Sammendrag

Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 59 (2008–2009) Om utbygging og finansiering av E6 Øyer (Granrudmoen)–Tretten i Øyer kommune i Oppland, samt i Prop. 1 S (2009–2010). Samferdselsdepartementet har lagt til grunn ei styrings- og kostnadsramme for prosjektet på 880 mill. kroner og 950 mill. kroner, omrekna til 2009-prisnivå. Styringsramma er fordelt med 777 mill. kroner på E6, 94 mill. kroner på rv 254 og 9 mill. kroner til bygging av bomstasjonar (2009-prisnivå).

Hovudentreprisen for prosjektet vart lyst ut i haust, med tilbodsfrist 15. oktober 2009. I samband med Statens vegvesen si vurdering av dei innkomne tilboda har Statens vegvesen blitt merksam på at det i berekninga av kostnadene knytt til prosjektet er gjort einskilde, til dels grove feil. Konsekvensen er at kostnadene knytt til utbygginga vil auka med 250 mill. kroner utover styringsramma.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag (KS2) for prosjektet. Regjeringa la konsulenten sitt forslag til økonomiske rammer til grunn og rekna desse om til 2009-kroner.

Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Statens vegvesen gå gjennom rutinane for fastsetjing av kostnadsoverslag for å vurdera om det er behov for endringar i desse rutinane.

Trass i kostnadsauken legg Samferdselsdepartementet til grunn at prosjektet skal gjennomførast slik departementet opphavleg har lagt til grunn.

Samferdselsdepartementet vil vidare gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring av Statens vegvesen si nye og reviderte kostnadsberekning av dei elementa i prosjektet som ikkje inngår i hovudenterprisa. Dersom kvalitetssikringa gjer det naudsynt med ytterlegare justeringar av styrings- og kostnadsramma for prosjektet, vil departementet kome tilbake til dette som ei eiga sak.

Kostnadsauke ut over kostnadsramma skal dekkjast av staten/fylkeskommunen. Dette medfører følgjande finansieringsplan basert på revidert kostnadsoverslag, jf. tabell 2.1 i proposisjonen.

Tabell 2.1

St.prp. nr. 59 (2008–2009)

Endring

Revidert finansieringsplan

Statlege midlar

385

180

565

Fylkeskommunale midlar

38

34

72

Bompengar

457

36

493

Sum

880

250

1 130

Statens vegvesen tilrådde at bompengeselskapet forskotterer den statlege og fylkeskommunale delen av meirkostnadene mot refusjon i 2014. Oppland fylkeskommune behandla forslaget til revidert finansieringsplan for prosjektet i møte i fylkesutvalet 10. november 2009. For å sikra at prosjektet blir gjennomført i tråd med vedtekne planar, aksepterer fylkesutvalet å dekkja 34 mill. kroner av kostnadsauken over fylkeskommunen sitt budsjett. Samstundes meiner fylkesutvalet at i utgangspunktet bør staten dekkja kostnadsauken.

Departementet legg til grunn at kostnadsauken på 250 mill. kroner skal finansierast i samsvar med den reviderte finansieringsplanen. Kostnadsauke ut over dette skal dekkjast med statlege midlar for E6-delen og fylkeskommunale midlar for rv 254-delen.