Verda står overfor enorme utfordringar som er knytte
til mellom anna fred, utvikling og menneskerettar, og behovet for
ein global møteplass er stort. Generalforsamlinga i FN gjer det
mogeleg å synleggjere norsk FN-politikk gjennom deltaking på høgnivåmøte,
på regulære møte i plenum og komitear og gjennom bilaterale møte. Frå
norsk side er det overordna målet å markere Noreg som fredsnasjon
og aktiv bidragsytar i internasjonale fredsoperasjonar og som pådrivar
i klima- og miljøspørsmål, i samarbeidet om utvikling, global helse
og oppnåing av tusenårsmåla, for styrking av kvinners situasjon
og i arbeidet for eit styrkt og samordna FN.
Ved opninga av generalforsamlinga (GF64) var deltakinga
rekordstor, med over 100 stats- og regjeringssjefar til stades.
USAs president Barack Obama deltok for første gong, det same gjorde
Kinas president Hu Jintao. Høgnivåveka under generalforsamlinga
viste tydeleg at FN er unik som global politisk arena.
Hovudinntrykket er at USA no melder seg inn
i ei rekkje prosessar som har gått tregt eller har hatt lita reell
framdrift. Vi såg ein amerikansk administrasjon som har betalt all
uteståande gjeld til FN, som har stort engasjement på ei rekkje
felt, og som i stor grad har samanfallande interesser og prioriteringar
med Noreg. I den første talen til FNs generalforsamling innfridde Barack
Obama forventingane mange hadde, då han gjorde det klart at «USA
står reie til å starte eit nytt kapittel i internasjonalt samarbeid». President
Obama leidde òg, som første amerikanske president, eit møte i Tryggingsrådet. Temaet
for møtet var nedrusting.
FNs generalsekretær Ban Ki-moon, som var på eit
vellukka besøk til Oslo og Svalbard i august, har under Generalforsamlinga
ønskt å markere seg i behandlinga av klimaspørsmål og finanskrisa.
Generalsekretæren lukkast i å få med ei imponerande samling statsleiarar
på eit eige klimatoppmøte under høgnivåveka, men tok i mindre grad
substansielle initiativ i prosessen fram mot København-konferansen.
I lys av den finansielle og økonomiske krisa søkte Ban etter ein måte
å knyte medlemslanda i FN tettare opp til G20-prosessane på. Land
både i og utanfor G20 ser at det trengst større global forankring
og legitimitet i finansielle og økonomiske prosessar.
Generalforsamlinga vert leidd av den tidlegare libyske
utanriksministeren og FN-ambassadøren Ali Abdussalam Treki. Generalforsamlinga
har stort sett gått føre seg utan store konfliktar, men òg utan
store gjennombrot.
President Barack Obama stadfesta det nye amerikanske
FN-engasjementet ved å vere i New York i tre dagar under opningsveka
i Generalforsamlinga.
Obama markerte seg under høgnivåveka på tema som
klima, nedrusting og ikkjespreiing og FNs fredsoperasjonar med m.a.
eit eige møte med dei største troppebidragsytarane, medan utanriksminister
Hillary Clinton fokuserte på matvarekrisa og seksualisert vald.
Det vert lagt merke til at USA no viser eit omfattande engasjement
for kvinner.
Dei aller fleste landa, uansett kva forhold
dei har til USA, ser at FN-prosessar får større sjansar til å lukkast
dersom USA er engasjert. Samtidig vert det understreka frå USA si
side at det ikkje kan forventast at USA skal gjennomføre tiltak
og finne løysingar på globale problem på eiga hand.
Finanskrisa førte til eit tøffare klima særleg
under forhandlingane om gjeld, handel og finans, og ikkje minst
under forhandlingane om FNs nye toårige budsjett. Verknadene av
finanskrisa reduserte viljen og evna hos mange land til å inngå kompromiss,
og mange sentrale land gjekk inn for reell nullvekst i det regulære
FN-budsjettet.
Handtering av klimautfordringane og arbeidet fram
mot klimakonferansen i København – der målsetjinga var ein global
forpliktande avtale om reduksjon av utslepp og finansiering av klimatiltak
– sette sitt preg på Generalforsamlinga. Under høgnivåveka i september
arrangerte Generalsekretæren eit klimatoppmøte som samla kring
100 statsleiarar, medrekna statsminister Stoltenberg. Viktig var
òg arrangementet om reduksjon av utslepp frå avskoging og skogøydelegging
(REDD+), som Noreg sette tydeleg preg på ved at statsminister Stoltenberg
deltok i panelet. Statsminister Stoltenberg deltek i FNs høgnivågruppe
om finansiering av klimatiltak i fattige land som vart oppretta
av FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Høgnivågruppa skal arbeide for
å mobilisere dei ressursane som vart lova under klimatoppmøtet i
København.
2009 var eit utfordrande år for FN i Afghanistan, spesielt
etter terrorangrepet i Kabul 28. oktober der fem FN-tilsette omkom.
Gjennomføringa av president- og provinsrådsvala sette òg FN på prøve.
Hovudoppgåva til FN i samband med vala var institusjonsbygging,
i form av å støtte den afghanske valkommisjonen og den uavhengige klagekommisjonen,
i tillegg til å gi teknisk støtte. FN skulle med andre ord ikkje
overvake valet og vurdere omfanget av valfusk, men la valinstitusjonane
handtere dette. FN, leidd av spesialrepresentant Kai Eide, spelte
ei avgjerande rolle for at dei to hovudkandidatane i presidentvalet
til slutt nådde fram til ei politisk løysing som vart akseptert
av partane.
Jordskjelvet på Haiti 12. januar 2010 førte
til store humanitære behov samtidig som logistikkutfordringane var
særs krevjande. Over 200 000 døydde som følgje av skjelvet, og 2 millionar
menneske vart direkte ramma. Tap av FN-personell og deira familiemedlemer gjorde
at FN var sterkt svekt. Trass i dette var FN raskt til stades og
bidrog med nødvendig nødhjelp og koordinering av nødhjelpsarbeidet. Haiti-operasjonen
er spesielt krevjande, og den koordinerande rolla til FN er viktigare
enn nokon gong.
Det norske hovudinnlegget vart halde av utanriksminister
Jonas Gahr Støre. Det vart fokusert på behovet for styrkt internasjonalt
samarbeid, utfordringane ved klimaendringane, finanskrisa, tusenårsmåla,
kampen mot seksuelle overgrep, situasjonen i Afghanistan, nedrusting
og reform av FN gjennom mellom anna oppretting av ei likestillingseining.
Innlegget er gitt i vedlegg 3 til Meld. St. 16 (2009–2010).
Under Generalforsamlinga stadfesta Noreg posisjonen
sin som ein av dei leiande aktørane på helse. Under høgnivåveka
leidde statsminister Jens Stoltenberg, Storbritannias statsminister Gordon
Brown, presidenten i Verdsbanken og FNs generalsekretær eit møte
om finansiering av arbeidet for å nå dei helserelaterte tusenårsmåla, med
fokus på måla om barnedødstal og mødrehelse.
Utover hausten vart det forhandla fram eit rammeverk
for toppmøtet om tusenårsmåla som finn stad under høgnivåveka av
neste generalforsamling. Noreg speler ei sentral rolle her, i nært
samarbeid med m.a. Generalsekretæren, Storbritannia og Gates Foundation,
og har mellom anna medverka til å trekkje USA sentralt inn i prosessen.
Oppfølginga av utanriksministerens initiativ
om global helse og utanrikspolitikk, som vart diskutert for første
gong ved førre sesjonen, vart ytterlegare styrkt gjennom ein resolusjon
med konkrete tilrådingar om influensa og helsepersonell. Vedtak
av Oslo-erklæringa om helse og utanrikspolitikk har dermed slått
rot i FN og har no òg engasjert land som USA, Kina og Japan.
Noreg er kjend som ein viktig aktør på klimaområdet.
Det vert lagt positivt merke til forståinga vi har av klimaspørsmål,
den handfaste politikken vi fører, med dokumenterte verknader, og erfaringa
vår med karbonskatt, kvotesystem og karbonfangst og -lagring (CCS).
Noreg var sentralt plassert i prosessen med
toppmøtet om klima under høgnivåveka. Statsminister Stoltenberg
var òg invitert som ein av 25 sentrale leiarar som møttest med
Generalsekretæren i etterkant av toppmøtet. Eit eige arrangement
om REDD+, der Noreg er leiande, fekk stor oppslutning.
Noreg fortsetter å fungere som ein pådrivar
for å styrkje FNs humanitære arbeid, både gjennom høg aktivitet
og solide bidrag. Dette kom klart fram under den første høgnivåkonferansen
om FNs nødhjelpsfond (CERF, Central Emergency Response Fund) under
Generalforsamlinga. Fondet gjer at FN kan gi raskare og betre koordinert
respons på humanitære kriser. Noreg deltok på politisk nivå ved
statssekretær Gry Larsen og gav sterk støtte til FNs humanitære innsats
og vidareutvikling av denne innsatsen.
FN-systemet, spesielt dei feltbaserte organisasjonane,
er viktige partnarar innanfor humanitær nedrusting, òg på dei områda
der arbeidet i hovudsak går føre seg i andre fora. Noreg har dei siste
åra gått i front og sikra avgjerande gjennombrot med konvensjonen
om klaseammunisjon og kontinuerleg innsats mot landminer. Noreg,
som komande president for Minekonvensjonen, og Colombia, vertslandet
for den andre tilsynskonferansen for Minekonvensjonen, var vertskap
for eit arrangement om Minekonvensjonen under høgnivåveka. Noreg
fremja òg synspunkta sine i relevante resolusjonsforhandlingar.
Her inngår den såkalla omnibusresolusjonen om humanitær bistand,
resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell
og resolusjonen om humanitær bistand i naturkatastrofar, medrekna
overgangen mellom nødhjelp og meir langsiktig bistand.
Noreg tok initiativ til og var saman med Frankrike
vertskap under høgnivåveka for det andre Trygve Lie-symposiet. Formålet
var å skape auka oppslutning om prinsippa i humanitærretten om vern
av sivile i konfliktane i dag.
I tillegg til utanriksministrane frå Noreg og Frankrike
deltok òg presidenten i den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC)
Jacob Kellenberger, FNs høgkommissær for flyktningar António Guterres,
FNs nødhjelpskoordinator John Holmes, Indonesias utanriksminister
Hassan Wirajuda og statssekretær Eric Schwartz frå USA. Frå IPI
(International Peace Institute) deltok Terje Rød-Larsen, Ed Luck
og Warren Hoge.
Det var semje om at både statar og ikkje-statlege aktørar
i større grad må haldast ansvarlege for brot på humanitærretten.
Trygve Lie-symposiet 2009 skal følgjast opp med mellom anna feltstudiar
om korleis humanitærretten vert praktisert i dag, ein serie regionale
konferanser og til sist ein større (global) internasjonal konferanse.
FN er ein viktig aktør i internasjonalt utviklingssamarbeid
og humanitær innsats. Noreg er den tredje største givaren til FNs
utviklingsaktivitetar og humanitære verksemd (2007). Oppfølging
av tilrådingane frå Høgnivåpanelet om FN-reform frå 2006 (som vart
leidd av statsminister Stoltenberg saman med statsministrane frå Mosambik
og Pakistan) og påtrykk overfor den enkelte FN-organisasjonen med
sikte på betre resultat og effektivisering er difor høgt prioritert på
norsk side. Fleire reformer har funne stad i løpet av dei siste
to åra. Det er allereie omfattande endringar i måten FN arbeider
på landnivå, men det er nødvendig å sikre at endringar på landnivå vert
følgde opp med endringar på hovudkvartersnivå. Generalforsamlinga
fatta prinsippvedtak om oppretting av ei ny likestillingseining.
Valet av ny leiar og sikring av finansieringa vil vere avgjerande
for at den nye eininga skal bli relevant og slagkraftig.
Ein viktig siger i reformarbeidet vart oppnådd
i september då Generalforsamlinga vedtok å etablere ei ny kvinne-
og likestillingseining. Vedtaket er i tråd med forslaget til Høgnivåpanelet
om FN-reform. Eininga vil gi eit tydeleg mandat til auka innsats
for kvinner og likestilling. Noreg, i tett samarbeid med dei nordiske landa,
er pådrivar for dette. Det vert arbeidd for at den nye eininga skal
starte drifta i 2010.
Noreg markerte seg òg i kampen mot vald mot kvinner,
inkludert kampen mot seksualisert vald brukt som våpen i konfliktsituasjonar.
Her engasjerte justisminister Storberget seg sterkt. I tillegg til
den leiande rolla justisministeren spelar i Generalsekretærens nettverk
for kamp mot vald mot kvinner, vert det gitt norske finansielle
bidrag til FN-arbeidet også på landnivå.
I Generalforsamlinga er legitimiteten til og
behovet for vern for menneskerettsforkjemparar nokre av dei mest
kontroversielle tema. Noreg leidde vanskelege forhandlingar om resolusjonen
fram til konsensusvedtak. Sentralt i forhandlingane stod sikring
av retten til ytrings- og forsamlingsfridom for menneskerettsforkjemparar.
Under norsk leiing vedtok Generalforsamlinga ein
ny resolusjon om internflyktningar (internt fordrivne) som gir auka
merksemd til samanhengen mellom klimaendringar og menneske på flukt
i eige land.
I samband med den internasjonale menneskerettsdagen
10. desember stod Noreg som medarrangør for ein paneldiskusjon om
grove menneskerettsbrot mot personar baserte på seksuell orientering.
Møtet vart arrangert i samarbeid med ein koalisjon av ikkje-statlege organisasjonar
som jobbar for å fremje rettane til lesbiske, homofile, bifile og
transpersonar (LHBT).
Noregs FN-ambassadør Morten Wetland vart, saman
med Zambias ambassadør Lazarous Kapambwe, oppnemnd på nytt som tilretteleggjar for
arbeidsgruppa til Generalforsamlinga om finanskrisa og utvikling.
Arbeidsgruppa skal gjennom konsultasjonar, møte og paneldiskusjonar kaste
lys over ulike sider ved verknadene av finanskrisa, i tillegg til
responsen FN-systemet har gitt på desse verknadene, og rapportere
tilbake til presidenten for Generalforsamlinga.
Under opningsveka leidde utanriksminister Jonas
Gahr Støre eit arbeidsmøte i den internasjonale givarlandsgruppa
for Det palestinske området (AHLC). I møtet samla det internasjonale
givarsamfunnet seg i unison støtte til statsminister Fayyads toårsplan
for fullføring av den palestinske staten.
I høve markeringa av 60-årsjubileet for opprettinga
av FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) arrangerte
UNRWA ei minnemarkering i samband med opninga av generalforsamlinga.
Utanriksminister Støre leidde høgnivåsegmentet.
Generalforsamlinga tok eit nytt skritt i retning
av ein global handlingsplan mot menneskehandel. Noreg tok, til liks
med eit fleirtal i EU, til orde for å styrkje gjennomføringa av
Palermo-protokollen om menneskehandel.
Noreg leidde forhandlingane om nytt toårig budsjett
for FN under generalforsamlinga i haust. Trass i at finanskrisa
har ført til økonomisk innstramming for mange land, gav arbeidet
som koordinator Noreg høve til å påverke profilen budsjettet fekk
til slutt. Det er mange omsyn som skal takast vare på innanfor ramma
av dei 5,16 milliardane amerikanske dollar budsjettet er fastsett
til. Budsjettet vart til slutt vedteke ved konsensus. Dermed vart
trenden snudd frå dei to føregåande budsjettperiodane der budsjettresolusjonen
har vorte teken opp til votering.
Den norske delegasjonen deltok aktivt under forhandlingane
om havretts- og fiskerispørsmål. Viktige spørsmål var særleg botnfiske,
kontinentalsokkel, ulovleg, urapportert og uregulert fiske og piratverksemd.
Havrettsresolusjonen erkjenner problemet med piratverksemd og oppfordrar til
tett samarbeid på alle nivå for å slå ned på dette.
Generelt kan det seiast at strategiske alliansar med
sentrale utviklingsland og eit tett nordisk samarbeid har gitt stor
utteljing når det gjeld å få gjennomslag for norske prioriteringar
i FN-samanheng.
Samtidig som den nye administrasjonen i USA har
bidrege til eit meir positivt klima for nedrusting, viste årets
sesjon i 1. komité tydeleg at behovet for reformer er påtrengande.
Dette gjeld både organiseringa av sesjonen og kva resolusjonar som
vert behandla. Bortsett frå resolusjonen til Kasakhstan om ein internasjonal
dag mot kjernefysisk testing og den chilenske resolusjonen om ein
konferanse for medlemslanda i dei regionale kjernevåpenfrie sonene,
vart det ikkje introdusert nye resolusjonar. Noreg og likesinna land
har enno ikkje fått gjennomslag for å avgrense talet på årlege resolusjonar,
og dei fleste av dei framlagde resolusjonane var difor tradisjonelle
resolusjonar med berre tekniske oppdateringar. Det gjekk òg mykje
tid til å samle medforslagsstillarar til dei enkelte resolusjonane.
Trass i at kjernevåpenstatane i FNs tryggingsråd i
september 2009 klarte å verte samde om resolusjon 1887 om ei kjernevåpenfri
verd, var det, med unntak av USA som hadde ein mykje høgare profil
samanlikna med tidlegare år, lita endring å spore i røystinga til
desse landa.
Årets sesjon var prega av eit noko hardare forhandlingsklima
enn i fjor. Landa i sør (G77) hadde steile haldningar på spørsmål
knytte til gjeld, handel og finans. Samtidig har spenningane og
interessekonfliktane internt i G77 blitt tydelegare. EU stod fram
som motvekta til G77 etter at USA har gått over til meir fleksible
haldningar. Trass i det tøffe forhandlingsklimaet kunne Noreg glede
seg over framgang på fleire viktige område, som fattiges tilgang
til lov og rett, i tillegg til ein resolusjon om å styrkje kvinners
rettar og rolle i utvikling.
Forventningane om eit lågare konfliktnivå i menneskerettskomiteen
i Generalforsamlinga vart ikkje innfridde. Nord-sør-delinga var
tydeleg mellom anna i resolusjonane om retten til utvikling, rasisme
og ærekrenking av religionar, i tillegg til omtalen av rettane til
lesbiske, homofile, bifile og transpersonar både i resolusjonen om
terrorisme og i resolusjonen om traktatane om sivile og politiske
rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.
Trass i at verken «raude klutar» som dødsstraff eller
rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar formelt
stod på dagsordenen til komiteen, vart det sistnemnde temaet likevel
ei kampsak som følgje av at ein spesialrapportør la vekt på overgrep
mot seksuelle minoritetar i kampen mot terrorisme. Sentrale traktatorgan
behandla det same temaet, og dette leidde òg til at den nordiske
resolusjonen om FN-konvensjonane om sivile og politiske rettar og
økonomiske, sosiale og kulturelle rettar vart tekne til votering
for første gong. Etter forslag frå den arabiske gruppa vart dei
to paragrafane som omtalte ikkje-diskriminering av lesbiske og homofile,
strokne, og resolusjonen med denne justeringa vart vedteken i plenum.
Som i tidlegare år blei debatten i 4. komité
dominert av Midtausten og FNs fredsbevarande operasjonar. Frå norsk
side vart òg minerydding prioritert. Spørsmålet om avkolonisering
av dei 16 resterande ikkje-suverene territoria står framleis på
dagsordenen, men ber preg av liten framgang. Av desse territoria
fekk Vest-Sahara størst merksemd.
5. komité var i haust prega av omstendelege forhandlingar
omkring to store saker, budsjettet og bidragsskalaen. Finanskrisa
gav lite rom for stor auke i budsjettet i år. Forhandlingane var prega
av ein annan dynamikk enn dei siste åra, sidan finanskrisa pressa
viktige land til å ha ei meir budsjettkonservativ haldning enn normalt. Under
budsjettforhandlingane gjaldt dette spesielt Mexico, som tidlegare
har vore ein viktig brubyggjar under slike forhandlingar, og EU,
der Storbritannia pressa gruppa sterkt mot ein posisjon for reell
nullvekst. Til gjengjeld var USA og Japan svært konstruktive i forhandlingane. Noreg
leidde budsjettforhandlingane og presenterte i innspurten av forhandlingane
eit kompromissforslag som vart vedteke med konsensus.
Bidragsskalaforhandlingane viste at det er svært vanskeleg
å forandre på formelen som vert brukt til å rekne ut kor mykje kvart
medlemsland skal bidra med til det regulære budsjettet og til budsjettet
for dei fredsbevarande operasjonane, sidan både G77 og USA begge
har fordelar ved at status quo står ved lag.
Som før vart alle resolusjonane vedtekne ved konsensus.
Eit noko kontroversielt tema som sto på dagsordenen for første gong
i år, var spørsmålet om universaljurisdiksjon, dvs. om ein stat
skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som
er utførte i utlandet. Det vart òg stadfesta nok ein gong at det
ikkje er støtte til utvikling av ein konvensjon om straffansvar
for FN-tilsette fordi ein fryktar at statar urettmessig vil straffeforfølgje
andre statars militære personell.