1. Sammendrag
- Omtale av utbyggingen
- Trafikkgrunnlag
- Forslag til finansieringsopplegg
- Fylkeskommunal og kommunal garanti
- Avtale
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1.
Samferdselsdepartementet er positiv til at lokale styresmakter vil vidareføre satsinga på samferdselstiltak i Kristiansandsregionen gjennom ei ny Samferdselspakke fase 1. I tillegg til at ny rv 456 vil betre tilkomsten til bydelen Vågsbygd vil tiltaka innafor mjuk pakke føre til ei stor betring i framkomme og tryggleik for gåande og syklande trafikantar gjennom vidareutviking av samanhengande hovudnett for gang- og sykkeltrafikken i regionen. Kollektivtilbodet blir betra gjennom vidare utbygging av kollektivnettet, og det er også prioritert midlar til trafikktryggleikstiltak. Tiltaka vil gi eit betre tilbod for miljøvennlege transportformer. Pakka vil bidra til at Kristiansand får eit transportsystem der ein lettare kan veksle mellom å vere bilist, kollektivtrafikant og syklist.
For å kome i gang så snart som råd med prosjekt og tiltak som er kome lengst i planlegginga, er det lokal semje om å leggje fram samferdselspakka i to fasar. Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.
I Samferdselspakka, fase 1, inngår prosjektet rv 456 Kolsdalen–Lumberkrysset (Vågsbygdveien) i Kristiansand samt ei rekke tiltak innafor dei ulike programområda i kommunane Kristiansand, Søgne, Songdalen og Vennesla i Vest-Agder og Birkenes og Lillesand i Aust-Agder. Midlane til programområda vil i stor grad bli nytta til bygging av samanhengande gang- og sykkelvegnett i Kristiansandsregionen. I tillegg inngår midlar til planlegging av prosjekt og tiltak med sikte på vidareføring av samferdselspakka (fase 2).
Prosjekt og tiltak er kostnadsrekna til om lag 1 800 mill. 2009-kroner, jf. tabell 2.1 i proposisjonen.
Tabell 2.1 Aktuelle prosjekt og tiltak innafor Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1
Mill. 2009-kroner | |
Rv 456 Kolsdalen–Lumberkrysset | 1 080 |
Mjuk pakke | 420 |
Tiltak langs rv 41/451 Timenes–Kjevik | 120 |
Bomstasjonar | 20 |
Planlegging og førebuing av fase 2 | 160 |
Sum | 1 800 |
Rundt ein tredel av busetnaden i Kristiansand kommune er i Vågsbygd, og bydelen har også tunge næringsområde. Rv 456 har i dag to felt, kryss i plan og fleire direkte avkøyrslar. Det er vesentlege problem med kø i rushtida. I perioden 1999–2009 er det registrert 21 ulykker med ein drepen, to hardt skadde og 32 lettare skadde.
Prosjektet omfattar bygging av 2,2 km ny firefelts veg frå kryss med E39 i Kolsdalen, om lag 1,5 km vest for Kristiansand sentrum, til Lumberkrysset, sentralt i bydelen Vågsbygd.
Kristiansand kommune vedtok reguleringsplanane for prosjektet i mai og i september 2007 og ei mindre reguleringsendring 13. mai 2009. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 080 mill. 2009-kroner og ei kostnadsramme på 1 220 mill. 2009-kroner. Netto nytte (NN) er rekna til om lag 500 mill. kroner. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til om lag 0,3.
Det er planlagt å starte anleggsarbeida på rv 456 Kolsdalen–Lumberkrysset hausten 2010, med fullføring hausten 2013.
Det er føresett om lag 420 mill. kroner til tiltak innafor dei ulike programområda. Hovudsatsinga innafor mjuk pakke er gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak, trafikktryggleikstiltak, miljøtiltak og mindre utbetringar. I tillegg er det føresett midlar til planlegging og grunnerverv.
Totalt er det foreslått å bygge om lag 25 km nye gang- og sykkelvegar.
Det er lagt opp til å setje av midlar til tiltak i kollektivnettet både i Kvadraturen og i Kristiansandsregionen generelt.
Fv 303 mellom Kristiansand og Songdalen er også føreslått utbetra.
Mjuk pakke vil gi betre framkome og tryggleik for gåande, syklande og kollektivtrafikantar og vil gjennom dette leggje betre til rette for å erstatta bilturar med miljøvenleg transport i Kristiansandsregionen. I underkant av halvparten av ramma på 420 mill. kroner er planlagt investert i Kristiansand kommune, medan det er foreslått investeringar i storleiksorden 30–60 mill. kroner i kvar av dei fem andre kommunane.
Det føresette finansieringsbidraget i eksisterande bompengeordning var oppnådd 1. juli 2008. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 45 (2007–2008) og St.prp. nr. 72 (2008–2009) har Stortinget vedteke å vidareføre eksisterande innkrevjingsordning for å unngå opphald i innkrevjinga til den nye samferdselspakka er behandla. Dette er venta å gje 6–7 mill. kroner i inntekt pr. månad etter at driftskostnader er trekt frå, fram til ny ordning trer i kraft. Det er lagt opp til å nytte om lag 80 mill. kroner av desse midla til tiltak innafor mjuk pakke innan utgangen av 2009.
Det er behov for å ruste opp rv 41/rv 451 mellom Timenes og Kjevik flyplass. Det er derfor sett av om lag 120 mill. kroner til tiltak langs denne strekninga.
I fase 2 legg lokale styresmakter opp til bygging av ny E39 mellom Gartnerløkka og Søgne samt ytterlegare satsing på tiltak innafor dei ulike programområda. Det vil også bli vurdert å gjennomføre tiltak for å redusere veksten i biltrafikken. Før fase 2 kan leggjast fram, skal det gjennomførast ei konseptvalutgreiing (KVU) som grunnlag for kvalitetssikring i tidleg planfase (KS1).
Departementet legg til grunn at bruk av midlar til vidare planlegging og førebuing av ei eventuell Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2 blir utsett til regjeringa har tatt stilling til saka gjennom behandling av KS1.
Det er sett av om lag 160 mill. kroner til planlegging og førebuing av ein eventuell fase 2 av samferdselspakka.
Bompengeopplegget for samferdselspakka byggjer i stor grad på dagens ordning, med vidareføring av innkrevjinga i eksisterande fem bomstasjonar. Det er rekna med 5 pst. eingongsbortfall av trafikk ved overgangen frå eksisterande til ny bompengeordning grunna bortfall av periodeabonnement og at takstane blir dobla.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av trafikkgrunnlaget som ligg til grunn for finansieringa av samferdselspakka.
I dei lokale vedtaka er det lagt til grunn at samferdselspakka skal finansierast med statlege midlar innafor ramma til øvrige riksvegar og bompengar. Som følgje av forvaltningsreforma er dei aktuelle riksvegstrekningane i regionen i hovudsak føresett omklassifiserte til fylkesvegar frå 2010. Det er derfor lagt til grunn at føresette statlege midlar til pakka blir dekka av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar.
87 pst. av investeringskostnadene er føresett dekka med bompengar. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1 i proposisjonen.
Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma for Samferdselspakke fase 1. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor dei økonomiske rammene for pakka.
Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan
Mill. 2009-kroner
2006–2009 | 2010–2013 | 2014–2017 | Sum | |
Fylkeskommunale midlar Vest-Agder | 0 | 122 | 100 | 222 |
Fylkeskommunale midlar Aust-Agder | 0 | 10 | 8 | 18 |
Bompengar | 80 | 1 280 | 200 | 1 560 |
Sum | 80 | 1 412 | 308 | 1 800 |
Bompengeopplegget og basisføresetnader er nærare omtala i pkt. 5 i proposisjonen.
Finansieringsopplegget for samferdselspakka byggjer i stor grad på vidareføring av eksisterande innkrevjingsopplegg i Kristiansand sentrum. Dette omfattar fem automatiske bomstasjonar med einvegs innkrevjing på tilfartsvegane til sentrum: E18, E39, rv 9, fv 1 Sødalsveien, samt på kommunal veg Tretjønnveien. Til saman utgjer desse ein tett ring rundt sentrum.
Regjeringa har merka seg at det er lagt opp til 30–50 pst. rabatt i fase 1. Hovudregelen for nye bompengeringar i by skal vere flat rabatt, avgrensa til brikkebrukarar. Denne regelen skal nyttast ved framtidige endringar av rabattsystemet i Kristiansand.
Med basisføresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 8 år. Dette inneber ein auke på om lag eitt år i høve til det som er lagt til grunn i dei lokalpolitiske vedtaka. Bompengane skal dekke renteutgifter på om lag 220 mill. kroner og innkrevjingskostnader på 80 mill. kroner, i tillegg til utbyggingskostnader på 1 560 mill. kroner. Samla bompengeinntekter er følgjeleg venta å utgjere om lag 1 860 mill. kroner.
Det er inngått ein avtale mellom Samferdselsdepartementet og Kristiansandsregionen ved Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune om belønningstilskott til betre kollektivtransport og mindre bilbruk for perioden 2009–2012. For slike fleirårlege avtaler gjeld atterhald om Stortingets årlege løyvingar. Det er eit mål at biltrafikken gjennom bomringen skal reduserast med 5 pst. i avtaleperioden. Den samla biltrafikken i området skal ikkje auke frå og med 2010, og helst reduserast.
Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune har fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på tilsamen 350 mill. kroner, fordelt med 50 pst. på kvar.
Med bakgrunn i NTP 2010–2019 og avtalen med lokale styresmakter om belønningstilskott legg Samferdselsdepartementet særskilt vekt på dei lokale vedtaka om å skjerma mjuk pakke ved eventuell kostnadsauke på veganlegga. Det er såleis ein føresetnad at mjuk pakke blir minst så stor som det er lagt til grunn i denne proposisjonen.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om finansierings- og utbyggingsplan for Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1 vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.