Innstilling fra næringskomiteen om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008
Dette dokument
- Innst. 92 S (2009–2010)
- Kildedok: St.meld. nr. 45 (2008–2009)
- Dato: 03.12.2009
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Forslag fra mindretall
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.
Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.
Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk og vern av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning.
Det er eit generelt forbod mot fiske i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land. Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy.
Fysisk kontroll med all fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar. I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga.
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Bilateralt samarbeid har vore viktig for den nedgangen i urapportert fiske som har skjedd i 2007 og 2008.
Ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiske er ei betydeleg utfordring for berekraftig forvaltning av fiskeria, og har ei rad negative effektar for bestandane, det marine økosystemet, fiskerinæringa og forvaltninga. Noreg er ein aktiv pådrivar i kampen mot UUU-fiske.
Bilateralt har Noreg inngått ei rekkje kontrollavtalar med land i Europa, Afrika og Nord-Amerika. Desse avtalane er viktige i kampen mot UUU-fiske.
EU-kommisjonen har nyleg lagt fram fleire offensive og omfattande forslag til tiltak. Når det no ser ut til at EU-kommisjonen har endra politikken sin, bør Noreg samarbeide og koordinere tiltaka med EU, både bilateralt og i andre internasjonale fora.
I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.
Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, sidan EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk (Common Fisheries Policy). I denne samanhengen vil EU vurdere å innføre eit utkastforbod i eigne farvatn. Det er derfor viktig at Noreg opprettheld presset for å innføre utkastforbod dei neste åra.
Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2009 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland.
Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.
I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse og lodde. Partane vart i 2007 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007.
Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 pst. til kvar av partane. Kvoteavtalen for 2009 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Bergen 16. oktober 2008.
Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 525 000 tonn i 2009, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteken under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 194 000 tonn, inklusive forskingsfangst.
Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2009 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre.
På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet.
Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen.
Etter tre forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Oslo 10. desember 2008, ein kvoteavtale for 2009.
I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 42 110 og 125 934 tonn i 2009. Kvitingkvoten på 15 173 tonn er ein nedgang frå 2008. Kvoten for raudspette er noko auka frå 2008 til 2009.
Totalkvoten for makrell er i 2009 sett til 495 514 tonn mot 373 937 tonn i 2008. Av totalkvoten for 2009 kan 63 826 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 113 863 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62ºN og i internasjonalt farvatn, og 317 825 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er på 190 802 tonn. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen. Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2009 er noko auka frå 2008, medan hysekvoten er på same nivå som i fjor.
Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til partane. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket. Den gjensidige balansen er berre i liten grad redusert i 2009 i forhold til i 2008.
Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen skal søkjast vidareførd i 2009.
Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholsavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholsavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998–1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.
Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2009 fiske 4 720 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2008 var tilsvarande tal 3820 tonn.
Noreg og EU vart 10. desember 2008 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2009. Totalkvotane for torsk er noko auka, medan totalkvotane for reke, raudspette, kviting og brisling er dei same som i 2008. Kvotane for hyse og sild er redusert.
Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri. Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2009 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 10. desember 2008.
Bestandsutrekning ("assessment") inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:
fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)
toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)
Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er difor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.
I omtalen av fisket etter avtalane for 2007 og 2008 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.
Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten.
Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde.
Oversikta ovanfor syner at torskekvotane nord om 62ºN er noko overfiska begge åra, med utnyttingsgrad på vel 110 pst. i 2007 og 107 pst. i 2008. Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 96 pst. i 2007 og 95 pst. i 2008.
Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2 i proposisjonen. Av dei norske fangstane nord om 62ºN i 2007 fiska Noreg 2,3 pst. av torskefangstane og 5,2 pst. av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2008 var 0,7 pst. for torsk og 1,7 pst. for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.
Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen. Noreg sine kvotar av torsk, sei, raudspette, makrell og sild vart godt utnytta dei to åra.
Noreg fekk i 2007 og 2008 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. Noreg nyttar desse kvotane i såpass stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 5.4 i proposisjonen.
EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2008 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis for perioden 1. april til 6. mai 2008. Av ein kvote på 20 000 tonn i EU-sona fiska norske fartøy 21 835 tonn tobis i 2008.
Samla vart det fiska 3 582 tonn botnfisk i færøysk sone i 2007, tilsvarande tal for 2008 var 2 466 tonn botnfisk. I 2008 var den norske utnyttinga av kvotane i færøysk sone endå lågare enn i 2007.
Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7 i proposisjonen. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 pst. bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt både i 2007 og i 2008.
Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.16 i proposisjonen. Av torskekvoten i NØS i 2007 vart 31 pst. fiska. Tilsvarande tal for 2008 var 38 pst. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 66 pst. i 2007 og på 70 pst. i 2008.
EU sin kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.18 i proposisjonen. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62ºN som tilsvarer 4,14 pst. av TAC for nordaustarktisk torsk. I åra 2007 og 2008 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62ºN godt.
Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20 i proposisjonen. Grønland har nytta torske- og hysekvotane godt i 2007 og 2008. Grønland fiska 64 pst. av seikvoten i 2008.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Svein Flåtten, Frank Bakke Jensen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til St.meld. nr. 45 (2008–2009) om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008. Komiteen viser til at fiskeriavtalene med andre land har stor betydning, ettersom Norge deler fiskeressurser med mange land.
Komiteen viser til at ulovlig, urapportert og uregulert (UUU) fiske er en betydelig utfordring for bærekraftig forvaltning av fiskeriene, og er negativt for bestandene, det marine økosystemet, fiskerinæringen og forvaltningen. Komiteen viser til at Norge er en aktiv pådriver i kampen mot UUU-fiske, og er opptatt av at Norge fortsatt må prioritere dette arbeidet høyt. Komiteen viser til at Norge har inngått en rekke kontrollavtaler med land i Europa, Afrika og Nord-Amerika, og understreker at disse avtalene er viktige i kampen mot UUU-fiske. Komiteen setter pris på at det gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Norge, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smutthullsavtalen), har lyktes norske og russiske myndigheter å gjøre slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestander i internasjonalt område i Barentshavet.
Komiteen viser til den uenigheten som eksisterer mellom Norge og EU når det gjelder forvaltningen av makrell. Komiteen understreker behovet for at Regjeringen gir høy prioritet til arbeidet med å oppnå enighet med EU om denne forvaltningen på en måte som tjener norske fiskeriinteresser.
Komiteen vil videre vise til at EU har vedtatt en forordning om forbud om handel med selprodukter (EF Nr. 1007/2009). Det er i den forbindelse grunn til å merke seg at EU også anser denne som EØS-relevant. Dette medfører et totalforbud mot salg av selprodukter til EU og dermed river en bort mye av næringsgrunnlaget for selnæringen. Dette gir grunn til bekymring, da det er en åpenbar sammenheng mellom antallet sel og størrelsen på fiskebestandene. Norge har, sammen med Canada, anket EUs forordning om handel med selprodukter inn for WTO.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har registrert at Regjeringen har lagt fram en stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk som ligger til behandling i Stortinget (St.meld. nr. 46 (2008–2009)). Norge følger de folkerettslige pliktene sine til internasjonalt samarbeid om forskning og forvaltning av hval ved å delta i den internasjonale hvalfangstkommisjonen IWC, Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen – NAMMCO og Det internasjonale råd for havforskning – ICES.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil vise til at Norge er svært avhengig av å ha gode avtaler med andre land hva gjelder fiskeriavtaler. Det er i den forbindelse også viktig å foreta grundige gjennomganger i tiden etter avtalenes utløp for å kunne ha en god oversikt over hvordan de enkelte avtaler har blitt fulgt opp av avtalestatene, og ikke minst for å kunne danne seg et bilde av hvordan avtalene har virket positivt inn for norsk fiskerinæring. De aller fleste avtalene som Norge har inngått de senere år har vist seg å bli etterfulgt på en relativt god måte, men det finnes dessverre alvorlige unntak. I den forbindelse er det grunn til å påpeke den alvorlige situasjonen som er oppstått i forbindelse med at norske makrellfiskere har blitt utestengt fra å fiske i EU-farvann fra og med 1. oktober 2009. Dette har medført at eksportverdier for nærmere 1 mrd. kroner i 2009 er gått tapt. Dette skjer til tross for at den avtalen Norge har inngått med EU klart tilsier at norske fiskere har rett til å kunne fiske sine resterende kvoter i dette farvannet, da makrellen er en bestand som vandrer i både norsk farvann og EU-farvann. Det har dessverre vist seg at en ikke klarer å komme til enighet på dette punktet.
Disse medlemmer vil legge til at det er mange indikatorer på at store fiskebestander som makrell, sild, sei og torsk, kanskje pga. temperaturendringer i havet, endrer sitt vandringsmønster. Avtalene med EU om makrellfiske, og det at Island nå vurderer medlemskap i EU, viser viktigheten av gode avtaler.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti mener at Regjeringen i enda større grad enn det som er tilfelle i dag må fokusere på utkast-politikken som EU praktiserer innenfor sine fiskerier i forbindelse med nye avtaleinngåelser. Mye av den fisken som tas opp i EU-sonen som bifangst, og som dermed kastes ut igjen, er død. Dette er en praksis som man må få slutt på dersom man skal kunne ha en bærekraftig fiskerinæring over tid med store og sterke bestander.
Disse medlemmer vil understreke at Norge må prioritere arbeidet med et avtaleverk med EU og andre nasjoner. Norske fiskeriinteresser er avhengig av avtaler som gir langsiktighet både av hensyn til bærekraftig forvaltning og økonomi. Forholdene her nevnt må få konsekvenser for Norges inngåelse av fiskeriavtaler i fremtiden.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til Innst. S. nr. 8 (2008–2009), der en samlet komité pekte på at EUs felles fiskeripolitikk har vært lite bærekraftig. Politikken har gjennomgående vært preget av høye, ikke-bærekraftige kvoter, svake reguleringer og mangelfull håndheving og sanksjonering. EUs felles fiskeripolitikk gir omfattende subsidier til bygging av nye og mer moderne fiskebåter, noe som bidrar til å holde oppe den store overkapasiteten i EUs flåte. Alt dette skjer til tross for at internasjonale havforskere og miljøorganisasjoner lenge har pekt på at EUs politikk må endres og at fisket må reduseres for å bli bærekraftig. Resultatet av denne politikken er sviktende bestander i EUs farvann, og at EU inngår fiskeriavtaler blant annet med fattige land på vilkår som er svært uheldige både i et utviklings- og havmiljøperspektiv.
Dette medlem viser til den svært alvorlige situasjonen som har oppstått for norske makrellfiskere, etter at EU uten varsel eller begrunnelse har stengt dem ute fra fisket i EU-sonen og dermed satt til side den bilaterale avtalen mellom Norge og EU. Dette medlem mener at Norge ikke må utelukke noen virkemidler i den situasjonen som har oppstått, ei heller muligheten for å stenge EU-fiskebåter ute fra norsk sone.
Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen vurdere å bruke alle virkemidler i makrellstriden med EU, inkludert å stenge EU-fiskebåter ute fra norsk sone."
Forslag fra Kristelig Folkeparti:
Stortinget ber Regjeringen vurdere å bruke alle virkemidler i makrellstriden med EU, inkludert å stenge EU-fiskebåter ute fra norsk sone.
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 45 (2008–2009) – om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008 – vedlegges protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 3. desember 2009
Terje Aasland |
Rigmor Andersen Eide |
leder |
ordfører |