Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Det er gjort greie for dei overordna måla for transportpolitikken i Nasjonal transportplan 2006–2015. Dei sentrale måla er færre drepne og alvorleg skadde i vegtrafikken, meir miljøvennleg bytransport, betre framkomstforhold i og mellom regionar, eit meir effektivt transportsystem og eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Desse måla er førte vidare i Nasjonal transportplan 2010–2019, der overordna mål for transportpolitikken er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer behovet for transport i samfunnet og fremmar regional utvikling.

Gode framkomstforhold er viktig for næringslivet og for å halde oppe busetjinga i distrikta. Drift og vedlikehald av vegnettet skal medverke til å gi gode og sikre framkomstforhold for trafikantane heile året.

I 2003 blei det gjennomført ei omfattande omstilling i Statens vegvesen. Hovudgrepet i omstillinga var omorganisering av forvaltningsdelen i Statens vegvesen og utskiljing av produksjonsverksemda til det statlege aksjeselskapet Mesta AS. Drifts- og vedlikehaldsoppgåver som produksjonsverksemda i Statens vegvesen tidlegare hadde teke hand om, blei gradvis konkurranseutsette gjennom drifts- og vedlikehaldskontraktar med funksjonsansvar (funksjonskontraktar). Full konkurranseutsetjing blei oppnådd i 2006. Per 31. desember 2008 var det totalt 105 funksjonskontraktar i drift. I 2008 var den totale omsetninga gjennom funksjonskontraktane på 2,1 mrd. kroner.

Formålet med funksjonskontraktar er å halde ved lag vegnettets funksjon eller tilstand i kontraktperioden gjennom å sikre trafikkavviklinga frå dag til dag og ta hand om mindre reparasjonar av vegnettet. Funksjonskontraktane omfattar ikkje større vedlikehaldsarbeid, for eksempel asfaltering av veg og vegmerking.

Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegnettet, mens kommunane har ansvaret for dei kommunale vegane. Statens vegvesen er samansett av Vegdirektoratet og fem regionvegkontor: Region aust, Region sør, Region vest, Region midt og Region nord. Regionvegkontora har ansvaret for strategisk planlegging, styring, ressursdisponering og fellesoppgåver for heile regionen. I kvar region er det distriktskontor, i alt 30 på landsbasis. Det er distrikta som har det utøvande ansvaret for funksjonskontraktane. For kvar kontrakt er det ein byggjeleiar som står for den daglege oppfølginga av funksjonskontraktane.

Statens vegvesen er som byggherre ansvarleg for at entreprenørane forvaltar funksjonskontraktane i samsvar med standardane som Vegvesenet har sett for drift og vedlikehald av vegnettet, og i samsvar med overordna målsetjingar om tryggleik og gode framkomstforhold i trafikken.

Målet med undersøkinga er å vurdere om drifts- og vedlikehaldsoppgåver blir styrte og utførte slik at omsynet til trafikktryggleik og framkomstforhold på vegnettet er sikra. Dette er gjort gjennom å undersøkje i kva grad utføringa av drift og vedlikehald av vegnettet legg til rette for gode og sikre framkomstforhold. Vidare er det undersøkt i kva grad Samferdselsdepartementets og Statens vegvesens styring og oppfølging på området legg til rette for effektiv drift og vedlikehald av vegnettet. Det er under dette undersøkt i kva grad byggherren i forvaltninga av funksjonskontraktane legg til rette for effektiv drift og vedlikehald av vegnettet. I den samanheng er det i undersøkinga gjort greie for i kva grad det er oppnådd konkurranse på entreprenørmarknaden.

Problemstillingar knytte til vedlikehaldsetterslepet for riksvegane og større vedlikehald som ikkje er omfatta av funksjonskontraktane, er haldne utanfor undersøkinga. Stortinget er gjennom St.prp. nr. 1 blitt orientert om at det er eit vedlikehaldsetterslep på vegnettet, og at dette har auka dei seinare åra.

Undersøkinga omfattar tidsperioden 2003–2009. Visse delar av undersøkinga gjeld heile denne perioden, mens andre gjeld delar av perioden.

For å svare på problemstillingane i undersøkinga er det gjennomført dokumentanalyse og ei caseundersøking. Det er også gjennomført ei spørjeundersøking blant byggjeleiarar og seksjonsleiarar i Statens vegvesen med ansvar for drift og vedlikehald av vegnettet. Vidare er det gjort intervju med Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet, dei fem regionane i Statens vegvesen og eit utval på fire distrikt.

Dokumentet gjer nærmare greie for gjennomføringa av undersøkingane.

Samferdselsdepartementet har i St.prp. nr. 1 slått fast at rettidig drift av vegnettet, utført med riktig kvalitet, er avgjerande for å sikre at vegsystemet oppfyller dei forventningane trafikantane har til gode og sikre framkomstforhold heile året.

Byggjeleiarane gjer to gonger i året ei evaluering av entreprenørane. Ein gjennomgang av evalueringsskjema for vintersesongen 2007/2008 og sommarsesongen 2008 viser at det for om lag halvparten av kontraktane er mangelfull utføring av drifts- og vedlikehaldsarbeidet. Det gjeld både vinterdrift, punktlegskap og kvalitet på levert produkt. Vegdirektoratet har i intervju stadfesta at det ikkje vurderer dette resultatet som tilfredsstillande.

Dette inntrykket blir forsterka av resultata frå SINTEFs caseundersøking av to utvalde vegstrekningar på E14 og RV705. Undersøkinga dokumenterer ei rekkje avvik i forhold til krava som er definerte i Statens vegvesens Håndbok 111 Standard for drift og vedlikehold.

SINTEFs vurdering av føretilstanden på vegen i vintersesongen viste avvik i forhold til krava som er fastsette i funksjonskontrakten i 14 av 24 observasjonar på E14. På RV705 blei det funne avvik i 15 av 22 observasjonar. Eit eksempel på avvik frå kontraktkrava var manglande strøing på våt is (hålkeføre). Vidare kunne SINTEFs undersøking dokumentere ei rekkje avvik som gjaldt

  • føretilstand på gang- og sykkelveg

  • vegtilstand og siktforhold i kryss

  • tilstand i busslomme, leskur og tilhøyrande gangareal

Det blei vidare registrert snødekte skiltplater på både E14 og RV705. For sommardrifta viste SINTEFs undersøking at det var fleire avvik og manglar knytte til

  • vedlikehald av vegdekket

  • drens- og avløpsanlegg

  • skilt

For drift av grøntareal og skråningar, rasteplassar og lysanlegg var det mindre avvik.

På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor, er det i undersøkinga stilt spørsmål om kvaliteten på driftsarbeidet er tilstrekkeleg til å medverke til gode og sikre framkomstforhold for trafikantane heile året.

I svarbrevet sitt til Riksrevisjonen understrekar Samferdselsdepartementet at det er viktig å fokusere på om kvaliteten på drifta av vegnettet er tilfredsstillande. For å rette opp mange av dei forholda som Riksrevisjonen peiker på, meiner departementet likevel at det vil vere behov for blant anna auka stikkprøvekontroll og handheving og innføring av økonomiske sanksjonar. Departementet peiker på at dette er tiltak som vil gi behov for meir ressursar for å kunne gjennomførast.

Samferdselsdepartementet peiker vidare på at ved innføringa av systemet med funksjonskontraktar blei mykje av risikoen knytt til drift og vedlikehald av vegnettet plassert hos entreprenørane. Etter departementets syn kan det stillast spørsmål ved om dette er den beste løysinga. Departementet opplyser at det kan bli aktuelt at fleire oppgåver blir bestilte særskilt, og ikkje definerte gjennom funksjonsansvar. Dette vil overføre meir av risikoen til Statens vegvesen.

Stortinget stiller gjennom løyvingsreglementet § 9 krav om mål- og resultatstyring som styringsform i forvaltninga. Krava er førte vidare og konkretiserte i økonomireglementet for staten. Der er det slått fast at verksemdene skal fastsetje mål og resultatkrav innanfor ramma av disponible ressursar og føresetnader gitt av overordna styremakt, og sikre at ein når fastsette mål og resultatkrav, og at ressursbruken er effektiv. For å sikre at mål og resultatkrav blir nådde på ein effektiv måte, skal verksemdene rapportere om måloppnåing og resultat internt og til overordna styresmakt.

Undersøkinga viser at Samferdselsdepartementet gjennom tildelingsbreva til Statens vegvesen har fastsett mål på drifts- og vedlikehaldsområdet. Vidare har Statens vegvesen nedfelt mål for tryggleik og framkomstforhold på vegnettet gjennom resultatavtalane mellom vegdirektøren og regionvegsjefane. Desse måla er førte vidare i resultatavtalane mellom regionvegsjefane og distriktsvegsjefane. Vegdirektoratet har også fastsett rammer for etatens arbeid med funksjonskontraktar gjennom blant anna handbøker og rundskriv.

Frå 2007 har Samferdselsdepartementet stilt strengare krav til rapportering når det gjeld funksjonskontraktar. Undersøkinga viser likevel at fleire av krava ikkje er innfridde, og at departementet ikkje mottek rapportering som gir systematisk tilbakemelding om oppfølginga av styringssignal som gjeld funksjonskontraktar. Samferdselsdepartementet har i tildelingsbreva blant anna peikt på at Statens vegvesen skal prioritere tiltak som er viktige for trafikktryggleiken, og då særleg oppgåver retta mot vegstrekningar med mange og alvorlege ulykker. Departementet har likevel ikkje innhenta rapportering som gir konkret tilbakemelding om korleis dette styringssignalet blir følgt opp.

Undersøkinga viser òg at det ikkje ligg føre rapportering – verken internt i Statens vegvesen eller til Samferdselsdepartementet – som gir påliteleg informasjon om tilstanden når det gjeld drift av vegnettet. Rapporteringa gjeld primært utgreiingar om tiltak og styringsutfordringar og økonomiske data, og inneheld i lita grad resultatinformasjon. Rapporteringa gir ikkje systematisk informasjon om kvaliteten på driftsarbeidet til entreprenørane. Det manglar dermed grunnlag for å vurdere om drifta er utført i samsvar med fastsette standardar, og for å samanlikne kvalitet mellom forskjellige kontraktar, entreprenørar og distrikt.

Den resultatinformasjonen som ligg føre, er i all hovudsak basert på brukarundersøkingar. Dei kan medverke til å sikre brukarperspektivet ved å gi eit bilete av korleis trafikantane opplever tilstanden på vegnettet. Vegdirektoratet har likevel i intervju hevda at undersøkingane ikkje er eigna som styringsinformasjon i oppfølginga av funksjonskontraktane. Dette kjem blant anna av at brukarane ikkje tek omsyn til standardkrav, og at svara deira ikkje kan knytast til spesifikke kontraktområde.

På bakgrunn av desse manglane i rapporteringa er det i undersøkinga stilt spørsmål om Samferdselsdepartementet og leiinga i Statens vegvesen har tilstrekkeleg styringsinformasjon til å kunne vurdere om drifta av vegnettet skjer i samsvar med fastsette standardar.

Reglementet for økonomistyring i staten slår fast at styringssystemet i departementet skal sikre tilstrekkeleg styringsinformasjon og forsvarleg avgjerdsgrunnlag. Departementet skal i tillegg fastsetje overordna mål og styringsparametrar for dei underliggjande verksemdene for å kunne vurdere måloppnåing og resultat.

Den jamlege oppfølginga for å sikre tilstrekkeleg kvalitet på leveransane frå entreprenørane er delegert frå Vegdirektoratet til regionvegsjefane. Regionane har likevel i intervju peikt på at det er distrikta som har den utøvande makta knytt til funksjonskontraktane, og at regionnivået ikkje har ei systematisk oppfølging av distrikta for å innhente oversikter over tilstanden når det gjeld drift av vegnettet. Regionane sit ikkje med aggregerte data eller samanfattande vurderingar av kvaliteten på drifta i dei ulike kontraktområda.

Undersøkinga viser òg at byggjeleiarane ser veikskapar ved forvaltninga av funksjonskontraktane. Om lag to tredelar av byggjeleiarane gir i spørjeundersøkinga uttrykk for at systemet med funksjonskontraktar berre i noka eller i lita grad gir byggjeleiaren tilstrekkeleg oversikt over tilstanden på vegnettet. Dette inneber at mange av dei som har det utøvande ansvaret for å sikre tilstrekkeleg kvalitet på leveransar frå entreprenørane, meiner at deira eiga oversikt over tilstanden på vegnettet ikkje er tilstrekkeleg. I undersøkinga er det på denne bakgrunn stilt spørsmål om Statens vegvesen har sett i verk tilstrekkelege tiltak for å sikre nødvendig oversikt.

Ei god oversikt over driftstilstanden på vegnettet på alle nivå er sentralt for at departementet og leiinga i Statens vegvesen skal kunne gi tilstrekkelege og relevante styringssignal. Derfor er det i undersøkinga peikt på at det er grunn til å stille spørsmål ved at store kontraktverdiar blir forvalta i ytste ledd i verksemda utan at leiinga i Statens vegvesen har sørgd for at det er etablert styringssystem som i større grad sikrar oppfølging av om ein oppnår tilfredsstillande resultat. Det blir i undersøkinga også stilt spørsmål om Samferdselsdepartementet har følgt opp det overordna ansvaret sitt for at Statens vegvesen som underliggjande etat har styringssystem som sikrar forsvarleg gjennomføring og tilstrekkeleg styringsinformasjon.

Samferdselsdepartementet understrekar i svarbrevet sitt at det er viktig å undersøkje om rapporteringa av driftstilstanden på vegnettet er tilfredsstillande. Departementet viser til Riksrevisjonens funn knytte til mangelfull rapportering og ulik praksis frå region til region, og stadfestar dessutan at ansvar ser ut til å vere skuva langt ut i organisasjonen. Etter departementets syn er dette problemstillingar som Vegdirektoratet vil ta tak i ved å sjå på ulike typar organisering, under dette om Vegdirektoratet skal ha ei sterkare rolle.

Etter økonomireglementet § 16 skal alle verksemder sørgje for at det blir gjennomført evalueringar for å få informasjon om effektivitet, måloppnåing og resultat innanfor heile eller delar av ansvarsområdet til verksemda og aktivitetane ho driv. Evalueringane skal kaste lys over kor formålstenleg for eksempel eigarskap, organisering og verkemiddel er. Frekvensen og omfanget av evalueringane skal avgjerast ut frå "virksomhetens egenart, risiko og vesentlighet".

Undersøkinga viser at Vegdirektoratet ved fleire høve har gitt departementet utgreiingar om styringsutfordringar i samband med oppfølging av funksjonskontraktar. Blant anna er departementet gjort kjent med prisaukar, utfordringar knytte til implementering av nye kvalitetssystem, problem med leveransar under ekstraordinære vêrforhold og ressursproblem knytte til å gjennomføre stikkprøvekontrollar.

Undersøkinga viser likevel at det ikkje er gjort systematiske evalueringar på dette området, verken av Vegdirektoratet eller av departementet. Samferdselsdepartementet har i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 signalisert at departementet i 2009 vil setje i gang ei evaluering av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. På bakgrunn av krav i økonomireglementet og dei nemnde veikskapane i den ordinære rapporteringa, er det i undersøkinga stilt spørsmål om ikkje Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet tidlegare burde ha innhenta systematisk kunnskap om eit område med styringsutfordringar, for å sikre at midlane som blir løyvde til kjøp av drifts- og vedlikehaldstenester gjennom funksjonskontraktar, blir forvalta på ein effektiv måte.

Samferdselsdepartementet opplyser i svarbrevet sitt at evalueringa som blei varsla i Nasjonal transportplan 2010–2019, no er sett i gang. Etter departementets syn vil det vere naturleg at evalueringa omfattar mange av problemstillingane som er tekne opp i Riksrevisjonens undersøking.

Samferdselsdepartementet har gjennom Statens vegvesen ansvaret for at drift og vedlikehald på vegnettet skjer i samsvar med Stortingets føresetnader om gode og sikre framkomstforhold for trafikantane heile året. Stikkprøvekontrollar er eitt av verkemidla for å sikre at drifta av vegnettet er rettidig og blir utført med riktig kvalitet.

Samferdselsdepartementet har i tildelingsbreva for 2007, 2008 og 2009 understreka Vegvesenets kontrollansvar med utføringa av funksjonskontraktane. Byggherren skal i tråd med fastsette planar kontrollere tilstanden på vegane gjennom stikkprøvekontrollar. Formålet er å sikre at entreprenøren utfører arbeidet i samsvar med fastsette kontraktkrav. Det er tilrådd eit kontrollomfang på 1–4 dagsverk per kontrakt per månad. Dette kontrollomfanget skal sikre oppfølging av kontraktar med ein gjennomsnittleg kontraktsum på om lag 92 mill. kroner.

Undersøkinga viser at Statens vegvesen har auka kontrollverksemda dei seinare åra. Ein gjennomgang av rapporteringa av kontrollverksemda viser likevel at det for mange kontraktar blir brukt lite ressursar til kontroll samanlikna med det tilrådde kontrollomfanget. Vidare viser undersøkinga at det faktiske kontrollnivået er lågare enn det som går fram av fastsette kontrollplanar. I spørjeundersøkinga gir dessutan fire av fem byggjeleiarar uttrykk for at det ikkje er nok byggherreressursar til å føre tilstrekkeleg og forsvarleg kontroll med vegnettet. Dette blir stadfesta i intervju med Vegdirektoratet og regionane. Det er i undersøkinga stilt spørsmål om omfanget av stikkprøvekontrollane er tilstrekkeleg til å sikre tilfredsstillande kvalitet på arbeidet til entreprenørane.

I rapporteringa om kontrollverksemda er det gitt opplysningar om kor mange dagsverk som er brukte til kontroll, og kor mange strekningar som er kontrollerte. Undersøkinga viser at data ikkje blir systematisk analyserte, verken på regionnivå eller i Vegdirektoratet. Vegdirektoratet har i intervju framheva at kontrollnivået i den einskilde regionen er regionvegsjefens ansvar. Vegdirektoratet er likevel kjent med at det for visse kontraktar i praksis ikkje blir gjennomført kontroll. Direktoratet har i visse tilfelle sendt data vidare til Samferdselsdepartementet gjennom den ordinære, periodiske rapporteringa. Gjennom denne rapporteringa blir det opplyst om omfanget av kontrollverksemda, men desse data er ikkje sedde i samanheng med planlagt og tilrådd kontrollnivå. På bakgrunn av at departementet har understreka at kontrollansvaret til Statens vegvesen er viktig, blir det i undersøkinga stilt spørsmål om Vegdirektoratets oppfølging overfor regionane har vore tilstrekkeleg. Det er i undersøkinga også stilt spørsmål om departementet har hatt tilstrekkeleg styringsinformasjon for å kunne vurdere om kontrollansvaret er sikra på ein tilfredsstillande måte.

Dersom entreprenøren ikkje held ved lag etablerte standardar og rutinar, har Statens vegvesen som byggherre høve til å setje i verk økonomiske sanksjoner overfor entreprenøren.

Statens vegvesen utarbeidde i 2007 ein instruks for handtering av manglar og sanksjonar. Undersøkinga viser at det før implementeringa av den nye instruksen ikkje var gitt sentrale retningslinjer for når det skulle påleggjast sanksjoner, og kor store sanksjonssummane skulle vere. For eksempel hadde to regionar utarbeidd kvart sitt skjema for dette. Regionane har stadfesta i intervju at bruk av sanksjonar i stor grad har vore eit skjønnsspørsmål for den einskilde byggjeleiaren. I undersøkinga er det stilt spørsmål om dette kan sameinast med prinsippet om likebehandling av entreprenørar. I intervju har fleire regionar og distrikt gitt uttrykk for at den nye instruksen i større grad sikrar lik praksis og klarleik i når og korleis sanksjonar skal brukast.

Fleirtalet av regionane har i intervju trekt fram entreprenørens økonomiske interesser som ei årsak til mangelfull utføring av arbeidet ute på vegen. Alle regionane har dessutan understreka at sanksjonar er eit nødvendig verkemiddel for å oppnå ønskt kvalitet. Undersøkinga viser likevel at omfanget av sanksjonar utgjer berre nokre få promille av omsetninga gjennom funksjonskontraktane. Det er i intervju vist til at det er ein samanheng mellom kontrollar og sanksjonar ved at det i kontraktområde med fleire kontrollar også har vore ein auke i bruk av sanksjonar. Undersøkinga viser at kontrollomfanget i mange tilfelle er lågt. Dette, kombinert med eit svært lite omfang av sanksjonar sett i forhold til det totale kontraktvolumet, ligg til grunn for at det i undersøkinga er stilt spørsmål om entreprenørane har hatt tilstrekkelege incentiv til å levere høg kvalitet på drifta av vegnettet.

Etter Vegdirektoratets overslag låg dei økonomiske sanksjonane i tilknyting til drift og vedlikehald av riksvegar på ca. 15 mill. kroner i perioden 2003–2008. Etter Vegdirektoratets syn gir ikkje rekneskapen eit fullstendig bilete av omfanget av økonomiske sanksjonar. Årsaker til dette er blant anna at rekneskapsposten også omfattar dagbøter knytte til investeringsprosjekt, og at det har vore ulik rekneskapsføring av sanksjonar i perioden. Vegdirektoratet har vidare opplyst at det ikkje har utarbeidd oversikt over kor stor del dei økonomiske sanksjonane utgjer av det totale kontraktvolumet. På bakgrunn av mangelfull rekneskapsføring og manglande analysar er det i undersøkinga stilt spørsmål om Vegdirektoratet i tilstrekkeleg grad har sikra seg styringsinformasjon om bruken av sanksjonar som eit sentralt verkemiddel i oppfølginga av entreprenørane.

Statens vegvesens styring og oppfølging av entreprenørane er basert på at desse har etablert eit kvalitetssystem i samsvar med krava i kontrakten. Sidan 2008 er det stilt krav om at kvalitetssystemet skal vere i samsvar med ISO-standardar. Som ein del av dette har entreprenørane fått eit stort ansvar for eigenkontroll. Samtidig er det stilt sterkare krav til rapporteringa frå den einskilde entreprenøren til byggherren.

For kontraktar som er inngådde frå og med 2008, er det innført krav om at entreprenørane som ein rutine skal gi tilstandsrapportering i det elektroniske rapporteringssystemet ELRAPP kvar 14. dag, i tillegg til jamleg avviksrapportering. Tilstandsrapporteringa er ei samleoversikt som blant anna skal vise kva for driftsprosessar som er inspiserte og funne i orden. Det skal òg gå fram korleis avvik skal følgjast opp.

Ein gjennomgang av tilstandsrapporteringa viser at ein del entreprenørar ikkje etterlever fastsette rapporteringskrav. Rapporteringa er av varierande regularitet, og innhaldet og detaljeringsnivået i rapporteringa er vekslande sidan entreprenørane i hovudsak sjølv utformar skjemaet for tilstandsrapportering. Manglane i rapporteringa frå mange av entreprenørane blir også stadfesta i spørjeundersøkinga.

Innføringa av ISO-standardar, med vekt på kvalitetssystem og eigenkontroll hos entreprenørane, føreset at rapporteringa er av ein kvalitet som sikrar byggherren god oversikt over tilstanden på vegnettet. På bakgrunn av dei nemnde manglane ved rapporteringa er det i undersøkinga stilt spørsmål om byggherren har grunnlag for tilstrekkeleg og forsvarleg kontroll med entreprenørane.

I samband med omorganiseringa av Statens vegvesen blei konkurranseutsetjing trekt fram som eit verkemiddel for å oppnå størst mogleg effektivitet. Konkurranse mellom leverandørane er ein føresetnad for at det kan gjennomførast effektive anskaffingar.

Undersøkinga viser at det for 37 pst. av kontraktane som var sette i verk i åra 2003–2009, berre var éin eller to entreprenørar som la inn tilbod då kontraktane blei utlyste. Konkurransesituasjonen er særleg krevjande i Region midt og Region nord, der det for høvesvis to tredelar og halvparten av kontraktane har vore færre enn tre tilbydarar. Vegdirektoratet stadfestar i intervju at det vurderer prosessar med færre enn tre tilbydarar som lite tilfredsstillande for å sikre tilstrekkeleg konkurranse.

Vidare viser undersøkinga at marknaden er dominert av tre entreprenørar når kontraktane blir lyste ut: Mesta AS, Kolo Vegdekke AS og NCC. Mesta AS hadde ansvaret for 61 pst. av kontraktane som var i drift per 31. desember 2008, og har såleis ei svært dominerande rolle i marknaden.

Vegdirektoratet har prøvd ut ulike kontraktstrategiar for å auke konkurransen på entreprenørmarknaden. Det er likevel enno ikkje sett i gang eit systematisk arbeid for å prøve ut ulike kontraktstrategiar.

På bakgrunn av dei nemnde forholda, er det i undersøkinga stilt spørsmål om det i tilstrekkeleg grad er oppnådd konkurranse om funksjonskontraktane.

I svarbrevet sitt viser Samferdselsdepartementet til at Statens vegvesen har sett i verk fleire tiltak for å betre konkurransen om funksjonskontraktane. Departementet peiker på at det på dette feltet har vore dialog med entreprenørbransjen, og at det er hausta erfaringar frå europeiske land. Departementet opplyser at Vegdirektoratet vil følgje opp dette arbeidet for å sikre best mogleg konkurranse gjennom utprøving av nye kontraktformer.

Samferdselsdepartementet opplyser elles i svarbrevet sitt at det er kjent med at Statens vegvesen har hatt jamleg evaluering og diskusjon av kontraktformer gjennom seminar og møte der også entreprenørar har delteke. Det har òg vore ein dialog med vegstyresmakter i andre land som har erfaring på området. Departementet peiker òg på at det har skjedd ei oppdatering i systemet for oppfølging av funksjonskontraktane, slik at det betre enn før kan sikre at det som er bestilt gjennom funksjonskontraktane, blir levert. Dette skjer ved betre kvalitetsrutinar hos entreprenøren, nye rutinar for stikkprøvekontrollar og nytt IT-system for kontinuerleg oppfølging av kontraktarbeidet.

Samferdselsdepartementet understrekar vidare at det har vore aukande fokusering på funksjonskontraktar både i Statens vegvesen og i departementet. Etter departementets syn er det likevel ingen tvil om at det framleis er eit klart potensial for forbetring og vidareutvikling. Riksrevisjonens rapport vil vere eit viktig bidrag i det vidare arbeidet, opplyser departementet.

Undersøkinga viser at det gjennom dei kontraktvise evalueringane av drifts- og vedlikehaldsarbeidet som entreprenørane gjer, er påvist mangelfull utføring, og det gjeld både vinterdrift, punktlegskap og kvalitet på levert produkt. Vidare er det gjennom caseundersøkinga av utvalde vegstrekningar dokumentert ei rekkje avvik blant anna i forhold til krava til føretilstand i vintersesongen. Riksrevisjonen understrekar at utføringa av drift og vedlikehald av vegnettet skal helde ein kvalitet som er tilstrekkeleg til å medverke til gode og sikre framkomstforhold for trafikantane heile året.

Riksrevisjonen har merkt seg at Samferdselsdepartementet har nedfelt mål som er relevante for funksjonskontraktar. Undersøkinga viser likevel at departementet ikkje mottek rapportering som gir systematisk tilbakemelding på om styringssignal som gjeld funksjonskontraktar, blir følgde opp. Blant anna har Samferdselsdepartementet i tildelingsbreva peikt på at Statens vegvesen innanfor drift og vedlikehald skal prioritere tiltak som er viktige for trafikktryggleiken. Departementet har likevel ikkje innhenta rapportering som gir konkret tilbakemelding på korleis dette styringssignalet blir følgt opp. Undersøkinga viser vidare at det ikkje ligg føre rapportering som gir påliteleg informasjon om driftstilstanden på vegnettet. Riksrevisjonen stiller spørsmål ved korleis Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen kan vurdere om drifta av vegnettet skjer i samsvar med fastsette standardar og prioriteringar utan slik informasjon.

Undersøkinga viser at det er etablert eit desentralisert styringssystem for drift og vedlikehald av vegnettet. Dette kjem til uttrykk ved at oppfølgingsansvaret for funksjonskontraktar er delegert frå Vegdirektoratet til regionane og vidare til distrikta og den einskilde byggjeleiaren. Gjennom funksjonskontraktane blir dermed store kontraktverdiar forvalta i ytste ledd av verksemda utan at det er etablert styringssystem som i tilstrekkeleg grad sikrar oppfølging av om ein oppnår tilfredsstillande resultat. Samferdselsdepartementet seier seg einig i at ansvar er skuva langt ut i organisasjonen, og viser til at Vegdirektoratet skal vurdere ulike typar organisering, under dette om direktoratet skal ha ei sterkare rolle. Riksrevisjonen ser positivt på dette, men vil samtidig understreke at Samferdselsdepartementet har overordna ansvar for at Statens vegvesen som underliggjande etat har styringssystem som sikrar forsvarleg gjennomføring og tilstrekkeleg styringsinformasjon.

Riksrevisjonen har merkt seg at Statens vegvesen har auka kontrollverksemda dei seinare åra. Undersøkinga viser likevel at det for mange kontraktar blir brukt lite ressursar til kontroll, og at det faktiske kontrollnivået er lågare enn det som er planlagt ut frå fastsette kontrollplanar. I lys av at funksjonskontraktane er samfunnsmessig og økonomisk svært viktige, peikar Riksrevisjonen på at byggherren i tilstrekkeleg grad må følgje opp det arbeidet entreprenørane gjer for å sikre at drifts- og vedlikehaldsoppgåvene blir utførte med riktig kvalitet. Riksrevisjonen peikar vidare på at det er viktig at entreprenørane får tilstrekkelege incentiv til å levere høg kvalitet på drifta av vegnettet.

Når det gjeld økonomiske sanksjonar, viser undersøkinga at det tidlegare har vore ulik praksis for fastsetjing av desse. Statens vegvesen har innført ein ny sanksjonsinstruks, og Riksrevisjonen føreset at denne vil føre til ein meir einskapleg praksis i bruken av sanksjonar.

Konkurranse mellom fleire entreprenørar vil vere ein føresetnad for at det kan gjennomførast effektive anskaffingar. Undersøkinga viser at det for ein stor del av kontraktane berre er éin eller to entreprenørar som legg inn tilbod, og at marknaden er dominert av nokre få entreprenørar. Samferdselsdepartementet viser til at Vegdirektoratet vil arbeide for å sikre best mogleg konkurranse gjennom utprøving av nye kontraktformer. Riksrevisjonen understrekar at det er viktig å setje i gang eit systematisk arbeid for å stimulere konkurransen på entreprenørmarknaden.

Samferdselsdepartementet viser til ulike tiltak Statens vegvesen har gjennomført for å sikre ei god oppfølging av funksjonskontraktane, både gjennom eigne system og rutinar og gjennom betre kvalitetsrutinar hos entreprenørane. Etter departementets syn er det likevel ingen tvil om at det framleis er eit klart potensial for forbetring og vidareutvikling. Riksrevisjonen merkjer seg at departementet no har sett i gang eit evalueringsarbeid om funksjonskontraktar, og legg til grunn at dette arbeidet fører til betringar både i kvaliteten på drifta av vegnettet og i styringa på området.

Saka er lagd fram for Samferdselsdepartementet, og statsråden har i brev til Riksrevisjonen av 12. august 2009 svart:

«Eg viser til brev av 25.06.2009, vedlagt dokument nr. 3:16 (2008–2009) til Stortinget om Riksrevisjonens gransking av drift og vedlikehald av vegnettet. Eg vil også vise til brev av 29.05.2009 frå Samferdselsdepartementet som svar på Riksrevisjonen sitt utkast til hovudanalyserapport om granskinga av drift og vedlikehald av vegnettet.

Etter mi vurdering tek rapporten opp sentrale problemstillingar knytt til drift og vedlikehald av vegnettet. Det er viktig at vegen trafikantane køyrer på er sikker og held ein god standard. Årleg bruker vi mykje midlar på drift og vedlikehald av vegane og det er nødvendig å ha gode system for å sikre at midlane blir brukte på ein best mogeleg måte.

Riksrevisjonen stiller m.a. spørsmål ved om Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen kan vurdere om drifta av vegnettet skjer i samsvar med fastsette standardar og prioriteringar. Riksrevisjonen meiner det manglar styringssystem som sikrar at styringssignala frå departementet til Statens vegvesen blir følgt opp. Eg vil her trekkje fram at departementet gjennom m.a. tildelingsbrev og etatsmøte gir klare signal til Statens vegvesen om kva som skal prioriterast. For å sikre at dei fastsette måla faktisk blir oppnådd, er departementet oppteken av at rapporteringa og oppfølginga av desse er så god som mogleg. Departementet vil gå nøye gjennom korleis rapporteringa og oppfølginga kan bli betre.

Riksrevisjonen viser vidare til at det er etablert eit desentralisert styringssystem, der store kontraktsverdiar blir forvalta i ytterste ledd, men at det ikkje eksisterer gode nok system til å sikre at tilfredsstillande resultat blir oppnådd. Samferdselsdepartementet er samd i at dette er ei utfordring.

Eg registrerer at Riksrevisjonen er positiv til at Vegdirektoratet no skal vurdere ulike typar organisering for å sikre tilfredsstillande måloppnåing. Uavhengig av kva slags organisering direktoratet fell ned på, vil Samferdselsdepartementet ha eit overordna ansvar for at det blir etablert solide styringssystem som varetek behovet for styringsinformasjon.

Det er viktig at byggherren følgjer opp det arbeidet som entreprenørane utfører for å sikre seg at drifts- og vedlikehaldsoppgåvene blir utførte i samsvar med dei krav som er sett i kontraktane. Departementet legg til grunn at den sanksjonsinstruksen som Statens vegvesen no har innført, m.a. vil bidra til å sikre betre kvalitet på arbeidet som blir utført.

For å sikre at ein får ein reell konkurranse i samband med utlysning av funksjonskontraktane er det viktig at det er fleire entreprenørar som legg inn tilbod. Eg har registrert at det ved ei rekkje kontraktar er få entreprenørar som legg inn tilbod. Dette er etter mi meining uheldig. Det er derfor viktig at Vegdirektoratet arbeider vidare med å utvikle nye og meir konkurransefremjande kontraktsformer.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 blei det varsla at det skal gjerast ei evaluering av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. Eg har notert at Riksrevisjonen legg til grunn at denne evalueringa kan medføre forbetringar både i kvalitet på drifta av vegnettet og i styringa på området. Eg håpar at denne evalueringa vil kunne gi meir informasjon og kunnskap knytt til konkurranseutsetjinga. Vidare er det også eit mål at evalueringa kan gi oss eit betre grunnlag for å kunne vidareutvikle og forbetre funksjonskontraktane.»

Stortinget har gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 føresett at drifta av vegnettet skal vere rettidig og utførast med riktig kvalitet. Tilsvarande understrekar Samferdselsdepartementet at det er viktig at den vegen trafikantane køyrer på, er sikker og held god standard. Riksrevisjonen ser derfor alvorleg på at det er identifisert mangelfull utføring av driftsarbeidet på ei rekkje vegstrekningar.

Undersøkinga viser vidare omfattande manglar i styringssystemet. Rapporteringa om drift av vegnettet er mangelfull, blant anna fordi ho ikkje gir påliteleg informasjon om driftstilstanden på vegnettet. Trass i den desentraliserte organiseringa som er valt, er det ikkje etablert styringssystem som i tilstrekkeleg grad sikrar at verksemdsleiinga følgjer opp om ein oppnår tilfredsstillande resultat. Samferdselsdepartementet seier seg einig i at dette er ei utfordring. Riksrevisjonen merkjer seg i den samanheng at ulike typar organisering blir vurderte, og at Samferdselsdepartementet vil gå nøye gjennom korleis rapporteringa og oppfølginga kan bli betre. Riksrevisjonen legg til grunn at dette fører til etablering av eit styringssystem som sikrar nødvendig resultatinformasjon og dermed er eit godt grunnlag for heilskapleg og overordna styring.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at sanksjonsinstruksen som Statens vegvesen har innført, vil medverke til å sikre betre kvalitet på arbeidet som blir gjort. Riksrevisjonen ser positivt på at Vegdirektoratet har innført ein ny sanksjonsinstruks, men vil samtidig understreke behovet for tett oppfølging av entreprenørane – i form av både stikkprøvekontrollar og samarbeid med sikte på forbetringar i kvalitetssystemet til entreprenørane.

Riksrevisjonen har merkt seg at departementet seier seg einig i at manglande konkurranse i samband med utlysing av funksjonskontraktane er uheldig. Departementet understrekar at det derfor er viktig at Vegdirektoratet arbeider vidare med å utvikle nye og meir konkurransefremmande kontraktformer. Riksrevisjonen føreset at Samferdselsdepartementet følgjer opp at det blir gjort eit systematisk arbeid for å stimulere konkurransen i entreprenørmarknaden.

Samferdselsdepartementet viser til at det årleg blir brukt store midlar på drift og vedlikehald av vegnettet, og at det er nødvendig med gode system for å sikre at midlane blir brukte på best mogleg måte. Riksrevisjonen legg til grunn at den kommande evalueringa av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene vil medverke til dette.