5.7.1 Sammendrag fra Prop. 1 S (2009–2010) Landbruks- og matdepartementet

Departementet budsjetterer med eit samla utbytte på 0,75 mill. kroner frå selskap under Landbruks- og matdepartementet i 2010.

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetjing av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott, jf. omtale under kap. 1143 post 74.

Staten sin eigardel i selskapet er 34 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2008 ein omsetnad på 48,9 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 3,1 mill. kroner. Det blei utbetalt 2,1 mill. kroner i utbytte og av dette blei om lag 0,6 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2010, mellom anna fordi det gode resultatet i 2008 skuldast at verksemda dette året har vore av til dels ekstraordinær karakter knytt til omstrukturering, og at kapitalbehovet framleis er stort grunna omstrukturering av verksemda. Graminor AS arbeider med ein ny strategi for verksemda. Den nye strategien blir lagt til grunn for budsjettet for 2010. Generalforsamlinga har bedt styret vurdere utbyttepolitikken for Graminor i samband med strategiprosessen.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur Gård. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedomen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyna.

Staur Gård AS hadde i 2008 ein omsetnad på 5,96 mill. kroner, ein auke på 27,6 pst. frå 2007, og eit overskott på 0,64 mill. kroner. Ein syner elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Selskapet består av to ulike forretningsområde; distribusjon av alle typar legemidlar til dyr i den norske marknaden og kliniske smitteforsøk på fisk innanfor vaksineutvikling og avl for leverandørar av slike tenester og produkt.

Gjennom ein retta emisjon i 2008, jf. St.prp. nr. 22 (2008–2009) og Innst. S. nr. 97 (2008–2009), er departementets eigardel i VESO redusert frå 51 til 39 pst. Departementet la ved emisjonen mellom anna til grunn at dei nye fleirtalseigarane gjennom auka eigenkapital og betydelege faglege satsingar kunne betre resultatutviklinga i selskapet. VESO auka i 2008 sin marknadsdel innanfor alle område for distribusjon og sal av legemidlar til fisk. Etterspurnaden etter tenester på Vikan har og auka gjennom året. Totalt hadde selskapet ei god utvikling i 2008. Driftsinntektene auka frå 149 mill. kroner i 2007 til 234 mill. kroner, og overskottet etter skatt var 4,9 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 8,5 mill. kroner Av dette blei vel 3,3 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad, og departementet finn det mest realistisk å ta utgangspunkt i same totale utbytte som åra før 2008.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 1. juli 2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003–2004).

Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.

Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester mellom anna til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er ein del av hovudoppgåvene.

Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2008 ein omsetnad på 11,6 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 0,8 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 0,5 mill. kroner, og av dette blei 0,255 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Selskapet har hatt ei særs god resultatutvikling sidan etableringa i 2004 og fram til og med 2007. Ein forventar ei noko svakare utvikling i 2009 og 2010.

5.7.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.