Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Oskar Jarle Grimstad, Ketil Solvik-Olsen og Tor Sigbjørn Utsogn, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, John Thune, viser til Representantforslag 32 S (2009–2010).

Komiteen viser til forslaget hvor det påpekes at vi står foran en periode med behov for vesentlige investeringer i sentralnettet. Dette er nødvendig både av hensyn forsyningssikkerheten og for å legge til rette for utbygging av fornybar energi. Samtidig er det viktig at denne utbyggingen og opprustingen av kraftledningsnettet gjøres så skånsomt som mulig av hensyn til andre miljø- og samfunnsinteresser.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til brev til komiteen fra statsråd Terje Riis Johansen datert 21. januar 2010, hvor han viser til Ot.prp. nr. 62 (2008–2009). Der ble det lagt frem en strategi for økt hensyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn i kraftledningssaker. Denne ble vedtatt av et samlet storting i juni 2009. Til grunn for strategien lå en grundig gjennomgang av hvordan kraftledninger planlegges og konsesjonsbehandles, og en evaluering av hva som kunne gjøres enda bedre. Utvikling av ny overføringsteknologi og hvordan dette følges opp, ble også vurdert. Videre vises det til at statsråden legger til grunn at NVE til enhver tid holder seg oppdatert på teknologiutviklingen og det arbeidet Statnett og andre nettselskaper gjør i samarbeid med leverandørindustrien, forskningsmiljø og andre tiltakshavere.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at både gjennom saksbehandling av enkeltsaker og gjennom FoU-prosjekter, bidrar NVE aktivt til å fremme løsninger for fremtidens kraftoverføring. FoU-prosjekter initiert av NVE har allerede medført mer bruk av kamuflerende tiltak. Gjennom konsesjonsvilkårene bidrar NVE til utvikling av nye løsninger og FoU-prosjekter i regi av bransjen. NVE er også deltaker i prosjekter som ser på ulike biologiske og økologiske aspekter ved kraftledningsbygging for å finne frem til miljøtilpassede løsninger. Når det gjelder FoU-aktiviteter vises det også til kraftledningsstrategien i Ot.prp. nr. 62 (2008–2009), som omtaler prosjekter under RENERGI og Centre for Environmental Design of Renewable Energy (CEDREN).

Dette flertallet viser til at i kraftledningsstrategien er det understreket at Statnett og andre nettselskaper skal være pådrivere for utvikling og kvalifisering av ny teknologi. Samtidig må viktige sentralnettsforsterkninger baseres på teknologi som er tilstrekkelig kvalifisert og hvor risikoen for feil er akseptabel.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, støtter statsrådens vurdering at intensjonen i forslaget er ivaretatt gjennom det arbeidet som NVE, Statnett, andre norske nettselskap og FoU-miljøer utfører, og ser ikke behov for å opprette et nytt utva1g på dette området.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti meinar at ein bør nytte den planlagde utbygginga av sentralnettet til å utvikle og prøve ut ny teknologi som kan gje ein meir skånsam kraftoverføring gjennom sårbare naturområde, på same tid som forsyningssikkerheita blir teken vare på. Det føregår mykje spennande teknologiutvikling når det gjeld kablar, både når det gjeld kapasitet og pris, og det er viktig å sende klare signal til desse miljøa/bedriftene om at det vil bli stort behov for betre kabelteknologi raskt. Ei storstilt utbygging av eit supernett i Nordsjøbassenget og eventuelt langs norskekysten vil gje grunnlag for store investeringar i framtida.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er ikkje i tvil om at det er mykje kunnskap i NVE på dette området. Desse medlemene meiner likevel at det vil vere nyttig også å kunne trekke på ekstern kunnskap frå mellom anna private bedrifter på dette området.

Som døme på teknologiutviklinga viser desse medlemene mellom anna til at høgaste spenningsnivå for PEX sjøkabelsystem var på 170 kV fram til 2006. No er høgaste spenningsnivå på PEX sjøkablar 420 kV. Desse medlemene er kjende med at Nexans er i ferd med å langtidsteste fleksible skøytar på 400 kV-nivå. Når dei er tilgjengelege vil ein starte å bruke teknologien kommersielt. Storskala-bruk av denne kabeltypen ligg nokre år fram i tida, men for at slike løysingar skal takast i bruk om nokre år må ein planlegge dette i dag, sidan endring av sentralnettet krev langtids planlegging. Reint teknisk vil ein kabel innskoten i ein lang luftlinje forbetre overføringseigenskapane på grunn av at kabelen kan kompensere luftlinja og omvendt.

Desse medlemene meiner at regjeringa er altfor passiv på dette området. Desse medlemene er glade for at olje- og energiministeren i Ot.prp. nr. 62 (2008–2009) la fram ein strategi for auka omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn i kraftleidningssaker, som desse medlemene slutta seg til. Desse medlemene vil peike på at denne strategien vart lagt fram etter eit representantforlag frå Høgre. Desse medlemene meiner likevel at dette ikkje er nok for å sikre eit framtidsretta kraftnett i Noreg og mellom Noreg og våre naboland.

Desse medlemene vil peike på at ei viktig overføringslinje til utlandet, Nor-Ned-kabelen, for tida er ute av drift, og til problema med Oslofjord-forbindelsen siste åra. Desse medlemene vil også peike på at det i konsesjonshandsaminga av dei nye 420 kV-linjene på Vestlandet blir vist til, både frå Statnett og NVE, at kabelteknologien er for dårleg og usikker til å kunne nytte dette alternativet for framføring av kraft i desse områda. Det syner etter desse medlemene si meining at vi treng å utgreie betre kabelteknologi som kan gje sikrare straumforsyning og større kapasitet til konkurransedyktig pris.

Det bør derfor etter desse medlemene si meining opprettast eit fagleg utval som er samansett av mellom anna representantar for kabelprodusentar, forskingsmiljø og Statnett SF for å gå gjennom nye teknologiske løysingar som kan takast i bruk i framtidas kraftnett. Desse medlemene vil understreke at oppretting av eit slikt utval ikkje skal gå på kostnad av nødvendig utbygging av sentralnettet for mellom anna å sikre forsyningstryggleiken for elektrisk straum.

Desse medlemene tek opp forslaget framsett i Dokument 8:32 S (2009–2010).