordiske redningstenestesamarbeidet NORD-RED. NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg frå 1989 om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skader på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker. Noreg vil i formannskapsperioden sin følgje opp avgjerda frå ministermøtet i april 2009 om at det skal vurderast alternativ for vidareutvikling av NORDRED-arbeidet, mellom anna spørsmålet om dette arbeidet kan utvidast til å omfatte samfunnstryggleik og beredskap i vidare forstand.

Regjeringane og sametinga vil vidareføre arbeidet med sikte på å etablere ein nordisk samekonvensjon. Arbeidet vert organisert gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. Drøftingane om organiseringa av eit eventuelt forhandlingsopplegg er framleis i gang. Konvensjonsutkastet er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.

Statsministrane har det overordna ansvar for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møter. Under Nordisk Råds sesjon har statsministrane også møter med Nordisk Råds presidium og med representantar for de sjølvstyrte områda.

Samarbeidsministrane møtes fire gonger årlig i 2009 under det danske formannskapet. Fornyings- og administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aaserud har vært nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Et viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Nordisk ministerråds budsjett for 2010 er fastsett til 899 mill. danske kroner. Den norske andelen av budsjettet i 2009 er 28,1 pst., og vert bevilga over Utanriksdepartementets budsjett.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Willy Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Siv Jensen, Tone Liljeroth, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, er tilfreds med at regjeringen prioriterer det nordiske samarbeidet høyt. De nordiske landene har et sterkt verdifellesskap. Det gir et godt grunnlag for å forene krefter i møte med framtidige utfordringer. Komiteen mener Norden, samt nabo- og nordområdene, danner et naturlig utgangspunkt for hovedprioriteringer i norsk utenrikspolitikk. Den brede politiske og folkelige oppslutning til et nært nordisk samarbeid må etter komiteens mening følges opp gjennom praktiske samarbeidstiltak på flest mulige områder.

Komiteen viser til at kjernen i det nordiske samarbeidet er et politisk forpliktende samspill, basert på Helsingforsavtalen og med de politiske organene Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd som de viktigste aktører. Det er avgjørende for samarbeidets fremtid at den folkevalgte og politiske dimensjon styrkes, at dagsorden settes av politikerne og at det nordiske samarbeid brukes aktivt i politiske prosesser for å fremme livskvalitet og vekst i Norden. Komiteen mener det er nødvendig å være på vakt mot en byråkratisering av samarbeidet på bekostning av dets politiske kjerne.

Komiteen vil framheve betydningen av Nordisk Råd som felles arena for nordiske parlamentarikere, og viser i denne sammenheng til den omfattende beskrivelsen av rådets virksomhet for 2. halvår 2009 og 1. halvår 2010. Komiteen viser dessuten til sine merknader i Innst. 30 S (2010–2011), jf. Dokument 20 S (2009–2010) Nordisk samarbeid.

Komiteen noterer at delegasjonen går inn for å effektivisere det nordiske samarbeidet både på nordisk plan og på nasjonalt nivå ved å endre arbeidsformene og ved bedre kontakt mellom regjeringssiden og parlamentarikersiden. Et eksempel på en slik forbedring nasjonalt, er de jevnlige kontakter som delegasjonen og nordisk samarbeidsminister har hatt gjennom året. Komiteen ser også positivt på det kontaktmøte som ble holdt i mars 2010 mellom utenriksministeren og lederne for de faste parlamentariske delegasjoner. Slike kontaktpunkter kan gjensidig stimulere og forenkle arbeidet, uten at dette skal rokke ved de formelle sider av politikken. Komiteen har notert seg at det foreligger forslag om at alle Stortingets faste delegasjoner skal fremlegge en plan for kommende års arbeid og dermed bidra til en mer fremadrettet debatt når delegasjonsrapportene skal fremlegges. Komiteen er tilfreds med at delegasjonen presenterer sine planer for det kommende år som er knyttet opp til Nordisk Råds rammeprogram og ikke minst opp til Nordområdene.

Komiteen viser til at finanskrisen også har satt sine spor i Norden, hvor enkelte land er hardere rammet enn andre. Situasjonen krever etter komiteens oppfatning at regjeringene gjennom sterk felles innsats samhandler med næringslivet og utvider de nordiske hjemmemarkedene, øker flyten av kunnskap og dermed styrker landenes konkurranseevne. Komiteen har notert seg at det nylig er blitt inngått en avtale mellom de finansielle myndighetene i Norden og de baltiske land om et økt samarbeid omkring finansiell stabilitet og krisehåndtering ved uro i de integrerte finansmarkedene i den nordisk-baltiske regionen.

Det er viktig å hindre at nye grensehindringer oppstår, for eksempel som følge av ulik implementering av EU-direktiver i de nordiske land. Færre grensehinder som kan bidra til økt samhandling og kontakt mellom de nordiske land, vil også kunne avbøte problemer som følge av finanskrisen. Derfor er det etter komiteens mening viktig at arbeidet med å redusere grensehindre fortsetter med høy intensitet. Komiteen er tilfreds med at det viktige arbeidet som utføres av Grensehinderforumet kan fortsette med et fornyet mandat fra samarbeidsministrene. Komiteen vil i denne sammenheng også peke på at bevilgningen til Grensetjenesten bør opprettholdes, selv om virksomheten skulle få tilført nordiske midler for å løse spesifikke grensehinderproblemer. Etter komiteens mening er Grensetjenestens arbeid med å hjelpe personer og bedrifter på begge sider av den norsk-svenske grensen viktig, for å lette økonomisk aktivitet og vekst på begge sider av grensen.

Komiteen mener alt ligger til rette for at Norden kan søke mot felles løsninger på globale utfordringer. Komiteen har med interesse notert seg at gjennom toppforskningsinitiativet (TFI) har ministerrådet kunnet generere medfinansiering også utenfor det nordiske budsjettet og har slik skapt større gjennomslag for større prosjekter innenfor klima-, energi- og miljøfeltet. Komiteen viser også til Nordisk Råds anbefalinger av hvilke globaliseringsområder som bør prioriteres, og støtter disse prioriteringene. Komiteen slutter seg til den vekt som statsministrenes globaliseringsforum nå har lagt på begrepet «grønn vekst», med fokus på Norden som lavenergisamfunn og Norden som grønt teknologilaboratorium. Etter komiteens mening kan Norden være egnet til å utvikle grønne sertifikatmarkeder i større grad enn i dag. Komiteen vil peke på at Norden har en utfordring fremover mht. utvikling av nett- og energi-infrastruktur, og er derfor tilfreds med at det nå utredes konkrete forslag til hvordan man kan styrke det nordiske elektrisitetsmarkedet. Nettplanlegging, investeringer og handtering av flaskehalser bør være sentrale elementer i dette arbeidet.

Komiteen viser til omtalen av Nordisk genressurssenter (NordGen) og har notert at ministrene på sitt møte i 2009 konstaterte at NordGen blir stadig viktigere. Komiteen deler oppfatningen at frølageret på Svalbard er et sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfold i landbruket. Derfor er det etter komiteens mening viktig at det på det varslede ministermøte i november 2010 blir drøftet NordGens utviklingsmuligheter.

Komiteen konstaterer at Stoltenberg-rapporten har skapt dynamikk i det nordiske utenriks- og tryggingspolitiske samarbeidet, og har utfordret de nordiske regjeringene til engasjement på nye samarbeidsområder. Komiteen registrerer at de ulike nordiske landene foreløpig ser ut til å ha noe ulike ambisjoner for utviklingen av et mer formalisert nordisk forsvarssamarbeid.

Komiteen er tilfreds med at regjeringen har arbeidet aktivt med oppfølgingen av de forslag som Norge har påtatt seg et lederansvar for, bl.a. om etableringen et nordisk havovervåkingssystem rettet inn mot overvåking av havmiljø, forurensning og sivil trafikk, populært kalt «BarentsWatch» som geografisk vil dekke havområdene både i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. Etter komiteens mening kan «BarentsWatch» bli et viktig verktøy for å gi myndighetene en samlet oversikt over det som til enhver tid skjer i de enorme havområdene i nord. Komiteen antar at de vestnordiske land og områder, Island, Færøyene og Grønland, får tilgang til denne informasjonen.

Komiteen ber om at arbeidet med økt utenrikssamarbeid videreføres, særlig med sikte på å skape flere fellesløsninger innenfor utenrikstjenesten.

Komiteen viser til at regjeringen legger vekt på nordisk dialog i sammenheng med europeiske samarbeidsspørsmål. Det nordiske samarbeidet gir en viktig ramme for å koordinere nordisk europapolitikk, og europaspørsmål inngår derfor som en fast del av dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøter. Komiteen slutter seg til en slik tilnærming.

Komiteen er enig i at Nordisk ministerråd skal legge stor vekt på samarbeid med nabolandene til Norden, men må dessverre konstatere at Nordisk Råds rekommandasjon fra sesjonen 2009 om å etablere et informasjonskontor i Minsk ikke blir fulgt opp. Komiteen vil peke på at Hviterussland er akseptert som observatør i regjeringenes Østersjøråd, og at tilsvarende status for Hviterussland i den nordlige dimensjonen er under vurdering. Komiteen deler denne vurderingen at kontakt er bedre enn isolasjon, og vil understreke at representanter fra opposisjonspartiene har påpekt at et nordisk informasjonskontor i Minsk vil gagne opposisjonen, frivillige organisasjoner og enkeltpersoner.

Som likeverdig partner i Den nordlige dimensjonen, bør man fra norsk side tilstrebe en fornuftig balanse mellom Østersjøregionen, Barentsregionen og Arktis.

Komiteen har notert seg at Østersjørådet er inne i en reformprosess, men at det fremdeles gjenstår mye før organisasjonen fungerer tilfredsstillende rent operativt. Komiteen forstår at Norge, som overtok formannskapet i juli 2010, vil ha en stor utfordring med å videreføre reformprosessen, med særlig sikte på å identifisere prosjekter, skaffe finansiering og gjennomføring av disse. Komiteen er enig i det norske formannskapets særskilte prioriteringer om maritim politikk og kamp mot menneskehandel. Komiteen konstaterer med tilfredshet at dette samsvarer særlig godt med de områder som det parlamentariske samarbeidet Østersjøregionen for tiden vektlegger.

Komiteen merker seg at meldingen kun behandler språksamarbeidet under punktet om utdanning og forskning. Komiteen mener det er viktig at språksamarbeidet ikke avgrenses til undervisningssiden, men at det også er nødvendig å styrke det nordiske språksamarbeidet på et mer overordnet plan og innenfor en større bredde av konkrete initiativer, eksempelvis innenfor mediepolitikken og kulturpolitikken. Komiteen viser i denne sammenheng til «Den nordiske språkdeklarasjonen» som tydelig peker i retning av et høyere ambisjonsnivå. Komiteen vil under henvisning til meldingens vektlegging av nabospråkforståelsen hos barn og unge også understreke betydningen av at undervisningen i norsk skoleverk holdes på et forsvarlig kunnskapsmessig nivå. Komiteen må med skuffelse konstatere at en undersøkelse blant et utvalg som er representative for alle grunnskoler og videregående skoler i landet viser at nabospråkforståelsen ikke blir prioritert i særlig grad i opplæringa. Komiteen ber derfor regjeringen vurdere nye tiltak for å styrke språkforståelsen blant barn og unge.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 23 (2009–2010) – om nordisk samarbeid – vedlegges protokollen.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 25. oktober 2010

Ine M. Eriksen Søreide

Ivar Kristiansen

leder

ordfører