Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Sammendrag

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa. Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2010–2011) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2011 er omtalt nærare under punkt 4 i proposisjonen, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, slutta Stortinget seg til forslaget om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett. Justisdepartementet vil også i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål. Sjå meir om dette under omtale av dei enkelte kapitla.

Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda. Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka. Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene. Gjennom St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, vart det gjort ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken for mange år framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg myndigheitsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Det har skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram i 2000. Blant anna er det etablert lokaldemokrati og det har vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på. Å vere til stades på Svalbard bidreg til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen og vil derfor arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Det er venta at temperaturane i Arktis vil stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Endringane vil gi nye utfordringar for arter og økosystem og samstundes kunne bidra til press på område gjennom auka tilgjenge.

Klimaendringane i Arktis og den betydinga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard framover blir eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Klimaendringane gir òg høve til moglegheiter og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flyttar nordover. Mindre is vil også på sikt kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske myndigheiter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene eit sett av verkemiddel. Blant dei viktigaste verkemidla er Det interdepartementale polarutvalet, lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet inkludert svalbardbudsjettet, Sysselmannen på Svalbard og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna koordineringsansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda. Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng, Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året.

Som ei oppfølging av merknadene frå utanrikskomiteen under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, om ei eventuell konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Polarutvalet, har utvalet etablert eit fast årleg kontaktmøte med lokalstyret. Saman med Justisdepartementets nære dialog med lokalstyret, vil dette bidra til å sikre ei tett kontaktflate mellom lokalstyret og sentraladministrasjonen.

Regjeringa legg stor vekt på ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard, i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Lovgiving er eit viktig verkemiddel i så måte. Longyearbyen liknar på mange område, og i aukande grad, eit fastlandssamfunn, og ein må stadig oftare vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er likevel spesielle, og i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2, slår ein fast at norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lovreglar gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er særskilt fastsett.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber òg skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må derfor tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Stortinget vedtok i 2008 endringar i skattesystemet for Svalbard. For særskilt høge inntekter (over 12 G) vert det trekt 22 pst. skatt. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (nærings- og selskapsskatt) er no 16 pst. For nærare omtale av dette, sjå. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Svalbardbudsjettet, Ot.prp. nr. 1 (2007–2008) Finansdepartementet og St.prp. nr. 1 (2007–2008) Finansdepartementet.

Hausten 2008 vart det sendt på høyring forslag til enkelte andre endringar i skattesystemet for Svalbard. Forslaget til endringar vart utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av Finansdepartementet med deltaking frå Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet. Høyringsfristen var 31. juni 2009. Dette arbeidet blir følgt opp gjennom forslag til lovendringar i St.prp. 1 LS (2010–2011).

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa og ein av dei viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken. Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid på øygruppa, ansvar for politi- og påtalemynde, og miljøforvaltning.

Når det gjeld redningsberedskapen arbeider Sysselmannen kontinuerleg med å ha ei best mogeleg samhandling med friviljuge i redningstenesta og for å effektivisere utrykkingsfasen mest mogeleg. Sysselmannens helikopterteneste skal tene fleire behov. I tillegg til redningsteneste blir helikoptra brukt til ei rekkje oppgåver i forbindelse med politiarbeid, forvaltingsoppgåver, oppsyn og representasjon. Gjeldande kontrakt går ut 31. mars 2014 og arbeidet med å førebu ei ny kontrakt er allereie i gang. Sysselmannens tenestefartøy Nordsyssel er òg svært viktig i den generelle beredskapen. Kontrakten med dette fartøyet gjeld ut sesongen 2012. Sysselmannen og Justisdepartementet er derfor òg i gang med vurderingar rundt ein ny kontrakt for tenestefartøy.

Etter at Longyearbyen lokalstyre (LL) blei oppretta i 2000, har det blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at det innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet inn-spel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justisdepartementet. På desse møta blir bl.a. viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte.

Veksten i samfunnet har blant anna skapt behov for fleire bustader, barnehage- og skuleplassar. For å bidra til at lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart lokalstyrets budsjett styrkt med i alt 2,7 mill. kroner i 2010. Regjeringa meiner at arbeidet med barn i Longyearbyen er svært viktig, og ønskjer å vidareføre styrkinga i 2011.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Men auken innan reiselivet har stoppa opp. Dessutan ser ein at kolproduksjonen er redusert og at kolselskapet Store Norske Spitsbergen Kolkompani har færre tilsette. Regjeringa varsla i stortingsmeldinga at reduksjonane og nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta, Store Norske, kan innebere negativ vekst i periodar. Dei siste befolkningstala viser no ein nedgang i befolkningsutviklinga.

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Blant anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard og behandlinga av denne fekk Sysselmannen på Svalbard styrkt budsjettet i 2010 for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. Sysselmannens driftsbudsjett vart styrkt med 3,4 mill. kroner, det vart vidare sett av i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av Sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. Auken gjer at Sysselmannen framleis kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte. Denne styrkinga blir ført vidare i 2011 og vil bidra til å sikre ein god beredskap på øygruppa. Arbeidet med nødvendige reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden vil halde fram i 2011. I sum medverkar dette til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas fremste representant på øygruppa.

Løyvingar til tiltak på Svalbard har i perioden 2006–2010 blitt auka med 52 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • I 2007 vart tilskotet til Svalbard auka med 20 mill. kroner til etablering av ei reservekraftløysing i Longyearbyen.

  • Frå 2008 er det innført eit nytt skattesystem tilsvarande ein inntektsreduksjon og eit auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

  • Rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet er lagt om. Dette har styrkt tilskotet på 5,5 mill. kroner i perioden.

  • I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) og Innst. S. nr. 355 (2008–2009), vart det løyvd 1 mill. kroner for å utbetre Sysselmannens bustad.

  • Svalbardbudsjettet vart òg i revidert nasjonalbudsjett for 2009 styrkt med 1,4 mill. kroner for å vidareføre feltinspektørtenesta i 2009.

  • Forutan styrkinga på 7,3 mill. kroner til Sysselmannen i 2010, vart budsjettet til Longyearbyen lokalstyre styrkt med 2,7 mill. kroner for å møte utfordringane innan skule- og barnehagesektoren.

  • I tillegg kjem satsingar og tiltak for Svalbard på andre departement sine budsjettområde.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2011 er 266,9 mill. kroner. Dette er 18,1 mill. kroner eller 7,3 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2010.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2011 er stipulert til 91,1 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vorte auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009, var inntektene dette året unormalt høge. Dette gav eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet i 2009 ikkje mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassen.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2011 er rekna til 171 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 64 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 i proposisjonen. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

For 2011 er det foreslått løyvd netto om lag 390 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1 til proposisjonen. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2 til proposisjonen. Tilsvarande tal i 2010 var om lag 367 mill. kroner.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 130 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 84 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak.

Omfanget av søknader til Sysselmannen etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka med 50 pst., først og fremst som ein følgje av auka forskingsaktivitet og turisme. Miljøvernarbeidet vil i 2011 halde fram med å ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Arbeidet med forvaltningsplanar for dei store verneområda vil ha høg prioritet. Miljøvernarbeidet vil òg ha fokus på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard, førebygging av introduksjon og spreiing av framande arter, og av lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Svalbards miljøvernfond tildelte i første tildelingsrunde våren 2010 4,7 mill. kroner til 18 ulike miljøvernprosjekt. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innafor berekraftig turisme, kulturminne, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, kartlegging og overvaking av miljøtilstanden. Styret legg opp til to tildelingar også i 2011.

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Fors-kingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard.

For 2011 er om lag 84 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg I i proposisjonen. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Den auka faglege aktiviteten til Norsk Polarinstitutt består blant anna av ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som blant anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrkt.

Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet er det foreslått løyvd 17,1 mill. kroner. Staten ved Nærings- og handelsdepartementet har eigarin-teresser i fleire selskap på Svalbard: Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), Kings Bay AS, Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard, Svalbard Reiseliv AS, Svalbard Satellittstasjon og Svalbard Rakettskytefelt.

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2009 hadde SNSK-konsernet 368 tilsette.Konsernet hadde i 2009 driftsinntekter på 2,0 mrd. kroner og eit årsresultat på 363 mill. kroner. SNSK produserte 2,6 mill. tonn kol i 2008 mot nær 4,1 mill. tonn i 2007 og det vart selt 3,4 mill tonn kol i 2009. Som følgje av finanskrisa treng industrien no mindre kol, og salet er redusert i 2009. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på ca 2,0 mill. tonn i 2010 og åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva, som venteleg går tom om ca. 5 år. Andre førekomstar er dei fire felta: Lunckefjell, Svea Øst, «Randsona» og Ispallen som til saman inneheld totalt ca. 35,8 mill. tonn kol.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 15 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2011.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Per 31. desember 2009 var det engasjert 26 personar i Kings Bay AS. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon.

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOX, CO2 og partiklar. Kings Bay AS har dei tre–fire siste åra freista å finne løysingar for å redusere desse utsleppa. Dei samla kostnadene for å oppnå 40 pst. reduksjon i drivstoffbruk og tilhøyrande reduksjon i forureinande utslepp frå kraftstasjonen, er rekna å utgjere om lag 37 mill. kroner.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. I 2009 vart det registrert 82 307 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein tilbakegang på 11,7 pst. samanlikna med året før då det vart registrert om lag 92 000 gjestedøgn. I alt kom det 33 109 gjester til Svalbard i 2009, noko som var ein nedgang på 9 pst. sett i høve til året før. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. For 2011 er det foreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga. UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS vart tildelt om lag 89,6 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2010. Regjeringa foreslår å løyve om lag 97,2 mill. kroner til UNIS i 2011 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er inkludert midlar til etablering av 20 nye studieplassar i 2011, og til vidareføring med opptak av nye kull for dei studieplassane som vart gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009.

Forskingsrådet disponerer løyvingar frå ei rad departement og det er ikkje hensiktsmessig å skilje mellom kva dei ulike departementa løyver. Framstillinga nedanfor har derfor ei vidare ramme enn det som berre gjeld Kunnskapsdepartementet.

Verdas største polarforskingsprogram Det internasjonale polaråret (IPY), vart avslutta i 2009. I alt har om lag 50 000 forskarar frå 63 land delteke under IPY. For 2010 vart det avsett 80 mill. kroner over Forskingsrådets budsjett til IPY. Hovudtyngda av norsk polarforsking har i dei seinare åra vore retta mot å forstå klimautviklinga og ulike typar effektar av klimaendringar, med geofag og biologi som dei største faga. Samla sett brukte Forskingsrådet ca. 213 mill. kroner på polarforsking i 2009, av dette om lag 61 mill. kroner til svalbardrelatert forsking.

Forskingsrådet har midlar for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard gjennom ei eiga satsing frå Kunnskapsdepartementet. I 2009 vart det lyst ut midlar for ein ny 3-årsperiode (2010–2012), om lag 3 mill. kroner per år.

I 2011-budsjettet foreslår regjeringa at minst 45 mill. kroner skal gå til eit nytt program for polarfors-king. Innafor løyvinga skal 5 mill. kroner gå til informasjonsverksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum. Til utvikling av eit klimaøkologisk observasjonssystem for arktiske tundraøkosystem -(KOAT), foreslår regjeringa at det innafor midlane er ei særskilt eittårig løyving på 3 mill. kroner til Universitetet i Tromsø og Universitetssenteret på Svalbard.

I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Kabelen vil betre dataoverføringskapasiteten mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen og gi betre utbytte av forskinga innan mange fagområde.

Ved utgangen av 2009 gjekk 133 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Kunnskapsdepartementet har til og med 2010 gitt øyremerkt statstilskot til barnehagar på Svalbard. Når løyvingane til drift av barnehagar blir innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 1. januar 2011, vil det øyremerkte statstilskottet bli avvikla. Midlar til drift av barnehagar på Svalbard blir derfor overførte til svalbardbudsjettets kap. 3. Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. opp til 12 G, og 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane 16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå 10 000 kroner til 20 000 kroner. For nærare omtale av dei einskilde endringane, sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) Svalbardbudsjettet og St.prp. nr. 1 (2007–2008) Finansdepartementet.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

I tilknyting til dei endringane som er beskrivne ovanfor, har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet blant anna sett på praksis for skattlegging ved pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard. Arbeidsgruppas forslag vart sendt på høyring hausten 2008. Høyringsfristen var 31. juni 2009. Dette arbeidet blir følgt opp gjennom forslag til lovendringar i St.prp. 1 LS (2010–2011).

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale i proposisjonen under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Telenor ASA tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønnsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønnsame lufthamnene.

Det vart i 2009 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2011 er det venta at 7,2 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse 1,6 mill. kroner i svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot. Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2011 budsjettert med eit lågt tal for kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard, regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. I 2009 dekte departementet utgifter i samband med barn som mottok tiltak frå barnevernet i samsvar med forskrift om barneverntenesta på Svalbard. Utgiftene er refunderte Longyearbyen lokalstyre via Fylkesmannen i Troms. Utgiftene var i 2009 på 1,2 mill. kroner og er i 2011 budsjetterte til 1 mill. kroner.

Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF, avdeling Longyearbyen sjukehus, er i første rekkje eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus. I tilegg utfører det polikliniske undersøkingar, utgreiingar og behandling av sjukdommar og skadar, og det utfører enkelte mindre og mellomstore planlagde operasjonar.

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, blant anna Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygg, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 111 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Forvaltning, drift og vedlikehald av Sysselmannen sitt administrasjonsbygg, post- og bankbygget, nokre lagerbygg, Statsbygg sitt administrasjonsbygg og alle bustadene vert finansiert over svalbardbudsjettet. Dei andre eigedommane er innlemma i husleigeordninga og vert forvalta under kap. 2445 Statsbygg i statsbudsjettet. Husleiga som skal betalast til Statsbygg for desse bygga, vert finansiert over svalbardbudsjettet.

På Kulturdepartementets budsjett for 2010 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det vil over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, på eit seinare tidspunkt bli fastsett eit tilskot til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 274 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2011. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsføretaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2011 ei løyving på 1,6 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 410 000 kroner i produksjonstilskot i 2009. Tilskotet for 2010 vil venteleg bli om lag det same.

Kapittel 5 til Prop. 1 S (2010–2011) Svalbardbudsjettett gjev oversikt over rekneskapstal for 2009, vedteke budsjett for 2010 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2011. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

I del II til proposisjonen er det detaljert oversikt og omtale av dei enkelte utgifts- og inntektskapitla med postar i Svalbardbudsjettet.