Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Kulturdepartementet gjer framlegg til lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram. Framlegget inneber at konsesjonsordninga for omsetning av videogram i næring blir oppheva.

I høyringsnotatet la departementet til grunn at ei konsesjonsordning på medieområdet er eit inngripande verkemiddel som berre bør nyttast der sterke samfunnsmessige omsyn tilseier dette. Departementet viste til at både den kulturpolitiske og den kontrollpolitiske grunngjevinga for konsesjonsordninga var vesentleg svekka, og konkluderte difor med at ordninga bør opphevast.

Fem av høyringsinstansane stør framlegget. Ingen av høyringsinstansane går uttrykkeleg mot framlegget frå departementet.

Departementet viser til at regler som hindrar fri etablering av kanalar ut i det offentlege rommet, til dømes konsesjonsordningar på medieområdet kopla med krav til innhaldet i tenesta, i utgangspunktet er omfatta av forbodet mot «Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler» i Grunnlova § 100. Under stortingsdebatten om grunnlovsendringa uttalte likevel fleirtalet at:

«Samtidig er flertallet av den oppfatning at de meget få og lite vidtrekkende forhåndskontrollordninger som gjelder pr. i dag, som Filmtilsynet, registreringsordningen for videogrammer, kravene i konsesjonsordningene for kringkasting og muligheten for i spesielle tilfeller å gripe inn med midlertidig forføyning mot ytringer som er under trykking, fortrinnsvis ikke skal måtte endres som følge av selve grunnlovsbehandlingen.

...

Når det gjelder dagens ordning med at kommunene kan sette krav til innholdet i tilbudet som vilkår for å kunne vise eller omsette film og videogram i næring, antar flertallet at dette vil komme i konflikt med formuleringen i alternativ 1. Dersom alternativ 1 vedtas, vil det bare være anledning til å sette krav som har til hensikt å 'beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder'.»

På bakgrunn av dette gjekk regjeringa i Ot.prp. nr. 72 (2005–2006) inn for å oppheve høvet til å knyte vilkår til videogramkonsesjonar. Framlegget fekk støtte i Stortinget og lovendringa vart sett i kraft 1. januar 2007. Konsekvensen er at kommunane ikkje lenger kan fastsetje konsesjonsvilkår med krav til tilbodet hos videogramforhandlarar, til dømes om ei viss mengd barnefilmar, norskspråklege filmar e.l. Departementet legg til grunn at konsesjonsordninga med dette i praksis har mist si kulturpolitiske grunngjeving.

Det andre omsynet bak ordninga har tradisjonelt vore kontroll med videobransjen av omsyn til vern av barn og unge. Etter departementets vurdering er det grunn til å tru at konsesjonsordninga i liten grad blir nytta som kontrollinstrument i praksis.

Det er også grunn til å tru at konsesjonsordninga i nokre tilfelle ikkje blir praktisert etter lova.

Departementet legg difor til grunn at også den kontrollpolitiske grunngjevinga for konsesjonsordninga er vesentleg svekka.

Krav om konsesjon inneber at ei viss type verksemd er forbode, med mindre det er gitt eit uttrykkeleg løyve frå det offentlege. Ei konsesjonsordning er difor ei svært inngripande form for regulering, og proporsjonalitetsomsyn tilseier at slike ordningar berre bør nyttast når viktige samfunnsmessige omsyn tilseier det. Dette gjeld særleg på medieområdet, der ei konsesjonsordning typisk vil innebere innskrenka høve til å formidle visse former for ytringar. Sidan både den kulturpolitiske og kontrollpolitiske grunngjevinga for konsesjonsordninga er sterkt svekka, meiner departementet at det ikkje er grunnlag for å oppretthalde ordninga.

Kulturdepartementet går difor inn for å oppheve konsesjonsordninga for omsetning av videogram i næring.

Departementet gjer i denne omgang ikkje framlegg om å endre konsesjonsordninga for framsyning, dvs. «kinokonsesjon». Departementet viser til at stortingsfleirtalet under handsaminga av Ot.prp. nr. 72 (2005–2006) ønskte å oppretthalde konsesjonsordninga for framsyning og høvet til å knyte kulturpolitisk grunngitte vilkår til slike konsesjonar. Fleirtalet viste til at «... marknadstilhøva fleire stadar gjer det vanskeleg for kommunane å bevare eit kinotilbod med tilstrekkeleg bredd og kvalitet utan at det kan stilles vilkår om innhaldet i kinoane sitt programtilbod», jf. Innst. O. nr. 15 (2006–2007).

I høyringsutkastet gjekk departementet inn for å oppretthalde kravet om at forhandlarar må sikre at videogram ikkje blir omsett til personar som ikkje har nådd aldersgrensa for videogrammet. Derimot foreslo departementet å oppheve kravet om at den som omset videogram må ha fylt 18 år.

Departementet har forståing for innvendingane frå høyringsinstansane mot å oppheve aldersgrensa for fysisk omsetning og legg til grunn at problemet i hovudsak gjeld elektronisk omsetning. Samstundes meiner departementet at det kan bli unødvendig komplisert og vanskeleg å handheve ein regel om at den som omset må ha nådd aldersgrensa på det konkrete videogrammet. Departementet gjer difor framlegg om å oppretthalde regelen, men at han blir avgrensa til «omsetning over disk».

Ved sal eller utleige av videogram i butikk e.l. vil det dermed såleis framleis gjelde ei aldersgrense på 18 år for den som står for omsetninga. For elektronisk omsetning over Internett, kabelnett, mobilnett e.l. vil det ikkje gjelde noko tilsvarande krav. Det same vil gjelde tradisjonelt postordresal. Departementet legg til grunn at dette tek vare på føremålet med dagens regel.

Sjølv om konsesjonsordninga blir oppheva, meiner departementet det er viktig å oppretthalde regelen som pålegg videoforhandlarar å sikre at aldersgrensene for videogram blir overheldt, jf. § 2 femte ledd, andre punktum. Departementet gjer difor framlegg om å flytte denne regelen til ein ny § 9 om «Aldersgrenser ved omsetning av videogram».

Fleire av reglane i film- og videogramlova viser til straffelova § 204 om pornografi og § 382 om grove valdsskildringar.

I utgangspunktet ramma § 204 i straffelova frå 1902 både barnepornografi og annan pornografi. Ved lov av 20. mai 2005 nr. 29 (jf. Ot.prp. nr. 37 for 2004–2005) vart det tatt inn ein ny § 204a om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Føremålet var å tydeleggjere at slike skildringar skil seg frå annan pornografi ved at det er tale om attgiving av seksuelle overgrep mot barn. Ved ei inkurie vart tilvisingane til straffelova § 204 i film- og videogramlova på dette tidspunktet ikkje endra tilsvarande.

Kulturdepartementet gjer difor framlegg om å ta inn i film- og videogramlova ei tilvising til § 204a i straffelova av 1902.