Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Løyvinga for 2009 er 19 mill. kroner.

I samband med tiltak 23 i Handlingsplan mot tvangsekteskap blir det gjennomført eit treårig pilotprosjekt i Drammen kommune. 500 000 kroner til dette prosjektet blir foreslått overført frå kap. 651 post 71.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 500 0000 kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under post 71.

Løyvinga er 3 348,4 mill. kroner i 2009.

Løyvinga som ble gitt i samband med Revidert nasjonalbudsjett er basert på at det blir busett 6 600 personar i 2009 (frå mottak og overføringsflyktningar). I tillegg er det lagt til grunn at kommunane tek imot 1 650 familiesameinte. Talet på busette er venta å bli 6 000 personar. Talet på familiesameinte er framleis venta å bli 1 650. Dette er hovudårsaka til at løyvinga er venta å bli redusert i 2009.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 60 med 40,872 mill. kroner.

Løyvinga for 2009 er 50,7 mill. kroner.

Det er eit mindrebehov til støtte til frivillige organisasjonar som driv førebyggande og haldningsskapande arbeid mot tvangsekteskap. Det blir foreslått at mindreforbruket på 500 000 kroner blir nytta til eit prosjekt under tiltak 23 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, sjå omtale under kap. 651 post 21.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 500 000 kroner mot å auke løyvinga tilsvarande under post 21.

Løyvinga er 71,2 mill. kroner i 2009.

Ved ein inkurie blei posten auka med eit for lågt beløp i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 1 med 597 000 kroner.

Løyvinga er 1 527,5 mill. kroner i 2009.

Talet på personar i målgruppa som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli redusert frå om lag 12 700 personar til om lag 12 000 personar. I tillegg blir fleire tilskot utbetalt året etter ein person trer inn i målgruppa. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse andreårs tilskot er redusert frå 11 200 personar til 9 400 personar.

Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er høgare enn det som blei lagt til grunn for saldert budsjett for 2009. Utgifter til dette tiltaket aukar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 60 med 15,12 mill. kroner.

Løyvinga for 2009 er 14 mill. kroner.

Behovet er no venta å bli lågare enn føresett i 2009, då delen som utgjer statleg finansierte prøvar går ned og rekneskapen hittil i år syner at dei variable kostnadene i samband med prøvene er lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 2,973 mill. kroner.

Løyvinga er 136,7 mill. kroner i 2009.

Ein auke i talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein auke i utgifter til opplæring og ein auke i ODA-godkjende utgifter.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 1 med 6,201 mill. kroner.

Gjeldande løyving på posten er 2 338,6 mill. kroner, basert på eit gjennomsnittleg mottaksbelegg på 15 200, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009). Årsaka er i hovudsak at 2 500 fleire søkjer asyl samstundes med at 600 færre blir busett, samanlikna med gjeldande budsjett. Oppdaterte prognoser tilseier at gjennomsnittleg belegg i mottak ventas å auke til 17 200 i 2009.

På bakgrunn av dette gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak med 227,244 mill. kroner.

Talet på kommunar med asylmottak som det skal utbetalas vertskommunetilskot til i 2009 ventas å auke. Meirutgiftene som følgje av dette blir anslått til om lag 17,1 mill. kroner. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar med 17,087 mill. kroner.

Gjeldande løyving på posten er 12,3 mill. kroner.

Ubrukt løyving på 7,2 mill. kroner i 2008 blei overført til 2009. Talet på reisande er om lag 200 fleire enn tidlegare venta, og utgiftene vil bli om lag 12,5 mill. kroner i 2009. Sidan disponible midlar på posten i 2009 er høgare enn behovet for løyving, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å nedsetje løyvinga under post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet med 7,017 mill. kroner.

På bakgrunn av auke i utgiftene på post 75, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 3 med 150 000 kroner.

På bakgrunn av at fleire bur i mottak, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 4 med 274,654 mill. kroner.