Komiteen viser til sine merknader og
til proposisjonene og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringer i barnelova mv.
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres
følgende endringer:
§ 3 første ledd skal lyde:
Som far til barnet skal reknast den
mannen som mora er gift med ved fødselen.
§ 3 tredje ledd skal lyde:
Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller
dom, gjeld ikkje første og andre stykke.
§ 30 tredje ledd skal lyde:
Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli
handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for
skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som
ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam
framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.
§ 36 skal lyde:
§ 36 Kvar barnet skal bu fast
Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast
hos anten ein av dei eller begge.
Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal
bu fast hos ein av dei. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan
retten likevel avgjere at barnet skal bu fast hos begge.
§ 42 første ledd skal lyde:
Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om
dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten
vert oppfyld. Dersom ein av foreldra vil flytte, og det
er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle
den andre seinast seks veker før flyttinga.
§ 43 andre ledd fjerde punktum skal lyde:
Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev
det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med
overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i
sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.
§ 44 andre ledd skal lyde:
Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje
ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det,
kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet
fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel
om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande.
Fylkesmannen eller departementet sitt vedtak
er tvangsgrunnlag for utlegg.
II
I lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter gjøres
følgende endringer:
§ 4-4 andre ledd skal lyde:
Det er tilstrekkelig at én av foreldrene eller
andre med foreldreansvaret samtykker til helsehjelp som
a)regnes som ledd
i den daglige og ordinære omsorgen for barnet, jf. barnelova §§
37 og 42 andre ledd, eller
b)kvalifisert helsepersonell
mener er nødvendig for at barnet ikke skal ta skade.
Før helsehjelp som nevnt i bokstav b gis skal
begge foreldrene eller andre med foreldreansvaret, så langt råd
er, få si sin mening. Beslutning om helsehjelp som nevnt i bokstav
b kan påklages til Helsetilsynet i fylket etter kapittel 7. Helsetilsynet
i fylket kan vedta at helsehjelpen skal avsluttes inntil det er
fattet vedtak på grunnlag av klage fra den andre forelderen eller
andre med foreldreansvaret.
§ 4-4 andre og tredje ledd blir tredje og fjerde ledd.
III
I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv skal § 4 første ledd lyde:
Arverett etter kapitlet
her gjeld berre morskap eller farskap som følgjer av reglane i barnelova.
IV
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette
i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.