Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen til punkta 2, 4, 5 og 6 blir fremma av ein samla komité.

Tilrådinga frå komiteen til punkta 1 og 3 blir fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygging av fylkesveg 45 i Gjesdal og Sirdal kommunar etter vilkåra i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010). Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.

  • 2. Nytt Autosys blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 700 mill. 2009-kroner.

  • 3. Prosjektet Fv 64 Atlanterhavstunnelen får ei revidert kostnadsramme på 900 mill. kroner.

  • 4. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføringa av investeringsprosjektet dobbeltspor Holm–Holmestrand–Nykirke med dei føresetnader som er omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010), innafor ei kostnadsramme på 5 720 mill. kroner.

  • 5. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet Vålåsjø kryssingsspor, som omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010), innafor ei kostnadsramme på 120 mill. kroner.

  • 6. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet Bodø godsterminal, som omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010), innafor ei kostnadsramme på 132 mill. kroner.