1. Sammendrag
- 1.1 Rammevilkåra til Riksrevisjonen
- 1.2 Utviklingstrekk i forvaltninga som har noko å seie for Riksrevisjonen
- 1.3 Revisjonsaktivitetar
- 1.4 Utviklingssamarbeid med riksrevisjonar i andre land
- 1.5 Andre internasjonale aktivitetar
- 1.6 Organisering, ressursfordeling og personale
- 1.7 Administrasjon og interne aktivitetar
- 1.8 Budsjett og rekneskap for Riksrevisjonen for 2008
Rammevilkåra går fram av lov og instruks om Riksrevisjonens verksemd (riksrevisjonslova av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens verksemd av 11. mars 2004). Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte som føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med vedtaka og føresetnadene til Stortinget, jf. riksrevisjonslova § 1.
Revisjonen skal vere kompetent, uavhengig og objektiv. Det er viktig med høgt fagleg nivå og tillit i samfunnet. Internt blir det lagt vekt på lagånd, openheit og respekt for å oppnå gode resultat.
Revisjonen skal planleggjast, gjennomførast og rapporterast slik lov, instruks og god revisjonsskikk i Riksrevisjonen krev. Revisjonsstandardane til Riksrevisjonen tek sikte på å gi omgrepet "god revisjonsskikk i Riksrevisjonen" eit innhald. Revisjonsstandardane er baserte på standardane til INTOSAI (International Organization of Supreme Audit Institutions) for statleg revisjon i tillegg til andre nasjonale og internasjonale revisjonsstandardar.
Krava til revisjonsarbeidet som er gitt i lov, instruks og revisjonsstandardane, er konkretiserte i generelle retningslinjer og retningslinjer for dei einskilde revisjonstypane. Retningslinjene beskriv korleis revisjonsarbeidet skal gjennomførast.
Dei siste ti åra har det vore ein sterk auke både i dekningsgrad og ressursbruk per brukar av dei offentleg finansierte velferdsordningane. I Perspektivmeldinga for 2009, jf. St.meld. nr. 9 (2008–2009), kjem det fram at etterspørselen etter utdanning, helse og andre viktige tenester framleis kjem til å auke i åra framover. Det kan skape utfordringar for offentleg finansiering. I Perspektivmeldinga blir det understreka kor viktig det er at det framleis er høgt trykk når det gjeld effektivitet i offentleg tenesteproduksjon. Sidan 2000 har det vore gjennomført ei rekkje store reformer i forvaltninga, blant anna for å betre kostnadseffektiviteten. Gjennom revisjonane har Riksrevisjonen følgt opp tiltak som er sette i gang, og dei vil vere hovudfokus i det framtidige revisjonsarbeidet.
Arbeids- og velferdsetaten, som driv Nav, blei etablert 1. juli 2006. I 2006 opna dei første Nav-kontora, og innan 2010 skal det etablerast 460 kontor over heile landet slik at alle i den norske befolkninga har tilgang til eit Nav-kontor. Erfaringar med reforma så langt viser at ho er svært krevjande. Riksrevisjonen vil derfor spesielt rette merksemda mot oppgåveløysing og måloppnåing i Nav.
Prognosane til dei regionale helseføretaka synte eit samla underskot på 900 mill. kroner hausten 2008, samanlikna med resultatkrava til eigaren. Likviditeten til helseføretaka har gjennom fleire år blitt svekka som følgje av underskot og høge pensjonspremieinnbetalingar. Grunna den stramme likviditetssituasjonen og for å lette omstillingsutfordringane, blei basistilskota auka med 500 mill. kroner i desember 2008, jf. Innst. S. nr. 122 (2008–2009) og St.prp. nr. 13 (2008–2009). Økonomi og økonomistyring i helseføretaka har lenge vore eit prioritert område i Riksrevisjonens kontroll, og det kjem det også til å vere framover.
Forvaltningsreforma skal gjennomførast frå 1. januar 2010, jf. Ot.prp. nr. 10 (2008–2009). Reforma skal bidra til eit forsterka folkestyre og demokrati på lokalt og regionalt nivå. Det skal skje gjennom desentralisering av makt og myndigheit og ei klar ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa. Det blir lagt opp til ei meir samordna og effektiv offentleg forvaltning. Ein skal sjå fleire sektorar i samanheng innanfor den einskilde regionen, og det blir lagt opp til ei meir effektiv ivaretaking av nasjonale mål, som for eksempel likeverdige tenestetilbod og rettstryggleik for den einskilde. Reforma kjem truleg til å få noko å seie for revisjonsansvaret til Riksrevisjonen, for eksempel ved endra oppgåvefordeling mellom stat og kommune. Reforma understrekar kor viktig det er å halde oppe ein offentleg revisjon for å sikre god offentleg forvaltning.
Det er vedteke fleire endringar i statsbudsjettet for 2009 for å dempe verknadene som den internasjonale finansuroa har for norsk økonomi. Det er vedteke tiltak for 20 mrd. kroner. Av dette er i underkant av 17 mrd. kroner tiltak på utgiftssida i statsbudsjettet, og godt og vel 3 mrd. kroner er målretta skattelette for næringslivet. Dei ulike tiltaka inneber at det blir sprøyta inn rikelege økonomiske midlar til å setje i gang planlagde investeringar, særleg innanfor bygg og anlegg og ekstraordinære vedlikehaldstiltak. Det er også gitt økonomisk støtte til bankane.
Det er også vedteke å etablere to nye fond (Statens finansfond og Statens obligasjonsfond) med ein kapital på 50 mrd. kroner kvar. Fonda skal gjere det lettare for bedrifter og hushald å få tilgang til lån og dermed bidra til å stabilisere finansmarknaden. Statens finansfond blir ein eigen institusjon og skal styrkje kjernekapitaldekninga i bankane slik at dei kan møte svakare konjunkturar og styrkje konkurransekrafta. Statens obligasjonsfond skal bidra til at bedriftene kan hente finansiering, ikkje berre direkte frå bankane, men også i ein styrkt obligasjonsmarknad. Statens obligasjonsfond skal forvaltast av Folketrygdfondet.
Som følgje av finanskrisa har overvakingsorganet til EFTA (ESA) opna for utvida bruk av hasteprosedyren ved avgrensa anbodskonkurransar. Det inneber at tida frå kunngjering av konkurranse til signering av kontrakt kan reduserast frå 80 til 30 dagar.
Riksrevisjonen vil gjennom revisjonen følgje opp dei ulike tiltakspakkane.
Forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond – Utland (SPU) har auka frå om lag 170 mrd. kroner i 1998 til 2 275 mrd. kroner ved utgangen av 2008. Forvaltninga har etter kvart inkludert fleire nye finansielle instrument, marknader og land. I 2007 auka aksjeandelen frå 40 til 60 prosent, og aksjar i små selskap blei inkluderte. Ifølgje St.meld. nr. 16 (2007–2008) vil eigedomsinvesteringar også bli inkluderte med inntil 5 prosent av kapitalen i fondet.
Storleiken på og kompleksiteten knytt til fondet har ført til ein auka revisjon av fondet. Dei forholda som er nemnde og utviklinga i finansmarknaden den siste tida, understrekar endå meir behovet for betre kontroll og heilskapleg revisjon av SPU.
I dag er klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter dei tre største globale trugsmåla mot ei miljømessig berekraftig utvikling. I statsbudsjettet for 2009 er det vedteke ei kraftig satsing på klimarelaterte tiltak. Det gjeld særleg jernbane og annan kollektivtrafikk, fangst og lagring av CO2, forsking på fornybar energi, tiltak mot avskoging i fattige land, klimainformasjon og overvaking.
Riksrevisjonen ser det som eit prioritert område å bidra til ei betre global miljøforvaltning. Dette skal skje ved å delta i oppbygginga av ei felles, fagleg plattform for miljørevisjon gjennom internasjonalt samarbeid. Riksrevisjonen har også i revisjonen retta blikket mot nasjonale miljøtiltak.
Brot på regelverket for offentlege innkjøp har lenge vore eit gjennomgåande problem i staten, og gjennom fleire år er det rapportert til Stortinget om dette i Dokument nr. 1. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), som blei oppretta 1. januar 2008, har no som ei offentleg prioritert oppgåve å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp. Difi har blant anna fått ansvaret for å følgje opp Handlingsplanen for samfunns- og miljøansvar i offentlege innkjøp. Det er også vedteke eit nytt EU-direktiv som skal styrkje handhevinga av regelverket om offentlege innkjøp. Det nye EU-direktivet vil blant anna gjere det lettare for leverandørar som ikkje har nådd opp i konkurransen, å sikre rettane sine før offentlege kontraktar blir inngått. Direktivet tek særleg sikte på å kjempe mot ulovlege direkte innkjøp. Det er sett ned eit utval som skal greie ut og tilrå korleis implementeringane av EU-direktivet skal gjerast i Noreg.
Det at regelverket for offentlege innkjøp blir følgt, er grunnleggjande for å sikre samfunnstenlege og kostnadseffektive innkjøp og for å førebyggje misleghald. Riksrevisjonen gjennomfører no ein forvaltningsrevisjon om innkjøpsprosessen i departement og verksemder for å kartleggje og vurdere årsakene til at regelverket i så mange tilfelle ikkje blir følgt. Riksrevisjonen kjem framleis til å følgje opp dette området i den årlege revisjonen.
Revisjonsaktivitetane er inndelte i rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Desse revisjonstypane skal utfylle kvarandre slik at den samla revisjonen både blir heilskapleg og mest mogleg målretta og effektiv. For å bidra til dette har Riksrevisjonen etablert eit system for årleg utarbeiding av ei felles overordna risikovurdering for kvart departement med underliggjande verksemder. Risikovurderingane blir gjennomgått i møte med departementa. Systemet for dei overordna risikovurderingane har blitt utvikla vidare i 2008.
Riksrevisjonen har hatt ein god dialog med departementa og dei reviderte verksemdene om sakene som har blitt behandla.
Dokument nr. 1 er den årlege rapporten frå Riksrevisjonen til Stortinget, og i 2008 omfatta rapporten både resultata av rekneskapsrevisjonen og selskapskontrollen. Planåret til Riksrevisjonen går frå 1. mai til 30. april. Verksemdene får avsluttande revisjonsbrev innan 31. mai året etter rekneskapsåret. Dokument nr. 1 blir lagt fram for Stortinget når Stortinget kjem saman i byrjinga av oktober.
Forvaltningsrevisjonar blir sende fortløpande til Stortinget som saker i Dokument nr. 3-serien. Alle forvaltningsrevisjonar som er behandla i Stortinget, blir følgde opp, og resultata av denne oppfølginga blir presenterte for Stortinget i Dokument nr. 3:1.
Ved behandlinga av Riksrevisjonens årlege melding om verksemda har Stortinget dei siste par åra signalisert eit ønskje om at Riksrevisjonen skal "medverka til auka reell språkleg jamstelling". Riksrevisjonen har merkt seg dette. I 2008 var tre av rapportane som blei sende til Stortinget, på nynorsk.
For rekneskapsåret 2007 omfatta rekneskapsrevisjonen til Riksrevisjonen 230 statlege verksemder, inkludert einskilde særlovselskap. Riksrevisjonen har sendt 208 avsluttande revisjonsbrev utan merknader og 22 avsluttande revisjonsbrev med merknader. Merknadene var knytte til rekneskapen som var lagt fram og/eller gjennomføringa av dispensasjonane som låg til grunn for rekneskapen. Til samanlikning blei det gitt 19 revisjonsbrev med merknader for rekneskapsåret 2006.
Vidare blei det gitt revisjonsberetning til sju nordiske verksemder og FN-sambandet. Etter avtale reviderer Riksrevisjonen bruk av fylkesvegsmidlar som blir rekneskapsførte av Statens vegvesen, og det er sendt oppsummeringsbrev til 18 fylkesrevisjonar om resultatet av kontrollen. Riksrevisjonen reviderer også dei kommunevise skatterekneskapane, som er delrekneskapar til den samla rekneskapen til Skatteetaten.
Resultatet av kontrollen blei rapportert til Stortinget i Dokument nr. 1 (2008–2009).
Selskapskontrollen omfatta 42 heilåtte og 41 delåtte aksjeselskap, 4 regionale helseføretak, 6 statsføretak, 4 verksemder organiserte ved særskild lov og 26 studentsamskipnader.
Resultatet av kontrollen blei rapportert til Stortinget i Dokument nr. 1 (2008–2009). Ved behandlinga i Stortinget viste kontroll- og konstitusjonskomiteen til at Riksrevisjonen har opplyst at den vurderer å fremme resultatet av selskapskontrollen som ei eiga sak til Stortinget. Komiteen uttalte at dei såg positivt på dette. Riksrevisjonen har derfor sett i verk arbeidet for å kunne rapportere resultatet av selskapskontrollen som ei eiga sak hausten 2009.
I 2008 blei 17 forvaltningsrevisjonar og ein rapport om oppfølginga av tidlegare rapporterte forvaltningsrevisjonar sende over til Stortinget.
Av forvaltningsrevisjonar som har komme i gang, blir 26 førte vidare i 2009.
I 2008 blei revisjonen Departementenes styring av statlige selskaper i et komparativt perspektiv avslutta etter foranalyse. Funna i foranalysen kjem til å bli følgde opp i selskapskontrollen under dei aktuelle departementa.
Oppfølginga av ti forvaltningsrevisjonar som tidlegare er behandla av Stortinget, er omtala i Dokument nr. 3:1 (2008–2009).
Overordna vurderingar av risiko og kva som er vesentleg for kvart departementsområde skal liggje til grunn for korleis ressursane i revisjonen blir prioriterte. Føremålet med vurderingane er å kunne styre revisjonsinnsatsen dit risikoen er størst. Arbeidet med å gjennomføre risikoanalysar er under utvikling. For 2008 er det lagt vekt på at planleggingsprosessane også fangar opp risikofaktorar som går på tvers av departementsområda, som f.eks. IKT i forvaltninga, innkjøp og miljø.
Som støtte i revisjonsarbeidet er det utvikla kurs og rettleiingar i blant anna
revisjon av styring, måloppnåing og resultat
risikoanalyse for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll
rapportskriving i forvaltningsrevisjon
revisjonskriterium og dokumentanalyse
intervjuteknikk.
Riksrevisjonen har starta arbeidet med å revidere retningslinjene for selskapskontrollen.
Ein må elles sjå metodeutviklingsarbeidet i samanheng med utviklinga i relevante nasjonale og internasjonale fagmiljø. Riksrevisjonen har blant anna bidrege med å utarbeide nye internasjonale retningslinjer for rekneskapsrevisjon i offentleg sektor. I regi av INTOSAI går det føre seg eit arbeid med felles rammeverk for standardar for rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon som skal vere avslutta innan 2010. Riksrevisjonen har byrja arbeidet med å implementere dei nye standardane og greie ut kva konsekvensar det vil få for metodikken og revisjonsverktøyet til Riksrevisjonen.
Internt i organisasjonen er det sett i gang eit prosjekt som skal ta stilling til behovet for eit nytt revisjonsverktøy og utarbeide ein kravspesifikasjon for dette verktøyet. I tillegg er det sett i gang eit arbeid for å utdjupe, konkretisere og vidareutvikle innhaldet i kontroll av disposisjonane.
Det har blitt gjennomført ei intern evaluering knytt til prosess, utforming og innhald i Dokument nr. 1. I utgreiingane har Riksrevisjonen i større grad enn tidlegare gjort ei tydeleg vurdering av substansen i svaret frå departementa, og det er gjennomgåande lagt vekt på konsekvensar av feil og manglar.
Riksrevisjonen vil framleis arbeide med å forbetre Dokument nr. 1 gjennom å styrkje dei interne revisjonsfaglege prosessane og den risikobaserte mål- og resultatstyringa.
Det er utvikla retningslinjer for kvalitetskontroll av forvaltningsrevisjon, selskapskontroll og rekneskapsrevisjon. Desse kontrollane blir gjennomførte årleg og skal sikre at revisjonane har følgt metodikken og den nødvendige kvaliteten til Riksrevisjonen. Resultatet av kvalitetskontrollen blir rapportert til leiinga i Riksrevisjonen.
I 2008 blei åtte rekneskapsrevisjonsoppdrag kontrollerte. Det var ei betring i kvaliteten samanlikna med den førre kontrollen, men i nokre revisjonar burde det ha vore gjennomført fleire revisjonshandlingar, og i einskilde tilfelle burde revisjonsprosessen ha vore betre dokumentert. Rapporten frå kvalitetskontrollen er følgd opp med konkrete tiltak.
Gjennom revisjonen skal Riksrevisjonen bidra til å førebyggje og avdekkje misleghald og feil, jf. lov om Riksrevisjonen § 9. På departementsområda er det utarbeidd eigne retningslinjer om førebygging og avdekking av misleghald. Riksrevisjonen kontrollerer også og gir råd knytt til det ansvaret kvar einskild verksemd har for å førebyggje og avdekkje misleghald.
Riksrevisjonen har etablert ei intern kompetansegruppe for misleghald, der representantar for alle revisjonstypane deltek. Kompetansegruppa har ansvar for å drive langsiktig kompetanseoppbygging og samtidig hjelpe til i revisjonen. Ved å utveksle erfaringar etter gjennomførte revisjonar skal gruppa også bidra til å utvikle metodikk og nye verktøy på dette området.
Hausten 2008 blei det oppretta ein elektronisk tipskanal på nettstaden til Riksrevisjonen, der Riksrevisjonen tek imot informasjon om moglege misleghald i statsforvaltninga. Så langt har det komme inn få tips om konkrete forhold som indikerer mistankar om misleghald i forvaltninga.
Riksrevisjonen legg vekt på at kommunikasjonen med reviderte verksemder skal vere god gjennom heile revisjonsprosessen. Det blir gjennomført kontaktmøte mellom Riksrevisjonen og departementa/verksemdene, der blant anna revisjonsfunn, risikovurderingar og planar for det kommande revisjonsåret blir gjennomgått. Dette gir leiinga i dei ulike verksemdene betre forståing av revisorarbeidet. Ansvaret til leiinga for styring og kontroll blir understreka. Møta gir også Riksrevisjonen nyttige innspel til revisjonsarbeidet, og revisorane får betre kunnskap om oppgåvene til verksemdene og korleis dei kan løysast.
Riksrevisjonen rettleier reviderte verksemder både i den løpande revisjonen og ved å delta som observatør i aktuelle utviklingsprosjekt i forvaltninga.
Tilsette i Riksrevisjonen har delteke i oppdrag knytte til undervisning (internt og eksternt) og føredragsverksemd (blant anna for forvaltninga, organisasjonar og andre revisormiljø og på førespurnader frå eksterne kursarrangørar).
I 2008 har det blitt laga ei handbok som skal bidra til å sikre at utviklingsamarbeidet i Riksrevisjonen held høg kvalitet, er føreseieleg og etterretteleg. Prosjektporteføljen er utvida, og arbeidet med å integrere utviklingssamarbeidet i Riksrevisjonen har halde fram.
To intensjonsavtalar (MoU) blei underskrivne med riksrevisjonane i Serbia og Nepal. Avtalane har ei brei institusjonell tilnærming med eit fem års perspektiv. Riksrevisjonen har dermed institusjonelt samarbeid med riksrevisjonane i Malawi, Zambia, Mongolia, Serbia og Nepal.
Sidan august 2008 har Riksrevisjonen stasjonert ein norsk langtidsrådgivar i Malawi som skal støtte den institusjonelle utviklinga av den malawiske riksrevisjonen. Sidan januar 2009 har ein norsk langtidsrådgivar vore på plass i Zambia for å støtte den zambiske riksrevisjonen med utvikling av forvaltningsrevisjon.
I 2008 har det blitt gjennomført aktivitetar i samarbeidsinstitusjonane knytte til
institusjonsutvikling
utvikling av rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon
utvikling av administrative funksjonar som IKT og arkiv
leiaropplæring
rolla til parlamenta i samband med oppfølging av revisjonsrapportar.
Hausten 2008 arrangerte Riksrevisjonen Internasjonal uke i Oslo med representantar frå riksrevisjonane i samarbeidslanda. Føremålet med arrangementet var å diskutere felles problemstillingar, ha faglege fordjupingar i aktuelle tema og spreie informasjon om utviklingssamarbeidet til andre medarbeidarar i Riksrevisjonen.
Som ein del av arbeidet med å integrere utviklingssamarbeidet internt i Riksrevisjonen er Pool av Internasjonalt Aktive (PIA) blitt etablert. Målet med PIA er å få oversikt over ressurspersonar i Riksrevisjonen som kan ta på seg både korttids- og langtidsoppdrag i utviklingsprosjekta til Riksrevisjonen og å gi denne gruppa av medarbeidarar meir motivasjon til og kompetanse og kunnskap om utviklingsarbeid. I 2008 blei det utvikla og starta eit kompetanseutviklingsprogram som skal bidra til at fleire av dei tilsette i Riksrevisjonen skal få den nødvendige kompetansen for å engasjere seg i utviklingsprosjekta. Ved utgangen av 2008 hadde nettverket 84 medlemmer.
I tråd med intensjonsavtalen som er inngått mellom Riksrevisjonen og Utanriksdepartementet, blei det halde to samarbeidsmøte i 2008. Målet med møta var å utveksle informasjon om aktivitetar innanfor utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen.
Utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen skal vere tett kopla til arbeidet som IDI (INTOSAI Development Initiative, som er samlokalisert med Riksrevisjonen) gjer når det gjeld å byggje kapasitet i riksrevisjonane på regional basis. Det har blitt utvikla gode samarbeidsrelasjonar med IDI i 2008, og dette samarbeidet skal framleis styrkjast framover.
Kostnadene som er knytte til Riksrevisjonens utviklingsarbeid, blir rapporterte inn som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via NORAD. I 2008 blei det rapportert inn 6 536 600 kroner som DAC-midlar.
Riksrevisjonen var i 2008 involvert i revisjonen av sju internasjonale organisasjonar. Riksrevisjonen hadde desse revisjonsoppdraga i 2008:
International Organization for Migration (IOM)
European Space Agency (ESA)
EUMETSAT
EFTA, EFTA Surveillance Authority (ESA), EFTA Court
Interparlamentarisk union (IPU)
Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC) og European Molecular Biology Organization (EMBO).
I 2007 starta Riksrevisjonen som ein del av to internasjonale team ei fagfellevurdering av Den europeiske revisjonsrett (ECA) i Luxembourg og den sveitsiske riksrevisjonen. Fagfellevurderinga av Den europeiske revisjonsretten blei sluttført hausten 2008 og presentert for verksemda i desember 2008. Fagfellevurderinga av den sveitsiske riksrevisjonen er sluttført ved årsskiftet 2008/2009 og overlevert til verksemda i januar 2009.
Riksrevisjonen er medlem av INTOSAI (International Organization of Supreme Audit Institutions) og den regionale organisasjonen for Europa, EUROSAI (European Organisation of Supreme Audit Institutions). INTOSAI er etablert for å vere ein møteplass for utveksling av idear og erfaringar mellom riksrevisjonar for å bidra til å fremme den faglege utviklinga av revisjonsfaget i offentleg revisjon. Riksrevisjonen er medlem av INTOSAI Governing Board og INTOSAI Finance and Administration Committee og møter som observatør til EUROSAI Governing Board.
Riksrevisjonen arbeider i komiteane og gruppene nedanfor:
Standardkomiteen
Komiteen for IT-revisjon
Arbeidsgruppa for miljørevisjon
Arbeidsgruppa for privatisering, økonomiske reguleringar og offentleg privat partnarskap
Arbeidsgruppa for kapasitetsbygging av riksrevisjonar
Arbeidsgruppa for revisjon av katastrofehjelp
Sekretariatet: Sidan 2007 har ein ekspedisjonssjef i Riksrevisjonen tenestegjort som Director of Strategic Planning i INTOSAI-sekretariatet i Wien.
Arbeidsgruppa for miljørevisjon
Arbeidsgruppa for IKT-revisjon.
I 2008 har Riksrevisjonen hatt delegasjonsbesøk av riksrevisjonar, nasjonalforsamlingar og organisasjonar frå mange land. Fleire medarbeidarar i Riksrevisjonen har delteke på konferansar og møte i regi av blant anna riksrevisjonane i andre land, EUROSAI og INTOSAI og vore på studiebesøk i utlandet.
Det nordiske samarbeidet består av riksrevisjonane i Danmark, Finland, Færøyane, Island, Noreg og Sverige. Det er etablert fem konkrete former for samarbeid: årlege riksrevisormøte, årlege kontaktpersonmøte, nordiske arbeidsgrupper, nordiske seminar og hospitering. Representantar frå Riksrevisjonen har også delteke på det årlege nordisk-baltiske møtet. Riksrevisjonen deltek også i eit nettverk for informasjonseiningane i dei nordiske riksrevisjonane.
Det er gjennomført ein felles nordisk forvaltningsrevisjon. Målet med denne var å kaste lys over beredskapssamarbeidet i Norden ved eit eventuelt samanbrot i kraftsystemet som råkar mange menneske i to eller fleire land, jf. Dokument nr. 3:16 (2007–2008).
Det er etablert ei felles nordisk nettverksgruppe for revisjon av helsesektoren. Målet med gruppa er erfaringsutveksling, planlegging og design og eventuelt å samarbeide om revisjon av problemstillingar av same slag.
I 2007 sluttførte den norske og russiske riksrevisjonen ein parallell revisjon av forvaltninga av fiskeressursane i Barentshavet og Norskehavet, jf. Dokument nr. 3:2 (2007–2008) Riksrevisjonens undersøkelse av forvaltningen av fiskeressursene i Barentshavet og Norskehavet – en parallell revisjon mellom norsk og russisk riksrevisjon. Samarbeidet har blitt følgt opp ved at det er inngått ein strategisk plan for treårsperioden 2008–2010, konkretisert i operative planar for kvart einskilt år. Avtalane føreset felles revisjonshandlingar i dei to landa. I 2008 blei blant andre den norske riksadvokaten, Kystvakta, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, den russiske riksadvokaten, Fiskerikomiteen, lokaladministrasjonen i Murmansk og relevante russiske forskingsinstitutt intervjua.
Dette er eit samarbeid mellom riksrevisjonane i ei rekkje givarland om rapportering og revisjon av støtte til bistandsprosjekt. HOAP har som mål å finne ei felles tilnærming til revisjon av bistandsmidlar. Riksrevisjonen leidde i 2008 ein felles skandinavisk revisjon av den generelle budsjettstøtta til Mosambik. Rapporten skal bli distribuert til riksrevisjonane i alle landa som deltek i budsjettstøtteprogrammet til Mosambik, Den europeiske revisjonsretten, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken.
Hausten 2006 overtok Riksrevisjonen formannskapet for to år i det internasjonale revisjonssamarbeidet om utvikling og innkjøp av Joint Strike Fighter (JSF). I samband med det blei den fjerde JSF-konferansen halden i Oslo i september 2008.
Den øvste leiinga i Riksrevisjonen er eit kollegium som består av fem riksrevisorar. Dei er valde av Stortinget for ein periode på fire år frå 1. januar 2006 til 31. desember 2009. Kollegiet er sett saman slik:
Leiar: | Jørgen Kosmo |
Varamedlem: | Brit Hoel |
Nestleiar: | Jan L. Stub |
Varamedlem: | Arve Lønnum |
Medlem: | Annelise Høegh |
Varamedlem: | Finn Kristian Marthinsen |
Medlem: | Geir-Ketil Hansen |
Varamedlem: | Morten Lund |
Medlem: | Ranveig Frøiland |
Varamedlem: | Nils Totland. |
Det blei halde 11 kollegiemøte i 2008.
Riksrevisjonen er organisert med ei administrasjonsavdeling, fire rekneskapsrevisjonsavdelingar og to forvaltningsrevisjonsavdelingar.
Selskapskontrollen er organisert saman med forvaltningsrevisjonen. To revisjonsstøtteeiningar arbeider med metodeutvikling og kvalitetskontroll for høvesvis rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon/selskapskontroll.
I 2008 blei det vedteke at Riksrevisjonen framleis skal vere organisert med regionkontor i Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Hamar. Regionkontora skal vere bemanna slik at medarbeidarane har eit godt fagleg miljø som legg til rette for fagleg utvikling og teamarbeid. Medarbeidarane skal dermed få høve til å delta i prosjekt for både rekneskapsrevisjonen og forvaltningsrevisjonen.
Dei andre kontora utanfor Oslo blir avvikla ved naturleg avgang.
63,7 prosent av ressursane i 2008 blei brukt på revisjonsfaglege aktivitetar (64,5 prosent i 2007), 5,7 prosent på kompetanseutvikling (6 prosent i 2007) og 4,6 prosent på internasjonale aktivitetar (3,5 prosent i 2007). 26 prosent av ressursane (same som i 2007) blei brukt til administrasjon og andre støttefunksjonar.
Ressursfordelinga er relativt stabil frå år til år. På grunnlag av den auka satsinga på internasjonalt utviklingssamarbeid har det gått med nokre større ressursar til internasjonale aktivitetar.
For 2009 er det planlagt å auke ressursane til selskapskontrollen.
I 2008 hadde Riksrevisjonen tilsette tilsvarande 499 årsverk. Per 31. desember 2008 var 514 personar tilsette i verksemda. Av desse var 88 personar lokaliserte utanfor Oslo.
I 2008 var kravet om 40 prosent representasjon av begge kjønn innfridd i toppleiargruppa og saksbehandlargruppa. I mellomleiargruppa er det 38,7 prosent kvinner, og det er framleis berre kvinner i gruppa førstesekretær/konsulent, 86 prosent kvinner blant reinhaldspersonalet og berre menn blant driftsteknikarane. Ved rekruttering er Riksrevisjonen merksam på kjønnsfordelinga i desse gruppene.
Det viktigaste fundamentet for verksemda til Riksrevisjonen er godt kvalifiserte medarbeidarar som har variert utdanningsbakgrunn. Riksrevisjonen satsar derfor bevisst på å rekruttere medarbeidarar med god kompetanse, og det blir satsa mykje på å leggje til rette for opplæring og utvikling slik at oppgåvene kan løysast på ein god måte. Den faglege bakgrunnen og kompetansen varierer, blant anna mellom revisjon, økonomi, jus og ulike samfunnsvitskapar.
I 2008 har alle medarbeidarane fått tilbod om å delta i eit opplegg for individuell karriereplanlegging, og mange har teke del i tilbodet. Hovudmålet med ordninga er å få til ei best mogleg tilpassing mellom måla og behov for oppgåveløysing som Riksrevisjonen har, og ønska, måla og behova for eiga utvikling som medarbeidarane har. I tillegg har det stått sentralt å stimulere til aktivt medarbeidarskap, der kvar einskild viser initiativ og tek ansvar for eiga utvikling. Ordninga blei evaluert i februar 2009.
Riksrevisjonen har ein fireårig strategisk planperiode. Den gjeldande strategiske planen går frå 2006 til 2010. Den årlege verksemdsstyringa skjer gjennom årlege verksemdsplanar, som i tillegg blir operasjonaliserte gjennom avdelingsvise planar. Risikovurdering og -styring skal vere ein integrert del av planprosessane på alle nivå. For å ytterlegare sikre at risikostyring bidreg til ei riktig prioritering av oppgåvene, har det gjeldande styringssystemet blitt gjennomgått, og det har blitt etablert nye retningslinjer for intern risikostyring.
Arbeidet med etableringa av ein ny strategisk plan for perioden 2010–2014 byrja i 2008 og held fram i 2009.
Det definerte sikkerheitsmålet til Riksrevisjonen er at all informasjonsbehandling skal utførast i tråd med lovpålagde krav og på ein slik måte at tilliten til Riksrevisjonen ikkje blir svekt. Det er etablert eit internt sikkerheitsforum som skal bidra til at sikkerheitsmåla til Riksrevisjonen for behandling av informasjon, blir nådd. Riksrevisjonen har også etablert eit eige sikkerheitsregelverk som alle tilsette skal vere kjende med og følgje. Det er utarbeidd eit nytt nettbasert oppdateringskurs i sikkerheit som alle dei tilsette har gjennomført.
I Riksrevisjonen blir omfattande mengder informasjon behandla, både manuelt og elektronisk, i ulike støttesystem. For å sikre at gjeldande sikkerheitskrav blir følgde, blir alle dei aktuelle systema løpande vurderte. Det blir også gjennomført risikovurderingar av alle nye IKT-system som blir sette i drift og ved endringar som kan påverke informasjonssikkerheita. Mal og rettleiing for gjennomføring av slike risikovurderingar blei oppdaterte våren 2008.
I 2008 blei det godkjent eit eige elektronisk system for behandling av gradert informasjon i Riksrevisjonen. Systemet er godkjent av Nasjonalt tryggingsorgan. Alle tilsette det gjeld, har fått opplæring i systemet.
I 2008 kom det inn 349 krav om innsyn til Riksrevisjonen (187 i 2007). 157 av desse gjeld dokument som er omfatta av føresegnene om utsett offentlegheit (riksrevisjonslova § 18 (2)).
Av dei 192 krava om innsyn som har vore behandla etter avgjerdene om dokumentoffentlegheit i Riksrevisjonen (141 i 2007), er det gitt innsyn i 160 dokument (117 i 2007). Det har vore gitt heilt eller delvis avslag om innsyn i fire tilfelle (24 i 2007). Fire klager på avslag har vore behandla av Kollegiet. Klagene blei ikkje tekne til følgje i tre av sakene, mens éi klage blei delvis teken til følgje.
I tillegg har arkivet ekspedert 225 krav om innsyn i forhandlingsresultatet frå dei lokale forhandlingane i 2008, både 2.3.3- og 2.3.4-forhandlingar etter hovudtariffavtalen.
Rekneskapen til Riksrevisjonen er revidert av statsautorisert revisor Ole Kjelstrup, som presidentskapet i Stortinget har utnemnd om revisor. Rekneskapen for 2008 med notar og revisjonsmelding er sendt til Presidentskapet i Stortinget.